Høyr, kor kyrkjeklokka lokkar

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Høyr, kor kyrkjeklokka lokkar
med ein høg og heilag klang
alle folk og alle flokkar
til ein hugsam kyrkjegang!
Syskin, lat oss kallet fylgja
yver berg og yver bylgja,
lat oss gå på kyrkjeveg
glade både du og eg!

Høyr, kor kyrkjeklokka lokkar,
det er sundags høge ro.
Våre sorger burt seg tokkar,
våre sjelesår skal gro.
Ja, eg gløymer all mi møda,
Jesus vil mitt hjarta grøda,
ved hans barm der er min stad,
sterk han gjer meg, sterk og glad.