HENDER

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg vil halda deg
varsamt i hendene mine
til du er flygeklar.
Men ikkje så lenge
at du ikkje tør fly.
Eg vil stå her og sjå deg
løfta vengene dine
og stiga.
Og eg vil vera her
så du kan koma tilbake
for å kvila.
Men det er fridom
du skal søka,
og din eigen veg.
Hender er berre til låns.

av Bente Bratland


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.