I Olavskyrkja

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

I Nidaros for fyrste Gong eg stod,
og Olavsdómen eg i Kvelden kjende,
I Taarnet døydde siste, tunge Ljod,
og frami Koren nett dei Ljosi tende . . .
- men Kvelven yver, høg og skum og stor
med Vengjeslag og Soge-Sus upp-under
- ein Andeher paa Flogi i Midnotts-Stunder,
med Ørneaugo han i Lufti ror - - -

Kong Olav - han med Hjelmen der, av Gull! -
som seig i Blod inn-under Krossens Merke;
og Sverre prest med Hovding-Bringa fuIl
av norrøn Eld, den gamle, gode, sterke;
den gjæve Guten ifraa Dynekil
kva - er det Spott, som leikar fint kring Munnen? -
han ser daa, at me endaa raader Grunnen
- nei, berre same sigertrygge Smil.

Og mange fleir . . . . vaar unge Fridoms Vakt,
dei fagna Karar, sat i Eidsvolls-Salen,
dei ser, at endaa eig me Mod og Magt,
enn høyrer me det norske Maal i Dalen;
og han, som eismall gjekk fraa Kraa til Kraa
og inkje fekk for Framand-Bodet blunda,
so «Stjerna» saag det bøygde Hovud grunda . . . .
han veit, det like eins idag vil gaa.

Dei peika: fram! - daa tennest alle Ljos,
og Kjerte-Elden blikrar stillt og logar . . . .
vaar Gud, vaar Gud: deg vere Lov og Ros
i Songen stiger klart mot høge Bogar;
so tagnar alt - eg minnest han idag
den Draum um store Menn og tunge Strider,
um Fagnaverk i Naud og Aalvors-Tider,
- ja, kring deim sveiper seg i Takk vaart Flag

Den sterke Draum i Heilag-Olavs Hus
dreiv tidt so mang ein Mann sin Svevn or Auga,
dei gamle Land - aa reis det heilt av Grus,
sjaa, naar um Kvelden det i Sol er lauga!
Ja, Ungdom, fram! som dei i forne Tid,
vaar sogebok kann fulla Hugen mana,
ho kallar deg, vaar fargefriske Fana,
slaa ring um Stongi, naar det blæs til Strid!



ifra Folkekamp av Hans Reynolds. Utgitt 1905)