I livets motbakker

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det hjelper å gå
Eg er ingen Dante Alighieri.
Eg kan ikkje gripe handa til gamle Vergil
og be om rettleiing og støtte gjennom Dødsrike,
dalen der alle skuggane held til.
Eg kan berre lye til hans røyst når han seier:
”Den varmaste staden i Helvete
er reservert for dei som held seg nøytrale,
gjennom alle kriser.”
Eg kan ikkje vera viss på at den som ventar der framme i lyset
er salige Beatrice,
ho som skal leie meg siste råsa opp til Paradis.

Eg er ikkje Olav Åsteson
som vaknar 13. dag jul, og er trygg blant vener,
sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke botnar
som om det var ein real dagsmarsj, avmerka i vegboka
som ”Severdighet”.

Kvart menneskje er eit landskap av lys og redsle.
Det går inga akse av vondskap som skil folk frå folk, land frå land.
Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre:
”Helvete er dei andre.”

Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve,
som eit tungt og glødande sverd gjennom svelg og innvolar,
eit sverd vi må bera med oss
om vi så vil leva livet fleire gonger.
Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst:
”Kvar av oss ber sitt eige Helvete.!”

Likevel hører vi klangen.
Som ei ørlita klokke, ei tingularia gjennom natta:
”Den som ikkje har sett mørkret,
kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis.
Den som ikkje har fare gjennom natta,
kan ikkje høre ottesongen.”
Eg går mine eigne bakkar,
men dette sverdet dreg eg med meg.
Skarpt og tungt.
Og denne klokka skal eg lye etter,
så lenge eg går.

Lat oss gå.
Det hjelper å gå.

*



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.