Ku-Lokk

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Her sviv me no glade i Sùmars Tid;
i Fjelle finn me dei finaste Straa;
i Dalen strøymer den stride Aa.
Og Vinden stryker so ljuv og linn
som signande Sus fraa den klaare Tind.

Aa Kyri mi gode, aa Kyri mi!
Her skal du vel trivast i grøne Lid;
her sildrar Kjelda med Surl og Skval,
og Grase er mjukt og Skuggen sval.
Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt;
der gjæter Huldri kvar einaste Nott.

Aa Kyri mi snilde, aa Kyri mi,
aa hav det no godt denne vesle Rid!

Eg Ormen skal jaga som bit din Legg,
og Flugu og My og stingande Klegg.
Og Dagen skal gaa som den lette Vals;
og vil du kvile, eg klaar din Hals.

So lyder dei etter ditt Klokkespél,
naar heim me stundar ved Solegladsbìl;
daa kjem du so god med ditt fulle Jur
og slikkar ditt Salt framved Kjokøen-Mur.
So vert du mjølka og gjeng i Kve
og jortar og drøymer og søv i Fred.

Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Drøym godt um meg og den grøne Lid!
Der sullar me sæle den Sùmar lang;
til Hausten skal me paa Heimevang.
Daa kjem du til Gards som ei Dronning du,
og alle ropar: aa nei, for Ku! dæ æ bøse!!!!!