Kva er å leve?
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkLever eg nå
Eller har eg eit liv å leve
For viss eg har eit liv å leve
Så lever eg det ikkje endå
For å ha noko
Er ikkje å gjere noko
Så lever eg nå
Lever eg nå
Eller har eg levd eit liv
Har ein levd
Så er det ikke meir å leve
Det å ha gjort noko
Er ikkje å gjere noko
Så lever eg nå
Lever eg nå
For kven bestemmer om eg lever
Er det Gud, Allah, Dharma, verden
Eller eg
Eller gjer vi at eg lever
For kva gjer
Så eg lever nå
- av MMalena (ris og ros)
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer