Livet -Tungevåpen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

      Livet

   Kattungen som leikar seg
   jagar pennen på glasruta
   potar klinte opp

   Dataen som øyder med sitt oppvigleri
   av fargar og bilete, lyd, kun
   trygg interaksjon, trudde du
   medan hjernen fall i tankebaner
   veldig vonde vaner å venda
   ja ja

   Kjærleiken, som er rasjonert
   i jernteppebitar

   Kroppen, har seg i sitt mønster
   Krev meir helse, prost
   Opprøret møtest med bedre haldning
   Så våknar ein då, frå draum?
   Tek til med sin agenda just
   Ingenting dreg...
   Legg til side smokken
     før du blir støvsugd

     Sitta slik i skumregråningen
   natta gjennom og avslutte
   Ulukka
   Blokkasjen mot den gode varme seng?
   Natteroen, freden
     fridomen

       Men no er no
         og ku di otte
     for nerver i nød
    Sjølv om kjeften kjennest tung
   og fluktrutene er hyppige avgongar
   for seinare rebellske oppgjer?
     Ta ei anna ferd, di eiga
     Høyr orda til drotten
     Salvekongen, han vil jo hjelpa
     Komen for å tena og
       løysa ut, kjøpa fri
          Ferdig arbeid


Forfattaren vel å vera anonym