Lovise Vika - Roman

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk










LOVISA VIKA


Hans Anton Grønskag
























1904 - 1911

1

Der, på kaia utanfor den store brygga sto væreigaren sjøl; grosserar Borthen, og følgde med i fordelinga av "haustmjølet" frå sluppen ”Barolina”, til de mange småbåtane som venta på årsforsyning.
Proprietæren i Froan var ein velhalden mann. Tredje generasjon utliggarborgar på Sauøya, grossist og detaljist, reiar og tranprodusent. Han hadde funne opp ein metode for kaldklaring av tran, og kunne dermed levere den finaste medisintrana på marknaden, sa folk, ja han Tørres Firspann sa endatil at ho var så fin at han føretrekte tran framfor brønnvatnet med måskjit i når han skulle blande seg ein dram..
Men alle visste at Tørres berre drakk sats. Og han Melkior Grindfare kunne berette -at’n Tørres hadde satsdunken sin ved sia tå utslagsvasken på kjøkkenet og at’n drog handbaken over overflata for å halde daufluane på avstand når han dyppa Norgesglaset neri for å hent seg opp ein frokostdrekk.

Borthen sin marknad var den store verda. Han var heime over alt, og hadde skip på alle hav.
Frå sin lisle klakk i havet trakk han i liner som strekte seg til dei store hamnebyane på kontinentet og over fleire verdshav, så langt pengemakta rakk. Det var song frå Gibraltar i segla og skroga hadde rørt ved koraller i Ny Caledonia.
Han tok seg godt ut i sin nye frakk. Skilte seg ut frå hopen som lempa sekkar og tønner mellom båtane.
Men det var ikkje først og fremst kleda ein merka seg med når ein kom litt innpå han. Mannen hadde slike klåre og lyse auge.
Når ein såg eit slikt ansikt visste ein at det var noe som heitte edel byrd, for slik kunne berre opphøgde menneske sjå inn i ei fattig sjel. Ein godttok hass stand og stilling utan å blunke. Slik hadde vårherre skapt han, slik var det vårherre ville det skulle være. Alle blir sett på sin rette plass i verda, ein fekk berre bøye seg for det.

Når nymjølet kom, var det fest i været. Borthen sjøl var alltid med til Levanger-martnan, eller ”Marsi-matnan”, og bytta til seg korn og andre varer. På veg heim måtte alltid skutene innom kvernbruk, før dei sette kursen heim, så ferdig mjøl kunne leverast til alle som hadde bestilt, og det var mange.
Ungguten Markus Vika sto storøygd og heldt seg til masta i faren sin båt. Dette var altså Borthen!
Tett låg småbåtane og venta. Folk bukka høfleg, ropinga og sleivkjeften var borte, og krus og flasker med potetbrennevin vart gjort mindre synlege. Borthen ville ha fest, men ikkje fyll, ka no det skulle vera godt for.
 
Høgt over det heile låg husa. Ei klynge av hus og uthus. Her var velstand. Ja somme sa at gamlingen tente på sigaren sin med pengesetlar, men det var ingen som hadde sett det.
- Dere kommer vel til innvielsen den 27.?
Markus vakna, var det faren han Borthen snakka til?
Petter Vika retta seg opp, stotra noko om Kristiansundstur.
- Men ... kapellet er et fint bygg, la han til.
- Har dere lyst til å se nærmere på arbeidet? - Jeg er villig med oppover!
Væreigaren vart nesten folkeleg og ivrig. Markus såg undrande på faren.
- Dokker må ijt gjera Dokker umake fer vår skyld!-
Der var det igjen, - itj fer vår skyld, mi skyld….
Borthen svarte ikkje. Han var alt på veg oppover, og de to andre hoppa på land og følgde etter, faren først og guten etter.

Hovedgården låg smilande og kvit i septembersola. Det todelte, kvite våningshuset med eit vennleg stakitt rundt hagen, var omkransa av raude bygningar. Her var masstu, saufjøs, stabbur, borgstue, vedbu, stall og fjøs.
 
Så fint kunne ein altså bu! Og elles vart det fortalt at mannen budde enda finare inni Trondheim, og hadde storgard i Gauldal. Han kjente seg loslite og liten der han følgde bakom den tette kroppen til faren. Han hadde opne auge til verda som låg der med sine nye båtar, nye dampskip og alt det som berre var ein draum, og no gjekk han i lag med sjølvaste Borthen. – Ein stor mann! Det hadde faren sagt. Likevel, han vart ikkje så imponert over kyrkja. Både Hallarkjerka og Slettakjerka var finare og større enn dette, og var det ikkje det som gjaldt? Det var fint nok, det var ikkje det, men det var liksom ikkje noko spesielt når det ikkje var størst.
- Jugend, sa Borthen, og viste fram både treskjering og Kristusfigur og klokkene som var støypte ved Bakklandets Støberi og Mekaniske Verksted. Både væreigaren og fru Nina hadde visstnok lagt ned ein god slump pengar i dette huset.

Faren var oppe i undring og takka lenge og vel for synet da dei kom ut, men Borthen var visst i riktig godlaget i dag.
- Du smaker vel fransk konjakk min gode Viken, om jeg må få be?
Slik gjekk det til at Borthens residens vart opna for fiskaren Petter og sonen hass, og i dagane etter vart det snakka og drømt om dei store salane i Borthen sitt hus, om plysj og salongar og lysekroner av venetiansk glas, og så musikken!
Musikk trylla fram frå fru Nina sjøl som eigentleg heitte Wilhelmine Marie Christine Valentin Haurowitz og var dotter av ein skodespelar. Slekta stamma frå Polen. Slekta sin eldste var ein av leiarane i ein oppstand der, og måtte flykte til Sachsen. Borthen sjøl var son tå proprietær Johan Jørgen Borthen og Anna Margrethe Brodtkorb, prestedotter frå Hitra.
Mannen sin farfar, Henrik Johnsen Borthen, var den første væreigar av denne familien i Froan, så her var det snakk om nedarva kultur. Markus undra likevel over dette med opprørske polakkar, men kom seg ikkje til å spørje meir.
 

Tobias U. Borthen hadde stor handelsvirksomhet både innanlands og utanlands. Med eigne skuter styrte han eit imperium der sild, dun, fjør, skrei og tran var fundamentet. Og her heldt han hus for mang en fremmendarta skapning. Faren hadde fortalt om den britiske gruveeigaren mr. Thomas som ofte var på besøk for å drive jakt, og om ein livslevandes vitskapsmann som heitte mr. Print. Den gjævaste av desse fremmendkaren var nok likevel den kroatiske greven Buratti, og folk visste godt at mannen også hadde gode kontaktar med sjølvaste kong Oscar II. Det var som eit eventyr alt sammen.
Borthen sette glasset frå seg.
- Jeg er på utsikt etter ein dugelig jekteskipper om dagen, jeg har bestillt en ny båt.
Petter Viken sette også det lisle glaset frå seg. Dei store ausekarnevane skalv lett.
- Jaså- sa han, og retta seg opp.
- Hva ville du si til fast gasje og korn nok på kjøpet?
Faren såg først lenge på væreigaren som om han hadde hørt feil. Det vart stilt lenge, og Markus undra på om faren hadde mista taleevna. Faren kunne vera som eit seigt innlandstroll, ja det var slik han forestilte seg desse bøndene oppi Gudbrandsdalen og Østerdalen som gjekk og sukka seg fram mellom plogfurene.
Du kunne lite på det han sa, men han var ikkje noko for selskapslivet, den saka var klar.
- Svar da! - , tenkte han. Du skal sei nokka. Sei ja!
Fiskaren Petter rekte fram ei hand, og med ruggraut i stemmen stotra han fram:
- Takk som byr, du kan regn med det ja!
Borthen var den samme.
- Da er vi enige om den tingen. Du skal få høre nærmere fra meg til våren. Båten ventes ferdig rundt Sanktehans. Men det er best du ikke sier dette til noen inntil videre, lov meg det!
 

Det var ein fin kveld å segle heim i. Månestripa følgde dei like til støa. Da dei runda Brattberget såg dei det var lys i heimehusa. Markus visste at sildefatet sto klart og venta, for anna kveldsmat hadde dei ikkje å by på der i gården.

Vikaplassen vart om mogleg enda meir grå etter dette. Det einaste salige var draumen om "oppdraget". Faren skulle bli jekteskippar på ny båt Ikkje dårleg det! Men alt her heime vart for trongt, draumen hadde tatt tak i han med sine eventyrslott. Stovene hos Borthen vokste og vokste, og musikken vart til ein sval vind i haustnatta. Han sat ofte ved kjøkkenbordet om kveldane, taus, berre såg alt rundt seg som ei gjørme. Sjøl klaffebordet som alltid hadde vore så fint med begge klaffane oppe når alle skulle ete, virka som ei grå, versliten tilje. Det knirka i golv, det knirka i dører og mors gebiss. Det lukta fattighus all veg. Sjøl lisle Johanna vart skremt vekk. Vanen tro ville ho "disse doa", men han sendte henne på dør. Kunne ikkje gle seg i alt dette daglegdagse.
Verst var det likevel med Nekoline, eit gammalt legdslem som hadde vore i huset dei siste åra. Vondøgd var ho, og geipte mot han rakt gjennom opplyste salar og krystall.
- Du sett på ein propp og drømme om goill! Hæ? Du sett på ein propp du farr….. hi,hi…!
Gommane togg slafsande på den store tunga når ho lo.
Den fire år yngre broren Halvdan lo og. Da vart han bråsint:
- Ka dokker flire tå? Pakk! Æ ska lær dæ din skarv!
Han tok ei steintørv frå stampen og kylte etter broren. Molda fauk over golvet.
- Du traff itj grossist Markus Vikenskjøn.
Broren rekte tunge og sprang på dør.
- Satans skarv!- sendte han etter han.
Han sto midt på golvet og rista, treiv soplimen og feide bort tørva.

 
Var det ikkje fattigdom nok om ein ikkje skulle ha gammalt pakk i huset? Han skulte olmt over til Nekoline, men ho var ferdig med gjerninga si. No sat ho og saug på ein fleskebit ho hadde hatt liggjande på omnen.
Han sette seg ved glaset igjen.
Faren var på veg ned stien til naustet. Han såg faren med den breie ryggen og det rolege ganglaget. Som ein stein frose opp av jorda ein gang og sett til å arbeide. Tyne mat ut av skrinne åkerlappar og lunefulle grunnar. Tenkte han? Han var fåmælt, men hadde ein varm, litt unnseleg smil til dei alle. Og no var det likevel som eit nytt lag ved mannen, eit lys i auga han ikkje hadde sett på lenge.
Han var den største i verda hadde han meint, men han såg kor faren sokk saman da dei store nevene skalv og sølte dyr konjakk på kniplingsduken hennar fru Nina. Og han såg han la huva frå seg på den verste lappen på kneet. Dette hadde han aldri sett før, og han likte det ikkje.
Trengte han hjelp med båten? Der fylgde Halvdan etter- han såg dei to gå saman nedover. Det svei! Ei underleg kjensle av å ha svikta. Han reiste seg. Kjente den søtsure teven frå Nekoline idet han gjekk mot døra. Far treng ein kar når båten skal opp, tenkte han. Ein kar! Haustvinden blåste drømmen bort idet han sparka på seg treskoa.








 
2

- Alt skal i hus! Han blir storm!
Faren ga ungane ordre. Sjøl Nils og Tilla måtte til pers med å jage sauene i hus, bere inn tørv og vatn, og gi krøtera mat.
Ho snudde seg idet ho heldt døra- ropa eitkvart. Markus visste at ho ropa på Nils, den yngste broren. Visste at ho ville ha han i hus, lungesjuk som han var.
Han hadde vore sjuk frå fødselen av, men hadde lidd seg gjennom ni vonde år. Arbeidskar vart han aldri, kroken, men det var godt hau på han. Godt hau? Det hadde han vist sjøl og, for ikkje å snakke om Lovise. Men ka hjelpte det? Skole og konfirmasjon var unnagjort for hass del. Resten var neveslit. Rett nok kunne han lese avis, og mangt var det som fylte ein med undring, og kanskje håp. Det gjekk mot unionsoppløysing. Fekk det noko å seie for han? For dei? Faren meinte det var det same om ein vart styrt av ein svensk eller norsk konge. Svensken hadde aldri gjort han noko, sa han støtt. Han hadde eksersert for’n Oskar. Det var hass avbrekk i ungdomstida. Eit nullpunkt for eiga tidsrekning. ”Før eksersisen”, kunne han seie.

Skjå og uthus vart låst. Bakom i vest murra og stønna havet under ein svart himmel, som enda ikkje hadde opna for stormen utafor. Dødsstilla trykte seg mot hus og vakne folk. Veggane kneip seg saman, gjorde seg klare. Mørkret la seg blindt mot hud og ville trenge inn bak augelokk der det alltid finst strimer av lys. Lys som av krystallamper, lys frå ein draum om å bli frisk av lungesjuke, lys frå draumen om Amerika, om teneste i byen, om ei dokke, om å bli høvedsmann, eller om evig saligheit. Kva lys som fanst i hovudet til Nekoline inne på kammerset, visste ingen. Kanskje låg det eit minne og blafra svakt der før søvnen viska det ut. Eller rakk ikkje draumen lenger til enn for ein ny fleskebit?
Dei visste heller ikkje stort om henne, anna enn at ho hadde ein bror som dei kalla Mus-Per. Korleis han hadde fått namnet visste ingen der i gården.

Det einaste dei hadde hørt var at han hadde livnært seg som emissær og kolportør.

Markus kjente kroppen til Nils som skalv ved sida hass i senga. Hørte kor han sleit med pusten. Han ville ha Nils attmed seg. Halvdan var for stor, og låg på ein smal benk på same romet. Halvdan sovna kor det skulle vera. Han hørte tunge drag, og visste at han hadde lurt stormen denne gongen og.

- Markus? Søv du?
Den pipande stemma til Nils kom utav det kalde mørke.
- Nei...
- Kan æ få legga på arma di?
Han drog guten opp til seg. Kjente den magre, sjuke kroppen som søkte livd og varme.
- Har du ondt no?
- Bære litt. Trur du stormen kjem snart?
- Prøv å sovva no!
- Presten sei det e Guds straffedom.
- Presten e ein tosk!
Han spytta det ut, og angra seg da han kjente at nettopp det var feil, og da han kjente det rykte i broren måtte han rette på det:
- Æ meine, det kan itj verra sånn. Stormen kjem te aill, og aill trøng ver itj straff? Aller minst du, tenkte han og drog han tettare til seg. Kjente at han sovna idet dei første vindkulene kvein rundt nova. Stormen hadde nådd dei!

Det knaka i stokkane. Eit langt, sterkt drag, så rista alt. Stormen gnog seg inn i kvar nerve, i kvar fure og sprekk, røska mot glasa og ville bryte seg inn, fjerne kvart eit fordømt fe som var frekk nok til å klore seg fast på eit berg i havet.
Han hørte og kjente sjødrevet i kalde kast mot rutene. Hysj! Var det ikkje stemmer? Det mulla og snakka innpå kjøkkenloftet. Så, dei var vakne! Så gjekk det over golv og i troppa.
 
Kva skulle faren no? Han lista seg opp, etter han.
- Ka vil du? Faren hørtest sint ut. - Æ må sjå om skjå’n. Legg dæ!
Sjå om skjåen? Kva var det med skjåen? Igjen ein av desse tinga han ikkje skjønte. Nokon som hadde sett noko. Ein laus stokk eller stein. Auge som alltid såg. Var det slik å bli vaksen? Han manna seg opp.
- Æ bli med! Han gjekk for å finne fram kle.
- Du bli her!
Faren var mørk i stemmen, og han visste han måtte bøye av. Han vart ståande i kjøkenglaset. Såg den seige kallkroppen legge seg mot veret, til han forsvann inn i eit flytande mørker. Kjente det kalde gufset frå golvet. Huset ynka seg i kasta, og han merka etter kvart at han ikkje var åleine i romet. Mora var der, som ei taus ånd, rykte til da han hørte den klagande stemma:
- Han fer nålles! Gu bere mæ!
Ho sa det så spakt på same tid som det var eit rop. Han kom seg ikkje til å trøste eller seie noko. Mora var ikkje skapt for slit, men ho hadde sutra så lenge at ho aldri fekk trøst for noko. Han visste det, men hadde stengt henne ute for lenge sidan, sjøl om han aldri ville innrømme det for seg sjøl ein gong.

Dei såg ut i det svarte, og ingen såg noko anna enn svart, men auga var berre festa ein plass i stormen og kroppen kjente og lydde. Kaldgufset som sto dei om leggane, og fekk dei til å tenke på sengevarmen, tross alt.
Da kom braket! Det spjerra gjennom stormen! Var det tore? Nei, det var ikkje lyn- Han for på loftet. Taket var heilt, og ungane sov. Da måtte det vera skjåen!
Han for ned i bislaget, fann fram støvlar og kle. Mora kom å ville halde han tilbake, men nokså kraftlaust. Han kraup på alle fire ned sjøvegen. Kraup med hender omgjort til klør.
- Det va da fan te vind, ropa han mot berget, og gjorde seg sterk.
Først da han var heilt framme, såg han det. Den store skjåen var rast saman.
 
- Far!
Han ropa det ut i svarte Helvete., og det kjentes som om ropet gjekk innover. Vart til ei avgrunnsbønn. Han drog seg inn under det som var igjen av taket. Ropa på ny, men stormen for bort med det.
I små glimt såg han at det meste av skjåen hadde rast mot fjæra. Tømmerstokkar og fjøler sto opp og sprikte svart mot sjøen. Han fann eit tau, batt seg fast og firte seg utover på dei sleipe stokkane. Han hørte og såg på same tid, eit svakt, surklande stønn. Overkroppen stakk fram og låg halvt i sjøen, men hovudet låg på ein stein og heldt det over vatnet, nok til at det var liv.
- Du leve!
Han såg inn i auga til faren. Såg ei pine som var framand.
- Æ må få dæ opp!
Han vart heilt vill. Gjekk laus på stokkar og fjøler og stein for å koma til, og midt i det heile såg han det, den svarte, tunge barkstampen, kjente tjæra som rann. Han handfor faren under den svære stampen, sansa ka som var med kroppen.
- Itj vøl det!
Det var mest som eit stormkast med ord i.
Han såg, og ville ikkje sjå. Kjente blodet som blanda seg i tjæra. Såg dei flatklemde låra, visste at faren var delt av den tunge børa.
Igjen vart han vill. Måtte finne folk!
- Æ må finn folk! Ropa han mot faren.
Såg inn i eit ansikt han ikkje kjente, ein munn som forma ord han ikkje skjønte, kjente seg så grenselaust åleine.
- Hjølp mæ å dø!
Han heldt ansiktet med begge hendene. Rista han.
- Ka e det du sei?
- Du ska læt mæ dø; Markus! Fotan e tå.
Pusten gjekk i støyt mellom orda, men med all den kraft mannen bar.
- Æ ska itj levva sånn! Hørre du?
Ein ny angst greip han. Han måtte opp. Ville slite seg laus frå alt dette han ikkje kjente.
 
- Du ska levva!
Han spytta det ut, og vart på same tid kald gjennom heile seg. Bilder seig fram, projisert inni mørke natta. Ein fotlaus kall bortved omnen, ei bitter bør for all verda. Såg faren som stolt høvedsmann dra ut, for aldri å koma tilbake.
Han skalv, tok tak i kroppen på ny. Ville slite med seg det som var igjen.
Faren vart borte for han. Ralla i ørska. Han ropa inn i øyre på han, feide vekk tang frå kroppen. Var han daud? Nei, der kom han igjen, og ei svak kviskring hørtest.
- Læt mæ dø, elles tegir æ dæ aller!
Han kjente kvalmen som steig, kunne ikkje stoppe det, tømte magen i hikstande, krampaktige støyt.
- Ta bort stein!
Han for sammen igjen.
- Nei! Itj det!
Drukne sin eigen far! Det e mord det!, for det gjennom han.
Han såg leppene røre seg, men hørte ikkje, måtte legge øyre nedtil.
- Æ e snart dau læll. Du e ein god gut om du gjer det!
Så fall han i uvit igjen, kroppen var kald som is. Berre no og da slo han auga opp, men dei såg ikkje. Stormen tok seg opp igjen, hørte som gjennom ein draum mora rope, men han kunne ikkje svare, ho måtte ikkje finne dette.
Han såg ned i det kvite ansiktet, reiste seg halvt og drog steinen vekk, såg ansiktet til faren nedi sjøen, uverkeleg, såg at det rykte i kroppen, og boblene som steig. –Det her e drap, kviskra han. Tangfluskane dekte det heile.

Han reiste seg i ein framand kropp, kald og utan sorg slik sorg skal vera. Han drog seg etter tauget oppover, og klora seg framover for å finne mora.
Ho sto på Brattberget rett over han som eit skrømt mot himmelen. Ho visste med heile seg. Han ropa det opp:
- Han var dau da æ kom, han ska hentas i morra!
 
Ho såg på han som om han var frå Helvete. Kor lenge hadde ho stått der? Han kjente som eit sinne mot henne fordi han ikkje visste. Han vart brå.
- Han var dau da eg kom høyrer du!

Han gjekk rundt, og stilte seg saman med henne på stupet.
Såg Brefjera langt der nede der dei brukte å bre båtane, og lenger borte låg den samanrøyste brygga.
- Vi går!, sa han.
Ho følgde med han som eit kopplam. Sorga hadde enno ikkje fått namn. Mørkret hadde trengt inn. Det fanst ikkje strimer av lys nokon stad.



Dagane kom av seg sjøl, folk dukka opp.
Som om alt var planlagt lenge hadde Bendek kome til gards. Han var både smed, slaktar og kjemester. Han visste kva som skulle gjerast. Bendek ordna med innbeding, fekk liket lagt på strå på låven, og pynta der etter gammal skikk.
Andre kom og. Ville redde restar av bord og plank og anna som kunne reddast av sjøbruket. Alle fann sin plass, tok hand om krøtter og ungar som om vanen var der, klar til å bli brukt til slikt.
Mat kom til hus, og trøst frå slekt og venner. Men også gråtekjerringane og kaffekallane sukka seg inn, lukta gravferd, mat og noko å snakke om.
Gråt og sukk var elles både hellig og fint. Sjøl Nekoline vart som ny i alt dette rennet, og med så mykje ekstra med mat og kaffe!

Ungane drog seg unna det heile. Ho Lovise, eldstesøstera, tok seg av Johanna og Tilla. Ho ga dei mat, leste for dei og fekk dei i seng om kveldane. Og dei heldt seg til henne, som til ei ny mor. Sjøl skulle ho stå konfirmant til sommaren, måtte ta ansvar no. Det fall seg slik.
Han Halvdan følgde Bendek i alt han gjorde. Han kjente Bendek, hadde vore med han i smia og handtert belgen fleire gonger. Likevel, han såg med spørjande auge på broren, ville vel vete meir, men kom seg ikkje til å spørje. Det vart som eit gap mellom dei. Markus visste!, visste og kjente meir og meir. Det var drap! Han kunne ha redda han! Men Nils følgde han sjøl som skuggen, og heldt han i gang med noko på eitt vis. Og han visste kva som vart kravd. Han var sytten år og forsørgjar, alt låg på han no! Borthenstua glei bortafor mørkret som eit bleikt, uverkeleg minne.


 
3

Gravferdsdagen kom, ein kald, men klar haustdag.
- Vi må gjennom det!, hadde mora sagt, nesten som ein dom, og det vart rart å høre henne seie dette.
Tidleg om morgonen, før folket kom, var dei på låven, berre dei samla.
Han far sov, den kalde søvn, med hendene knept saman og med føtene på plass i kista. Ho Alette lot sorga sleppe til. La seg nedåt liket og var borte i sorga over mannen sin. Ungane turte ikkje røre henne, dei vermde kvarandre som best dei kunne, men ein etter ein måtte til sist fram og ta farvel med han far. Lisleveitja, Johanna, tok til å illskrike da ho la kinnet sitt nedåt, kjente kalden, og Lovise måtte springe ut med henne..

Liket vart sunge ut frå heimen.
” Saa er striden salig endt, Lammets blod har vundet! Sorgen er til glæde vendt. Sidste tare rundet!”
Gamle, drivne bedehusrøyster overdøyvde hikst og gråt. Tok skikken fatt for å gjere det leveleg, til å koma seg ut av. Så vart båra ført med båt den lange vegen til kyrkja, der sokneprest Ole Jakobus Traasdahl venta ved den opne grava med tre skuffer jord.
Gravaren sat bortved grinda og venta, gjømte ein sneip i handa.

Resten av dagen gjekk unna på eit vis under Bendeks myndige leiing. Han var forsongar, sa det som skulle seiast ved bordet, og las opp dei sørgjehelsingane som hadde kome inn. Markus merka seg den eine. Den var frå væreigar Borthen i Froan.



Tida framover, var eit bleikt og uverkeleg skuggeland. Folket var gråe og drøymande i alt sitt lag. Frosten låg i huda og auga og heldt kroppane oppreiste i sorga, men i seine kveldstimar hørtest kvalte hikst frå kammers og sengebenker. Ingen snakka om sorg, berre om ei ny tidsrekning, før og etter stormen.

Markus trekte seg inn i seg sjøl og laga gudebilete av faren.
Måtte vera som han far! …..meinte det vart betre for alle da. Han gjekk som han far, og heldt orda i seg som han. Lovise undra seg over slikt skodespel, men sa ikkje noko.
Han låntok eit fotografi som alltid låg i faren si salmebok, frå den tida han var på ”Mon”, eit brunleg bilete av ein ung mann i uniform, framand, men med faren sine auge. Bilete la han på hemmelegplassen under senga, og når dei andre sov tok han det fram og kyste det som om det var eit kostesamt relikvie, dei første vekene med tårer, men etterkvart med stille sukk. Etterpå gjømte han det vekk, redd for å vise at han sørgde. Slikt var berre for kvinnfolk! Men faren steig frå meinig Peter Vika til korporal og høvedsmann Peter Viken i løpet av kort tid.


Ei tid etter Mikjelsmess sto han i støa og prøvde å sette færingen ut. Ville ikkje be nokon om hjelp, ville ikkje fortelje kva han skulle. Han var sta såleis, meinte det gjorde han veikare i eigne auge. Han var kar no, og skulle livberge både seg sjøl og eit heilt hus, men han var redd og utan erfaring. Rett nok hadde han vore med faren i fleire år og snappa opp eit og anna, men han hadde handla på ordre, hadde sett, men ikkje sett likevel. No vart det som ein slag besettelse dette at han måtte hugse korleis alt var med både båt og bruk, fisken måtte dei ha om ikkje svolt og fattigkasse skulle leggje seg som ein skugge over Vikplassen for alltid.
Han fann fram kastarsnøre, eit einstaka eitt med tvihaka onglar, og skulle til å legge i båten, men sansa seg.
 
Eit snøre uten agn!, kva skulle han med det? Og kva skulle han eigne med? Skamfull bar han snøre tilbake i skjulet som gode grannar hadde sett opp av restane etter skjåen, og fann fram eit kastarsnøre med farga tråd på onglane, smurde lunnene med grakse og skauv båten ut. Segl ville han ikkje tenke på enda. Fekk berre prøve å finne att nokre méd i næraste farvatn.
 
Han rodde ut. Kjente båten gli lett for åretaka dei første metrane av framtida, for det var framtida han tenkte på. Drømmen om Borthen sine krystallkroner var der enda.
- Krystalldrøm! ,tenkte han, men meir og meir hørte han den skjærande stemma til Nekoline blande seg i drømmen: - Du sett på ein fjert far….he….he.
- Det må vel finnast ein veg fram! Han sa det ut i lufta, sansa seg, visste kor godt lydane bar over havflata, ville ikkje bli rekna som tomsing heller. Men fiskar? Var det dette han skulle gjere all sin dag? Det var som ein dom i det.- Du skal ro fiske, aldri noko anna! Ja, kva så? Var ikkje det draumen for alle? Få eigen båt og bruk, og jakte på det store kastet som kunne flytte fattigdomen eit steg lenger opp på stigen? Var han ikkje i grunn heldig som hadde kome så langt? Men det var likevel som eit sår i han, ikkje berre av sorg, men og noko anna han ikkje heilt visste kva var. Meir enn nokon gang kjente han seg fanga og bunde. Han var redd.
Han var redd for sjølve havet. Ikkje for storm og båre, men meir ei redsle for dette uendelege, levande vesen som pusta med heile seg frå himmelrand til himmelrand. Eit uhyrleg mørkt og uutgrundeleg vesen som skjulte sine våpen i djupet, skjulte sine taggete fjell og djupe botnar under ei blank og smilande flate.

Han rodde seg til på Kopparflua, og sette vadbeinet på plass, fekk snøre ut og gjorde klar kleppen attmed sida. Det var stilt, så dette skulle han klare åleine.
Han annamma ikkje fisk med ein gang, og sette seg til å hile.
 
Skjæra låg og smilte mot han i ettermiddagslyset, men han tok det ikkje retteleg inn. Alltid denne hinna over auga, eller var det heller som om auga måtte sjå inn og ut i skallen på sama tid?
– Du sett i eigne tanka! Ja, det hadde faren sagt når dei var tesammens i båten, og han glømte andøvinga for desse synene som kom. Han var kar no, måtte berre sjå utover, han retta seg opp i båten.
–Det e alvoret no, sa han te seg sjøl.
– Sjå berre utover og framover! Så såg han seg rundt igjen, men det var ikkje båt å sjå nokon stad.
Han tenkte på Nekoline, eit rø og eit beist, men denne evna hadde ho, såg alt som rørte seg i kvar ei krå på plassen. Augo var mest som sjørosa som saug til seg alt som kom innafor synsfeltet. Ka ho brukte det til om ikkje anna enn slarv, visste han ikkje. Men det må vel kanskje finnast eit lager for slikt og? Kanskje det var hennar oppgåve i livet, å vera ein is- spegel for dei andre?
No og da måtte han innrømme at han likevel kunne misunne andre, sjøl henne, litt av denne evna; dette å vera til stades på jorderiket med heile seg, og trivast med det. Slik såg det i alle fall ut. Berre gå på som ei opptrekt klokke, utan tanke for anna enn å vise riktig tid så lenge fjøra rakk.

Båten var bra. Faren hadde kjøpt ein forholdsvis ny færing av Åfjordstype inni Lyseøysundet for tre år sea. Nytt råsegl hadde han og skaffa. Han var enno lys og fin i treet, men med nokre år med steinkoltjera ville han snart bli like så svart som dei fleste båtane på sjøen. Faren hadde elles passa på å gi ripbordet rett fargelegging, så alle kunne sjå kor båten hørte til.
Han strauk med handa over tofta. - Bra arbeid! Det var no elles som ei trøst i dette at båten var ny, ein slags status det og, om ein ikkje åtte noko anna.
Det er langt mellom fattig og rik, tenkte han, sjøl her ute. Og igjen var han på vandring i dei fine stovene til proprietæren i Froan, følgde musikken som ein slave, og sansa seg ikkje før han kjente rykk og tunge drag i snøre.
 
Med eitt var han vaken igjen, berre i denne verda. Tok seg sammen for å dra roleg, og legge snøre pent på plass i trauet, sto klar med hyttjen og lempa fisken pent oppi båten.
Straks kjente han seg som ein rik mann, skotta rundt seg, men såg berre skarven som letta frå Tennskjæret.
Etterpå kasta han uti igjen fleire gonger, og rodde heim utpå kvelden som ein glad mann, og med nok til både mat og agn.
Mora meinte likevel han fekk seie ifrå når, og kvar han drog. Ho hadde sendt Halvdan nedtil sjøen fleire gonger for å sjå.
- Du trøng itj skrem vatne tå mæ!, hadde ho sagt, men sint var ho ikkje. Ho tok imot fisken, og strauk innpå kjøkkenet med heile honka, rett framfor auga hennes Nekoline som sat med vidopen munn og sikla. Det small ikkje ordet i henne heile kvelden. Ho berre såg på han av og til, som eit sjukt dyr.

I grålysinga var han i kleane igjen. Nils hadde vore uroleg om natta, hadde hosta ein del og haldt han vak, men likevel kjente han seg utkvilt og ivrig.
Han gløtta på døra til mora idet han strauk ned.
- Æ ska bære egn snøre, så fer æ ver ut ettekvart. Ho berre såg på han og kom seg på beina.
- Æ ska lagga mat!
- Nei, nei, la han imot, bli bære leggan! Og lydig følgde ho ordre, la seg ned igjen. –He!, ho lydde? Dette greip han med ein ny undring. Dei lydde han! Dei tok hass ord som lov!
Han kjente at han likte det. Vart det slik no?
Han fann seg noko mat, men hadde slik uro i kroppen at han vart ståande ved glaset og sjå nedover mot sjøen. Tenkte ut nye méd der han kunne bruke Brattberget. I dag skulle det bli skikkeleg fiske.
Så var han vel ikkje så fjern likevel. Han var så konsentrert om dette at han heller vart overivrig og begynte å legge planer langt framover, både om garn og ruser og line. Likevel visste han så alt for godt at alt dette kunne han ikkje klare åleine. Det vart vel til at han måtte ha Halvdan med seg, men han likte ikkje tanken
 
på å ha broren med seg i dette.
Dette måtte vera hass verd ei stund enno. Måtte bli kjent med handlag og reiskap, ville ikkje vise fram kor lite han visste, måtte ha eit visst overtak før andre fekk ta del.
- Ein må ta styringa sjøl dersom det skulle bli til noko. Vil itj trøng mæ på nå’n i utrengsmål, mumla han da han luska nedover.

Og i dagar og veker framover var han den samme, frå tidleg morgon til seine kveld. Han gjekk i sin eigen skole, og ville helst vera åleine, men han streifa innom andre for å sjå og høre, saug til seg alt han ikkje visste, og for straks heim for å prøve.
Det var særleg hos Søren Sletta han stakk innom når han ville lære. Den mannen var det framdrift i, men han spurte aldri om noko, og Søren var ikkje den som delte med nokon heller. Dei knepa han hadde skulle det bli pengar utav, og dei skulle helst i hass eiga lomme.

Ikkje med eit ord, og ikkje med eit teikn ville han vise at han ikkje makta oppgåvene. Alle hadde sine sorger no etter dette, og han skulle syne all verda at han var kar om å rå med mat og innkomst for folket i Vika. Og angsten for havet vart lagra ned av nye kunnskapar, og låg til sist som ei ihopklemt blære nedst i mellomgolvet.
Dagen greip han, og gjorde han kvassøygd og taus, og folket gjekk rundt han som rundt ein ny profet.
Men i seine nattetimar drog han eit fotografi fram frå under senga, og kyste det, meir og meir som eit ritual han ikkje kunne sova utan. Og fotografiet vart utviska og meir utydeleg. Kvar kveld sovna han med broren inntil seg, og sto opp i grålysinga. Ein dag prøvde mora å stoppe han. Kom etter han nedover troppa.
- Han bles i dag!
Han såg på henne. Såg at den siste tida hadde gjort henne til ei svart enke.

 
”Salmeboksvart”, for det gjennom han, men han fann ord: - Det er høveleg seglingsvær! Så gjekk han.
Ho sto der utan eitt einaste ord. Var berre eit bleikt blaff i troppestolen, før ho gjekk opp i den mørke loftsgangen igjen. Ho gjekk stille i dørene som om ho var redd for å vekke ein verre lagnad til live.


























 
4

Lovise skulle stå konfirmant til sommaren. Kroppen hadde innstilt seg på vaksenlivet lenge. Ho hadde kjent det, og sett det og når ho var åleine. Ho hadde vore redd ho var sjuk stundom, men det var ingen som fortalde noko, og ingen å spørre, ja utenom Besta da, men ho visste ikkje heilt om ho ville forstå, gamal som ho var. Elles kunne ho ikkje unngå å legge merke til lange blikk frå karane som strauk forbi når ho gjekk til bua. Ho stramma håret i nakken, og såg på seg sjøl, litt på skrå, berre fort, for ho hadde anna å tenkje på enn å stå å fjase seg til framfor spegelen. Var det ikkje fjøsstell, var det mat og ungar, og nett no var det slakting. Ho huffa seg. Ville helst springe frå heile greia, men ka ville dei vel tru om ei vaksen jente som tedde seg slik?

Bendek hadde alt kome til huset med skotmaska si, og sleden vart trekt fram. Ho såg gjennom glaset at stigen vart sett opp mot låveveggen. Der skulle grisen hengjast opp, men enno hørte ho iltre kvin frå fjøset frå ein som trudde ho snart skulle koma med mat.
Det kjentes som eit kaldt svik i henne. Markus hadde stroke på sjøen, og ho ville ha kjent det som ei stor gåve om ho hadde hatt noko like stort å skulde på så ho slapp dette. Ei lita trøst var det likevel at Besten stilte opp. Sjøl om han var gammal og lite gangfør, hadde han greie på slikt. Her trongst mange hender i slaktinga. Mor hadde teke med seg dei minste til Besta, ho var ikkje skikka til dette. –Men mor er jo vaksen!, for det gjennom henne, men ho visste jo at det var annsleis med henne. Hadde alltid vore annsleis med ho mor, og ingen sa noko om det heller.
Nils sat alvorstung ved omnen og skotta mørkt på Lovise da ho kom ned. Det var andre dagen dei måtte halde han heime frå skolen fordi han hosta sånn.
- Kjem itj a mor tebakers snart?, sa han.
Nekoline skotta på han.
- Mas itj!, flerra ho.
 
Lovise kjente som ein plutseleg agg til dette menneske som sat der dag ut og dag inn og aldri hadde eit godord til takk korkje for mat eller varme.
- Guten har lov å spørr!, skar ho i. - Det e vi som bor her!
Og ho såg dei vaktsame augo som følgde henne, mens ho gjorde i stand stamp til blodet. Ho sto i spiskammerset og stirde i blåe veggen, ropa inntil han:
- Ho mor blir borti stua med Tilla og Johanna ei stund, men ho Besta kjem snart, sa ho. Ho gjekk inn igjen og såg at han lyste opp.
- Bendek og Besten går inn i fjøset!
Ho kika ut av glaset som snarast, såg Halvdan som rota i hælane på dei, og i det neste kvarteret var alt berre gnelder. Purka vart basta til sleden, og Helvete var laust frå eit grisegap. Nils heldt seg for øyro og sprang inn i stova. Sjøl sto ho som ein stokk med auga vende mot veggen, ventande på skotet.
Skotet kom, skarpt og avgjerande, og la blytung stille over heile plassen. Ho sto med stampen klar, visste at ho måtte ut i det. Nekoline, skotta på henne, prøvde seg med ein flir igjen. Ho ansa det ikkje, tok berre stampen og smelte døra etter seg da ho hørte Besta utafor.
Bendek sto alt klar med kniven, han skotta over skuldra om stampen snart skulle koma. Han smilte litt brydd, såg kva dei følte, men visste vel med seg sjøl at alle trong hjelp frå han når det røynde på. Han var som ei tung slegge og eit minebor i grenda, eit grovt reiskap som alle grender trengte stundom. Blodspruten sto over fingrane da han stakk, og kvalmen trykte på, da ho såg den varme dåmen reise seg imot frosten.
- ”Dyrets blod er dyrets sjel!”
Han sa det liksom heilt tilfeldig framfor seg der han sto med krum rygg over grisen.
Han skotta på henne.
- Er det ikkje så det står i skrifta?
- Så e æ vel ein mordar da?
Ho gyste, men stotra fram.
 
- Nei, det e itj sant!
”Besten” såg på henne om ho ikkje skulle koma på noko meir å seie.
Ho kjente det på seg, det var som ei slags overhøyring før konfirmasjonen. Ho smilte med seg sjøl, hadde svaret klart som i eit skin:
- Abel ofra lam står det i Moseboka, og elles står det sånn i Hebreerbrevet, ”Ved tro bar Abel frem for Gud et bedre offer enn Kain; ved den fikk han det vidnesbyrd at han var rettferdig,..”
Besta såg nesten skremt på henne først, men så skratta ho. Da vart det lettare alt saman, dei lo og hengte grisen på plass i stigen, skar svinebust og skålda den stakkars kroppen med gloheitt vatn. Sjøl Nekoline våga seg utpå troppa for å sjå ka som var på ferde, sto og myste med sjalet tett omkring seg. Da lo dei enda meir og husa sto som dei lytta til desse ukjende lydane og kasta dei mellom veggane som om dei var redde for å bli avslørte som syndarar. Arbeidet gjekk fortare unna enn dei hadde tenkt. Bendek kremta liksom unnskyldande etter så mykje leven, og samla saman dei lengste grisbustene.
- Det gjer vel ikkje nokka om eg tar desse med til han Skomakar- Lornts?
- Nei, gjorde noko!

I to heile dagar heldt dei på med blodmat, partering, salting og stell. Blodpølseposane var alt gjort klare første dagen, og det vanka både blodpannekaker og flesk til middags. Det var som det låg ein ny fart over folket. Ho Besta var med på kjøkkenet, og da vart det alltid meir liv over alt. Ho snakka i veg om alt og ingenting, og det var som medisin for alle at ord kunne danse så lett over gråe veggar enno ein gang.
Innimellom sukka ho likevel og kunne seie som så:
- Ja, ja! Det vart eit tap her i går’n, men livet må gå vidar, det e itj annsles det!
 
Og så kunne ho legge mat på eit fat til Nekoline og gå like opp i kråa til henne med det.
- Sjå her Nekoline, eta dæ feit no! Dem vil itj ha nokka lervåt kattskinn ungkarran borti væran!
Og legdkjerrenga knegga stilt og sinnssjukt mens hendene famla etter herligheita.
Sjøl Besten va i godlaget og huserte med småungane så dei vart både ør og trøtt.
- Sjå på kaill’n du ette han fekk i sæ blo, trur du itj hjerte bynnt og bank i’n gjen, ropa Besta. Og Besten var ikkje verre einn at han parerte med ein klem, og greip med handflata alt for langt ned på baken på henne. Da fekk han ein lusing så han måtte rette på gebisset og halde seg til veggen for å ikkje miste balansen.
Det var ein sånn alo i alle rom. Nils skein som ei sol mellom hosterier og salmepugging, og glømte rett at dei hadde myrda grisen.

Da Markus kom heim var det som han var redd det var sinnssjuken som hadde tatt bustad i huset. Dei dempa seg litt da han var innomhus, men knisa og sprutflira når alvoret vart for stivt.
- Akk ja! sukka Alette, og prøvde likevel å legge ansiktet tilbake i enkefolda, men da vermora sette auga i henne, klarte ho ikkje anna enn å legge maska av seg. Når ho, som var mora hass Peter villa lufte tungsinnet ut av huset, så fekk ho det som ho ville. Det kunne elles bli ein vinter lang nok for sorg enda. Ein fekk vel ta dei solstreifa som livet hadde å by på. Men heilt rett var det vel ikkje?

Lovise syntest Besta var det finaste i livet. Rett som det var kunne ho blunke til henne, og dytte verdottera i sia.
- Pass på ho der du! Ho kan sett grilla i haue på karan ho der mår! Dem bli heilt styran tå sånt tjukt hår og sånn medj. Ta å kle’a opp med strisekka og dønk’a i kupess!
 
Mora berre rista på hovudet, men Besta la til:
- Ho e så lik mæ at det!
Så tok ho nokre dansetrinn over golvet på giktbeina sine, rett framom auga på Nekoline som sat som ei innslept villkatt og fant seg i alt.

Lovise humra stilt for seg sjøl lenge etter at ho hadde kledd seg om for natta. Ho var flirfull og sette seg på sengestolpen og kjente at det var som om kroppen bråna inntil bein og tela.
- Segne dæ, bestemor!- , kviskra ho stilt mot spegelen.
Såg inn i eit ansikt med store, klåre auge. Ho tok kammen opp og strauk grovtinnane gjennom det tjukke, mørke håret, såg at pannelokkane spratt på plass igjen, og var ein krusning ingen kunne temme. Så tenkte ho på faren, men det var meir som eit vemod no, og før ho somna kunne ho tenke på han og med smil på leppane. Ho hugsa så godt ein god dag, berre ho og faren hadde i lag i byen og drakk kakao på Ericsens Konditori. Det trongst ikkje meir.












 
5

Dagen etter måtte dei gamle dra til sitt igjen, og det vart som ein lys vegg forsvann, men alt lyset tok dei ikkje med seg, og det vart lettare på plassen etter dette. Lovise gledde seg elles til ei ny veke med skole og lag med jamnaldringar. Storskolen og småskolen gjekk annakvar veke.
- Æ synes det ska bli godt å slepp oinna alt styre ei stund æ, sa Lovise før ho drog. Mora hadde martyrmina på.
Ho gjekk tidlegare enn Halvdan. For han var det ikkje så om å gjere å koma før oppstillinga.

Han Mads frå Løngheia venta på henne som ein ekte gentleman, da ho hengte på plass grinda etter seg. Sammen gjekk dei til skolestova og snakka sitt eige språk med ord og stille. Ho kjente det som å stige inn i ein varm og god ring av menneske da ho kom fram til skoleplassen der alle samla seg, og etter ei stund stilte seg opp i rekke framfor troppa. Læraren kom, krit-kvit og loslite og slepte dei inn i kulturvogga med glødande rundomn på eine veggen og den store, svarte og kloke tavla på den andre. Ho likte både skolen og den lurvete, gamle læraren.

Det lukta krit og svamp og kle og tørv-varme, og læraren sto der framme ved lesepulten og bladde i den store, svarte protokollen, lenge før han las dei opp, namn for namn.
- Kristine?
- Ja lærer, svarte det bakarst i rommet, med neiing og nyfletta hår.
Ida? Julie? Anette? Læraren såg opp for kvar ei av dei og nikka.
Nanna? Elen? Charlotte? Lovise? Amanda?
Han gjorde ein liten pause etter all neiinga, og såg utover dei.
- All småfrøknan på plass sjer æ! No ska vi sjå korres det legg an med herrene.
- Johan? Anders? Tønder? Alle visste kven som var borte, og følgde spent med reaksjonen.
 
- Martin? Halvdan? Mads? Gustav?- - -
Det vart stille.
- Gustav?
Læraren såg opp over lorgnetten og fann ein tom plass, noterte grundig i protokollen, og duppa penna på nytt.
- Sigmund? Hermann?
Så sette han penneskaftet frå seg i blekkhuset, drog fram eit trekkpapir og plasserte det forsiktig over sida. Så blåste han litt og la protokollen igjen. I dette rommet var han sjølve Sankte Mikael med rett til å vege sjel og vandel, og ingen prøvde å sette seg opp imot hass posisjon. Han visste det, men når sant skal seiast så misbrukte han aldri sin posisjon heller. Han var streng, men rettferdig. Slik var folkets dom.
Og skammekroken var da heller ikkje så mykje i bruk, ja unntatt i dei sju ulykksalige åra han Sylfest Kvilebenk, dei kalte måtte innom, men det var mange år sia no. Spanskrør hadde han aldri rørt, han visste sjøl ka det var, og ingen skulle nokon gang freiste han til å slå fingrane til småfolk. Det fanst verre folk å denge dersom ein hadde hug til slikt. Elles så var det vel helst at dei skulda på tater eller jøde om det var noko, her som andre stader, han hadde no elles sine eigne meiningar om det og, men folkets dom var hard når det kom til dette, og han ville ikkje ta opp den kampen med bygda. Ein fekk berre håpe at folkeopplysninga ein dag ville gjere slutt på slikt og.
Men han hadde ei lita rynke i panna da han såg opp.
”Gustav- rynka”, tenkte Lovise.
- Har nå’n sjitt’n Gustav i det siste?
Ingen svarte først, alle følte seg liksom brydd over at nokon av dei ikkje ville koma til skolen. Men så reiste det seg ein lang og lyslugga kar rett framfor lesepulten.
- Jaa, Sigmund?
- Æ trur itj han har komme heim frå Halten enda. Dem sei han va me faren og onkel’n på feskje ’gjen førrdan.
Guten sette seg.
 
Det vart stilt igjen. –Hmm! ærgerleg. Han visste så alt for vel at mange av dei som sat her alt var heile arbeidsfolk, og at det merktes i mange heimar når skolen la beslag på tid.
Men likevel var skolen ein heilag stad for dei alle, og i dei fleste heimane formana dei ungane til å gjere sitt beste. Kanskje kunne ein eller annan av dei komma lengre, få del i noko større. Med Gustav var det ikkje slik. Han ville ikkje dømme, nei va det så lekt!, men han hadde mang ein gang lagt frampå ovafor faren at han dreiv guten for hardt. Men Søren Sletta lot seg ikkje formane av ein loslitt akademikar, det sto fast.
Han visste ka det låg pengar i, -og skulle ein ha tak i dei måtte ein gå i livets skole, ikkje tulle seg bort i dikting og truslære!, hadde han sagt. Og så var den saka avklart for hass del. Søren Sletta hadde eit praktisk og greitt forhold til det meste, og det meste handla om pengar, -eller var det nokon som var ueinig med han om det?

Han drog fram salmeboka.
- Ka vil du at vi ska søng i dag, Julie?
Blid og lysande sto ho straks opp og sa med klar røst:
- ”Dype stille, sterke milde”, lærar!
Alle reiste, seg, prøvde tonen eit par gonger, før dei song av full hals og sette kulturvogga i bevegelse. Når bønna var unnagjort, kunne ein endeleg ta fatt på lesestykket. Lovise sat stiv og spent. Læraren skulle lese!
- Ka ska du lessa lærar? Hermann klarte ikkje å halde seg.
Læraren kremta seg rein. –Ja, no ska dokker få hør om ein kar dem kalla Storegut. Han såg på dei over lorgnetten og merkte at forventninga steig. Han hadde rett ut gledd seg til dette. Gledd seg til å sjå dei drøymande, forsvarslause ansikta som måtte bøye seg for krafta i ord når dei var forma av ein kar som Aasmund Olavson Vinje, dessutan var han sjøl ein ivrig landsmålsmann, og var glad for at folket hadde hørt etter han og gått inn for landsmål i skolekrinsen. Men elles heldt han Bjørnson som den største tenkaren. Han hadde lest i bla kva han meinte om desse
 
trongsynte pietistane som la kulturen aude i landet. Og det erga han at denne Bruun hadde brote med diktarhovdingen. Ja, ja … men det var likevel Vinje som hadde språket………Storegut ja! Han bladde opp, og såg på dei.

Og Martin lærar fortalde. Det var mest som dei reiste i lag med han Storegut og far hass til København for å klage til kongen på framferda til mennene hass når dei for kring i bygdene og skreiv ut hærfolk. Martin Lærar kunne spele teater, og her på steinklakken sat han med tilskodarar dei kunne misunne han nedi Kristiania. Og han trong ikkje bok, reiste seg og gjekk framover podiet mens han resiterte:


- Til ein hermann vart Storegut skriven,
og i attande året var han.
Så han fyrst uti verdi vart driven,
Til å tena for konge og land.
Det var gut som i hand var ’kje valen,
Men til allting å gjera var før.
Så i telthuset møtt’ han på Dalen
å taka imot sin ”mundør”.

Og han la ut til dei om denne kjempa som alle kle var for små til, og følgjer med han gjennom livet med kamp, kjærleik og så til sist skotet som felte han.
Og når han slutta av med siste strofa i ”Storegut vert atterfunnen”, da faren drog skjelettet til sonen fram frå urda, låg gråten over romet og overmanna sjøl den mest forvorpne stakkal.
- Så ber eg på son min med skjelv i kne
og dimmande auga tårut.
Så firar i gravi eg beini ned,
Og leser så Fadervåret.
Så kjem eg snart etter i Herrens fred.
 
Etterpå måtte han sjøl snu seg bort som snarast. Måtte pusse nasen og ordne litt på lorgnetten. Så kom han til seg sjøl att, og sa med fast røst.
- Vi tek friminutt no unga, men still opp i rett tid, det sei æ dokker!… og itj spreng sånn at dokker skremme oksen hass Alfred så at’n slit sæ!
Og stilt lista dei seg ut, og kjente havlufta som strømte mot dei, og sakte reiv dei laus frå dramaet.

Han vart ståande i glaset å sjå på dei. Såg at det hadde rørt dei, at dei gjekk litt stille rundt seg sjøl først, før dei tok til å leike eller gjera noko anna.
Vika-veitja som sto og sikta med vippestikka såg han på. Stor veikje no, tenkte han, snart ut av skolen for godt. Han tenkte det med vemod. Ein eineståande elev hadde ho vore frå første dag, og så dette med faren no, rett før ho skulle for presten. Korleis skulle det vidare gå? Kva hjelp det vel med kunnskapar som berre blir liggjande å skvalpe i slit og bleiefiller her? Og så nett som ho var! –Hmm..rr…Han irettesette seg sjøl med å kremte. Han var ein gammal mann å skulle ikkje tenkje korkje det eine eller andre om kvinnekjønnet, men når det gjaldt dette andre, så kom han i hau ein samtale han hadde hatt med doktoren nyleg, og han kunne ikkje nekte for at han vart både arg og spydig sjøl. Han hissa seg opp der han sto og pussa lorgnetten, og måtte styre seg så han ikkje vart hardhendt, glasa sat laust i innfatninga, og rett som det var snakka han høgt til seg sjøl igjen. Det var ein uvane han hadde lagt seg til dei siste åra. Han gjekk vel for mykje åleine i sin enkemannsstand.
- Tulle bort livet sitt her! Ja, nettopp det var det han hadde sagt!
Du, verden, doktoren var ein raus mann det var ikkje det. Å bli beden på middag dit var ikkje noko han takka nei til, og godt kunne det og vera å sitte etterpå å smake på doktorens konjakk og snakke lærd og pent ein gang iblant.
Han såg på klokka, enno fem minutt igjen. Han gjekk ned til kolbingen og skufla innpå litt meir, måtte vel halde dei varme på
 
den måten og. Doktoren ja….Sist hadde dei snakka om sine eigne studiar, og etterkvart forsto doktoren at det ikkje var ein vanleg seminarist han sat å prata med. Da det gjekk opp for han at Martin hadde embetseksamen av høgare grad, reiste han seg og skjenkte meir konjakk. Sette seg så ned og såg på han som om han skulle vore gal.
- Og så sit du her ute blant desse ulærde og har snart brukt opp heile livet ditt på ingenting!
Han kjente kor det svei, svei langt inni kjøt og stoltheit.
Han slengde kolskufla frå seg, gjekk fram til lesepulten og såg ut. Han hadde heldt leksjon for doktoren om kva ”dannelse” var, om kva visdom var, og kva urett var. Han hadde mana fram eit bilete av folket som gjorde medisinmannen flau og liten i si eiga stove.
- Men, la han til.- Du er enno ein mann i din beste alder, og kan fløtt dit du vil. Men æ blir her!
Så takka han for oppvartinga, og gjekk. På veg heim hadde han angra seg, visste at ein gjest skulle bera over med slikt, men han kom seg ikkje til å gå tilbake, og etter dette hadde han ikkje sett snurten av doktoren.

- Skal tru om han ikkje har rett, sa han til seg sjøl.
- Ka skal ein fattig veikjunge gjera? Tru på eventyret?
Nei om nokre år sit ho innsokke og flatbrøsta med ein ungeflokk som held ho med lenker og band til ein grå kvardag. Det meste ein kan håpe på er at dei blir gift med ein som ikkje drikk og slår, og at dei kan nytte kunnskapane sine ved å hjelpe ungane med lekser.
Hadde det ikkje vore slik all tid? Generasjonar av ungar hadde kome til han, og han hadde lært dei lesekunsten og skrivekunsten, men så vart det med det. Men hadde han ikkje også sett at det raskt kom nokre kjente vendingar i skrifta og kjente drag i deira framferd? Og da sat han med klåre bilete av tidlegare elevar og visste at mødre og bestemødre var ein del av skolen. Kunnskapane var lagra i slekter, som blomsterfrø i
 
ørkenen. Og ingen visste kva tid og stund det ville blomstre opp i all sin prakt. –Tolmod!, sa han, -det er tolmod det kjem an på. Dette var ei slags overbevisning, og han var nøgd nok med det han, ein skulle ikkje tru noko anna! Han var det som hadde sådd desse frøa i slektene.
Han angra seg ikkje! Doktoren hadde berre godt av å høre det. Han blir ikkje knekt av eit lite rap frå ein gammal skolemann. Han såg på uret igjen, gjekk ut på troppa og samla dei, som frø i rad på åkeren.
- Ørken?, sa han lågt til seg sjøl.
Ho såg på han, og undra seg idet ho gjekk inn.
- Når ørkenen blomstrer, er det fest i himmelen, la han til, og lukte døra etter dei.














 
6

- Just! Din ferbanna skjithæl! Har du hatt tran i kaffen? Rormann, han Jens Flata, kasta kjelen frå seg og fauk opp frå lugaren mens han spytta og speida vilt rundt seg på dekket til den store dampbåten ”Fosna”. Han greip tak rundt dei magre akslene på Sørp-Ola og snudde han mot seg og ropa like inn i to raudsprengde auga:
- Just! Den satans Laban!
Gammelfyll-dunsten tå den andre vart likevel for skarp, og han skauv han litt ifrå seg seg, men ropte igjen:
- Har du sjitt’n Just?
Gamlingen gjorde seg så uskyldig han kunne.
- Hæ!
- Just! Æ skoill ha hatt tak i’n Just! Æ ska myrd’n seint og ettertrøkkeli!
Men Sørp-Ola var tunghørt til vanleg, og no var han stokk døv.
Skipper’n meinte han hadde vorte døv av sjølskryt og av brennvin, og trudde lite på historia om at han hadde mista hørsla i kamp med sjørøvarar utanfor Elfenbenskysten.
Jens skauv kallen frå seg og rava vidare rundt på dekket, men det var ikkje ei sjel å sjå. Noko anna hadde han heller ikkje venta. Solidaritet var ikkje fiskarane sitt fremste merke, det han hadde sett i sitt liv. I alle fall ikkje når det gjaldt å oppklåre fanskap.

Oppe på butikken hass Borthen var det mykje folk. Det var oppgjørsdag, og ein dag for fornuftige og nødvendige investeringar, og kanskje litt ekstravaganse som eit kjøpaty og litt raffinade og råsukker. Denne dagen flaut det i tillegg både meir tobakk og brennevin over disken enn til vanleg.
Og butikken var betre utstyrt enn det som allminneleg var, for Borthen hadde frakta heim ekstra varer på eigne skuter frå utlandet tidlegare på året. Det skulle vise at det var velstand, og det hadde elles vore viktigare enn nokon gang å vise seg fram denne hausten med innvigsle av kapell og mange tilreisande.
 
Diskenspringaren, eit utmagra rotteskinn, fauk overivrig mellom disk og hyller, slepte på tunge kasser og spann, og målte opp kjolety med raffinerte rørsler.
Markus Viken sat på vedkassa og studerte det heile. I lomma hadde han ein spisspose med brunsukker, det var ekstravagansen. Men elles hadde han levert nok fisk til at dei ikkje skulle trenge å svelte seg gjennom denne jula heller.
- Hadde han ikkje greidd seg gjennom ein barsk skole, og kunne segle eigen båt dit det skulle vera? Og det beste av alt, han hadde styrt klar av både hånflir og sleivkjeft.
Han hadde tatt søstera og broren med, mest for at dei skulle få sjå liv og folk, men det var vel ikkje heilt usant at han ville syne seg fram litt for dei han og. Storøygde vart dei og da han heiste segl, og lot båten danse over Frohavet som ei lett lita terne.
Han sat for seg sjøl mens dei såg seg rundt, og han anstrengte seg for å prøve å sjå mest mogleg verdsvant ut, men likevel saug han til seg kvart eit ord som svirra i lufta om fiske i Halten og utafor Titran. Han hørte også eit og anna om Titranulykka fem år tidlegare, men det var elles ikkje eit tema som det vart snakka så mykje og høgt om, sjøl om det var heile 140 mann som strauk med, berre på ei natt.

Eit par møringar sto å akkederte med diskenspringaren om lengdeprisen på eit kjolestoff. Diskenspringaren heldt på alenpris, mens sunnmøringane la imot og meinte at eit kvart moderne firma selde stoffer i meterpris no til dags.
Butikkmannen var tydeleg støtt av å bli oppfatta som aktereutseilt i faget, og heldt på sitt fordi -”Proprietæren sjøl” hadde kjøpt det av grossist i sjølvaste London, og da hadde det aldri vore snakk om meter, og ingen kunne vel seie at grossistane i London ikkje følgde med tida?
Og var det noko dei la seg i selane for så var det nettopp dette å følgje med. Det var i fiskeværa det nye kom. Kvart fiskevær var ein ny haldeplass på landets største riksveg.

 
Dette var slett inga brakkvannsbukt i ein bortgøymt fjordarm, så mykje kunne
diskenspringaren lekse opp, men han sa det ikkje. Han smilte overberande og vende seg til neste kunde, mens han sa:
- Bære tenk dokker om, æ e straks tebakers.
- Årri heite det mainn, vil du ikkje selje eller? Karana såg mest ut til at dei ville finne anledning til å la vera.
- Et lite øyeblikk bare! Diskenspringaren var tilbake som ei ånd.

I det same fauk døra opp, og inn marsjerte ein mann i slutten av tyveåra dei aldri hadde sett før.
No såg det ut til at det ville han snart rette på. Han stilte seg opp breiføttes midt på golvet og såg seg sjølvsikkert ikring, frå den eine til den andre, men det var slett ikkje noko provoserande med han. Det var heller ein blanding av villskap og naivitet som lyste under den svarte luggen.
- God dag i bua! Ropa han ut og trava bort til disken der møringane enno sto og klådde på kjoletyet.
- Ah!, fint ty for fine damer? Han strauk over stoffet, men rynka på nasen.
- Nei, shatteng skal det verra! Veit dokker itj ka ei dame vil ha?
Ingen kunne sjølvsagt svare på det, sånn på ståandes fot, sjøl kor mykje han såg dei like inn i glaninga.
- Det ska verra som ho va svøpt i nattdogg farr!
  Nattdogg som dufte utav fiolsblomster!
Han gjorde ein runde i heile lokalet og sette auga i kvar enkelt av dei, sakte, men bestemt. Så snudde han seg beint imot Markus, bøygde seg ned og kviskra:
- Veit du kem ho Sara Bernhardt e?
Den andre rista stumt på hovudet. Karen retta seg opp, gjorde ein sveiv med arma ut i rommet og fekk auge på Lovise som sto som ho var fortrolla.
Han gjekk mot henne, kattemjukt.


 
Ho Sara morr, ho e som ein engel. Har du sjett ein engel i ullstoff? Nei det har du itj nei! …. fer engla sjer du, sånne som a
Sara Bernhardt, legg leksom utflekt på ein sjesselong i gevantan sin. Gevanta, merk dokker det! Dem e sauma tå fleirfoille stuva med silke og shateng, og trur dokker det går an å by eit kvinnfolk nokka ullstoff og lerreft? Nei, farr! Og no var det diskenspringaren som fekk ein leksjon.
- Du kan da ver itj mein at folk ska kjøp sånt? Han peikte på kjolestoffet.
- Fram med silken, og shattengen så kan det tenkas vi blir enig om handel!
Han sette tomlene i vestbrøstet og gjorde ein kneis med hovudet.
Diskenspringaren famla over hyllene og drog ut to stuvar som han plasserte på disken og sette opp det beste kjøpmannssmilet han kunne prestere.
- Va det nå sånn du meint?
Karen handfor stoffet, løfta det opp og snuste som om det va vin.
- Sånn ja! Kjem sæ! Kor myttje?
- Lett mæ no sjå! Æ trur prisen står på lappen her… Og det e prisen pr. alen….
 Ja, her har vi det! Lenger kom han ikkje!
- Æ tek det!
- Kor my ska du ha?
- Kor my æ ska ha? Æ ska ha begge stuvan!
Diskenspringaren mista blyanten som alltid sat så flott bak øret.
- Meine du alt somma?
Fremmendkaren plasserte begge nevene på disken og bøygde seg fram.
- Har æ fertælt dokker om a Sara Bernhardt? Har æ sagt te dæ at ho trædd på sæ ein sekk? Han grov i lommene og slengte fleire setlar på disken.
- Nei, æ sa itj det nei! Her e pengan! Behold resten! Eller…..
Han tok ein ny runde over golvet, såg lenge og vel på Lovise, som sto der raud og forlegen….
 
Så snudde han seg mot diskenspringaren igjen og sa med fast røst:
- Silkesjal og drops te frøkna fer resten!
Møringane sto tause mens betjenten pakka ned. Markus sat som han var limt te kassa, og Lovise fekk ikkje fram eit ord, men berre neia stivt da det kostbare sjalet vart lagt rundt skuldrane hennes. Stivt opna ho handa og tok imot den store posen med drops.
I det same fauk døra til butikken opp på nytt, og inn storma ein ny mann, fekk fort overblikk, og ropa:
- Just, din fergjorte hånstaur! Æ ska klå dæ nå så inn i!…
Han for over golvet med begge armane ut til side, men den andre var alt over disken, og brukte betjenten som skjold, mens han lo og lo….
Til sist fant han det best å ta stoffet med seg og søke tilflukt på lageret, men han stengte døra etter seg og trykte seg opp mot dørglaset og vinka inn til dei mens han ropte til møringane:
- Tenk på fruene som legg på sjesselongan heim og vente.
Jens Flata var mest på gråten av sinne, og betjenten var redd heile varebeholdninga skulle ta skade, men folket gapflira så det var et under ikkje proprietæren sjøl, eller frua kom busande inn for å sjå ka som sto på.
Lovise knytte forsiktig ein knute på sjalet, og lo med heile sin kropp.
Markus sendte henne ei mine som helst kunne tolkast slik:
- Ja, sånn er det her!
Men da han kjente kandisposen nedi lomma, følte han seg liten.





 
7

Nedpå hamna sto ein 13-års gammal kar og beundra båtane som hadde samla seg i hamna.
Færingen vart nett som ein skeibåt mellom alle fembøringane, listerbåtane og kutterane. Og var det ikkje eit mirakel med den her dampbåten? Tenk eit jarnskrog som flaut som om det kulle ha vore ein vakar tå kork.

- Korres går det an? Sa han ut i lause lufta.
Sørp-Ola reiste seg ustøtt opp, og myste mot han.
- Hæ?
Han kvakk til. Hadde ikkje sett folk, trudde mest det var ein tangkvast som reiste seg. Men kanskje han skulle våge seg å spørje likevel.
- Korres kan det ha sæ, at ein båt som e gjort utav jarn kan flyt?
Gamlingen humra!
- Ja, du kan spør du farr! Ka heite du?
- Halvdan. Kom det klart og greitt.
- Halvdan Vika.
Sørp- Ola, eller Ola Jentoftstua som han kalla seg sjøl, saumfor han med auga, skar seg ein god måle med skrå og sa:
- Har du løst te å komma ombol?
Guten vart ivrig. Såg seg litt tilbake om ikkje broren og søstera og var å sjå, men kunne ikkje skimte snurten av dei.
Gamlingen fekk likevel halt han med seg, og sammen rodde dei bortåt. Han klauv ombord, og inntok herligheita frå orkesterplass. Han var kome inn i ei ny verd.
Var det ikkje som eit skilderi? Den store skorsteinspipa sto der liksom eit tårn som reiste seg opp over styrhus, og bysse og blåste ein lang marsj i alt gamaldags og smått stell, det vil seie dersom motoren hadde hatt stimen i gang.
Augo og hendene for reint på oppdagarferd over eiketresinventar og messing.
 
Tenk at her kunne ein stå tørrskodd i eit varmt hus utpå opne havet, og sjå gjennom glasa på veret, og du trong ikkje å estimere det ein gang!
Gamlingen humra og drog han med seg inn i byssa, tok vassausa ned av veggen og la ho i stampen.
- Sjer du? Ho flyt, sjøl om ho e tå koppar! Sjå, no legg æ fallkniven min oppi! Ho flyt som bære det, lell! Men trur du fallkniven flyt sjøl sæ da? Nei, va det sæ lekt!
Han prøvde det og for å overbevise. Han var elles godt fornøgd med å ha nokon å snakke med. Det var ikkje så mange som orka å høre på han lenger, og lenge sia han hadde hatt nokon å drikke i lag med. Ungdommane ville helst ha anna selskap når dei var i land.
- Det kjem sæ utav lufta ferstår du! Det e lufta oppi austra som gjer at ho flyt, og sånn e det med båten og.
Pedagogen var fornøgd med seg sjøl, for guten nikka og forsto. Og oppeldna tå det ga han guten ei heil omvising, og da han til sist viste han inn på eigen domene, sjølvaste dampmaskina, la han ut så det var ein fryd, og guten lyste som ein nyfrelst da han endeleg fekk demonstrert korleis det heile virka.
- Men vi kan itj hold a i gang meir enn så snarast, fer da kjem dem fer å sjå om vi har tenkt å stjela båten.
 Guten forsto, og var meir enn takksam for det han hadde fått sjå.

Kallen vart ståande litt å sjå på han. Så gliste han og spurte:
- Vil du smaka dram?
Guten visste knapt kva det var anna enn at det var noko dei vart rar oppi hovudet tå, men han syntest ikkje han kunne svare nei, etter alt dette.
Sørp-Ola drog fram ei flaske frå reisekista si, blanda ein skvett saman med vatn til guten, og ein rein til seg sjøl. Guten tok den første supen som om det skulle ha vore nysiltdroppa, og fekk tårane fram i auga da han kjente smaken. Han hiva etter pusten.

 
 Kallen flira for seg sjøl.
- Godt?
Guten fekk omsider fram:
- Jaaa!
Men han svei gjennom heile svelget, likevel turte han ikkje å svare nei, da Sørp-Ola baud han meir, dessutan visste han at han berre måtte supe så vidt no.

Vitsen med det heile skjønte han ikkje før ei stund hadde gått, og han hadde hørt på utleggingane hass Ola, med litt blanda kjensler. Plutseleg sto det for han at her sat han saman med verdens visaste mann, ja mykje visere enn sjøl Bendek, og det skulle mykje til, dessutan, kva var vel ei gamal smie mot dette, ein funklande ny dampmaskin? Det var som om verda opna seg for han i all si stråleglans, og snart var han sjøl med i den lærde samtalen om framtida som ville syne seg liksom eit land bortafor havskodda berre alle kunne legge av alt gamalt og tenke nytt.
Han la enda ut om den nye færingen. Hass eigen færing som han eigenhendig hadde kjøpt for arv frå ei rik tante i Amerika, og som snart ville ha han over for å drive farmen etter at onkelen døydde. Han måtte berre få presthanda på seg først. Ja, han vart så oppliva av sin eigen fantasi at han liketil svor på at han alt hadde vore i Amerika på tur, berre for å sjå om det var ein farm etter hass smak. Ein ville jo ikkje ta over noko pess, sjøl om det var Amerika aldri så mykje. Og Ola let han halde på, heldt handa bak øyre og hørte det han ville, glad over å ha nokon å drikke og lyge saman med, skjenkte i på nytt, og la ut om kvinnfolk, om bergingsdåder, og pengar i banken og i obligasjonar.
Da han tilsist la ut om sine mange eskapader i Kristiansund forrige året, seig gutehauet meir og meir framover, og da han for under lakena til frøken Lorentzen på Bakklandet inni Tronhjem, spydde han, og sovna.



 
Da vart han med eitt bråedru, sette topp i flaska, drog guttaven med seg opp på dekk, og fekk buksert han ombord i litjbåten.
Usett, drog han guten på land og la han frå seg bak storbrøgga hass Tobias Borthen. Sjøl drog han straks tilbake, og la seg på køya.
Ingen skulle få det på han at han skjenkte full ungar. Den gåta skulle ikkje han hjelpe dei med, og hadde vel tenkt å klekke ut ei plan dersom det heile kom opp, men før han retteleg hadde tenkt plana heilt igjennom, sovna han sjøl og.
Han hadde god tid før resten av folket kom tilbake. Han skulle nok bli kapabel, sjøl om han ikkje var den same raske kroppen som han hadde vore.






















 
8

Markus følgde vegen oppover mot kapellet.
Søstera og broren hadde han ikkje sett noko meir til. Det var vel nok å sjå på og mange nok å snakke med. Alle fekk styre seg sjøl, dei trong ikkje heim før utpå ettermiddagen. Fisken var levert og oppgjør fått, så det var greitt med alt.
Som han gjekk slik, tenkte han på kor lenge det kjentes sia siste gongen han hadde vore her.
Ansiktet til faren vart meir og meir uklårt og forsvann liksom inn i ei anna tid.
No hadde han klart seg gjennom den første tida på eit vis. Men det var ikkje greitt å klare alt åleine. Han skulle vel ha spurt Halvdan, men han var for uvøren syntes han. Men kor lenge kunne han lite på eiga kraft åleine og i ein liten færing?
Dessutan hadde veret vore godt, og bra hadde det og vore med fisk langs landet. Men kor lenge ville dette vare?
Han forsto så alt for vel at han måtte freiste å koma seg med ein større båt, som mannskap i eit båtlag. Mange låg i Halten og fiska, og Borthen hadde sett opp nye rorbuer der. Han forsto og at det kunne bli ein bra skole å koma saman med vante folk der ute, no på vinteren.

Han trudde han var åleine heilt til han hørte folk bak seg.

- God dag, og takk for sist! Og la meg få kondolere! Det var et fryktelig tap for oss alle dette med din far. Nå må du fortelle meg alt om hvordan dere har det.
Jeg har tenkt så meget på dere i høst.

Igjen følte Markus seg liten og fattig på ord. Slik snakka berre storfolk, men han kom seg såpass til at han fekk rekt fram handa for å takke og helse.

- Takk fer oppmerksomheita!
 
Den store kjøpmannen førte han for andre gang inn i kapellet som han låste opp med eigen nøkkel. Sammen gikk dei inn, og sette seg lengst framme i skipet.
Han glei ned på den glatte, nymåla benken. Skulle han ha omvising igjen? Hugsa Borthen kan hende ikkje at han hadde vore her inne før?
Men væreigaren hadde valt denne staden for samtalen, og da fekk det vera slik.

Og Markus fortalde så liketil som han syntest det passa seg om ulykka, og om tida etterpå, og at dei sto seg etter måten bra alle heime.
Det kom over han at ein ting med ulykka kom han aldri til å seie noko om, ikkje til ei levande sjel, og i den augneblinken såg han ansiktet til faren klårare enn han likte.
- Jeg gjorde en avtale med din far, begynte Borthen.
- Jeg ville ha han til å ta jobben som skipper på den nye båten jeg skal bygge.
 Jeg beklager at det gikk som det gikk. Det må ha vært fryktelig for dere.
 Har du ikke mindre søsken også?
Markus reinska stemmen, og svarte:
- Jau, æ e eldst, men ho Lovise ska no konfirmerast te sommarn, og han Halvdan e nå 13 han og no. Men så e de han Nils da. Han e ni år, men han e så myttje dårlig. Det e lungan. Ja, og så e det a Tilla og a Johanna da. Dem e fir og to år.
Borthen sat stille og såg framfor seg. Hadde han ikkje alltid vore ein god mann for strandsittarane? Var det ikkje kontant oppgjer og grei betaling når noko vart gjort? Ja, det var ikkje slik at nokon skulda han noko, han var kar om å få inn det som han hadde uteståande, ….og ingen ville vera i gjeld heller? Det var greitt slik.
Men denne mannen, han Peter Viken, hadde han hatt godt for. Han visste med seg sjøl at han hadde mista ein god skipper der. Og, så døy på ein slik måte!

Det måtte vera bra to i denne guten.
Dette rørte han, men han visste også at sonen ikkje kunne erstatte faren, i alle fall ikkje før om mange år enda. Han såg heller ikkje ut til å vera så sterk som faren, sjøl om han hadde fått litt meir manndom over seg sidan sist. Og når han hadde tatt på seg å vera forsørgjar for ein så stor familie, måtte det vera ein kar ein kunne stole på. Det var ikkje snakk om anna.
Han såg på alterfiguren, ein kopi av Thorvaldsens ”Kristus” som Ole Laulo hadde skore i tre. Denne hadde frua sjøl kjøpt til kapellet.
Barmhjertigheit? Nei, han var ingen prektig mann. Nokon retteleg kyrkjemann var han vel ikkje heller, men så mykje hadde han sett av handelsverksemd at han visste at ein også der måtte gi dersom ein skulle få noko tilbake. Og ofte måtte ein bruke sin kapital på noko som kanskje ikkje bar så mykje av seg i første omgang. No var det vel slett ikkje så sikkert at det vart så reint ille heller, sjøl om ”Barolina” sjølvsagt måtte ha det beste mannskapet som var å oppdrive.
Han merka at guten vart uroleg og nervøs av all denne stilla, og følte seg ørlite pressa av det og, men da han endeleg snakka hadde han tatt ei avgjer han sto inne for, det var ikkje snakk om anna.

- Du kan få bli med som mannskap på ”Barolina” etter jul. Det er et bra tilbud for sluppen har gjort det godt på silda.

Markus sat lenge å berre svelgde. Med eitt forsto han kva faren må ha følt den dagen i stova. Det var som om orda hadde kilt seg fast i svelget, og han måtte anstrenge seg for ikkje sleppe tårane laus. Det skulle ha tatt seg ut! Sitte her som ein unge å grine framfor sjølvaste væreigaren! Han snudde seg omsider til mannen, og han tykte aldri han hadde sett eit betre ansikt på nokon mann.
 
- Takk! Du ska ha så mang slags takk! Sa han og rista handa til væreigaren.
Han kjente som om varmen steig mot seg frå alt der inne. Var det kanskje ein slags styrelse i dette? Var det han der framme som hadde ført dei to hit nettopp no, som han gjekk å anka på framtida. Å så ”Barolina”! Båten alle snakka om! Den mest kjente sildedragaren mellom fiskarane. Berre det å få vera med der økte både status og stilling.
- Når det gjelder nybåten, ser det ut til at jeg kanskje har mannen for det også.
- Ka sa du? Det var vanskeleg å rive Markus ut av tankane hass no, men han såg på mannen og venta på meir.
Borthen vart sitjande litt først før han fortsette, og han humra stilt for seg sjøl.
- Ja ein skulle tru han var gal. Just Pedersen er ikke akkurat noe hengehode, det skal jeg love deg. Han er kjent for å være litt av en spilloppmaker.
Ja, du har kanskje treft ham?
Markus måtte medgi at han hadde hatt stor glede av det første møte med mannen på bua nyleg, men skipper, var ikkje det eit vågestykke? Men han svarte berre:
- Det må verra han som va neppå bua i stad. Markus smilte.
- Ja, jeg regner med han gjorde seg bemerket?
Borthen lo igjen og fortsette:
- Men spilloppmaker til tross, når det er alvor er det alvor med den mannen. Og bedre arbeidsjarn skal du lete lenge etter. Først skal han være med på ”Barolina”, bare inntil nybåten er klar, så du får god anledning til å bli bedre kjent med ham.

Likevel, var det noko som uroa væreigaren med den mannen. Humøret var han ikkje bekymra for, nei langt i frå, det var berre ein ekstra kapital, men det var nokre papirer som mangla, han hadde ikkje fått heilt greie på kvar han kom frå, og kven han eigentleg var, og slikt likte han å få klar beskjed om.

 
Nå ja, den tingen ville nok ordne seg etterkvart. Det viktigaste var at han hadde ein som mannskapet stolte på, og det han hadde sett og hørt gjorde han sikker på at dette var rette mannen.
Markus våga seg frampå med eit spørsmål:
- Kor kjem`n frå?
Væreigaren såg på guten, som om han undra seg over at spørsmålet kom.
- Ja, si det du! Det er et godt spørsmål. Selv sier han at han er en ”villing fra verdens ende”. Så lo han igjen, og reiste seg. Tok Markus i handa, og sa:
- Så har vi en avtale, ikke sant. Du kan komme til mitt kontor den femte januar, så skal resten ordne seg etterhvert.
Sammen gjekk dei ut, og sammen vart dei gåande nedover mot bua.
Ettermiddagssola lyste opp over alt, og noko frost å snakke om var det ikkje.
Lufta var gjennomsiktig og klar, og i aust kunne augo fylgje kysstripa til Mor Norge langs begge trøndelagsfylka og vel så det.

 Han vart glad for å sjå henne nede i vegen, og kunne presentere henne for Borthen.
Ho smilte, sa goddag, og neia.
Sikkert ei kvikk jente tenkte væreigaren. Vakker var ho og, med nytt kvitt silkesjal og det heile.
Markus la likevel merke til at det var noko forpint i auga. Nesten uten å vete kvifor, spurte han etter broren .
Lovise såg frå Borthen til Markus, men våga seg ikkje til å seie noko anna enn at ho ikkje visste. Ho fekk berre utsette, sjå om ikkje væreigaren hadde tenkt å gå heim. Men det såg ikkje ut til at mannen skulle ta av, og i staden vart det til at dei fortsette nedover vegen. Da vart ho hengande etter dei, og bad ei stille bøn om at Halvdan var tatt utav syne så dei slapp å sjå han no.

Det knasa under skoa da dei gjekk nedover. Barfrost var ikkje det verste, når ein slapp denne holka. Båtane som hadde kome inn i
 
hamna låg og duva i ettermiddagssola, og det var god førjulsstemning i heile veret. Solsnudag var det visst og når ein tenkte etter. Skikkeleg fart på sakene vart det først etter jul. No var det snart helgefred og kvile. I morgon ville vel dei fleste som ikkje hørte staden til, forsvinne, heim til sitt, med noko ekstra til dei som sat og venta.
Markus likte denne tida, og nett no følte han det som han ikkje riktig rørte bakken eingong.-Tenke seg til, her gjekk han saman med væreigaren, og hadde framtida sikra!
Han tenkte ikkje så mykje på kven han hadde framfor seg, før han bråstansa, og såg broren støtta av ein kar. Først vart han redd, skjønte ikkje heilt ka som sto på. Da han såg nærare på han, steig sinne opp i han, var det ikkje denne Just som sto der med broren. Han sansa seg ikkje, for berre rett på, og slo mannen det han var kar for. Var det ikkje nok at han kjøpte silkesjal og godterier til søstera og sprada rundt som om han eigde heile verda, om han ikkje skulle skjenke full broren og gjere dei til latter for alle? Den andre tok imot slaga, berre såg rart på han. Han var blind av sinne, kjente ikkje igjen seg sjøl. Langt borte hørte han søstera skrike eit eller anna, men han berre slo og slo, heilt til han kjente ei hand på skuldra, og det vart klart for han at vereigaren sto der og ba han slutte. At Borthen skulle sjå dette, var det og med i planane? Han forsto at dette var slutten på drømmen om jobb på ”Barolina”. Hendene glei ned langs sida. Han snudde seg vekk, for å gå, såg så vidt inn i dei fortvilte augo til søstera idet han gjekk forbi. Såg munnen hennar forma ord. Eit skrik som vart kviskra fram.
- Det var ikkje han!
Han hørte det ikkje, tok broren med seg nedover mot båten og lempa han ombord. Ho kom etter dei, for redd til å snakke. Glei berre over Halvdan som låg i framskotten med broren sin frakk over seg, og sette seg på tofta. I det dei segla ut av vågen såg ho Borthen og mannen frå bua i heftig samtale. Mannen peika i retning dampbåten. Ka det tydde forsto ho ikkje. Ho forsto berre at ho måtte gjømme silkesjalet. Forsiktig strauk ho det av seg og
 
 putta det under kleda. Da Markus snudde seg mot henne, såg ho vekk. Han skjønte det ikkje heilt, men ho skamma seg vel. Ho sa ikkje eit ord på heile vegen, heller ikkje da dei kom heim og fekk broren vel i seng. Med Markus veksla ho ikkje ord på lang tid, men dagen etter trua ho Halvdan til å fortelje han korleis det heile hang saman. Sidan såg ho ikkje så mykje til han heller på fleire dagar, var vel i smia saman med Bendek. Ho merkte seg det forpinte uttrykket i ansiktet til Markus om kvelden dagen etter, men ho orka ikkje snakke med han. Mora spurte ikkje om noko, men ho gjekk omkring som om ho var redd for å trø på ei mine. Silkesjalet la ho nedst i kommoden saman med ei møllkule, som om ho lagra eit godt minne i mørkret. Ho kjente det som eit svik. Godteposen skulle ungane få når jula kom. Ho makta ikkje lage lys kring seg no, og det var vel ein slags hemn mot brørne som hadde stole den fine dagen frå henne.

Lisle- juleaften kom han inn i fjøset da ho sat og melka. Ho såg ansiktet berre i skinet frå fjøslykta, men ho såg straks at det var meir liv i auga enn på lenge.
Han sa ikkje noko, men drog eit brev fram frå lomma som han rekte henne.
Ho såg usikkert på han, og sette seg betre tilrette ved lyset, og leste.
Trondhjem den 15. des.1904

Høyst ærede Markus Viken!

Jeg har tenkt meget på deres reaksjon da vi møttes sist ute på Sauøen. Jeg vet ikke om jeg forstår, men De skal vite at jeg ikke bærer nag til Dem på nogen måte, selv om De vel forstår at jeg kun prøvde å hjelpe Dem i en litt pinlig situasjon, og at Deres angrep smertet mig meget. Jeg har talt til herr. Borthen derom, og da jeg fikk vite at han hadde tilbudt Dem arbeide, bad jeg om at dette ikke skulle få nogen konsekvenser for Dem, og han bad meg derfor medele dig at hans tilbud står ved lag.

Jeg fant det best å få dette gjort før julehelgen, da jeg nok kan forstå at dette plager dig, og at jeg ikke vil ha noe mellom oss når vi møtes på ny- året. Vi skal jo kampere på samme båt en stund fremover, og jeg vil ha glæde omkring mig.
 
Hils Deres søster så meget fra meg, og likedan Deres broder og den øvrige familje, og jeg vil samtidig ønske en velsignet julehøytid.


Med hilsen
”Den vilde manden fra verden ende”
Just Pedersen

Ho vart sitjande lenge å lese dei same linene fleire gonger. Så rekte ho brevet til broren som tok imot. Elles var det vanskeleg for begge å finne fram ord som passa. Likevel snudde han seg da han gjekk ut av døra, og sa:
- Æ e lei fer det!
Ho tok opp melkebøtta og fortsette med Litago. La hovudet inntil den varme magen og lot dei tynne strålane synge. Ho kjente at det lausna noko i henne sjøl og som kunne ha vorte ein song, men ho heldt både smil og tårar tilbake, for det var ikkje først og fremst glede som fylte henne, men ei rar og framand undring.
Men jula kunne dei i alle fall kome igjennom med ei sorg mindre.



1909

9

Det var på Nordmøre dei beste sildefiskeria gjekk føre seg frå 1905 og utetter.
Kristiansund var byen, og det var liv og røre både i byen, i bryggene og på hamna.
Tilverking og omsetting av sild ga betalt arbeid til både karfolk og kvinnfolk i lang tid etter levering, og fiskarane var ferdige med sitt når fangsten forlét båten.
Likevel måtte dei konkurrere med torskefiskarane, og hadde difor beskjed frå reiarlaga om å halde seg til kvar sine felt. Nokre kampar vart det likevel, spesielt på kveldstid, for alle jentene i byen gjorde seg til for sildefiskarane, og her gjaldt ikkje reiarane sine reglar om å halde seg til kvar sine felt.
Dampskipsfiskarane som dreiv sildefiske rekna seg som ein slags adel blant fiskarane, og dette var sjølvsagt ikkje noko som torskefiskarane i dei mindre seglbåtane berre kunne godta sånn utan vidare.

”Barolina” låg ved sida av nybåten hass Borthen ved Vågekaia. Båten bar det stolte namnet ”Greven”. Markus visste kven væreigaren ville heidre med det.
Det låg elles mange båtar i hamn, og så var det så mykje nytt å sjå på!…. ikkje minst desse Rapp-motorane som vart innsette i fleire og fleire fiskarbåtar. På den andre sia av Marcussundet, bortmed Innlandet låg ein som prøvde å få liv i motoren. Det small som kanonsalver over heile byen, så måsen skreik og dreit av skrekken, og letta frå berga.
- Lydlaus?
Markus rista på hovudet. Nettopp det var det dei annonserte med da dei skulle selje dette vedunderet av ein motor. Alle visste at skotet kom frå ein Paragon.
 
Markus Viken og Just Pedersen dreiv langs kaiene berre for å sjå på livet og gjere litt handel for seg sjøl. Det vart berre med denne eine natta i Kristiansund. ”Greven” skulle fortsette sørover til Bergen for å hente varer frå Tyskland i byte med ein tranlevering, og ”Barolina” skulle nordover til Hopsjøen og Titran. Dei gjekk som dei målte kvarandre når dei trefte fiskarar frå andre båtlag, men det var no mest som ein del av spelet.
Markus syntes det var ei fin avveksling dette. Han hadde fått ordre om å følgje sørover til Bergen, og han gledde seg til å få denne turen saman med Just igjen. Det var lite dei såg til kvarandre etter at Pedersen hadde teke over kommandoen på ”Greven”, og han mintest tida dei hadde saman på ”Barolina” for tre år sidan som eit høgdepunkt på så mange måtar. Av Just hadde han lært litt av kvart, både nyttig og unyttig. Så lite pengar hadde dei ikkje tent heller. Sant å seie hadde dei gjort det godt, både på fiske og på varefrakt for Borthen.

Pedersen klappa seg på lomma.
- Penga. Veit du ka penga e?
Jau, han visste da det, men den andre var som vanleg ute etter andre svar enn dei han fekk.
- Penga farr, det e som fotsveitte. Det begynne å lukt nå så inni helsike når du blir gåanes med det fer læng på dæ!
- Du koin nå ha prøvd å sætt nokka i banken, meinte Markus.
- Banken? Æ meine du e på styr æ gut. Meine du at du har gjort dæ te slave tå de der bleikfisan på kontor? Det e kjæltreng farr! Just Pedersen var alterert.
- Nei, slave e ver sterkt sagt, om æ har lagt mæ opp litt. Æ har brukt myttje penga æ!, sa Markus.
- Brukt du? Sjå på dæ sjøl! Den andre tok han i jakkekragen. Kor my har du brukt på ei sånn jakke? Itj meir enn ein kasse med sild far! Nei dæsken, her ska byens damer få sjå guta som har manufaktur’n i orden. Vi ska kjøp oss dressa ska vi, og veit du ka vi ska ettepå?
Markus visste sjølsagt ikkje det.
 
- Vi ska fotograferas, ska vi, og så ska vi ha oss ein kveld på by`n!
Markus protesterte det han kunne, og la enda ut om at han vart fotografert under eksisen tidlegare på året, men den andre drog han med seg opp i byen.
Det var elles ikkje heilt sant dette at han hadde spart pengane sine.
Han hadde sløst så det svei da søstera hadde konfirmert seg for tre år sidan, og reint lite hadde det ikkje gått heim til dei andre heller. Men rett no ville han ikkje tenke på det heime, det var for mykje som ikkje var som det skulle vera.
Han fekk berre gje seg når Just var i det lune. Litt artigheit kunne ein jo koste på seg etter alt slitet. Var han ikkje ein vaksen mann på ein og tjue?
Han hadde elles tenkt å spare til bart. Det var ikkje så mykje som syntest enda, så for den del kunne dette med fotografering ha kome noko seinare. Men dress vart kjøpt, og dertil tilhørande stivebryst, snipp, og nye sko.
Skoa knirka som om dei skulle ha vore ubetalte da dei var på veg opp Apotekerbakken for å la seg fotografere. Markus meinte at dei var reint for dyre, men Just beit det av som
–toillsnakk!
Dei tok bilete, både saman og kvar for seg. Just med snadde, og han sjøl med urlenke over vesten. Ferdige fotografier skulle dei hente på veg heim frå Bergen.

Seinare på kvelden skulle dei mote seg opp litt før dei drog ut på byen, og derfor ordna dei seg opp med ei kanne i lag.
På veg ned i hamna trefte Pedersen ein gamal kjenning. Markus kjente straks igjen rormannen Jens Flata ombord i fikedampskipet ”Fosna”. Sist han hadde sett mannen jakta han på Just Pedersen på bua hass Borthen i Froan.
Markus hadde elles nokre dårlege minne frå den turen, men mellom han og Just Pedersen var alt oppgjort og glømt.
Han helste på dei to, helst litt brydd, men Just var i godlaget og baud mannen om å bli med ombord for å smake på brennevinet.
 
Kanskje han ville vera med på byen etterpå han òg? -Ja, ja, kan vel det, sa Jens Flata, han var ein høg og alvorleg mann, så ulik Just som ein kunne bli, likevel var det noko med mannen som fortalde han at dette ikkje var nokon sau. Markus syntes han mest minte om ein prest, ja, bortsett frå klea da!

Mens dei sat der, vart det snakka om sild og torsk og sjølsagt om ka dei hadde drive med den siste tida.
-Æ e no på samme båten, sa Jens…..og så rølte dei om mangt som Markus ikkje kunne ta del i, men da det vart snakk om Borthen var han med, for; -ber væreigar fins itj i heile landet, det var’n heilt sekker på! Ja, det fans ikkje ein lyte på den mannen, det han var kar om å finne, og jo meir han smakte på skjenken, jo betre vart væreigaren og jo betre vart faren som hadde vorte høvedsmann på ”Greven” om det ikkje hadde vore for ulykka.
 Jens Flata sat taus mens dei andre roste væreigaren opp i skyene.
- Korleis er det med deg Jens? Har du ikkje lyst til å tene meir enn du gjer no? Skal eg fortelje deg ka vi har tent berre på denne vinteren?
Just var ivrig no. Rett nok hadde han hatt sine treff med Jens når dei var i lag, det var noko ved mannen som provoserte han så inderleg at han måtte finne på galne ting, men han visste og at dette var ein mann ein kunne stole på, og som Borthen kunne ha nytte av.
-Nei takk! , sa Jens, han var slett ikkje interessert, i staden begynte han å legge ut om ein annan Borthen enn den dei hadde lært å kjenne.
-Trudde dei i fullt alvor at Borthen var nokon helgen ulik dei andre væreigarane rundt omkring?
Og som svar på sitt eige spørsmål, helt han ein aldri så liten historietime for dei om væreigarsystemet. -Visste dei t.d. at kongen av Danmark hadde seld heile Froan til privatpersonar alt i 1694, og at rike handelsmenn hadde kjøpt væra kun for å tene pengar på dei? Med innføring av værtvangen på 1800- talet måtte alle levere fisken til væreigaren og til den pris han bestemte,
 
kunne Jens fortelje. Just såg på han med ei trøtt mine.
Og når det gjaldt den elskelege Borthen så hadde Jens eitt og anna han kunne fortelje om korleis det var, da nettopp han bygde rorbuene i Halten. Dei krava fiskarane måtte underkaste seg for å leige bu, har vore skammelege heilt frå første dag, og kven var det som sette stoppar for at fiskarane kunne kjøpe seg rorbuer sjøl og få seg eigne tørkeplassar?
- Og æ ska sei dokker det at sånne kara som´n Borthen vil itj ha det grann med myndigheitan å gjerra, minners det lønne sæ!
Han Borthen stoppa heile havneutbøggenga i Halten han
bære fer de myndigheitan stilt krav om at feskar´n skoil få stør rettigheita, og da hadd´n mottatt offentlige midla fer å utbeder molon.På gruinn av staheita hass Borthen vart det slutt på heile utbøggenga! Der har dokker gokar´n dokkers!…..og æ kain godt fortsett!, og det gjorde han!
Men det vart inga diskusjon i denne omgang.
Jens greip rundt kruset og tømte drammen i ein slurk, og Markus såg at han skalv ørlite på handa.
Sjølvsagt gjorde det inntrykk at nokon viste skyggesida på noko du hadde trudd på som bortimot ufeilbarleg, og Markus hadde vel hørt eit eller anna tidlegare også som ikkje stemte heilt med hass eige inntrykk, men det vart sagt så mykje.
Det som likevel gjorde størst inntrykk var sinne bak orda. Ikkje det at mannen ropte og skreik, nei snarare det motsette. Han var roleg, men det låg noko innbitt i tonelaget som han knapt hadde hørt før blant vanlege fiskarar.
Og etterkvart som timane gjekk begynte Markus å få innsikt i ein annan måte å sjå uretten på enn det han hadde lært tidlegare. Det var noko som heitte politikk og som ikkje dreidde seg om unionsoppløysing, Karlstadforliket og Kong Håkon. Det dreidde seg om; - folkets kamp mot tyranni…som Jens hadde sagt. Med kviskrande røst la han ut for dei om at han sjøl var med å hyse og halde liv i russiske flyktningar som hadde søkt tilflukt i brusfabrikken på Ila i Trondheim. Brusfabrikken var møtestad

 
for sosialdemokratane i byen, og det var blant desse Jens følte seg heime, og liknande miljø fanst i Kristiansund òg, dei måtte berre ikkje tru anna!
Dei skulle berre få sjå! -Det russiske folk skal ein dag kaste åket av seg, og innføre det klasselause samfunn! Jens var høgtidleg no, og snakka med stor tyngde.
- Korleis trur dokker han Borthen legg an da?
 Nei folkens det e opplysneng som må te! Når mang nok tå oss blir klar over at vi e stersk, da spørs det om det itj blir langt mellom helgenan blant nessakongan.

Det vart liksom ein litt annan start på kvelden enn Just hadde forestilt seg, og difor var han også ganske taus. Da det vart stilt var han likevel raskt frampå, med å foreslå ein tur på byen, ein kunne jo saktens ”gå seg på” eit eller anna. Veikjane i klippfiskbyen var slettes ikkje å forakte.
Jens Flata såg på han som han skulle ha vore eit dekadent utskot frå det høgre bourgeoisiet, men han følgde med dei til Grand Hotell på Torvet. Det var eit overdådig syn! Hotellet var nyopna etter brannen to år tidlegare i 1907.
Ein grammofon spilte Agnes Haglunds ”Hold dig paa Matta”, men etter ståket å dømme var det få av dei som var der inne som hadde tenkt å ta den oppmodinga heilt alvorleg. Karane sette seg ned, og vart sjølvsagt beglodd, og målt. Det var ikkje fritt for at dei likte det, for her var det ingen ting å sette fingeren på når det gjaldt antrekk.

Dei fekk sine drammar, og Just hadde alt fått jegerblikk, og var på veg mot første dansepartner. Jens derimot var alvorsam og lite tilpass. Markus visste ikkje retteleg om denne nymotens historiefortolkninga hass stemte så godt heller. I alle fall passa det dårleg inn med hass eigne planer for framtida. Han hadde arbeidt hardt, og med Borthens og Justs hjelp hadde han kome dit han var i dag. Det var oppgangstid i landet, og dette eventyret ville han ha sin rettmessige del av, og da kunne ein ikkje snakke om
 
opprør imot dei som ville ein berre vel.
Var det kanskje ikkje Askeladdane alle såg opp til? Var det ikkje slike folk landet trengte?
Det var for mykje avensjukheit og skit, men inst inne ville alle vera storkar, og han innrømte glatt at det ville han helst bli sjøl og. Hadde han ikkje trela nok i fattigdom, både han sjøl og slekta før han? Alt dette pratet minte han mest om Nekoline og sleivkjeften hennes.
”Du sett på ein fjert og drømme om goill!”, han syntest tydeleg han hørte gummefliren hennes enno. Og var det ikkje slik med gammellæraren og?
Snakka om Bjørnson-ideal og kunnskap, men vart landet noko betre av det? Vart ein rik av slikt? Var det ikkje slik at den einaste som retteleg forsto kva som gjaldt heime var han Søren Sletta som talte læraren midt imot?
Både han sjøl, og sonen hass, han Gustav, gjorde det stort. Og kva hadde Gustav hatt idag om han hadde hørt på gamlingen oppi skolestova?
Jo meir han tenkte på det, jo sikrare vart han i si sak om at denne filosofien hass Jens Flata passa han dårleg.
- Derre sosialdemokratan snakke skit!
Jens Flata retta seg opp.
- Hæ?
- Derre sosialdemokratan snakke skit! Dem e avensjuk på folk som e flenkar einn sæ sjøl.
Han tok seg ein durabeleg slurk og sette glaset bestemt ned og vinka på meir.
Jens Flata såg undrande på han, men han var like roleg.
- Trur du at tsar Nekolai av Russland har vorte tsar ferde at´n e så steikandes flenk?
Tsaren av Russland? Ka var no dette for slags prat?
- Ein kan da ver itj bland monarka inn i det herre? All veit da ver at det går i arv!
Den andre meinte likevel at det var det same om det var

 
monarkar eller borgarar, rikdom og makt gjekk helst i arv.
- Eller korres e det med namn som Berner, Castberg, Prebensen og Michelsen?
 Kjenne du mang tå dem? Nei, farr! Det der e guta som har vokse opp på solsida, og det har værsken du eller æ! Nei, da e det nå anna med kara som´n Alfred Eriksen. Dem e livredd´n på Stortinget, og det e bra, fer der har dem samla ihop
all tronfølgeran i redarslekten og sånt nokka. Jau tsara og konga har vi nok tå her på berget og, tru itj nå anna, og alt dem gjer e te sin eigen fordel!
Flenkar einn anna folk!…han spytta det ut… Trur du på sånt?

 Igjen dette sinne. Denne underlege indignasjonen på folkets vegne. Men var ikkje han sjøl, Markus Viken, ein del av dette folket? Trong ein leva i usselheit for de om ein var født fattig? Var det ikkje rikdom dei ønskte seg alle dei som drog til Amerika frå husmannsplassane i heile landet? Og dessutan ville dei vel ikkje søkke ned til fantepakk eller jødar alle saman. Det var vel nokon som ville fram i livet. Han bestemte seg for å avslutte samtalen.
Var det ikkje fest det skulle vera? Ein kunne vel ikkje sitte her å bruke opp kvelden på denne mørkemannen!











 
10

Ho hadde sett på han ei stund. Det var ho som snakka til han.
Idet han reiste seg for å sjå etter Just, sto ho der ved døra og såg beint på han. Ho hadde slike underleg granskande auge, såg rett på folk utan sjenanse, men ikkje hardt og kaldt.
Han la merke til at ho var mjuk. Så mjuk som ei jente skal vera.
Ho sa ikkje stort. Berre nok til at han stansa, nok til at ho gjorde seg sjøl til objekt, nok til at han turte å by henne opp og til at han glømte kvifor han reiste seg.
- Du likte visst ikkje samtalen? Han merka seg måten ho sa det på, granskande og med auga festa rakt i hass.
- Såg du det? Eller lytta du?
Ho lo.
- Hvem er du!
Ho spurte ikkje om namn, eller var det det ho gjorde?
Forundra svarte han:
- Markus Viken, Frøya. Held det?
Ho svarte ikkje, sa berre namnet sitt.
- Rebekka. Bergen.
- Bergen?
- Ja?
- Vi går til Bergen i morra, sa han.
- Går?
- Går?-, han lo, ja går på båten sjølvsagt!
- Å du er på båt? Kaptein?
Han tenkte litt før han svarte, hadde mest lyst til å skrøne, men tok seg i det.
- Itj enno!
Han visste ikkje om det var han som førte ho, eller ho som førte han mot danseplassen. Dei dansa roleg, utan å tenke på det, kunne like gjerne ha stått, men han kjente den faste, svaie midja og kjente han vart heit.
Ho lo igjen, stilt og djupt.
No var det han som spurte:- Ka gjer ei Bergensdame her i byen?
 
Ho forklarte at ho hadde fått lov å bli med faren på jomfrutur med eit nytt passasjerskip frå Nederland nordover langs landet, og at dei no var på veg sørover igjen.
Han spurte etter etternamn. Ho sa det.
Han visste ikkje om han skulle sleppe. Danse med ei dotter av sjølvaste Abrahamsen, reiar og handelsmann av det store slaget! Han måtte vera tullete! Hadde ho tatt heilt feil av han, på grunn av kleda?
Likevel kjente han seg klumsete og rar. Så det var ei fin frøken dette? Ka ville Jens Flata seie no?
Men ho gjorde det lett for han. Var slettes ikkje så skitviktig som han trudde ho måtte vera. Ho førte han roleg på plass i samtalen igjen, og han glømte at han var ein fattigfant.
- Arbeidskamerat?
- Nei…nei! Han er på ein annan båt.
Ho hadde styringa no, kjente han.
- Å det var helst politikk. Jens Flata er ein tå desse sosialdemokratane.
 Han visste ikkje om han såg noko som likna eit kaldsleg drag…
- Enn du da?
Nei, æ? Æ trur at folk som kjem sæ opp og fram fertjene det.
Ho nikka.
- Kor har du lært å danse?
Han lo…han hadde slett ikkje lært å danse. Det han kunne hadde søstera lært han, såpass han kunne slite seg gjennom ein vals. Dei spelte vals!
- Spelle dem nokka anna einn vals, må vi sett oss, sa han.
Ho lo, og nikka.
Just kom mot dei med eitt kvinnfolk på kvar side. Etter den friske ansiktsfargen og dømme hadde dei vore ”solkjerringar” begge to, og var sikkert glad for å treffe nokon med litt pengar, så dei kunne få seg litt artigheit.
- Nei, sjå på han! Og kem e så den flotte frøkna om æ må få spør? Just var i storform. Markus var ikkje glad for å sjå han no, men presenterte han som kaptein Just Pedersen.
 
Ho tok handa hass, og såg leande på han da han kyste ho på fransk manér.
Heldigvis forsvann han med det samme.
- Kjente du damene? Han kjente at han var på vakt. Så lo han.
- Nei….det trur eg ikkje Just gjorde heller.
- Er du ofte på desse kantar?
Han fortalde om oppdraget. At dei skulle hente varer for Borthen i Bergen, og at dette var litt utanom det vanlege.
Han merkte at ho var på vakt. Lyste opp da han snakka.
- Meiner du Tobias?
- Tobias? Han mista tråden igjen.
- Ja, Tobias Borthen?
- Ja!
- Han Tobias er gudfaren min!
Igjen vart han mållaus. Sto ho her livs levande og fortalde at Tobias U. Borthen var gudfaren hennes? Sjøl visste han knapt om han hadde fadrar.
Dette vart nesten for stort for han, men han ba henne likevel med seg til eit bord.
Han bestilte endatil vin, meinte det var det ho ville ha.
Ein umogeleg draum var i ferd med å vekse fram i han, og han vakta seg for kvart ord. Kjente seg klumsete og rar, men greidde likevel å koma vidare på eit vis. Snakka om Borthen, om den store væreigaren som han beundra så høgt.
Ho lytta og snakka medan timane rann bort, og nokon sto i døra og vinka på henne, ein eldre mann, og han kjente at han vakna av draumen. Ho var på veg ut mot han!
Han reiste seg halvt opp da ho gjekk, fortumla. Såg ryggen forsvinne mot døra.
Kva var dette? Var det over no?
Da kom ho tilbake, fort med kåpa på og ba han ringe når han kom til Bergen.
Ho ba han telefonere! Ho ga han nummeret sitt!
- Hugsar du nummeret? Skriv det ned!
Han nikka.
 
Telefonnummeret meisla seg inn i han.
Ho smilte, gjekk og forsvann saman med den gamle mannen.

Han sat lenge for seg sjøl og berre såg framfor seg. Ei jente lurte på om han ville danse og om han var sildefiskar. Han svarte ikkje. Ho såg surt på han og sa eitkvart. Han ansa det ikkje.
Just såg han ikkje meir til. Han reiste seg og ville finne Jens, men han var heller ikkje å sjå. Han traska mot båten, ville leggje seg på køya, visste ikkje tid, men kjente at kvelden var over for sin del. Nedi gatene var det slagsmål. Tre jenter sto og hylte. Markus undra seg over om det var av skrekk, eller om dei skreik av glede fordi nokon sloss om dei.
I lugaren vart han ståande framfor spegelen.
- Markus Viken? Han sa det høgt for seg sjøl. Han var åleine på båten.
Han såg ein ung mann i ny dress og med dun på overleppa.
Han tenkte på fotografen, og Just. Han kom vel ikkje med det første-
Han kledde av seg, drog fram bilete av faren og kyste det, utan å vete det, berre ei mekanisk handling han hadde lagt seg til.
Før han sovna såg han eit anna ansikt vekse fram inni seg, klart og skinande, i eit anna land bak augelokk.









 
11

Dei hadde god bør da dei for sørover Hustadvika.
Just var litt urven, så han tok første vakta ved roret sjøl. Tre framvekstringar tok seg av segl, og det som elles skulle gjerast på dekk. Dei gjorde det dei skulle.
Han kjente dei berre av namn og utsjånad og lot det vera slik. Han hadde ikkje trong til selskap.
Vinden sto frå nordvest. Mot vest låg berre det store havet, endelaust og ustadig. Kom inn i veldige, pustande bårer som det bar i seg som ei uro under yta, som eit kontrollert sinne som berre vistes som kjappe krusingar på overflata. Det var som nervøse drag i eit veldig ansikt, eitt kaldt vesen med så skiftande drag i blygrått, sølv og blågrønt. Innimellom toppa det seg i kvitt, reiste seg for å sjå innover landet, speidande etter fiendar, lyttande til vinden. Så la det seg ned igjen for å vente. Havet har tid nok.
”Greven” fylte segla, og pløgde seg fram med god fart. Innafor låg den same vegkanten som sjøfarande hadde sett til alle tider, sjølve landet, denne lange, forblåste stranda, vegen nord.

Desse tankane i han, ei slags uro. Ei slags lokking frå himmelrand til himmelrand av tonar og syner. Båten reiste seg stolt, og skar sin veg bort frå noko og framover mot noko han ikkje visste om anna enn som eit uklårt bilete av store salar med plysj og lysekroner, og det var glade menneske i dans. Og han såg eit ansikt og sa eit namn.
Ein brottsjø vekte han.
Han stramma seg opp. Tok eit fast tak i roret, konsentrert.
- Sjå berre utover og framover! Han sa det høgt til seg sjøl.
Ein gut som sto tett ved, såg rart på han. Han ga han ein ordre, nok til at han kom seg vekk.
Han hadde vore heimom som snarast. Det kom over han når han ikkje drømte.
 
Han tenkte mest på søstera som gjekk der med draumar om utdanning.
Ho hadde ikkje sagt det sjøl. Bestemor kunne fortelje på sitt vis, ho kjente henne betre enn nokon.
- Godt hau på Lovisa, hadde ho sagt. -Ikkje så vanleg at det e så mytje inni pene hau. Ho vil helst bli lærarinn veit du. Men det e no så my å styr med at.
Han visste at ho bar det heile. Den sjuke broren, Nekoline og ungane var hennes ansvar. Mora berre sat der, vart stadig meir stakkarsleg og hjelpelaus.
Han greip hardt i roret for ein ny brottsjø.
- Og så denne forbanna Mus-Per! Han ropte det ut, og guten såg på han igjen, nesten redd denne gongen. Han sette auga i han, fekk han i arbeid igjen.
Var det ikkje som at huset hadde utøy nok med Nekoline, om ikkje denne broren skulle koma óg, og mora lot det skje!
Ja ikkje nok med det, Lovise meinte at han for på friarføter. Besten hadde enda til prøvd å jage han på dør ein gang, men måtte gje seg da mora stansa han.
- Æ har sånn gle tå å snakk med han, hadde ho sagt, du må husk på han e emissær! Toillkjærringa!
Etter dette hadde han slutta å sende pengar heim. Han ville sørgje for at Lovise fekk sin del og sendte alt til læraren. Han forsto. Han stolte ikkje på mora meir.

Da dei hadde passert Ålesund kom Just opp for å ta over. Sjøl gjekk han for å kvile litt før neste rorvakt. Han tok seg litt mat først og la seg på køya.
Han prøvde å få heimen utav hovudet for å klare å sove.
Kjente det store havet stryke seg mot skipshuda, og kjente seg liten.

Han vakna av at han fraus. Ein av unggutane pusta tungt på brisken under han.
Han tømte i seg noko svart kaffe og gnei kaldt vatn i ansiktet.
 
Det var stilt no, og kaldare. Våren dei hadde trudd var på veg vart jaga på dør nok ein gang. Enno skulle vinteren ha overtaket ei stund.
Han gjekk akterut for seg sjøl. Ville vakne heilt før han måtte treffe folk, og ta over roret. Han hørte Just synge ei vise med mange vers, men han hørte ikkje orda. Det måtte vera ei han hadde hørt før, for gutane lo så dei skreik frampå dekket.
Vinden fylte segla, men utan kraft no. Dei gjekk forbi Stadtlandet. Dei mørke berga stupte mot sjøen. Skyminga låg blygrå over blanke dønningar, men det var enda lyst nok.
Han hadde vore redd for havet, ikkje for storm og båre, men for dette uendelege, levande vesen som pusta med heile seg, som ei kjempe som sov uroleg, dette uhyrlege mørke og uutgrundelege havet som skjulte sine våpen i djupet.
Han var aldri redd meir, men hadde likevel denne kulden i seg. Denne isnande kulden frå eit stille hav. Han sto ved rekka, og såg ned. Han sto ved rekka da den store kroppen seig under han. Han mista pusten, kjente det snørte seg kring hjartet. Eit levande vesen der nede, mørkt og mektig. Og så gudsforlatt åleine! Han kunne skrike, eit vilt rop! Eit ansikt der nede kom nærare, flaut opp mot yta. Han ville gripe det med begge hender og trykke det ned i sjøen igjen om han kunne. Men han såg at det løyste seg opp, bleikt og rotnande.
Han skalv i heile kroppen, og måtte halde seg i rekka.
- Sjå berre utover og framover! Han samla seg no, såg den store
kvalen forsvinne ned i djupet, og vart borte.
Da han gjekk opp på brua var han roleg igjen, klar til å ta sin tørn.
Just song ikkje meir, berre ga han ein dask i sida og gjekk ned for å sova.
Tredje dagen nådde dei Bergen.



 
12

Han hadde aldri vore i Hansabyen tidlegare. Da dei glei inn fjorden kjente han igjen Håkonshallen og Rosenkranztårnet frå ei teikning i historieboka. Alt virka mindre enn han hadde tenkt seg det.
Dei la til nedafor Mariakjerka, og gjorde båten klar, ivrige etter å kome iland, hørte på alle framande lydane, ståket frå fiskarane frå Øygarden og jentene som kjekla om beste fisken. Ingen estimerte ein nykommar, her var det nye båtar heile tida. Dei gjekk i land, førte føtene stivt under seg som om dei måtte lærast opp til å gå på fast grunn igjen. Dei slentra langs Hansabryggene mot fisketorget, saug inn folkelivet, og undra seg over høge prisar på fisk.
Marssola sto bleik over Nygårdshøgda, og den mektige Johanneskyrkja som kneisa høgt der oppe drog dei mot seg. Dei var bønder på byen mellom alle dei som ville sjå og helst bli sett. Tenk dress til kvardags, og hattar som henta ut frå garderoben til sjølvaste Sara Bernhardt! Markus hadde eitt ansikt i tankane, og auga var på leiting, aldeles utan meining. Trudde han at ho var som ei han kunne treffe på slik utan vidare på gata? Han slo det frå seg, måtte følgje med Just så han ikkje gjekk seg bort.
Dei passerte Johanneskyrkja og skar av til venstre. Just ville vise han Museet som sjølvaste Stortingspresident Wilhelm Koren Christie hadde fått reist, og alle dei nye og herskaplege villaene. Dette var byen! Den einaste riktige byen i Norge hadde Just sagt. Her var det borgarar i generasjonar som heldt til i palass som var så fine at sjøl Borthens residens vart som ei landsens hytte.

Ei tenestejente på veg frå fisketorget var på veg inn i eit stort hus med tårn på taket. Ho gjekk opp troppa til det store huset og såg på dei.
- E trur dokker har gått feil, Møhlenpris er der nere!….og Nøstet e der! Ho peika.
 
- Så du vil ha oss til Møhlenpris og Nøstet du? Villa du itj heller ha slæpt oss inn på kammerset dett da! Just sto der med hendene i lommene som ein einaste stor provokasjon.
- Ka seie du? Du snakka så rart. Jenta hadde aldri hørt noko anna enn strilemål og variantar av bergensk.
- E seia det, herma Just, at du e så sveisen og fin i kroppen at eg hadde tenkt å by deg opp til dans! Har du musikk inne i dette huset?
- Så du trur da får koma inn her du? E skal seie deg det eg at her inne kommer ingen inn som ser ut som ein gjøglar! Og dessutan har e ikkje tid til å stå her å fjase med deg.
Just lest som han ikkje hørte. Gjekk berre fram og bukka djupt. Ho såg på han med store, forskremde auge, men rakk ikkje å reagere før han hadde tatt henne i handa og dradd henne ned av troppa. Og Just song, og drog jenta med seg i ein dans bortover mot Muséplass. Han song så det ljoma:
Och jungfrun hon går i dansen med röda gullband.
Och jungfrun hon går i dansen med röda gullband.
Dem binder hon om allra kjärastens arm.
Dem binder hon om allra kjärastens arm.
Jenta sette frå seg fiskekurva for å daske til han, men rakk ikkje å slå før han hadde henne tett intil seg, og fortsette:
Ach kjära min lille gosse bind inte så hart!
Ach kjära min lille gosse bind inte så hart!
Og han hemsa rundt med henne til ho hang som ei kraftlaus dokke i armane på han. Da han endeleg slapp taket og kyste henne på kinnet, såg ho først ut som ho var sendt frå månen, så slo ho latterdøra opp.
Dei fornemme husa på Nygaardshøyden sto som dei lytta, og ikkje riktig kunne bestemme kva slags lydar dette var.
- Du e galen!
- Jau takk, og takk for dansen! Og namnet var?
- Kari…, ho glatta stakken og greip fiskekurva. Han såg at ho hadde fått farge i kinnene.
- Du e velkommen ombord på ”Greven” i kveld, jekta legg rett ned fer Mariakjerka.
 
Ho gjekk opp troppa igjen.
- Elles takk du! E er ikkje tå dei som fer på kaiene om kveldane, berre så du vet det! Ein hesteskyss nærma seg frå byen, og ho granska folket i vogna.
- Tulle seg bort slik! I det ho gjekk inn snudde ho seg likevel mot han og ropte:
- Takk for dansen!
Etterpå rusla dei nedover mot Møhlenpris for, som Just sa, - å sjå korleis proletariatet budde. Markus tenkte på Jens Flata.
- Skal tru kor mange her som har hørt om Karl Marx?
Just merkte seg ironien i spørsmålet.
- Itj ei levvanes sjel farr! Itj ei levvanes sjel! Men dans kan dem!
 Og pul!, la han til da ein skokk med ungar storma forbi dei, og forsvann inn i eit portrom.

Da dei kom ned til hamna igjen, hadde vognene med varer kome. Alt måtte ombord før kvelden. Dette var handelsvarer frå det store utland, og Borthen godtok nok ikkje noko slendrian når det gjaldt slikt gods.
Markus tok kommandoen over lossinga, han ville helst bli ferdig så tidleg som mogleg, og skunda på folket.
Han skulle nå telegrafen før dei stengte, og det var viktig.








 
13

Han hadde ei sterk kjensle av at dette var uverkeleg. Magen kjentes som ein diger knute. Sat han ikkje sjøl i baksetet på ein flunkande ny T- Ford? Sat ikkje han, Markus Viken, i sin nyaste dress saman med denne jenta mens sjåføren der framme frakta dei heim til sjølvaste Abrahamsen?
Han hadde aldri kjørt automobil tidlegare, og han måtte passe seg så han ikkje sat her og måpte som ein fjott. Dei sakka litt på farten da dei passerte ”Muren” som Hedda kalla det, men elles syntest han dette gjekk uforsvarleg fort.

Da dei kort etter trilla inn på tunet i den herskaplege villaen i Kalfaret, angra han seg for at han hadde takka ja til invitasjonen. Han hadde håpt dei i høgda kunne møtast i byen, men før han hadde fått sagt noko meir på telefonen hadde ho bedt han vente utanfor Mariakjerka. Klokka sju skulle han bli henta, og dermed la ho på.
Han hadde så vidt rukke å ta på seg andre kle, og kome seg iland igjen, så sto ho der med sjåfør og bil. Og no skulle han altså gå inn i dette huset og treffe folk som låg milevidt frå hass stand. Kva skulle han snakke om?
Men igjen gjorde ho alt så mykje lettare for han. Ho hadde god tid. Tok han med seg ut i hagen. Fortalde om hus og slekt. At dei var etterkommarar etter nederlandske handelsmenn som hadde slått seg ned i hovudstaden, og at dei seinare hadde slått seg opp på handel og reiarverksemd og flytta til Bergen.
- Min far er… men så stansa ho og såg lenge på han.
- Ja?
Nei, det var ikkje noko… i staden tok ho handa hass og drog han med seg, fortalde om huset, at det var bygt i nybarokk stil, og han saug det inn meter for meter, og kvart ord som vart sagt prenta seg inn på ein stad i hjernen der berre dei mest dyrebare orda får ligge. Han såg nedover den nygrusa vegen med dei nakne lønnetrea i sirlege rekker, og alle stiane som forsvann inn
 
bak dunkle og løyndomsfulle hekkar og buskar. Ved nedre enden av parken skimta han ei tropp opp til ein høgare avsats, og der oppe kunne han skimte ein gruppe skulpturar. Alt låg og kvilte enno. Det var mars månad, men snart ville våren bryte fram og gjere alt dette til ein oase.
Ho tok han med seg på stien til lysthuset, eit lite glashus i utkanten av parken der dei kunne gå inn. Han syntest han aldri hadde sett noko så lyst og lett, og aldri hadde han sett ei så vakker jente som denne, og heilt utan kontroll og tanke, sa han det til henne.
- Du e den finaste veitja æ veit om.
Og han kunne ha sokke i jord da orda vart sagt. Han hørte det sjøl mellom glasveggene, ja det klang seg opp og gjorde seg enda meir tydeleg. Han raudna der han sto, kjente med heile seg at dette kom over han heilt uforberedt, og han følte det som om lyset skein igjennom han og avslørte kvar einaste krok i den usle og fattige sjela hass. Han var ikkje som han Just som berre kunne seie slikt i hytt og pine, og dessutan til ei dame langt over hass stand! Han våga knapt å sjå på henne, kjente ein søt duft og hørte knitringa av silke da ho bevega seg mot han. Han sto som ein fårete konfirmant, kjente at ho trykte lippene på kinnet hans, kjente handa som for lett gjennom håret, men sjøl var han kraftlaus, som om det berre var vinden, og ikkje til å ta i. Han såg auga, og forsto at han var hjelpelaust fortapt i ein umogeleg draum, og at han aldri ville bli arbeidsfør meir etter dette om ikkje slike draumar kunne oppfyllast, og han hørte berre eit –Takk! Og som ein svimeslått vart han ført ut igjen, over ei lita bru, langs ein andedam, langs ein bekk, og han trudde han var daud og heilt ufortent hadde kome til himmelrik, og han tenkte på stakkars bror sin som var lungesjuk, og at han ikkje hadde sendt han det brevet han hadde lova, men likevel gjekk her livs levande i paradis. Da den stor døra gjekk opp, og han vart ført innanfor, samla han all si kraft om dette eine, å sjå ut som eit menneske.
 
-Sjå berre utover og framover! Han meisla det fast. Men denne gongen sa han det berre inni seg, det var han heilt sikker på. Var det ikkje som om lag på lag med husmannsånd frå fleire generasjonar bakover låg i krokane og ville tyne sine eigne born ved å la dei avsløre seg i ord eller handling?
- Kom bare inn, det er ingen som biter her! Igjen desse auga som såg så klart igjennom alt. Ho førte han inn i den store hallen med engelsk kamin og hestebilete på veggane.
- Kom å hels på mor! Og før han riktig hadde rukke å grue seg, sto ho der, og han vart slått av kor lik dei var, mor og dotter, men han måtte anstrenge seg for å skjønne ka ho sa.
- Mor er dansk, sa Rebekka.
- Velkommen hit, min datter har talt så meget om Dem, de må synnerligen ha gjort indtrykk på hende. Mitt navn er Karen .....
Han tok handa hennes og presenterte seg, ja han sa til og med at han syntest huset var så vakkert, og at han var glad over å få komme på besøk, og at det var alt for snilt.
 - Nu må du være snild å komme herind i salongen, frøken Svendsen har lavet istand kaffe og nybakte skillingsboller, jeg tror også min mand kommer ganske snart. Vis herr Viken tilrette snilde Rebekka, jeg har noget jeg må bestille derude i serveringen!

De sat i et rom som strålte i lyset frå den store europeiske kulturen, såpass mye skjønte han, og han lot blikket gli langs veggane på dei mange måleria.
Ho følgde augo hans.
- Kom så, jeg vil vise deg maleriene. Ho reiste seg opp, og han følgde etter.
Ho stilte seg ved eit måleri, og forklarte at det hadde fylgd slekta frå Nederland.
- Det er barokk. Ho visste at han ikkje forsto, og ga seg god tid til å fortelje om fargebruk, om det spesielle lyset, og han merka seg namnet til målaren, det hadde han hørt før, i alle fall fornamnet trudde han.
 
- Far er veldig stolt av det.
- E det frøkteli dyrt? Der var det igjen, dette utyske som sendte sine små ord over leppene til ein stakkar.
- Det vet jeg ikke. Far hadde aldri solgt det uansett. Ho sa det berre som ein kommentar til motivet, og han såg på menneska i tunge kle og store svarte hattar. Penselstroka som liksom hadde dansa over lerettet ein gang og skapt eit storverk hadde storkna, men fargane ga enda liv til auga, glas, hud, tekstil og inventar, ja til og med ein liten hund som leika seg på golvet, og han undra seg over kor mjuk den måtte vera. Og dei gjekk vidare og ho forklarte kva klassisisme var, og viste han ei heil samling av bilete frå romantikken, ja til og med bilete av ein norsk kunstnar han aldri hadde visst om, og som han likte best av dei alle.
- Denne kunstneren er fra Bergen….og han såg på motivet og han kjente seg glad, for dette skjønte han. Hadde ikkje kunstnaren festa vanlege menneske til lerettet, og vanlege landsens hus, og så hadde dei hengt det saman med europeiske storkunstnarar på silketapetsveggar? Her måtte likevel vera noko han ikkje skjønte når det gjaldt fint folk.

- Dere nyter J. C. Dahl, ser jeg. Ja, det er ellers en av de beste bildene her inne.
Stemma tilhørte ein eldre herre, og han kjente igjen skikkelsen fra Kristiansund.
- God dag far!, ja dette er altså Markus som jeg fortalde om, han som seiler for Tobas. Ho greip han under arma, og lot dei to handhelse.
- Markus Viken.
- Gleder meg! Ja du ser jo både sterk og sunn ut, så har da altså Borthen behandlet deg bra skjøner jeg.
 - Trives du som sjømann?
- Ja!
- Jeg har forresten selv snakket med Borthen idag, han fortalde at en av hans skuter var i byen. Når kom dere inn?
- I går ved nonsleite! Mannen smilte og nikka.
 
- Ja, han nevnte deg også forresten, syntes det var et merkelig sammentreff at min datter hadde truffet deg.
Men skal vi ikke sitte ned?
De sette seg.
- Nå, hvordan er livet som sjømann?
- Han Borthen e eneståanes, æ har itj nå anna einn godt å sei om den karn.
- Men sjømann… Æ e no helst feskar da fer det meste, og så kan det hend innimellom at vi fer med litt byttjhandel..
Jau, æ trives godt med det. Vi går både ette sild og moidjin…ja, æ meine torsken, og det e frøkteli fordel veit du at vi kan ha fleir bein å stå på, skoill æ te å sei….
Den andre lytta intenst, og han lot i alle fall som han forsto kvart ord han sa.
- Hva har du så tenkt å drive det til?
- Æ skjønnitj heilt…
- Har du tenkt på hva du skal gjøre videre, har du tenkt å bli skipper eller?
Han måtte nesten flire, skipper? Han såg litt brydd ut før han svarte.
Abrahamsen merka seg det.
- Håp kan ein gjera veit du, men det e nå berre som ein drøm at æ har det æ har… Du skjønne far min….
Han stansa. Kva var det no han hadde stelt i stand? Sitte her å plage folk med slikt, men da han merka at dei to andre sat og venta, kunne han ikkje anna enn å fortsette, men han fortalde det så enkelt og liketil som han kunne, både om ulykka med faren, og at han hadde sett seg fore å forsørgje familien. Ja, han hadde ikkje noko val heller forresten.
Mens han snakka kom den elskelege Karen også inn og stilte seg bak stolen til mannen for å høre.
Det vart stilt etterpå, og han var heilt sikker på at han hadde gått over streken da mannen reiste seg og gjekk bort til glaset. Men etter ein liten pause, snakka han, og han kunne ha svore på at han hørtes rørt ut om det ikkje var for at han ikkje mistenkte ein
 
slik mann for å la kjensler løpe av med seg.
- Mine gode Markus Viken, du er en tapper mann, og du har lov til å ha store drømmer,- sa han stilt.
Så snudde han seg mot dei. Han var blank i auga, men det kunne sjølvsagt skuldas det skarpe lyset inn gjennom glaset.

Han undra seg over denne mannen. Han hadde liksom forestilt seg korleis ein slik kakse måtte vera, at han måtte vera kald og kanskje nedlatande. Det stemte ikkje med denne her, og også det gjorde han forvirra. Han såg eit ansikt som både var sterkt og veikt på same tid. På mange måtar likna han på faren, men han hadde ikkje faren sin kraftige kropp, og den korrekte dressen og det store kinnskjegget gjorde han sjølvsagt til ein mann av ein annan klasse, men likevel var det som om også denne ikkje alltid hadde sett berre dei lyse sidene ved livet. Han måtte elles vera mykje eldre enn frua, det var han sikker på.
Markus tenkte på fru Nina Borthen. Fru Karen hadde også denne finheita over seg, men ho var ikkje så stiv, og ho hadde eit ansikt som han trudde måtte ha ledd mykje i livet, for gleda låg liksom og lurte under heile tida.

Dei snakka lenge, og mat vart sett fram, og han prøvde så godt han kunne å te seg slik han meinte det skulle gjerast ved bordet. Og da han reste seg for å følgje den gamle til biblioteket for å sjå bilete av ”flåten”, var han glad for at han hadde kome igjennom det utan å søle så mykje som ein vinskvett.
Og med iver og innleving la Abrahamsen ut om skip og handelsvegar, og den andre spurte og grov om alt frå tekniske detaljar på skip til spørsmål om hamner og land og folk. Og tida gjekk, og han visste at han snart måtte dra, men kven forlét vel paradiset av fri vilje? Likevel skjønte han at om han nokon gang skulle ha ein sjanse til å koma tilbake, kunne han ikkje virke påtrengjande no. Da fekk ein heller bruke fornuft og sjå framover, på sikt!
 
Abrahamsen heldt han likevel litt tilbake før dei gjekk inn til dei andre, og denne lille samtalen visste han kunne vera eit stort vendepunkt i hass liv, ja sjølve døra til eit nytt liv.
For Abrahamsen begynte igjen å snakke om nettopp hass planer for framtida, og slo frampå om at utdanning så avgjort hadde vore ein fordel for ein mann som ville fram i verda, og han var alltid på utkikk etter folk han kunne lite på.
Utdanning til sjøoffiser er sjølvsagt ein lang veg, men for ein ung mann som deg burde ikkje det vera uoverkommeleg.
Markus vart still. Visste ikkje mannen korleis det sto til blant vanlege strandsittarar? Visste han ikkje at alle måtte krumme ryggane å stå på for å livberge seg så snart dei hadde hender til det?
Men Abrahamsen forsto!
- La dette være mellom oss nå, men dette er et tilbod du får, og så må du tenke nøye gjennom det, og gi meg beskjed så snart du kan.
Jeg er villig til å betale din utdannelse og tapt arbeidsfortjeneste i samme tidsrom, dersom du binder deg til arbeid i mitt firma i 10 år. Hva sier du til det?

Ja, kva skulle ein seie til slikt? Markus kjente seg hjelpelaus mot dette, følte avmakt overfor ein slik godheit, og igjen denne kjensla av at alt du får er så ufortent.
Han skulle til å seie at tilbodet var for stort til at han kunne ta imot det, men samtidig var han redd at nettopp det var det mest uhøflege han kunne seie til dette menneske. Ein skulle ikkje forsmå ei gåve, det var også noko som hørte til i den verda han hadde kome inn i, og det undra han.
Men han gjorde det han aller helst ville. Han retta ryggen og ga mannen handa.
- Det du tilbyr er meir enn du forstår sjøl, og eg tek imot tebudet med stor takk, og æ ska sørg fer at du blir rikelig lønna tebakers. Æ treng itj nå meir betenknengstid på den saka.
 
Abrahamsen virka oppglødd av svaret, hadde kanskje ikkje rekna med at han skulle få eit så klart svar med ein gang, men kan kjente og at han hadde gjort ein riktig beslutning, så stor menneskekjennar rekna han seg sjøl for å vera.
- Da er vi enige om det, og du må selvsagt overholde dine forpliktelser overfor Borthen. Styrmannsskolen starter ikke før i august, så du skulle ha god tid til å ordne opp i dine egne affærer. Jeg hadde ellers satt pris på om du ville ta din utdannelse her i byen, det hadde vært enklere på alle måter.
Jeg skal straks lage forslag til en skriftlig avtale mellom oss, og ordne opp med skolen, bare du sender meg dine attester.

Da han ei stund etterpå takka for seg og sette seg inn i bilen som skulle frakte han tilbake til båten, syntes han heile staden skein imot han. Aldri hadde han sett noko så vakkert, og aldri hadde han sett ei jente som ho som sette seg ved sida hass. Husfolket sto i døra da han drog, og han måtte love å helse både Borthen og frua.

Igjen kjørte han denne velsigna vegen om ”Muren”, men denne gongen bar det mot hass eiga verd, men heller ikkje den kom til å bli den same etter dette.
Da han steig ut av bilen og ville ta handa hennes til takk, greip ho i staden om han med begge hender og heldt han inntil seg.
- Skriv til meg!
Og han kunne forsikre om at ingen lovnad skulle vera lettare å halde enn nettopp den. Han strauk henne gjennom håret, heldt ansiktet mot seg og kyste henne. Han var fortapt! Og da den svarte bilen forsvann av syne, kjente han at han allereie kunne sprengjast av lengsel.

Tida fram til august kom til å bli som eit langt år, men han sette seg sjøl på plass: -Kva hadde vel han å klage over etter dette?
Han snudde seg for å gå til ”Greven”. På veg dit såg han ei jente kome mot han i mørket. Ho såg ned da ho passerte, men han syntest så tydeleg ho likna på Kari frå Nygårdshøyden.
 
Han la seg med det same. Han hørte Just synge inne i byssa, men hadde ikkje behov for mat, og heller ikkje for selskap.

Neste dag var dei på veg nordover.



























 
14

Om kvelden inntok han plassen sin ved eine vindauge i skolestova for å sjå på bygda og folket. Gammel- læraren hadde bestemt seg for å halde ut i jobben til han hadde sett om dei fann nokon som kunne ta over, og som han sjøl fann verdig.
Han hadde rett nok passert aldersgrensa og kunne ha trekt seg tilbake, men det hasta ikkje med å bli sitjande slik på ein stol heile dagen. Så lenge han var i skulestova kom det i alle fall folk innom. Det var lettare å gå hit enn til folk flest, og det var ikkje så reint få ærend dei hadde heller. Når det gjaldt å skrive brev til bank eller lensmann, eller ka det no skulle vera, så var han alltid god å ty til. Ikkje så sjeldan måtte han fram med teiknesaker, for da var det nyhus eller tilbygg som skulle teiknas og utreknast, og når det gjaldt krøtersjukdom så var han ikkje til å koma utanom. Han tenkte at det kunne ikkje vera så reint få kyr og sauer, ja enda hestar som levde fordi han hadde berga dei, eller deira fedrar og mødre i mange slektledd gjennom ein hard fødsel.
Han hadde ei lita leilegheit bak klasserommet, to små rom, og sjøl om det var loft oppe så hadde han ikkje brukt dei etter at kona døydde. Han hadde nok med det som var nede, men han hadde alltid døra til skolestova ope om kveldane, for her var det alltid oppfyrt om dagen, og den store omnen ga varme lenge etter at det hadde brunne ut, dessutan var det lysare her inne så ein kunne både lese og skrive lenger enn inne i det mørke kammerset. Han turte elles ikkje tenkje på korleis det ville bli for han å flytte ut. Ka skulle han flytte til?
Slekt hadde han ikkje utanom i gamal søster opp i Vikna, og ho hadde han ikkje sett på minst tjue år. Rett nok hadde han lagt seg opp nokre pengar slik at det vel vart råd med å kjøpe seg eitkvart, men med tida hadde skolen vorte heimen. Han kunne sitje å sjå på pultane og stolane og dei vart liksom stedfortredare for dei som sat der, ja for alle som hadde sutte der bakover i åra. Dei hadde kome hit med skinande og stor forventning, og mange hadde vokse med oppgåvene ettersom åra gjekk, men nokre lys
 
hadde han vel òg sett slokne. Han skulle så gjerne ha gitt dei alle ein stolt og sterk rygg og bera børene på, men her var det ikkje berre han sjøl som var lærar. Bygdedyret visste og å gi si vurdering, og bygdedyret levde både i ungar og vaksne, og kunne gjera mangt eit godt emne til eit stakkars kryp. For han hadde ikkje sett anna sjøl enn at det var gode emne i dei alle, berre ein spelte på dei med den rette boggan, og strauk på rett måte. Men bra gjekk det ikkje med alle vidare i livet. Dei slitne plansjane hang der dei alltid hadde hengt, og ingen som hadde vore elev av han kunne seia at han ikkje visste korleis Jesus såg ut etter sju år her, ja dei kunne skilje Jesus frå Abraham og Moses berre ved å sjå ein flik av kappa, det visste han. Han lo der han sat. Tenk at han hadde forma dei såleis, det var nesten nifst. Ja, ja, han kunne ha gjort større brotsverk.
Han hadde elles innført mangt nytt i sine levedagar som dei aldri hadde sett maken til. Han hadde arrangert 17.mai med tog og tale og det heile, og det var ikkje fritt for at han kanskje kunne bli vel dryg når han talte til dei om fedrelandsverdiar og mana dei til å stå fast ved dei enkle dygder.
17.mai 1906 hadde han overgått seg sjøl, ja han kjente det på seg når kvelden kom, og han begynte å føre samtale med seg sjøl. Da kom tvilen og motargumenta, og i seine nattetimar kunne han sitte slik å vera sin eigen debattant. Berre godt at ingen hørte han når temperaturen steig. Da kunne han smelle neven i bordet og rope ut i sinne over opprørande utsegner frå seg sjøl.
Men det han mest hadde utmerka seg med var desse spela. Han hadde sett ungar og foreldre i sving, og jammen hadde dei ikkje klart å lage til både scene og kostyme og øvd inn både julespel og historiske spel her i skulestova!
Dei hadde gått på med ein slik iver at heile bygda snakka ikkje om anna i lang tid både før og etter, og når dei store oppføringane skulle haldast så var det så mykje folk over alt at det vart smått om plass og nesten alle måtte finne seg i ståplass. Folk sto endatil i gangen og utafor glaset for å få eit glimt av dei vise menn eller av kongar og riddarar.
 
Rutebåten nede ved kaia sendte ein melankolsk lyd utover bygda. Flokken av ungdomar der nede løyste seg sakte opp, og han såg dei koma sigande, flokk i flokk, oppover vegen. Dette var den fristunda dei hadde, og nokre av dei såg resten av verda berre frå kaikanten.
Han kjente dei alle, og nokre av dei kom av og til innom for å slå av ein prat, eller for å ordne noko, andre såg han aldri meir i skolestova før dei kom med sine eigne ungar ein dag, andre skulle aldri koma tilbake.

Ei jente løyste seg opp frå flokken og småsprang heimover. Ho var bleik og mager, og det gjorde vondt å tenkje på at nettopp henne av alle hadde han hatt slike voner for. Hadde ho berre kome seg vekk frå alt her! I staden vart ho gåande å slite for ei galen mor og dette utyske av ein kall. Av og til kunne ein angre på at ein hadde gitt dei inn for stor dose med nestekjærleik, dei forsvann sjøl av det, ja dei kunne nesten utslette seg sjøl i slit for andre. Han hadde bedt broren sende henne opp til seg, og han håpte i alle fall at dette med broren også kunne gjera alt lettare for henne no.
Det var elles som eit under med denne Markus. Han hadde kome her førre kvelden og bedt om attestar, og da hadde han sjølvsagt fått heile historia. Det var nesten for godt til å vera sant! Han hadde skreve ut attestar, og han hadde vorte så ivrig at han sjøl hadde påtatt seg å skaffe attest frå Borthen og.
Attesten frå Borthen hadde kome med det same, og det var eit godt papir, så i den saka hadde i alle fall væreigaren gjort ein god jobb, sjøl om han hadde gjort litt av kvart som ikkje tolte dagsens lys like godt opp gjennom åra. Forklaringa var vel at han begynte å bli gamal, og hadde forstått at det einaste han ikkje hadde samla på tidlegare var gode gjerningar. Det var på tide! Kanskje det var derfor han hadde fått bygt denne kjerka, undra han. Rikfolk har alltid slike enkle løysningar på alle ting, og da er det ikkje til å undrast over at dei trur vårherre har ei like enkel kremmarsjel som seg sjølve.
 
Han hadde elles sjøl tenkt å gjere ei god gjerning til før han drog herifrå, men visste ikkje heilt om det lot seg gjere. Det var den ting at han ikkje var nokon velhalden mann, og for hass del måtte det verta eit val mellom eige hus når han slutta av her, og denne velgjerninga. Han visste ikkje heilt korleis han skulle stelle seg, og visste han måtte vente så lenge han fann ei løysing, men det var vondt å sjå denne jenta som gjekk her. Han visste kva ho var god for, og han visste kva ho aller helst ønskte seg utav livet.
Han reiste seg frå stolen og fann fram penn og papir. Det var eit brev han måtte skrive før det vart reint for mørkt i romet.
Han dyppa penna, og skreiv med sirlege strøk: Vyrde syster! Men så hugsa han at søstera vart så eitrande sint av alt som hadde med landsmålet å gjere, og retta det til: Kjære søster! Guds naade og fred vorde dig rikelig tildel, i Jesu namn! Så vart han igjen sitjande å tenke at dette riksmålet vart da så alt for stivt, la arket tilside, og begynte for tredje gang. Kjære søster! Jeg er ikke død, men i min alderdom renner det meg endelig i hu at du er min eneste familie, og jeg håper du ikke forsmår disse linjer. Jeg har en sak jeg må legge fram frem dig, og jeg håper du ikke tar det ille opp det jeg nu skal forklare for dig.

Da han gjekk for å leggje seg tre timar seinare kjente han seg meir oppglødd enn på lenge. Brevet hadde han gjort klart, og no sto det der med påskrift og frimerke klart til å sendast.







 
15

Var det ein ting Just Pedersen ikkje likte så var det å vera åleine, og no sat han altså her, og hadde ikkje så mykje som ei mus til selskap, og det i ei rorbu utpå Halten som dei til alt overmål hadde gitt det oppløftande namnet ”Helvetet”. Folk frå Frøya og Hitra kallar Halten ei øygruppe, men det måtte vera det reinaste skryt, meinte han. Halten er i høgda ei gruppe holmar som rett nok stikk opp av havet i finver, men, som han sjøl hadde sagt frå om til lokalbefolkninga,
- i kuling og storm er det rettare å kalle heile fiskeværet for ureint farvatn.
Heilt åleine var han forresten ikkje, nokre ungdommar heldt til bortpå ”Apoteket”, men kokkene hadde frihelg og Markus var heime, og han sjøl hadde vore så steikandes dum at han hadde takka nei til å følgje han heim, men det var jo før han visste at desse jentene skulle dra. Ka skulle ein gjera anna enn å ta seg ein støyt tå Bergensbrennevinet for seg sjøl og snakke med gråe veggar?
Desse ungdommane sat berre og hånflirte og hadde lite å bidra med, dessutan var han ikkje så sikker på om dei ville ha selskap av ein verdsvant, vaksen kar.
Etterkvart hadde han gjort seg til vens med takbjelkane og ein stol, og hadde vorte såpass ør i hovudet at han kunne føre ein fornuftig samtale med dei alle, men det var han som dirigerte ordet sjølsagt.
- Æ ska fan mæ sei dokker det at han Just Pedersen e god fer nå meir einn å setta her og glan i veggan!
Takbjelkane venta stumt på fortsettinga.
- Han Just Pedersen sjer dokker, e ein hedersmann og skoill egentlig ha vore gjeft fer leng sea, vest’n berre ha koinna bestemt sæ fer kæm hain villa ha. Men no trur kanskje dokker at det bære e å gjerra eit valg, he?
 
Det knitra frå rakveden på omnen, og han såg strengt på han.
- Nei, farr, det e itj det nei! Fer ein ska itj gå på det første og beste som byr sæ når ein ska velg kem ein ska hold hus med all sin dag.
Han tente på pipa og sendte røykringar rett i glaninga på næraste bjelke.
- Dækens godt brennvin!
Han fylte seg enda eit krus, og helte på litt ekstra for gjestenes skyld.
Det sto eit drag frå nordvest så det knaka litt i den skrøpelege bua.
- Hold tåta! Her e det æ som føre ordet! Han var ubøyeleg på den måten. Han festa auga på eit kvistmønster som skilte seg ut frå resten ved at det var eit så alvorsamt ansikt.
- Æ ska betru dæ det, æ at det e itj så greitt bestandi å verra han frå verdens ende…det e så my som koinn ha vorre sagt om den tengen, han veiva med pekefingeren, og såg lenge inn i ansiktet så det skulle forstå....
- Æsj, du ferstår itj lell! Han tok seg nok ein sup, og vart sitjande å stire ned i kruset, mintes eitkvart, men det vart ikkje sagt, ikkje ein gang til stolen som sto der og lytta som ein gamal ven…
- Det har itj vorre så greitt fer sånne som mæ…, men han slo det bort med eit flir.
Svartaugan der nede i kruset flirte tilbake.
- Men har itj’n Just Pedersen klart sæ bra gjennom livet lell? Han reiste seg, og såg på dei alle saman. Ingen sa seg ueinige. Jau, han var både skipper og ein satans arbeidskar, kunne han noko for at det var så myttje å velg i? Kunne han noko for at det han vart født inn i her i verda var eit skyggeland?
- Sjå deg ikkje tilbake!- ropa han mot døra.
Han hadde sagt det før, for lenge sidan, og etter det hadde han levt, det var best slik. Enda godt at han hadde denne ukuelege optimismen i seg. Han retta seg opp og skålte med omnen og langa innpå ei ny vedski..
- Stå no itj der å drekk på fastans hjert!
 
Han vart brått ståande å sjå på eit fotografi han hadde liggjande på bordet. Han feste det til veggen og sette seg å sjå på det.
- Stramme kara?
Han såg to unge menn i nydress. Den eine hadde urkjeda i vesten og noko dun på overleppa som visstnok skulle bli ein bart, og der sat han sjøl i all sin prakt med snadde og det heile… he, he.. Han heldt snadda opp framfor seg…
- Makelaust!
Denne Markus vart han aldri klok på, ein dyktig kar og ein kamerat tå dei sjeldne, det var ikkje det, men hadde han ikkje eit merkeleg sinne i seg av og til? Og samstundes var han sårbar.
Tenk å slå til ein kar som ville hjelpe! Men det var ikkje det at han bar nag til han for det… Han slo neven i bordet så det var nesten som det måtte gråte av nervøsitet.
- Nei den saken e oppgjort! Men likevel var det litt rart at han var så stolt, og det var nettopp når denne stoltheita vart trua at han vart så vrang.
- Steikandes fin kar ferresten! Han granska fotografiet.
Han hadde elles vore som omsnudd på veg heim frå Bergen til Kristiansund. Han hadde snakka og spøkt med ungdommane så det var som dei ikkje kjente han igjen….Ein tå dei hadde til og med spurt om han hadde vore stad og forelska seg, men det skulle han ikkje ha gjort. Da kom dette trassige draget over han igjen, og resten av vegen heim til Froan hadde dei ikkje fått eit ord meir ut av han.
Han såg litt dårlegare no og måtte halde biletet opp mot lyset.
Det var noko med ansiktet han likte. Noko varmt kanskje? Han prøvde å gjenskape ansiktet til søstera hass.
- Dem e betterde lik… he, he! Ska tru om ho har silkesjalet enno?
Han tenkte etter kor lenge det måtte vera sidan. Og da han hadde funne ut det, sette han igjen skarpaugan i kvistansiktet og vart var kor stygt det var.
- Fy flate, du e støgg, ja unnskyld æ mått berre sei frå, men skjønne du ka det herran betyr? Veitja har vorte eit kvinnfolk, og æ sett her å snakke med dæ!
 
Og i same sekund hadde han det heilt klart for seg. Hadde ikkje Markus frakta færingen sin hit? Hadde han ikkje råsegl? Trong ein setta her fer sæ sjøl heile helga så leng det va god bør? Det trong ikkje ta så lang tid, han visste sånn omtrent kor dei budde hen, og resten fekk han spørje seg for. Han fekk på seg sjøhyre og støvlar, slekte lampa og for ut. Færingen låg klar i støa, og var ein smekker og fin seglingsbåt. Det blåste litt, men det var berre ein fordel, for dess raskare ville han kome fram.
Han heiste segl og sette kursen sørover.
Hadde ikkje sjøen overdøvd han, hadde dei hørt kor han song inn i svarte natta.




















 
16

Vikaplassen er berre som ei åkertunge som sjøen hadde slengt frå seg mellom berga den gongen det drog seg tilbake.
På denne gamle sjøbotnen hadde det etterkvart vokse til og vorte grønt, for berga ga ly mot vinden. På nordsida nedafor husa reiste berget seg i ein skarp sihuett mot sjøen. Det var Brattberget. Dit måtte ikkje ungane kome, for der kunne ein slå seg ihjel om ein rota seg utfor. Elles var det berre kollar og svaberg. Kven som hadde funne denne staden ein gang og lagt seg til å bu her, var det ingen som visste eller knapt ofra ein tanke. Folket var her, og hadde vore her så lenge at kvar bergklove og sprekk hadde vorte til vekseplass for eitkvart det var næring i. Frå husa i Vika kunne ein ikkje sjå nokon stad utanom mot himmelen eller mot sjøen, men det var i grunnen nok, for her opna verda seg med eit mylder av store og små holmar. Og desse holmane var den tilleggsjorda dei så sårt trengte. Det var her dei hadde beitelandet sitt.
Så sjøl om det såg smått ut det heile, var det ikkje så reint lite kapital som skjulte seg mellom bergklovene, og det var mange som hevda at Vikaplassen var ein bra plass, om ein dømte ut frå dei rette forholda.
-Men alt er jo sjølsagt relativet næri sveltegrensa uansjett korres ein ser det-, hadde Besten sagt ein gang.
Graset vart slått, og seinare beita ned heilt til rota, men med litt tilleggsfor frå tang og utmarksslott, kunne ein svelte kyrne gjennom vinteren med det.

For ein som kom landvegen over haugane låg Vika som ein liten bortgløymd idyll under himmelen, og Lovise hadde sett denne idyllen så mange gonger når ho kom nedover stien.
Det var elles ikkje så lett å koma heim i desse dagar. Noko av gleda over synet var tatt ifrå henne frå den dagen denne tjuvkallen kom rekande og lest sjå om systera. Frå den dagen vart det ein til å fø på, for denne var så åndeleg av seg at han kunne ikkje røre korkje spett eller skuffel.
 
Og så hadde mora sett seg føre å avansere til frelst, og da trong ein visst ikkje å anstrenge seg for det timelege. Men krøtera måtte ha mat og mjølka måtte ut av jura uansett, og ungane skulle ha mat og stell, og ikkje for å snakke om denne kjerringskruppa som sat bortve omnen og vart meir og meir dronning etter at broren hennes infiserte husa.
Ho småsprang mesta, men ein tur på kaia om sundagen, og ein tur til ho Besta på laurdagen måtte ho kunne stele seg til. Det var snart den einaste luksusen ho hadde, men det var ingen som unte henne det, så det var alltid eit renn for å nå heim før hoffet skulle ha nytt fôr inn i skolten. Men det var elles noko meir som lokka desse siste dagane.
Markus var heime! Han var så underleg glad av seg da han kom, at det var som ein fest å vera ilag med han, men ettersom dagane gjekk hadde også han sett seg meir og meir arg på dette styret. Ho håpte berre at det kunne koma til skikkeleg uver så dei kunne klåre skyene for nokon og kvar. Vart han først sint så var han ikkje god å koma ut for. Det visste ho, men denne kallen visste ho likevel ikkje om han heller kunne rå
med, -sleiskingen!
Ho sette treskoa av seg og gjekk inn. Uansett kor mykje ho vaska og dynka med såpe så slo denne lukta av Nekoline imot henne, desse auga hennes var alltid vaktsame og vonde, til tross for at skrotten var tre og nitti år.
Ho undra seg ka slags meining Gud hadde med å lata slikt få eit langt liv mens andre for bort i sine beste år.
Det var ikkje andre der inne.
- Kor e folket hen? Ho bjeffa det meir enn ho sa det.
Tunga der inne i sleivhålet rørte på seg. Prøvde vel ut om det var noko å lage lyd av, noko som likna på språk.
- Sjølfolket e på bedehuset, og han …. resten rann ut i sikkel.
Det hadde ho glømt. Hadde ho kome på det før hadde ho hatt den gleda å kome heim til og.
- Markus da?
Nekoline berre peika opp.
Så, han var på loftet til broren igjen.
 
- Men ungan da?
- Nedme sjø’n ventli…. E itj folk her….får versken vått eller tørt her.
Ho laga til noko mat og sette bort til henne, tok på seg fjøsklea og gjekk ut.

Da ho hadde gjort seg ferdig, laga mat til ungane og ropte dei ned. Ho hørte at Markus skunda på dei, og kort etter ramla dei ned loftstroppa.

- Du skal på skolen i morra Tilla, no må du eta og komma dæ i seng!
Søstrene kniste mens dei åt, men ellers sat dei meir roleg enn til vanleg.
- Ka e det Johanna?
Tilla såg strengt på henne. Så kniste dei igjen. Sat som to sprekkeferdige troll og togg i seg brødet, men ho fekk ikkje ut eit ord.
- Har dokker gjort nå gali? Ho tappa varmt vatn i vaskevassfatet og gjekk bort til dei og bøygde seg over Johanna.
- Få sjå luraugan din!
Søstera heldt seg for munnen så brødet ikkje skulle sprute ut.
- Å, æ ska nok få det ut når vi kjem på loftet!
Kroppane krøkte seg i skrekkblanda fryd, dei visste at Lovise kunne kile ka det skulle vera ut av dei.
Nekoline snorka og snakka i søvne bortmed omnen. Det fekk dei til å flire igjen, men dei roa seg såpass at dei fekk lira av seg ei takkebøn for maten.
Så stilte dei seg opp så søstera fekk vaske dei, sto og kneip auge og munn saman og kjente den varme vaskekluten mot ansikta. Så vrei ho opp vaskekluten igjen og vaska hendene, tisserompene fekk dei vaske sjøl. Nattkjolene var varme etter å ha hengt over omnen. Lovise tenkte på alt! Tilla gløtta bortpå omnen om det låg stein der. Der låg dei, to store steinar. Skal tru om ho hugsa det? Ho ville ikkje seie det, ville ikkje mase. Søstera var det likaste i verda, og ho ville ikkje for sit bare liv gjere henne lei seg.
 
- Så spring opp no! Æ kjem med ein gang æ har rydda litt.
Da ho kom opp med steinane, innpakka i handdukar og smaug dei under dyna, sukka dei av fryd og glede.
- Du e snill du Lovise! Det var Johanna som sa det først, men Tilla nikka på hovudet mange gonger og bekrefta det med fleire mm- er ho og.
Ho hugsa sjøl kor det hadde vore dei gongane Besta hadde gjort dette for ho når ho masa seg til å liggje over.
Mora meinte ho skjemte dei heilt ut med dette tullet, men når ho såg dei to ansikta, side om side på puta, visste ho at dette var rett. Gode barneminner er elles som ei opplagsnæring, ein kunne ha bruk for det, ein og kvar, meinte ho.
- Ka va det som var så artig attmed bordet?
Der kom det! Det kjentes som om hendene alt var på veg, og dei klarte ikkje å liggje stille. Tilla klarte ikkje spenninga.
- Du Lovise- det kom nesten som eit kvin.
- Ja?
Johanna heldt seg for øyra og kneip augo igjen.
- Han Markus har fått sæ kjærest… så knisa ho og kunne ikkje snakke meir.
Johanna slo auga opp for å sjå reaksjonen. Lovise smilte, men ho verka litt overraska og, hadde denne ørlisle samantrekninga mellom augebrunene.
- Korres veit dokker det?
- Brevet.. så slo ho seg for munnen.
Det skulle ho ikkje ha sagt. Johanna vart lei seg med det same. Det kjente ho.
 - Brevet?
Ho måtte snakke no. Det vart så alvorleg, men ho måtte snakke.
- Det berre låg der, og så såg vi at det var eit bilde…
Og så glømte dei alvoret i iveren igjen, og heiv etter pusten mens dei snakka i munnen på kvarandre
- Ho va så nydeleg. Ho må verra rik altså!
Men reaksjonen var tausheit.
Dei såg alvorleg på søstera. Måtte ta det som måtte koma.
 
Ho såg på dei etter tur.
- Tilla?
- Ja… Det va støgt..
- Johanna?
- Ja.. æ ska aller gjerra det meir, æ låve…
Ho ba dei be kveldsbøna, og ba dei be litt ekstra for akkurat dette. Ho orka ikkje kjefte no, dessutan vart ho litt tenksam sjøl og, det var ikkje til å nekte.
Ho ga dei ein klem.
- E du sint? Det var Tilla som spurte.
- Nei da, itj sint, nei da, sovva no. God natt!
Dei sa det i kor for fjerde gang da ho lukka døra etter seg.
- God natt Lovise!

 Han sto på loftsgangen da ho kom ut. Han virka trøtt.
- E’n dårligar igjen?
Han nikka.
Han såg på henne…atten år og heile ansvaret for alt dette. Det var ikkje meining i slikt.
- Han skoill ha vorre på sanatorium.
- Ja, æ veit det, kan du gjerra nå med det?
- Æ veit itj! Får du pengan?
- Ja da.
- Spør dem ette penga?
- Ja, du kan da skjønn det. Trur æ held oinna nokka.
- Og du gjer det?
- Ja!
- Det e bra!
- Han leite!
- ”Musa”?
- Ja, han ha te å med vorre på rommet mett.
Han snerra iltert mot taket.
- Den satans fyr’n! Men du har dem itj der?
- Nei, æ tek ut berre det æ bruke. Lærar’n har dem i fervareng.
- Kjem det nå frå’n Halvdan?
 
- Litt, men æ trur itj han har meir einn han klare sæ. Dem betale ver itj så godt i merkeverske.
- Veit du kor’n e hen?
- Nei e e itj sekker, men han Bendek meint dem skoill bygg nå’n løkte oppmed Loppa. Han Bendek sei han e flenk både som smed og bårar.
- Ja, han e nok det…., og flenk festar…, la han til for seg sjøl.
- Han snakke om Amerika.
- Ja, det e mang som gjer det. Enn du da Lovise?
- Ka med mæ?
Han vart svar skyldig, visste så alt for vel at ho var bunde på hender og føter, ungane ville ha hoppa på sjøen om ho hadde gjort det ho skulle ha gjort.
Han greip henne i arma, og såg alvorleg på henne.
- Koffer e ho Nekoline her enno? Vi har nå ver gjort frå oss legdplekta fer mang år sida? Ho reiv seg laus.
- Spør du mæ? Æ har slutta å ferstå nå her i går’n, men kan du få’a ut så versegod!
Han kjente den bitre sveipen i orda, nok til at han gjekk i seg sjøl. Ka hadde han gjort? Hadde han ikkje sett ka som gjekk føre seg? Sat ikkje denne Mus-Per her i deira eige hus og dirigerte heile livet? Og kvifor var dei redd han?
- Æ får dem kasta på dør i morra!
Ho såg på han utan håp, utan glede, og snudde seg og gjekk ned for å følgje Nekoline uti kammerset.

Kort tid etter kom dei heim.
Dei sette seg ved bordet, og venta på servering.
Sjøl sette han seg på vedkassen. Sat og såg på dei. Mora kjente auga på seg, og sette i: - Huff! Kor du sjer sånn fer?
No måtte det komme! Han kjente sinne som voks fram i han, men roa seg ved at søstera gjekk der mellom dei, men likevel klarte han ikkje å halde det tilbake lenger.
 
- Æ sett og sjer korres ei hyklarkjerreng og ein snyltar sett å meske sæ med mat som anna folk betale, og som dem itj ein gang
årske å lagga te sjøl. Det sjer æ på! Han var roleg i målet, men det var ei ro som kneip om strupen så det hørtes ut som stål mot glas.
Hender’n hennes Lovise stansa. Heile skikkelsen stansa som om ho vart frose te is. Alt va dørgje stilt. Han såg på dei, fast no, ikkje som ein gutvott. Såg denne sleske manneskikkelsen som sat der med hendene knept rundt katekisma. Såg hatet i auga på han, eit brennande og farleg hat, hørte hikstinga på mora når orda endeleg gjekk inn, og angra seg litt, men ville ikkje tenke på henne no. Ho reiste seg og gjekk ut i stova. Han hørte kor ho gråt og såg at søstera var på veg, men han stansa henne med eit blikk, og slik fraus ho fast i ein ny stilling.
- Du ska ut herifrå, bå de du og søstera di! Han heldt tennene saman, sjøl når han snakka. Kallen såg på han. Markus såg blodåra i tinningen som banka og trua med å sende galle rett i synet på han, såg kor han pusta for å halde kontrollen, men han såg og at han var ikkje emissær for ingen ting. Han fekk att kontrollen, fekk tilbake dette glatte draget over munnen, og greidde å sjå på han med noko som skulle forestille eit nådig blikk. Markus følte seg overrumpla før mannen hadde sagt eit ord.
Ka var dette her?
- Synes du at det e rett å behandel si eiga mor på den måten?
Han hørte hikstinga frå stova, Mus-Per snudde seg, og ropa inn:
- Kom ut mor!
Ho kom inn igjen, som ein skugge, sette seg ved bordet igjen og gret stilt.
Mus-Per sette på seg lorgnett og slo opp den lisle boka framfor seg, og med høg røst las han:
- I unge, værer de ældste underdanige og ifører eder ydmyghed. Thi Gud staar de hofferdige imod; men de ydmyge giver han naade.
Ydmyger eder derfor under Guds vældige haand, forat han maa ophøie eder i sin tid.
 
Så slo han boka igjen, og såg på Lovise.
- Unde du mora di ein matbetta?
Markus såg kor søstera gjorde seg fri frå den stillinga ho sto i, liksom ein søvngjengar. Såg at maten kom på bordet, såg dette vesenet framfor seg som klappa mora på kinnet, og såg dette dumme neket ta imot. Han klarte ikkje å få fram eit ord, drog berre søstera med seg ut og opp. Ho følgde lydig med, viljelaust og redd, ville leggje seg. Ho gjekk inn til seg sjøl og lukka døra.
Markus tok fram biletet han hadde fått sendt og såg lenge på det. Tenkte at det var ein avgrunn mellom dei. Han la det tilbake i konvolutten. Han hadde slutta med å kysse bilete. Brått hadde han slutta ein dag. Minner om liv slører synet, og kan kvele viljen!, tenkte han. Men ka skulle ein stille opp mot dette?
Broren hosta borti eine senga, men han vakna ikkje.
I morgon fekk han ta seg av den saka først.
Vinden hadde eit nordvestleg drag. Det var kanskje sterk kuling.
Han sovna med lydane av vind, hoste og stemmer frå kjøkkenet i øyra.
Han hadde terga Fanden, og fraus der han låg.










 
17

I otta vart huset vekt av at nokon slo på ytterdøra. Det var Lovise som fekk opna. Ho var nokså urven og forfjamsa der ho sto og såg på mannen som forstyrra morrasøvn på eit så ukristeleg tidspunkt.
- Du Bendek? Så tidli?
Bendek unnskyldte seg det han var kar om, men ba likevel om å få snakke med broren, han Markus.
Markus var alt på veg og sto og slengte på seg bukseselane.
- Det e’n Bendek, han villa snakk me dæ! Lovise trekte seg litt unna.
Han Bendek kremta: - Villa nå itj trøng mæ på men det va bære det at æ har vorri borti skjæra, og da ha det slik at æ fekk sjå eitt båtkvelv som kom rekandes ferbi.
Først så hadde han trudd det hadde vore ei ulukke utpå havet, men som han såg nærare på båten, så meinte han det måtte vera færingen i Vika, og da kunne det vel hende at den hadde slitt seg og reke av på eiga hand. Ja, det var slik han hadde tenkt, for han visste jo at det ikkje var folk på sjøen der i huset no, skjønt ein aldri skulle vera sikker på det heller.
Markus tenkte først at mannen måtte ta feil, for han hadde jo ikkje båten sin her.
- Færengen e uti Halten!,- sa han, men i det same han hadde sagt det kom ein annan tanke over han:
- Herre Gud, nei, han kan da ver itj…?
Bendek såg rådvill og spørjande på han, men så kremta han igjen og drog peikefingeren fort under nasedropen.
- Æ foreslår at du blir med ut og sjer sjøl, æ har båten min leggan nerri støa.

Det var Vika-båten. Han Flaut med botnen i været mellom Lamholmen og Sengsskjæret. Dei fekk buksert han til lands såpass dei fekk kvelva han.
 
Han såg ikkje ut til å ha tatt så mykje skade, men mast, og årer og alt som kunne flyte var borte.
  
Dei lette etter folk. Heile morgonen tråla dei kvart skjer og flue, leitte på land og såg etter teikn i sjøen.
Ingen var å sjå, og dei begynte å snakke om at det kanskje kunne vera mogleg at båten hadde reist på eiga hand heilt frå Halten. Om det var ei slags trøst eller ikkje, så var det i alle fall ein av grunnane til at dei sette kursen heimover, ein måtte i det minste få i seg litt mat.
Da dei passerte Vikaneset trudde dei at dei hørte folk, og stansa for å lytte-
Jau! Det måtte anten vera dyr eller menneske i naud, og dei rodde seg inntil.

Dei fann han liggjande i bergklove, halvt i uvit. Den eine foten låg i ei forvridd stilling og buksebeinet var gjennomtrekt av blod. Kor lenge han hadde ligge kunne ingen seie, han var nedkjølt og sterkt forkome. Dei bretta saman seglet, og fekk han over på det, rodde den siste biten heim, og fekk han i hus. Doktor måtte skaffast så fort som råd var, og Markus måtte ta beina fatt. Han sprang det han var kar om den lange vegen til talestasjonen. Han sprang på seg hald og kjente bodsmaken i kjeften, her sto det om livet, og doktoren måtte berge kameraten!
Da han fekk kontakt, fekk han beskjed om at doktoren var ute i øyane, men dei venta han heim utpå ettermiddagen. Han klaga si nød til telegrafdama, men ka kunne det stakkars menneske gjera anna enn å love å ringe opp så ho fekk tak i doktoren så snart han kom tilbake? Han måtte finne seg i å gå heim for å vente.

Lovise hadde gjort så godt ho kunne med dette også, hadde fått tå han kle og pakka han ned i senga innpå kammerset. Mus-Per var mest opptatt av at det var forderveleg at ho måtte sjå ein naken mannsperson, men mora hjelpte henne med mykje støn og sukk.
 
Just var likbleik, og viste ikkje teikn til at han ville vakne.
Da Markus kom heim, såg dei nærare på såret og fekk lagt sårbandasje så godt dei kunne, men dei våga ikkje å røre foten, her var det berre å vente til doktoren kom.

Dei venta i fem lange timar før doktorskyssen nådde fram. Den magre mannen kom trælande opp sjøvegen med ei diger veske, klar til å gå laus på neste oppgåve i dette vanskelege distriktet sitt.
Han var bekymra for at mannen hadde vore nedkjølt, og undra seg over kor lenge han kunne ha ligge slik. Han måtte likevel gå laus på beinet, og få det på plass med ein slags spjelk, meinte han. Han fekk sprøyta i han noko gift, såpass han kunne ta fatt, beordra dei ut etter høvelege spiler og band, og lappa saman karen så godt han kunne. Han kjente vel også spritdunsten frå mannen og spurte og grov om kven han var og kor han kom frå. Markus svarte på det han visste, og legen noterte.
- Han skulle vel ha vært på sjukehus med en gang, men jeg tror det er best å ha han til overvaking her en stund for å se om vi kan få liv i han igjen, han er for svak til en slik tur enda. Kan de greie det?
Lovise meinte at det fekk vel gå, det var lite anna dei kunne gjere.
Før doktoren gjekk, fekk Markus han på tomannshand, det var ei sak han ville ha undersøkt, sa han.
- Det gjeld han Nils, bror min.
Og før doktoren gjekk hadde han lova å undersøke om han kunne få Nils inn på sanatorium for ei tid.
- Når det gjelder denne Just Pedersen, så må vi se fra time til time. Jeg skal innom læreren en tur før jeg drar hjem. Jeg regner med å bli der en stund, men jeg vil se innom senere utpå kvelden.

Det vart ein rar dag. For det første det å ha denne livlege karen som han hadde kampert så mykje saman med, liggjande hjelpelaus i sin eigen heim, men og fordi det vart, om mogleg, enda kjøligare mellom dei som var i huset. Dette var ei bør til, nokon som var i vegen og som dei snarast råd måtte sjå til å få ut av huset.
 
- Va det fer å fyll opp huset med fyllpakk du mått ha meir plass? Va det deffer du mått ha ærlege og kristelie folk ut tå huset Markus? Igjen greip han til skriftens ord: "Når du ser en tyv er du gjerne med ham, og med horkarler gjør du felles sak." Så siger Herrens ord!

Markus svarte han ikkje. Han undra seg ikkje lenger over korfor Lovise var taus, her var ikkje ord å sette inn, denne mannen var vond, og overfor vondskap må ein bruke tolmod og list. No lot han det berre vera, gjorde det som måtte gjerast for å få dette til å gå på eit vis. Her var trongt om plassen, og han måtte ty til Besta for å få ungane ut av vegen mens det sto på.
Dei spurte ikkje stort, forsto at det var noko alvorleg med mannen dei hadde kome berande med, og forsto at søstera måtte ta seg av dette no. Dessutan hadde dei ikkje noko imot å vera over til Besta nokre dagar.
Mora forsto såpass at ho måtte koma seg ut av senga og ta del i husarbeidet om det ikkje skulle brygge opp til stormvær. Ho tok seg av Nekoline først, og fann fram noko gammelsalta sei til middag. Lovise var opp i undring over så mykje innsats, men ho såg på bregdene at mora sjølvsagt kom til å stryke med slik som ho heldt seg for brystet. Mora ville få dei til å høre også, og dersom dei ikkje akta på henne så sendte ho eit støn i frå botnen av sin forpinte kropp så dei retteleg måtte forstå at det var ikkje berre framandfolk som trengte doktor og morfin der i gården.
Mus-Per sat og heldt verda saman i all denne galskapen, med knepte hender og auga. Ein Herrens tenar hadde så store bører å bera i denne jammerdal. Han måtte sjå vidare, måtte sjå at dette berre var ei kort pine på vegen mot det Nye Jerusalem, og derfor kunne han gle seg midt i nauda. At dei ikkje forsto! At dei ikkje skjønte at berre ordet kunne retteleg frelse dei! Her gjekk dei og baksa med all slags unyttig, og trudde dei skulle lage seg eit paradis på jorda! Dei var ikkje det spor betre enn desse ateistane og bolsjevikane borti Russerland! Men han skulle vise dei! Han skulle vise dei kven som ville vinne til sist! Det kvitna kring munnen på han. Hadde han ikkje gått rundt nok til spott og spe,
 
vorte håna for si kristne sjel, og sendt frå hus til hus? Her hadde han kome til eit hus som trengte han i sorga. Han hadde utøst frelsens budskap av si sjel, og ho Alette hadde lytta! Ho hadde lytta til ho var som voks i hendene på han, og han kunne leie henne lukt inn i dei evige salar. Ho hadde opna seg, og lagt fram for han både om tvil og skyld.
Og han hadde fått hørt litt av kvart om både den eine og den andre. Det var sjølvsagt ikkje slikt som han gjekk og samla på, men skulle det likevel verta bruk for einkvan opplysning, var det ikkje så sikkert at det var så ueffent å ha eitkvart å slå i bordet med. Han hadde ofte erfart det gjennom eit langt liv frå grend til grend i kamp mot synda. Og nett som han hadde funne seg tilrette her så kom denne sonen heim og laga ufred i huset, og som ikkje det var nok, denne havaristen som dei hadde lagt i hass seng innpå ytterloftet. Han hadde ikkje sett så mykje av han, men det lisle som var meinte han minte mest om ein tater, og det skulle ikkje undre han om det var slike folk dei slapp opp i sengene sine.

Nekoline sat og såg på han. Han såg irritert tilbake. Kvifor kunne ho no ikkje sjå til å kneppe igjen auga for godt, nei forresten, det var best ho heldt liv i seg til han hadde fått i stand dette giftarmålet, ho hadde trass alt vore billetten inn i dette huset.
Det skulle elles undre han om ho ikkje hadde nokre slantar sjøl Nekoline, bortgøymt i ei krå. Han hadde grunn til å tru det.
- E det nå du lure på Nekoline? Ropa han.
Ansiktsmusklane brukte lang tid på å forme ord no. Det var som om ho ikkje retteleg kunne finne ut kor munnen var hen og korleis han skulle brukas. Ho togg lenge før ho fekk fram.
- Ho Lovise?
- Føskjungen driv å stelle med fyllsvinet! Ka vil du a?
Igjen ei evigheit med leiting etter noko å snakke med, før ho fekk fram at ho måtte på do.
Var det ikkje rart dette at hass eiga søster måtte sitte her å tørke i hold, mens veikja leika samaritan for dette syndige menneske?
 
Han kava seg opp i eit raseri og for over golvet og opp på loftet der Lovise sto med ein vaskeklut for å tørke sveitte av denne mannen. Synet fylte han med ein sånn harme at han ropa ut:
- Kvinne! Du må sjå te at ho som trøng dæ får gjort sett fernødne! Eller e det løsta som herje i kroppen på dæ?

Ho kvepte til først, men så este sinne opp i henne, ho gjekk mot han og bora auga inn i hass, så langa ho ut handa og slo han i ansiktet, ho ga frå seg ein halslyd med det same, mest som eit støn, forundra over sitt eige sinne. Så gjekk ho ut.
Han sto der og strauk seg over kinnet, mens han gliste etter henne.
 
Utpå kvelden kom doktoren tilbake. Den siste timen hadde Just snakka i ørske, og feberen hadde stege. Ingen hadde fått kontakt med han enno, men det var uråd å gjere anna enn å vente, i alle fall til neste dag. Doktoren måtte elles rose Lovise fordi ho hadde tatt seg så godt av pasienten.
- Du har gjort alt på riktig måte. Jeg skulle ellers hilse fra læreren, han kunne nesten ikke bli ferdig med å skryte av deg, du hadde et slikt et godt hode sa han.
Ho sto der og vart raud, fekk seg nesten ikkje til å takke.
- Du burde vel ha gjort noe annet enn å gå her?
Han sa det så truskyldig som om det skulle ha vore den enklaste sak å berre dra sin veg, syntest ho.
- Å, det blir vel itj anna råd.
Ho sa det så stilt og sårt at han kjente det som at han hadde forgripe seg på henne. Ho fekk det travelt med å bere ut vatn, og greip etter bøtta. Han kjente at han måtte seie noko, men han visste heller ikkje kor mykje han kunne seie.
- Det kan jo tenkes at noen har satt seg fore å hjelpe deg. Han visste det hørtes dumt ut, men ho såg så rart på han, og smilte litt skeivt.
- Kem skoill det verra?
Han kunne ikkje seie meir, og slo det bort.
 
- Du skal se her kommer en engel!
No tok ho bøtta og gjekk, og han turte ikkje seie meir, men samtidig angra han seg for at han hadde brakt det på bane. Å snakke med allmugen var ikkje hass sterke side, læraren hadde meir enn ein gang mint han om det.

Dei bytta på å vake om natta, ho og Markus.
I grålysinga den tredje natta måtte ho ha slumra av, for ho sette seg brått opp av at det rørte på seg borti senga. Ho ordna seg opp med klut igjen, og no kunne ho verkeleg sjå at han hadde slått auga opp. Han såg på henne som om han prøvde å finne igjen eitkvart han hadde mista. Ho dyppa kluten i vaskefatet og la over panna på han. Da greip han brått handa hennes. Ho kvepte til.
- Æ vart nesten redd æ, kviskra ho.
- Ka har skjedd? sa han berre.
Ho forklårte det ho visste, mens han låg urørleg og følgde med leppene hennes når ho snakka. Sakte kom alt tilbake, sakte forsto han ka som hadde hendt, og han skamma seg så han kunne ha krope under senga.
Ligge her som eit vrak på grunn tå fylla mens denne frøkna stelte han, det var nesten ikkje til å halde ut.
- Båten?, sa han.
Ho forklarte det og, og ho såg at han vart litt lettare av den grunn.
- Du ska itj tenk på alt det no!,. ba ho.
- Nei nei, sa han berre. Og så la han til, - Du ska legg dæ no, æ har det bra!
- God natt! sa ho og gjekk. Ho trong visst litt søvn no.

Ho gjekk inn til seg sjøl. Vart ståande framfor spegelen mens ho kledde av seg, såg på seg sjøl frå fleire sider. Litt tynn? Ho greidde ut flettene, og ho strauk det lange håret framover over eine aksla, bøygde seg ned og drog ut ei skuff, forsiktig så ingen skulle høre. Den kvite silken kjærteikna handa hennes mellom alt det grove, helste liksom frå ei annan verd. Ho tok det opp, la

sjalet over skuldrene og såg kor det mørke håret la seg over det kvite, som lyste enda meir i blålyset. Ho kom på at ho måtte seie frå til Markus. Da ho gløtta på døra låg han vaken. Låg han ikkje og såg på eit bilete? Ho kjente seg som ein kikkar, men fekk sagt det fram at Just hadde vakna, men at han sov, han trong ikkje å tenke meir på det i natt. Han kjente seg letta, men såg at ho vart forlegen.
- Kom hit! Han hadde ein så underleg varm klang i stemmen.
Han viste henne bilete. Ho var opp i undring over å verta innvigd og over det ho fekk sjå, men ho fekk da sagt ka ho meinte, - Ho e så fin!













 
18

Ingen kunne seie om Thomas Abrahamsen at han var ein snobbete mann. I alle fall ikkje meir enn ein kunne forvente av ein mann i hass stilling i samfunnet, eller for å seie det slik, det var i alle fall ikkje det som var hass fremste særmerke i dei lag av folket han hadde tilhald til dagleg.
For dei som kjente han, var han heller ein tenksam og opplyst mann, ein som likegodt kunne ha gjort det bra i eit akademiske yrke. Ja, sjøl meinte han at handel var ein ”stor vederstyggelighet”, og sa ofte at ein handelsmann er forutbestemt til evig pine, og at det var einaste grunnen til at han brukte noko av all denne kapitalen på seg sjøl. Så snart han hadde tid sat han oppe i biblioteket og leste. Alt frå Homer til Hamsun gjekk ned på høgkant, og ofte måtte han lese same bøkene fleire gonger. Han kunne more seg like mykje over Holberg og Molier som over Cervantes, og han kunne sjå med Olav Åsteson ned i sine eigne djup, eller han kunne slå følgje med Vergil eller Dante ned til den gru han hadde dømt seg sjøl.
Elles var han ikkje framand for denne Amalie Skram frå Bergen heller. Det biletet ho ga av strilane i Hellemyrsfolket stemte også med det han hadde sett, men på eit vis reagerte han likevel på dette at ho dømde heile slekta til undergang. Sjøl om han trudde det var så laga at ein kremar har lite i paradis å bestille, ville han ikkje godta denne deterministiske haldninga. Han hadde sett litt av dette gjennom sitt liv, at det er emne og ikkje arv som er avgjerande. Ja, han hadde til og med skaffa seg evige fiendar i byen fordi han mang ein gang hadde avvist søner av borgarskapet når han skulle ha folk inn i ei ny stilling. Etter hass smak var dei ein gjeng bortskjemde sveklingar som ikkje dugde til anna enn å sitte rundt punchbollen og gjere seg viktig. Nei, byen hadde for mange av dei! Dei var for lette, og han prøvde så godt han kunne å halde si eiga dotter unna dei, sjøl om det ikkje var det enklaste. Ho hadde eit ansikt, og dertil ein kropp og ei utstråling som tiltrekte seg alt av mannkjønn. Han visste det, og
 
såg med bekymring fram mot den dagen han kanskje måtte gje henne bort til ein av desse narrane.
Han var sjølvsagt bevisst si eiga stilling, men han hadde ei heller filosofisk haldning til alt sitt strev, ja til all slags strev for den saks skuld. Si eiga slekt hadde han glømt. Ja, han hadde det, og kjende som eit sting i brystet, men bles det bort i det same, Såg dei endelause rekkjene av svartkledte menn….-Religion!, snerra han stilt, og vart mørk i augo, Det skulle han i alle fall ikkje dyrke. Ikkje mange som tenkte på det heller når det gjaldt han. Ikkje det han vissste i alle fall. Ikkje no.
Det viktigaste for alle var å fortrengje den øydeleggjande keisemda. Eller kanskje det var ein grunnleggjande angst eller skyld som låg bak all menneskeleg iver etter å gjere noko, utrette noko? No kan det vel kanskje seiast at han hadde ”råd til” å tenke stort fordi han aldri hadde gått svolten til sengs, og den tanken hadde han sjølvsagt tenkt sjøl og. Men like fullt kunne han ikkje slutte med å tenke på at det var noko grunnleggjande patetisk i all menneskeleg aktivitet. Han var på eit vis ein fange av si eiga rolle som menneske tykte han, eller kva var no all denne energi som alle la for dagen etter å sette spor. Eigil Skaldagrimson hadde sagt det så greitt: Døyr fe, døyr frendar, døyr sjøl det same. Eg veit eit som aldr døyr, dom om daudan kvar. Var det berre det alt handla om, eit godt ettermæle, eller var det dette å glømme seg inn i augneblinken?
Eigentleg var det eit under at han var forretningsmann, og dertil at han skjøtte sine skjerv så godt, ja nesten som om det skulle vera ein leik. Sjøl så trudde han det hadde noko med denne kunstnarlege åra han hadde fått frå mor si å gjere.
Av og til følte han det som at han nytta ein større del av hjernen enn sine kompanjongar, ein slags intuisjon som berre særs kreative menneske er utstyrt med.
Noko av det same såg han og hos dottera. Som einaste barn var ho sjølvsagt den største skatten han åtte, men det var ikkje berre det, dei to var så inderleg like på så mange vis, ja om ein såg bort frå det reint ytre da, i det var ho mora opp av dage, og det var
 
han glad for, men når det gjaldt det åndelege, eller skulle ein rettare seie denne intuisjon, så var dei skremmande like. Ja, ofte opplevde han at ho tenkte på det same som han sjøl, eller at ho kunne fullføre ei setning han sjøl hadde begynt på. Dette var slikt som opptok han.
Han trong elles ikkje berre lese for å forstå, han var ein som likte å sjå, ja sjøl kalla han seg ein kikkar. Han kunne sitte å granske menneske over lang tid, heilt til dei kjente seg ille berørt av det, og han måtte sjå vekk for ikkje å brenne dei opp. Han kunne og sjå på naturen, på fuglar, ekorn, ja kva det skulle vera som om han såg alt på ny og på ny, eller han kunne drøyme seg bort i kunst. Han kunne ha levt eit heilt liv i kunstsamlingar. Han vart ofte mint om den gongen han nesten hadde mist ein stor handel i Roma fordi han hadde vorte så fjetra av Michelangelos bileter i det Sixtinske Kapell.
Og nett slik var dottera og, han såg det, og han visste ikkje om det var av det gode eller det vonde. Han skulle gjerne ha visst, for slike drøymande menneske var ikkje alltid så heldige som det han hadde vore, og litt måtte han vel tenke som Skallagrimen når det gjaldt ettertida. Han unnte henne alt godt, og han unnte henne sjølvsagt at ho kunne fortsette å leve eit så behageleg liv som dei hadde lagt seg til. Men det heile kunne avhenge av at ho fekk nokon saman med seg som kunne vera ein slags motpol til henne sjøl, eit praktisk og modig menneske.
No var det slik at Rebekka snakka så ofte om denne Markus, og han måtte vedgå at guten var etter hass eige smak også, men samstundes var han i tvil. Ikkje fordi han nok var ein fattig, landsens gut, men han hadde ofte sett at det største problemet når folk frå ulike klassar gifta seg, ikkje var så mykje knytt til pengane åleine, men kanskje meir til at dei tenkte så ulikt om verdiar. Ein som var på veg opp hadde lett for å bli forelska i sjølve middelet, ikkje først og fremst den fridomen pengane ga, og alt for ofte syntest han at han hadde sett at folk utvikla seg til vulgære rikmenn, utan sans for det som verkeleg talde i livet.
 
På sett og vis hadde dei ein større rikdom før dei fekk pengane mellom hendene enn etterpå, slik tenkte han, men han vart opprørt av sine eigne tankar i same sekund.
- Snobb!-, sa han høgt til seg sjøl, og la frå seg boka.
Søren Kierkegaard,Begrebet Angest, han kom stadig tilbake til den.
Ka skal no ein far gjera? Han kjente seg plutseleg så gamal som han var. Han hadde alt passert dei sytti, og kunne for den del heller ha vore bestefaren hennes, men så hadde det seg no eingong slik at han ikkje hadde treft sitt livs utkåra før seint i livet. At ho var over tjue år yngre hadde han alltid følt var eit gode, men i det siste følte han seg einsam i huset. Han åleine gjekk mot alderdomen, og det som opptok han var å leggje alt til rette, gjere opp sitt bu.

Borthen hadde skrytt fælt av denne guten, og meinte han hadde gjort rett da han hadde tilbode han underhald så han fekk ta maritim utdanning, men ka no om det utvikla seg til noko mellom desse, var han da den rette?
Han visste ka som ville versere i byen dersom han ga bort dotter si til ein ”simpel fisker”, og no kunne ein sjølvsagt velje å ikkje bry seg med slikt, men det var tross alt dei to som skulle møte verda i åra framover. Hadde dei rygg til det?

Ho kom inn mens han sat slik.
- Hei Far, sitter du her? Hva gjør du?
- Jeg sitter her og tenker på deg?
- På meg?, Hvorfor det?
Han ville ikkje uroe henne, og sa det derfor lett, og med ein smil: - fordi jeg er gammel, kanskje?
Han hadde ikke klart å gjere henne roleg, han såg det.
- Hva er det Far? Er du syk?
- Syk nei, vet du ikke at jeg er sprek som en fole?
- Nå, det var godt! Men hvorfor tenkte du på meg?
- Nå, du vet man tenker så mangt, og av og til må man jo tenke på fremtiden, og nå satt jeg altså og tenkte på din fremtid.
 
Hun sa ikkje eit ord, berre granska han med desse rolege augo. Han flytta på seg i stolen. Så manna han seg opp, og spurte rett ut:: - Er det så at du liker denne Markus?
- Ja!
- Har du skrevet med ham?
- Ja! Ho kjente at ho vart raud, og det likte ho ikkje.
- Trur du det kan bli til noe?
- Jeg…jeg skjønner ikke..
Han forsto at han hadde gått for fort fram, likevel var det noko han hadde på hjarte som han måtte få sagt.
- Du skal vite at det gjør ikke noe for meg eller din mor…
Hun smilte…
- Nå, sånn… Takk far!
- Ja, du kunne kanskje tro at vi syntes at dere var så …..
Han kjente at dette vart for vanskeleg. Ho la hovudet på skuldra hass og sa..
- Du mener, at siden vi har så forskjellig bakgrunn så ville det ha blitt vanskelig for oss?
- Ja, nettopp! … det var det…
- Men er ikke du og mor forskjellige da?
Ho hadde jo rett i det. Mora var ei ganske vanleg bondejente frå Jylland, men var det ikkje litt forskjell på om det var mannen eller jenta…?
- Dumme, lille Far! Vil du la meg ta den avgjørelsen?
- Ja!
- Takk!
- Og du! ….du kommer vel til å invitere ham hit når han kommer?
- Ja, men det har jeg jo alt gjort.
- Å, jasså!
- Ja, synes du ikke det var passende?
- Jo, jo- for all del… mener du?
- Nei, hun lo, jeg liker ham, det er alt, så få vi vel se da, tror du ikke?
- Jo, selvsagt. Denne dottera tok aldeles over styringa.
Ho ga han eit smellkyss på skallen, sa god natt, og gjekk.
 
Han kjente seg enda eldre.
- Jeg er gammel, sa han høgt for seg sjøl.
Ho stakk hovudet inn igjen og spurte:
- Sa du noe?
- Ja, jeg sa det, at jeg er gammel!
Ho blunka berre, og lukte døra etter seg.

Ho var litt uroleg for faren, men likevel kjente ho seg glad.
Markus og ho hadde møtt kvarandre to gonger og ho visste at ho ikkje kjente han, men likevel var det noko med han, og desse breva var så fulle av varme, og dei kunne skrive om ka det skulle vera. Ho forsto at han hadde ei verd å stri med som var framand for henne, og ho undra seg over at dei kunne halde ut med så mykje folk i eit lite hus. I alle fall gledde ho seg til sommaren var over og dei kunne møtast. Han hadde arbeidsnever, og førte seg som ein mann, ikkje som ein av desse dvaske valpane som sverma rundt henne til vanleg.
Ho tenkte på faren. Ho forsto det meste trudde ho, faren var ikkje så vanskeleg å tyde, men likevel var det ein ny tanke for henne dette at ho skulle ta over, bestyre det heile. Ville han tåle å vera gift til ein formue? Ville han vera for stolt? Ho tenkte etter, og fann ut det var best at han fekk sjansen til å vise ka han dugde til, når han hadde fått sine papirer i orden.
Han ville sikkert prøve å bygge seg opp som ein sjølvstendig mann i alle fall, og ho var sikker på at det var også det beste. Ho hadde tid til å vente.
Kanskje ville alle damene i byen kappast om å få han ein dag?
Ho drog silkekjolen av seg og studerte seg sjøl lenge framfor spegelen. Så drog ho nattkjolen på og kraup opp i den store, mjuke senga.
 
19

Våren gjekk. Ein dag fekk dei plass for Nils på sanatorium. Markus vart med og fekk han vel framme. For første gang fekk han ein grundig undersøking, og legane kunne konstatere at sjukdomen hadde utvikla seg svært sakte, men mykje skade hadde den gjort og dei måtte vurdere om eine lunga kanskje måtte fjernast. Han gjekk der mellom dei som ein redd liten fugleunge, men Markus visste at guten hadde vore førebudd på alt i fleire år, og at han var den modigaste av dei alle, tross alt.
- Æ e gla fer å verra her, sa han.
- E du? Korres da?
- Ferde æ trøng hjølp, og ferde ho Lovise har så my læll.
- Men du e itj i vein fer nå’n, det va itj deffer.
- Nei, da….
- No ska du størknas te og komma dæ! Det e så my dem kan gjerra her veit du.
- Ja.. han greip handa til broren,…- Takk!
- Sjå her! Sjøl bladde han fram ein heil tikrone, - den skal du ha!
Guten såg storøgd på pengen, snudde og vende på han, og såg på broren.
- Æ?
- Ja, du må ha penga veit du, det kan verra my å kjøp når dokker e me ut og sånn!
- Nils drog broren inntil seg, og den andre kjente seg så motlaus og venelaus uten broren.
- Du ska gå no Markus!, sa han plutseleg, - æ må gjerra mæ kjent her veit du!
- Ja, ja, æ ska gå! Æ kjem igjen om fjorten daga, før æ fær te Bergen.
- Ja.. adjø no…
 
Da han sto utanfor og vinka på han som sto oppe i vindauge, kjente han seg så åleine.
Så retta han seg opp, snudde seg og gjekk nedover vegen..
 
- Sjå berre framover!-, sa han stilt til seg sjøl, og han kjente at stemma svikta.
Da han kom rundt første svingen gøymde han seg bak eit tre og let tårane komme.
  
 



























 
20

At Just hadde tilhald på Vikaplassen i fleire veker hadde ikkje gått upåakta hen, korkje på den eine eller andre måten.
I den eine augneblinken kunne han hinke omkring og sette huset på ende for dei med all slags ablegøyer, men i det neste kunne han sitte sturen og lei inne på kammerset, og da var det ingen som våga seg inn, ja unntatt Lovise, men også ho gjekk stille i dørene da. Doktoren hadde sagt at han fekk ta tida til hjelp. Han hadde vore i byen og fått foten operert og lappa saman, og med lovnad om at han skulle bli like god.

Mus-Per vondroges at han måtte finne seg ein annan stad å bu, men etterkvart sa han ikkje meir. Lovise vart så bister når han talte om slikt, og mora turte ikkje seie noko.

Ein dag spurte han Lovise om ho ville følgje med han til bua. Han hadde noko han måtte handle, men han var så dårleg til å gå enda, så han visste ikkje om det gjekk så bra med å bera varene. Ho vart med han, meir enn gjerne. Ho ansa ikkje faktene til mora da ho gjekk, ho kjente at ho kunne sette seg opp mot henne no når dei var fleire i huset. Det var mora som hadde dratt inn denne kallen! Ho kjente det som ei stor befrielse å koma seg ut, og især saman med Just. Det var så det kribla i heile kroppen da ho fekk gå ved sia hass over heia til bua. Berre det å koma saman med folk var ein fest, og Just visste korleis han skulle føre seg i lag med folk. No var det sjølvsagt mange som stakk hovuda saman når denne Vikaveikja kom i lag med denne framandkaren, men før dei var ferdige med å handle hadde Just snakka litt til alle, anten dei var sånn eller slik, og ingen kunne retteleg mislike ein mann som snakka så overbevisande og liketil om alle ting. Dette med bærenga kunne han likevel ha spart seg for han handla så mykje at dei måtte få varene frakta heim uansett.
- Du ska da ver itj handel så my matvara? Ho meinte som så at det fekk vera måte på alt, han skulle no ikkje fø opp heile huset fordi om han var gjest, men han heldt på sitt.
 
- Æ kan da ver itj salt ne pengan kan du skjønn, dessutan ska du ha nye sko.
Ho la imot det ho kunne, men han sendte handelsmannen i veg for å hente det han ba om, og han bar villig fram alt han hadde, berre han fekk pengane.
Da dei var ferdige sto ho med eit par nye sko og visste ikkje ka ho skulle seie korkje til han eller til dei heime.
- Det e litt tå betalenga fer at du har vorri sjukesøstra mi så læng.
Ho skotta på Hjertøykjerringane om dei hadde hørt noko, men så kom ho på at ho ikkje brydde seg så mykje om det. Dei likte sikkert å samle slikt dei kunne verme seg på i dei kalde sengene sine før dei sovna, og dersom ho kunne gi dei den varmen så gjerne for henne. Ho prøvde likevel å mildne det litt da ho svarte.
- Ja, men æ ska da ver itj ha betaleng fer å hjølp folk som nesten har drukna! Men takk ska du ha!
Dei helsa og gjekk. Han såg på skoa.
- Likt du dem?
- Likt ja!
- Det der e første avdraget det, bles han, - vent te æ kjem frå byen neste gang du, da kan det kanskje tenkas det vanke meir!
Ho kjente seg varm i kroppen, fekk seg ikkje til å svare noko på det.
Dei vart gåande tause ei lang stund på heimvegen over heia.
Det var mildt og godt, og fugleleiken var i gang mellom bergnabbane. Sauene sto med spisse øyre og speida etter dei når dei kom ruslande.
Da dei passerte Løngtjønna stansa han og ba om at dei måtte ta ein pust i bakken.
- Du spreng mæ da aldelses i senk du, klaga han.
- Verske du i foten.
- Ja, litt!
Han la jakka si på berget og ba ho sette seg attmed han.
Ho sette seg, men ho kjente seg så rar med ein kar så tett inntil seg. Det var som det brann gjennom klea, og ho våga nesten ikkje puste. Hadde han planlagt dette? Ho var forvirra og ør.
- Ka tenke du på? Han sa det så stilt og alvorleg for å vera han.
 
- Tenke på? Nei ….æ.. Ho visste ikkje ka ho skulle seie til slikt, ho visste ikkje om ho skulle springe eller ka, men ho kjente at det var godt å sitte.
- Æ tenke på dæ! Han slo det fast så det gjekk som ei iling gjennom både kropp og sjel.
- Tenke du på mæ? Ho kjente at ho måtte få det til å bli kvardagsleg. Dette var for farleg.
- Du tenke ver på at æ slapp å bærra nå meir enn sko’n kanskje?
- Nei! Æ tenke på det at du e den finaste veikja æ har møtt nå’n gang, og æ tenke på det at den mann som får dæ…. han måtte kremte no, kjente at så poetisk var sjøl ikkje han…- ja, den mann kan pris sæ løkkelig.
 Ho kjente at all kraft ho hadde i kroppen forsvann. Her sat ho og brann etter å seie kven ho ville ha, men tunga låg fast i munnen.
- Æ blir snart arbeidsfør igjen. Foten blir like god den.
Ka var dette for slag? Var han redd for sin eigen del? Ho kjente at ho måtte seie noko.
- Du e like god enten du halte eller itj… og det e itj det det beror på.
- Ka beror det på da? Han kjente seg tafatt han og no. Kvifor var det så mykje vanskelegare dette enn alt han hadde opplevd før?
- Det beror på om ein e eit godt mennesj…. og det e du, la ho til. Ho kjente handa som kom og la seg over hennes, kjente den gode varmen som strøymde gjennom kroppen og kjente våren kome mot seg som ein sval lindring i alt det grå. Han snudde seg mot henne no, strauk henne over hovudet som om det var noko skjørt noko.
- E det håp fer ein kar som mæ meine du?
Ho vakna, kjente seg som kvinne i heile seg, drog han inntil seg og heldt han fast, kjente at kroppen kunne sprengjast av all denne gleda, ja ho kunne lette rett over heia og synge i lag med lerka kjente ho.
- Ja! Sa ho. Ho seig inn i armane hass og vart borte, flaut på ein straum som kom frå botnane i henne sjøl, ein straum ho ikkje visste ho hadde, men som ho hadde drøymt om lenge.
 
- Lovise… han formeleg smakte på namnet hennes, - Æ held vest på å bli gla i dæ!
Ho tok imot eit kyss på munnen for første gongen i sitt liv. Smakte på det, og vart meir ivrig sjøl og, redd si eiga lyst. Ka er dette?
Ho var utanfor verda, langt bortom Vikaplassen og mora og Nekoline, kjente at kroppen kunne styre henne dit den ville. Han la henne ned i lyngen, og ho drog han med seg utan skam, utan tanke for anna enn si eiga lykka.
Ho kunne ha latt han gjere det han ville, men han stansa sjøl.
- Det va itj deffer, du må itj tru det!
Ho pusta heitt imot han, strauk over den grove kjaken og ville berre vera til for dette.
- Nei… men du får lov…
No vart han med eit vaksnare enn henne. Minte seg sjøl om ansvar, og retta seg opp.
- Æ vil itj gjerra skam på dæ…det kan vent.
Ho kjente seg nesten skamslått først… ho kunne ha øst av seg sjøl ka det skulle vera…men likevel var ho takksam, når ho fekk tenkt seg om.
- Æ e gla i dæ no æ……æ held itj på å bli… æ har vore det leng.
Ho fekk sagt det, og ho kunne sjå han rett i glaninga mens ho sa det, kunne granske og tyde, men ho såg ingen ting som skremte henne.
Aldri hadde Just Pedersen hørt så salige ord frå eit menneske.
Da dei gjekk vidare var det som dei gjekk dei første stega inn i eit nytt land syntest dei. Det er nesten så ein ikkje kjenner seg igjen, tenkte Lovise.
Da dei nærma seg tunet prøvde dei å te seg som om det aldri hadde vore noko mellom dei, og ho visste at det var slik dei måtte vera no.

Mus-Per var på veg til dassen med bukseselane daskande laust bakpå låra. Han skula olmt på dei, men Just ropte hei og lurte på om han trudde det kom til å gå bra.
 
- Ka fer nokka, gneldra kallen.
- Æ lure på om ferdøyelsen e bra…
Den andre målte han frå topp til tå, prøvde å strekke seg for å sjå ned på han, men det lot seg ikkje gjere.
- Æ kan itj skjønn at æ har nå ferplektels te å underrett fremmend folk om denslags? Han gjorde eit lite kast og gjorde seg klar til å gå. Men Just gjekk mot han og rekte fram neven.
- Just Pedersen!
- Ka fer slag? Den andre fekta mot handa som kom imot seg.
- Just Pedersen! Han ropa det høgre no.
- Æ veit da ver ka du heite, e du sinnssjuk mann?
- Nei men æ synes du sa æ va fremmend… så du veit kem æ e da?
- Meir enn nok… han strauk innpå dassen og klaska igjen døra etter seg…
Just Pedersen kunne ikkje dy seg. Han lista seg bortåt og smaug ned kroken på utsida.
- Du e toillåt! Ho prøvde å kviskre, men latteren trua med å sprenge seg veg mellom husa.
- Veit det, sa han berre og ga henne ein liten dask på rumpa.
Igjen måtte ho roe seg ned, før ho gjekk inn for å treffe dei andre.
Ho sette skoa opp på romet sitt, ville vente med å vise dei fram til ho var trygg på situasjonen.
Mora såg på dei frå plassen sin ved glaset.
- Vart det itj nå handel? Ho skotta på Just.
- Jau, da, sa han. Dem kjem snart med tre vognlass.

Nekoline sat med geipen nedpå brøstet. Lovise såg at ho trong både mat og stell, og mora og Per hadde visst ikkje gjort stort for henne, ho såg heller redd ut.
I det siste hadde ho slått frå seg at Nekoline nokon gang skulle ut av huset. Stort eldre kunne ho ikkje bli, det gjekk mot slutten, såpass kunne dei slå fast ein og kvar. Noko godt menneske hadde ho ikkje vore rett nok, men no trong ho å få vera trygg
 
resten av tida. Fattigdom og skam hadde forma henne til dette, og meir ugagn kunne ho ikkje gjera her i livet. Noko stor glede av å ha broren i huset hadde ho i alle fall ikkje lenger, sjøl om det var stor stas i begynnelsen.
Dessutan kjente ho at ho hadde så god råd på alt no, ho kjente at ho måtte få det ut på eit vis. Derfor ville ho gjere litt ekstra for kjerringa.
- Vil du ha rømgraut Nekoline?
Kjerringa lytta ut i romet som om det skulle ha vore ein stemme frå himmelen.
Ho anstrengte seg det ho kunne for å svare, og no var det som ho lyste opp og mjukna i ansiktet.
- Ja- - - takk!..
Ho følgde med hendene til Lovise da ho ordna grauten. Mora såg undrande på henne, og gjekk ut for å sjå etter kallen. Lovise skotta nervøst på Just, men han plystra ut i lufta og lot ikkje til å skjøne det grann.
- I morgo tidleg kjem’n Markus, e det itj så?
- Jau, han gjorde da det. Ho visste at den beste tida snart var slutt. Snart ville dei dra begge to, og kva vart det til med henne da? Ikkje hadde ho Nils og trøste seg med heller. Ho ville ikkje tenkje på det. Det var no ho levde og denne stunda var det godt å leva i. Dei hadde i alle fall fått potedesen i jorda, så det vart vel ei råd med tørva og med resten framover sommaren. Markus skulle ikkje dra før dei hadde fått høyet i hus, og ho håpte på at også Just kunne vera så lenge. Han hadde sagt frå til Borthen at det nok tok nokre veker før han var arbeidsfør igjen. Det var best for alle slik, så kunne dei hyre ein mann i hass stad for ein skikkeleg tørn.
- Sjå her Nekoline. No har æ på godt med rømfeittj og sukker, men vi må vent litt, det e brennheitt.
Nekoline sat som ein unge og venta, og aldri hadde dei sett henne kneppe hendene som no før maten. Lovise fann fram ein klut og la rundt halsen hennes, og ga henne grauten, skei for skei.

 
 Saligheita lyste ut av auga til kjerringa. Lovise syntest det var nesten vondt å sjå. Just hadde visst følt det same, og som eit innfall berre sa han.
- Du Nekoline?
- Ho såg på han og nikka. Kunne ikkje snakke med så mykje god graut i munnen.
- Det her må du itj sei te ei levvanes sjel. Love du det.
Nekoline var heilt alterert av undring, men ho nikka så vidt det var, og han var viss på at ho meinte det. - Ho Lovise og æ e kjæresta.
Lovise heldt på å miste grautfatet. Sto han ikkje her og betrudde seg til Nekoline?…det mest upålitelege menneske som hadde ramla ut av skaparhand!
Men da ho såg ansiktet som tok imot visste ho plutseleg at i dette kom ho ikkje til å svikte. Ingen hadde vist henne ein så stor tillit før. Ho gjorde seg ferdig med matinga, mens ho undra seg over kor rett han hadde gjort. Kven var denne mannen som kunne lese folk slik?
I det ho reiste henne opp for å ta henne med seg inn til kveldstell, kom Per og mora inn. Mora var mørk i ansiktet av sinne.
- E det rett å behandel folk sånn? Ho såg frå den eine til den andre.
Lovise angra for at ho ikkje hadde kome seg ut før. Per stilte seg opp i døra og såg så truande ut som ein mann med slapp pondus kan gjere.
Just var som eit uskyldig lam.
- Ka e det som står på?
- Å, du veit godt ka som står på! Trur du du skremme mæ med å steng dodøra din skithæl! Emissæren glømte heilt å velje ord som passa for hass stilling.
Just skulle akkurat til å parere med eit eller anna om at kroken måtte ha stått opp, og sikkert hadde ramla nedpå da han lukka døra, da dei hørt ein underleg lyd.. den kom frå botnen av brøstet til Nekoline.. og arbeidde seg opp til eit slags
 
 pusteinferno frå ein punktert orgelbelg… Etterkvart gjekk det opp for dei at kjerringa lo av hjertens lyst… Ho knegga og lo, og drog både Lovise og Just med seg inn i dette lydunderet sitt…. Dei to andre berre forsvann i dette, og grå sto dei igjen med alvoret sitt da dei tre forsvann inn i stova for å gjere klar Nekoline for kvelden. Just var snar med å kome seg ut igjen da Lovise gjorde tekn til det, men før han gjekk forsikra han seg om at Nekoline ville halde på hemmeligheita.
Ho bukka med heile seg, og sa ja med så fast ei røst at dei kunne ikkje tvile det minste, og etterpå knegga ho fornøgd lenge etter at ho var for seg sjøl og hadde lagt seg med reine kle, og full mage.
Men Mus-Per vart berre meir bisk etter dette, og vakta på tid og stad for å slå til mot denne mannen som hadde vanæra han så inderleg.










 
21

Lovise sov ikkje stort den natta. Mest av alt hadde ho lyst til å smyge seg inn på kammerset til Just, men ho våga ikkje for dei andre.
Det at ho ikkje sov, plaga henne elles ikkje. Kven treng søvn når ein er forelska?
Draumen var fin nok når ho var vaken, og ho låg og smilte ut i stilla, og kjente at alt var godt.

Morgonen rann opp, og det første som hendte var at det kom ei sending med matvarer av alle slag frå bua. Mora og Per sat undren og skotta på dette som kom i hus. Var det så at mannen ville gjere han forlegen?, tenkte Per, men ingen kunne vel kreve av ein emissær at han skulle bruke si løn på timelege ting? Da det meste var pakka ut og plassert i spiskammers og bur, kunne han ikkje dy seg for å seie dei ei livsens sanning:
- Mennesket lever ikke av brød alene… således lyder Herrens ord, la han til.
Mora hadde derimot vett nok til å takke, og seie at det var reint for mykje, men Just lot ikkje til å ta så mykje notis av nokre av dei, han hadde alt ordna seg opp for å sjå nærare på færingen som han hadde fore så stygt med. Årer og ny rigg hadde han alt skaffa, men han hadde ikkje sett på det sjøl enda, og no ville han ha alt klart før Markus kom heim.

Markus kom heim i 12-tida. Tause sat dei og lytta til kva han hadde å fortelje om Nils, at dei kanskje måtte ta eine lunga. Mora gret stilt no, og for første gang på lenge syntest han synd på henne. Kvifor kunne ho ikkje rette seg opp, bli kvitt denne mannen og møte livet som eit vakse menneske, i staden for at alle kring som eit hjelpelaus fe? Ho var eit viljelaust vesen mellom sine eigne ungar, som måtte ta styring fordi ho svikta når det gjaldt.

 
Johanna og Tilla tok ikkje kontakt med henne lenger. For dei var det Lovise som var mora. Nils hadde heldt seg til han sjøl, og for Halvdan var det berre Bendek, mens Lovise måtte ty til Besta og læraren. Og når det gjaldt han sjøl hadde det berre vore faren, og etter hass dagar var det berre minne om faren, og nye farskikkelser, heilt til no. Han tenkte på Rebekka.
Det var Lovise som braut inn i tanken hass:
- Det kom eit brev. Ingen av dei andre visste om brevet. Per såg surt på henne.
Han hadde mest lyst til å gå opp for å lese det med ein gang, men han beherska seg og sat roleg. Ville ikkje fly frå bordet som ein unge.
- Ja, eg skal jo til Bergen snart…på maritimen… Han sa det prøvande ut i lufta.. Hadde ikkje snakka skikkeleg om det før til dei, men no nærma tida seg så han syntest han måtte.
- Har du råd te det da?,- glapp det ut av mora…
Mus-Per sat med kvasse auge og følgde med i samtalen…
- Dokker ska slepp å betal ja! Det berre kom ut av han og han angra seg med det same det var sagt.
- Det e ein som ska betal det, mot at æ skriv kontrakt med rederiet fer ti år framover… det e sånn det e.. og det e eit godt tebud. Ja, og han betale fer tapt arbeidsfertjenest, så de trøng itj å ank på den tengen.
Just hadde og kome til no. Han sto ved døra og hørte.
- Æ har sagt det før, og æ sei det igjen. Vess du itj tar imot eit sånt tebud e du så tåskåt at du itj ha fertjent det.
Det vart reint hyggeleg på kjøkkenet med Just, og dei var sitjande lenge og prate. Var det ikkje som det var noko spesielt mellom Lovise og Just? Dei hadde ein slik tone seg imellom at han vart heilt opp i undring.
Mora følgde dei med auga, tenkte ho det same?
Rett som det var forsvann Lovise opp på loftet og kom tilbake med eit par nye sko.
- Sjå her ka æ har fått! Han sa det va lønn fer stellet.
- Kæm? Mora såg forskrekka på skoa.
 
- Han Just vel!
Mora såg forundra på Just, og det vart litt for stille rundt bordet, så Markus kjente at han måtte seie noko.
- Han syntest sekkert at du ha fertjent det! Va itj det sånn det va Just?
Den andre nikka, men han såg på kameraten og fekk styrkt den mistanken han hadde. Ja, ja, det var kanskje ikkje det verste som kunne hende, men han håpte for Justs del at han ikkje for med sine vanlege streker. Om så var, var han redd det vart slutt på venskapen.
Men så var det også slutt på hygga, for Mus-Per kremta, og gjorde seg klar.
”..de forlokker ubefestede sjele; de har et hjerte som er oppøvd i havesyke, de forbannelsens barn,..”
Mora såg forskremt på han, og det unnslapp henne eit..
- Ti no!
Han sat taus ei stund og såg seg rundt, så sa han…
”I lite troende”
Just studerte mannen der han sto ved døra, så klarte han ikkje å dy seg lenger.
- Kæm e det som før dæ? Et du salmvers og bibelsitat, eller kan det tenkas at du e ein snyltar?
 Dei skjønte at det var ikkje von om fred meir der i huset lenger no, i alle fall denne dagen, enda godt at ungane ikkje var heime. Mora sat taus no, og grua seg for svaret frå Mus-Per, men det kom ikkje, men det som kom svei meir enn om ho skulle ha vorte piska. For i staden for å svare Just, vende han seg til Markus.
- Så det e så at du ska bynnj i Bergen du?
Den andre svarte ikkje, sat berre avventande.
- Korres går det å få vandelsattest da du? Ja, fer du veit ver at du må ha det?
Ka var dette for noko? Det var som heile romet trekte seg saman rundt dei.
Just vart sint for dei alle. Gjekk fram og tok tak i mannen og drog han opp.
 
- Ka e det du meine mann?
Den andre pusta tungt mot han, men han visste ka han skulle seie no, endeleg skulle dei få sjå ka synda va verdt.
- Æ meini det at det kan verra vanskeli å få vandelsattest fer ein som ha drept far sin!
Han slapp mannen frå seg som om han hadde brent seg på handa. Hadde ikkje ord for dette. Såg det lamslåtte ansiktet til Alette på andre sida av bordet og den urørlege kroppen til Markus, ein kropp som alt liv forsvann ut av. Stilt reiste han seg og gjekk ut av huset med Lovise i hælane.
Han vart ståande åleine med Per, Alette og Nekoline. Alette hiksta no… og snakka som i ørske mellom riene…
- Æ skoill itj ha sagt nå te dæ… du e ond…. Å Herre Jesus tegi mæ…
Igjen fekk han sinne over seg, og grep tak i mannen..
- Ka va det du meint…..
Med roleg stemme svarte den andre:
- Æ meine det æ sa, at han Markus har drukna far sin….
- Nei, det va itj sånn… han Peter vart øydelagt i stormen.. Alette ropa det no…
- Han drap far sin ferde at’n ha mesta fotan, og æ kan underrett lensmann om det den dag i dag!
Det rørte seg bortved omnen. Nekoline var ikkje gangfør, men ho reiste seg halvt opp og hytta mot broren… Det var så uverkeleg at Alette sette i å ilskrike… Just slapp emissæren, gjekk så ut, og slo døra hardt igjen etter seg, han måtte finne Lovise og Markus.
Kva var dette for slags hus? Kva var det med denne mannen som styrte dei alle, han som ikkje hadde noko i huset å bestille?
Han leitte over alt, og da han omsider fann dei, sat dei på kvar sin stein i støa. Lovise gløtta opp da han kom, men Markus sat urørleg. Han såg korleis kjevene stramma seg i det magre ansiktet.
- Æ får itj ordet tå’n, kviskra Lovise stilt.
Han bøygde seg ned til henne og kviskra eitkvart. Ho såg spørjande på han og drog seg sakte opp sjøvegen.
 
Han sette seg bak han.
- Du ska hiv ut den kaill’n frå huset!
Markus sat taus framfor han så lenge at han vart sint.
- Koffer svare du itj?
- Ferde han har rett, æ drap far min!
Det skvalpa mot lunnene, og færingen sto der og lengta seg ut, nysmurt og med nytt ripbord på eine sida. Just svelgde, visste at dette berre var ein vond drøm.
- Fertæl alt! Han gjekk nærare no, sette seg rett imot han så han kunne sjå ansiktet.
- Fertæl sei æ!
Markus såg på han, sløkt og grå.
- Æ hadd ei veitj i Bergen..
- Du har ei veitj i Bergen! Snart ska du te Bergen fer å gå skole!
Den andre rista på hovudet mens han snakka.
- Å, nei du… det vart nok itj det…
- Du ska fertæl mæ alt! Hørre du!
Han fortalde. Han fortalde ka faren hadde sagt. At mora hadde stått der og sett…at det var drap…
- Ja, men det va da itj drap! Du gjor det du mått!
Just var nesten glad no…Markus hadde ikkje drepi faren, dette var det reine skitsnakk.
- Trur du domstolan vil sei det? Det var som hån i orda.
- Å, nei du, det va drap!
- Domstolan? Du blir da ver itj meldt fer nå sånt?
- Stole du så my på’n Mus-Per?
Nei, han stolte ikkje på Mus-Per. Han måtte snakke med mannen, nei han ville snakke med Alette om det ho hadde fått i stand. Ho måtte da kunne gjere noko.
- Du ska te Bergen, sa han igjen.
- Trur du æ kan treff’a Rebekka og faren no? Trur du æ får arbei no? Trur du sånne nyheita stoppe før dem når Bergen?
- Nei, far det e slutt!
Just reiste seg. Hadde ikkje meir å si. Han drog seg oppover, måtte snakke med Alette. Halvvegs oppe snudde han seg og såg
 
 tilbake. Sat han ikkje og las eit brev? Var det så at han gret? Han knyta nevene, snudde seg og gjekk oppover igjen. I det han passerte fjøset hørte han folk, han gjekk inn, men stansa da han hørt Lovise og mora.
- Så det her har du stelt i stand? Det her koinn du fertæl åt den der rækkaill’n?
Alette gret hysterisk, og ba for seg.
- Æ veit det, æ e syndi!
- Å, slutt me det der syndisnakket dett! Du e så dum at du skoill ha vorri innstengt! Just undra seg over Lovise. Kunne ho seie slikt?
- Kan du fertæl mæ korres du har tenkt å løys det her? Veit du at du kan ha øydelagt framtida fer oss all?
Alette var som utsletta no, sat berre samansokke på krakken og tok imot, han kjente at han måtte gjere noko, finne ei løysing, for dette gjekk ikkje i hop.
Han gjekk fram. Dei såg han ikkje før han plutseleg var der. Lovise såg redd på han.
- Ka vil du?
- Æ vil snakk!
Han sette seg ved Alette.
- Ka trur du ska te fer å få’n Per te å ti still?
- Æ veit itj! Ho sa det så stilt at det nesten ikkje kunne hørast.
- Kan du snakk me’n om det da?
- Ja…
- Kan du gjerra det no?
- Ja…
Han drog henne opp og fekk henne i veg, vart ståande å sjå på Lovise. Ansiktet var som forvridd av smerte. Han ville så gjerne mjuke det opp, gjere henne glad igjen, men visste det var uråd. Han gjekk fram, og drog henne inntil seg. Da brast ho i gråt, og han let henne gråte lenge.

To veker seinare sto Lovise i glaset og såg mora forsvinne over haugane samman med Per. Markus gjekk omkring som ein søvngjengar, og det var som livslyset var tatt frå han. Hatet mot
 
denne mannen var grenselaust, og da dei hørte prisen han forlangte, skjønte dei alle at det var over og ut for dei i Vika, Alette måtte betale med giftarmål og felles bu. Ho hadde gifta seg som ungjente med Peder i Dolmkjerka og med heile slekta til stades. No smaug ho seg som eit dyr stad til Trondheim for å gifte seg i dølgsmål, og det var ikkje ei levande sjel som følgde henne.
- Ja, ja. Det vart no ei råd!
Just kjente på orda. Nei, råd var det ikkje. Korleis kunne han dra frå dette no, la Lovise vera igjen her med dette pakket?
Han kunne ha tatt henne med seg, men visste så alt for vel at ungane kom til å gå i hundane om så skjedde og at ho aldri ville la det skje. Han fekk det annsamt med å få henne for seg sjøl og gjekk og gjette på anledning, og da endeleg Markus drog stad for å hente kasser for å pakke flyttelasset sitt i, drog han henne med seg ut av huset. Han hadde så mykje han måtte seie no, få orden på alt, ja han beint fram målbatt henne fordi han sa alt så liketil og beint fram. I den eine stunda fortalde han rett ut at han var så glad i henne at han ikkje kunne tenke seg å vera henne uten, og i neste augneblink la han ut for henne om korleis dei kunne styre dette sin veg, at han kunne kjøpe seg bruk og at dei kunne ta ungane til seg. Ho lytta og ho ville tru, men korleis skulle han kunne reise pengar nok til eit bruk, og dessutan visste ho ikkje om det var det ho ville ha. Ho kunne helst tenke seg å ha eit arbeid sjøl og, og etter ei stund sa ho det til han, men angra seg nesten da ho såg reaksjonen. Utdanning ho og, var dei galne alle saman?
Han pakka i pipa, og sette seg ned på låvebrua. Ho var redd han vart sint og sette seg ved sia hass.
- Vart du sint?
- Nei, sint…. det e berre så vanskeleg..
- Du ska itj tenk på det no! Ho strauk han over håret…
- Æ blir her no i alle fall, vi får tenk og skriv.. det går ei stund det her og.
 
Ho drog han med seg inn i løa, ville ha han no. Ville kjenne eit levande menneske mot seg for å glømme alt det vonde. Ho la seg i høyet og drog han inntil seg. Lot kroppen bestemme heilt denne gongen, og det smitta over på han og, kjente det var rett, måtte berre ikkje gjere henne med barn.
Han kjente han kunne gjere ka det skulle vera for henne, han skulle arbeide dobbelt så ho fekk det ho ville. Han ville bera henne fram som si eiga alvedronning. Dette er kjærleik tenkte han og drog inn duftene frå henne.
Dette har du aldri kjent tidlegare, tenkte han.
Etterpå vart dei liggjande å glane opp i lufta. Ein måse sette seg på taket og skreik hysterisk i lange tirader. Dei lo, og kjente seg eitt med livet, og når måsen letta kunne dei ha floge ut over havet med han. Det var godt å vera til, tross alt.

-Va det ondt?
-Nei…ondt nei…når kjem du igjen?, sa ho.
- Når du vil!- svarte han.
- Da dreg du itj, lo ho. Ho visste han måtte dra.
- Eg skal nordover til Sauøya og gå ombord der, men først måtte han om Halten og hente nokre av tinga sine. Det e bra med sild no, så det bli ver ei stund før vi kjem igjen.
Ho ville så gjerne spørre han om han sjøl, men ho var ikkje sikker på om han ville like det. Kva gjorde det vel elles kor, og kem du kom frå? Det var deg sjøl det kom an på. Og denne mannen ville ho ha, det visste ho.

Dagen etter reiste han. Han lova å sende brev. Markus reiste neste dag igjen, men før rutebåten vendte til byen vart han tømt for passasjerar frå Trondheim. To av dei var nygifte, men brura såg ut som ho bar all verdsens synd på sine skuldrer. Markus snakka så vidt med henne på kaia. Med Mus-Per veksla han ikkje eit ord. Her var snakka nok på Vikaplassen etter at han kom. Som ein heimlaus måtte han dra herifrå, og han visste ikkje når, eller om han nokon gang kom tilbake.
 
Lovise kjente seg så heilt fortapt da båten la frå. Ho tok snaraste vegen heimover, over berga, så ho slapp å gå i lag med sjølfolket.
- Æ ska innom Besta!, ropa ho over aksla.
Mora nikka, og traska i hælane på mannen sin mot Vika.
Det var som ho følgde seg sjøl til grava.
























 
22

Just Pedersen sendte ein lang stråle opp i spyttebakken.
- Fan te Judas! Han snerra mot lugarveggen og deiste neven i bordet. Hadde ikkje Borthen stått der og trekt han ned til mergen i løn, og attpåtil skore ned på hyra for heile hausten?
- Jeg må først se hvordan dette går. Du er ikke hel arbeidsmann før foten er bra! Ja, det hadde han sagt. Han sparka av seg røysertane, og skrapa sildrest tå bukselåra.
Her hadde dei vore med på landnotkast som på det næraste søkte ned heile Barolina og ei galeasrigga jekt frå Aukra og så var ikkje han god nok høvis? Han hørte styret oppe på dekk. Folk som salta sild. Han hadde plenty med salt Borthen, for med eigne skuter over heile verda, og hadde enda kontakter langs Medelhavet og i Junaiten. Sto ikkje på nei!, men han var ein fark han som alle andre rikingar, i den saka hadde nok Jens Flata rett.

Flata ja, han var ein rein folkefrelsar vorte han. Han hadde lest både Tolstooj og Dostojevkij, men dette med mensjevikar, bolsjevikar og sosialrevolusjonære i Russland makta han ikkje å forklare ein levande sjel, men når han snakka om norske forhold var det mange som lytta, ja han hadde vorte reine emissæren i fiskeværa for denne sosialismen sin? Og sant å seie så for han ikkje med tull heller, det var mange nok som lytta når den karen stilte seg opp og la ut om kapitalkrefter og produksjonsmedel. Ja, ein måtte berre innrømme at det var mangt som ikkje var så liketil i landet, og no var det oppgangstid, og kven tente på det? Var det ikkje det samme pakket som alltid hadde skodd seg på ærleg arbeidsfolk?
Låg ikkje denne Borthen og vakta på kvart einaste egg og kvart eit dunreir som var, for ikkje å snakke om vrak som flaut iland på holmane. Alt skulle i Borthens lomme, ja, ein skulle nesten tru at han eigde heile Atlanteren slik som han hadde fått ordna bestemmelsane, og var dei i grunnen noko anna enn slavar alle som ein?
 
Han bikka seg nedpå køya tidleg, sovna og drømte om Lovise, om småbruk og båt til heimefiske, sov seg inn i ei verd han ville slite seg helselaus for å få om så var.
Om morgonen var han tidleg oppe, purra mannskapet, løyste trossa, kommanderte segla opp og sette kurs for Stjørna, han skulle drive dei no, drive dei så dei kunne vasse i sildepengar, og gjere seg fri frå både Borthen og heile slaveriet.
Her var det ikkje snakk om landlege så lenge han rådde, det var nok av bruk å hente sild frå, og ”Greven” tålte last i all slags vær, og langs landet sto jentene klåre med oppbretta armar og solbrente ansikt og ville verske og salte sild, det sto ikkje på det.
Dei sto med saksene klåre heile hausten, og om vinteren for dei ut til Halten for å koke i båtlaga. Dei var som ei mjuk renning i denne veven av kapital og banning og dristige ekspedisjonar langs kysten, kroppar å krype seg inn til og verme ræva si på. Han hadde smakt på så mange, men det hadde han tilgode at han hadde sat unge på dei og sendt dei ut i verda til spott og spe, om det kunne tilskrivast som ein pluss på vandelen.
Heretter fekk det bli med klapp på baken og venlege ord, ingen skulle lure han under fellen meir. Det kunne han sverje på!
Han skotta på kompasset og justerte kursen, disen låg tung over Tarvahavet, og det ryktes om store innsig imot land.
Når han hadde gjort unna dette, skulle han til Trondheim, og da ville han ha jenta si med seg.

 





 
23
Etter at ho kom inn frå det vanlege morgonstellet i fjøset, vaska ho seg og gjorde seg klar til mjølkestellet i kammerset.
Den tjukke mjølka seig god og varm gjennom silkledet. To høystrå låg igjen. Ho tok katteskåla og ga Mons ein sildråpe, han mol og strauk seg seg inntil leggene hennes og lyste av pur kjærleik til desse velsigna hendene som kunne gjera livet til ein slik lyst kvar bidige morgon. Han slurpa i seg dråpane og sleika skåla så ho for framfor han bortetter golvet og vart ståande i kråa som ho skulle, men da ho ordna i stand separatoren, labba han ut. Han likte ikkje heilt denne duren og klimpringa av klokka når sveiva gjekk. Separatoren var som eit under. Ingen andre hadde noko slikt, men dette hadde altså Markus tatt med heim til henne. Ein sterk og blåkvit stråle av skumma melk song i bøtta, mens ein gul og tett stråle av fløyte fann vegen opp i skåla med ein mjuk tone. Dette var den beste delen av arbeidet. Å, denne velsigna Litago som hadde så feit ei melk at skåla vart full kvar einaste dag, og skaffa dei nok smør både til seg sjøl og til sal!

I det ho hadde slutta å dra, og separatoren seig rundt og spytta ut siste dråpane, hørte ho støninga inne frå Nekoline. Ho hadde elles tenkt å gjere seg ferdig, men det var likevel noko i lydane som fekk henne til å ombestemme seg å gå inn.
Ho låg på ryggen og heiv etter pusten. Augo feste seg redd på henne, mens ho heldt seg for brystet og prøvde å snakke.
- Har du vondt Nekoline?
Den andre nikka, og famla etter handa hennes. Det var som ho la all si kraft og konsentrasjon i å forme ord, og omsider fekk ho fram at det var noko med nattbordet.
- Bakom skuffa… stønna ho.
Lovise drog ut skuffa, og bak denne låg det verkeleg noko, ein igjenklistra konvolutt. Ho skulle til å opne han, men Nekoline la handa si over hennes og rista svakt på hovudet.
- Gjøm det under kjolbrøstet te æ e i jola. Du ska ha det!
Forvirra putta ho konvolutten under kjolen og takka.
 
- Men ska æ hent dokter?, du e sjuk.
Den andre rista heftig på hovudet… og fann ord igjen…
- Itj hent nå’n hørri du,…. itj’nån…
Så kom det ei ny ri over henne, men ho kneip munnen igjen så ingen skulle høre.
Etterpå vart ho liggjande stille, og såg på henne med ein matt varme i augo, ein varme ingen hadde trudd ho åtte…
Lovise heldt handa hennes heilt til ho ikkje var meir.
Sjøl vart ho sitjande å sjå på denne daude stakkaren uten frykt, og med sorg over alle som livet forma så ille.
Før ho reiste seg, strauk ho augo igjen og la hendene over brøstet. Ho måtte vekke sjølfolket. Døden hadde gjesta huset mens dei varme solstrålane lyste opp i vinduskarmen.
Så fekk ho ein god utgang, tross alt. Monsen strauk seg mot føtene hennes som om ingen ting var.
 
Ingen andre sørgde over Nekoline, men Per var snar om å få dei ut av rommet.
- Æ vil verra i lein med den kjære søstera mi, sa han og drog døra igjen etter seg. Lovise hørte at han romsterte der inne, og syntest det måtte vera ein underleg sørgestund, og etter ei kort stund kom han ut igjen.
- Sa ho nokka før ho dødd?
- Ja, ho sa ho ha vondt, men elles sa itj a nå. Ho villa itj ha dokter, og det gjekk så fort. Ho kjente den tjukke konvolutten som låg mot brøstet, og kom på at ho måtte hugse å gøyme han vekk. Han såg mistruisk på henne, men gjekk ut, måtte hente Bendek, sa han.
- Det va elles sørgeli du itj henta mæ så æ koinn ha lyst Herrens fred over a før ho for, la han til, og såg kvast på henne.

Nekoline vart nedsett på folkvis og sunge over, og den første tida var det som om noko mangla i huset, sjøl om det vel ikkje var noko stort tap for ein huslyd som hadde mange nok å mette.
Ein dag da folket var på husmøte, og hadde tatt ungane med seg bestemte ho seg for å sjå nærare på konvolutten.
 
Ho drog fram eit fotografi av ein mann ho aldri hadde sett før, og to gamle brev.
Hadde Nekoline likevel gjømt på ei kjærleikshistorie?
Ho la alt til side. Det kunne like godt ha vore ein slektning.
De vesle salmeboka var inntulla i eit silketørkle. Ho opna det forsiktig, og såg at den var skreve i. Til Nikoline Monsdatter Nyslett i andledning af hendes Konfirmationsdag. Erindring tante Charlotte.
Dette måtte ha vore ein stor skatt i Monsplassen i dei dagane.
Da ho la salmeboka frå seg for å ta ut resten, var det som at handa fraus fast. Var det pengar? Ho reiv handa til seg og slepte bunten frå seg. Mange pengar! Ho ville nesten ikkje tru det, kor hadde ho desse pengane frå? Hadde ho verkeleg spinka på dette i alle dei åra for å gi dei bort til framandfolk til sist?

Ho rista konvolutten og tok ut resten, eit lite brev, skreve ned med ei uskjønn skrift og med mange feil. Likevel, innhaldet kunne godt tydast. Pengane skulle Lovise ha. Bruk pengene på dig selv, og takk for god pleie. Nikoline.
Lovise opna dei andre breva, følte at ho smaug seg inn i eit anna liv no, men da ho var ferdig sette ho seg ned, og såg langt framfor seg. Nekoline hadde hatt ein son. Ein son som ho aldri hadde kjent fordi ho hadde gitt han bort som barn. Av ein eller annan grunn hadde han likevel oppsøkt henne og gitt henne pengar og eit bilete av seg sjøl. Ein merkeleg gest frå ein som hadde vorte svika i barndomen, tenkte Lovise. Men han hadde visst god råd, for han hadde vore i Amerika, og hadde gjort det etter måten godt.
Men bakpå fotografiet hadde Nekoline skreve. Død 11. november 1867. Så dette var altså sonen, og han var død?
Ho talte opp pengane med skjelvande hender, heile 300 kronar.
 
24

Dagen etter var ho på veg til skolestova. Ho hadde pengane med seg, for å gi dei til læraren og for å rådføre seg med han.

Han lyste opp når ho kom og drog henne med seg inn i privaten. Her skulle det drikkast kaffe når ein fekk slikt besøk.
- Det passe elles utruli godt at du kjem, la han til,- æ har nokka æ vil fertæl, men først må æ ver spør ka som føre ei sånn dame te mett ringe bu?
Ho drog fram pengane og la dei framfor han, såg det vantru blikket han sendte henne før ho hadde fått fortalt ferdig.
Da reiste han seg og begynte å rusle fram og tilbake på gulvet med hendene på ryggen.
- Utmerkt!, mumla han,- utmerkt!
Ho vart usikker og flytta seg nervøst på stolen. Hadde ho gjort noko gale? Ho skunda seg derfor å si:
- Æ kan godt gi bort pengan dersom dem det e sånn at æ itj ska behold dem…
Han såg strengt på henne.
- Gi bort?… nei du, det her bli bra det ska æ sei dæ… Det blir nok penga det her når vi legg sammen det æ har.
Ho sat som eit spørsmålsteikn… og han lo.
- Du skal gå lærarskolen, og no har vi nok penga…
Han la eit brev framfor henne, og forklårte at han sjøl skulle få bu i kårboligen til søstera sin gard i Vikna, og at ho derfor kunne få 300 kroner av hass eigne sparepengar.

Ho sat urørleg mens han snakka, ana sakte kva det var mannen prøvde å seie. Så sette ho seg opp, og sa:
- Du må ferstå at nokka sånt kan æ itj ta imot!
Læraren såg forfjamsa på henne. Dette hadde han ikkje rekna med. Stoltheit?
 
Så sette han seg ned, og forklarte, ja, han trygla henne, at ho måtte gjere det for hass skuld... han snakka så lenge at han gjorde henne usikker. Fekk det til å virke som eit svik om ho ikkje gjorde dette mot han, at heile hass lukke berodde på dette.
Ho begynte så smått å gjere seg forestillingar om ei framtid i skolestova, da ho med eitt hugsa ungane, og ho visste at dette aldri kunne bli noko av..
- Ungane, sa ho berre.
Han forsto, og hadde rekna med at dette ville kome.
Men han hadde noko i ermet.
- Besta, sa han.
- Besta?
- Ja! Æ har snakka med bestmor di ja. Og ho sei det at det ska itj stå på det med ungan. Før ska ho fløtt inn på Vikaplassen og ta sæ tå dem mens du gjer det ferdig… ja, sånn sa a det.


Ho vart mållaus. Var det verkeleg så mange som ville henne vel?
- Koffer e all så snill? Det var mest som eit hikst som kom frå ho no.
Læraren tenkte seg om før han svarte.
- Av og til er det nok sånn at drømman først blir verskeligheit på neste generasjon. Det at du gjer det her e lønn fer slit i mang generasjona veit du. Du må itj knus den drømmen, fer den e itj bære din.
Så la han til:- men æ har berre den her drømmen æ og no…har itj unga veit du!
Ho kjente det. Den som får, skal også tene. Det er ein uskrive lov, og den som glømmer dette skal vera ein framand alle sine dagar.

Han følgde henne til døra.
- Kom hit når du har fått tenk dæ om. Dem har opptaksprøve på Levanger i mai. Æ tenke du får prøv da.

Oktoberlufta var klar, ho trakk kofta tettare om seg, og fann den gamle stien heimover. Ved grinda møtte ho Mads Frå Løngheia. Han opna grinda for henne slik han hadde gjort så mange gonger før, mens dei gjekk på skolen i lag. Ho lo mot han,
- Gentleman som alltid Mads?
- Ja, men det e itj kvar dag ein får åpen grinda fer så fine damer no te dags. Det e læng sea no-
Ho kjente at ho vart raud i kinna. Det var ein vaksen kar ho hadde framfor seg no, fortærande pen var han og. Ho måtte dreie det over på noko ufarleg.
- Kor du fær i verden du da, Mads?
Han smilte rakt mot henne, forsto vendinga i samtalen.
- Å, æ fær no å rek ut te sjøs, har nettopp kome heim frå Karibien no.
- Karibien? Det hørres nesten som …. ja som Messopotamien!
Ho angra seg med det same det var sagt, det hørtes for barnsleg ut, men han berre lo.
- Ja, det gjer vel det.
Ho kjente at ho måtte gå.
- Du må fertæl mæ om Karibien ein gang Mads. Ho knyta skautet betre under haka, og gjorde seg klar. Han letta på huva, men så ropte han etter henne.
- Har du fått dæ kjærest?
Ho stansa, støkt først, men så kjente ho ein varme som spreidde seg i kroppen fordi det var sant og snudde seg mot han,.
- Ja Mads, æ har da det. Ho såg inn i det lyse ansiktet, men kunne ikkje tyde det. Så gjekk ho vidare, ville innom Besta før ho gjekk heimover.

Ho hadde nett bada seg da ho kom. Det tjukke, grå håret rakk henne heilt nedpå låra. Ho hadde alltid syntest Besta hadde så fint hår, men det var alltid overraskande å sjå det utslått. Til vanleg fletta ho det, og la det i ein kunstferdig tull baki nakken. Utslått hår var noko berre Besten fekk sjå, og derfor var ho letta da ho såg det var Lovise som kom.
 
- Nei no va det fint du kom så du kan flett håret mett, det e så vanskeli med å løft hender’n så leng.
Lovise trekte inn dei gode duftene frå Bestas kjøkken. Her var det plass nok, og ro. Berre vegguret fortalde at tida gjekk, tross alt.
- Besten e på ursjø’n, så no kan vi ha oss ei rekti godstund med kaffe og potetkak æ og du. Besta sette seg ved bordet og strødde hårkliper utover mens ho ga henne kammen.
Lovise strauk kammen gjennom bølgjene og kjente at det lukta blåsåpe. Ho verkte etter å spørje om ho hadde snakka med læraren, men ho kom seg ikkje til det sånn utan vidare. Ho var derfor glad da ho spurte kor ho hadde vore.
- Å, æ har bære vorre borti skolstua, snakka med læraren.
Det vart stilt igjen. Først når fletta var på plass i nakken, og dei sette seg med kvar sin kaffeskvett og potetkaka, vart det fart i samtalen.
- Så du har vorre åt lærar’n du.. Besta såg drømmande ut av glaset og utover svaet.
- Ja, æ skulla dit med nå… ho stansa, ingen hadde hørt om pengane frå Nekoline enda. Du Besta, sa ho, - det her må du itj fertæl ei sjel. Besta såg forskremt på henne.
- E du på tjukken? Lovise lo, - nei, nei, æ e itj ”på tjukken”.
- Å, det va enda godt fer da koinn du itj ha gått på skole!

Så kom det altså. Ho skein mot bestemora som sat der og helte kaffen sin på tefatet.
- Men pengan frå lærar’n rekk itj langt. Besta såg drøymande utover svaet. Ei galeasrigga jekt strauk forbi på veg til Kristiansund. Lovise var ivrig no, måtte legge band på seg for å ikkje verke for oppglødd. Det kunne alltids vera greitt å halde litt igjen. At alt skulle gå godt var nesten for mykje å håpe.
- Det var det æ villa sei at ho Nekoline ælta mæ penga.
- Ho Nekoline?
- Ja, 300 krona. Lovise drog fram brevet og leste høgt for Besta.
 
Den gamle reiste seg og stirte ned i brevet som om ho ikkje trudde sine eigne auge, så slengte ho armane kring sonedottera og klemte ho inntil seg.
- Da ska du reis med god samvittigheit veitja mi!
- Men ho mor og han Per da?
Besta sette seg igjen, og no det var som eit mørke la seg over ho, men uten svar var ho ikkje.
- Overlett det te mæ. Men korleis ho skulle løyse den saka, sa ho ingen ting om. Lovise tvilte på om ho hadde tenkt igjennom det ein gang.
- Men itj sei eit ord te dem om pengan!
- E du på styr veitj? Sei nå te dem? Nei da skul æ ha vorti bra åreferkalka. Nei, du kan verra sekker. Når du dreg e det fer pengan frå lærarn. Det e det vi ska sei.
Ho vart sitjande ei stund å prate. Besten kom og, med nytt frå bygda om sild i vågen og at det var behov for sildeverskera på nybruket hass Søren Sletta.
- Da ska vi piskede ut å tjen oss litt ekstra! Besta var oppglødd no: - finn fram verskarsaksen kaill! Æ og a Lovise ska på arbei i morra. Du ska få lønna mi å, og legg ti!
Lovise protesterte, men Besta beit henne av.
- Ti med dæ, har du itj lært at du itj ska motsei gammelt folk?
 Besten humra, mens han gjorde seg klar med garnbettinga si bortmed glaset, henta ar’n som låg oppe på dørkarma og målte opp det som alt var ferdig.
- Det e best du hørre ætti, ho e itj god å ha med å gjerra når du får a imot dæ! Æ fer min del jatte bære etti da’n lang.
Besta lugga han i det kraftige håret. Så flira ho.
- Men så vart det bra kar tå’n og.

Da klokka slo seks slag spratt Lovise opp.
- Å, herre Gud æ glømme både fjøs og unga!
Ho strauk på dør med hjertet i halsen. Alltid måtte ein vekkast når ein var inne i dei beste drømmane.
 
25

I dagane som kom var det liv og røre i været. Nybruket hass Søren Sletta trakk dei til seg frå alle kantar. Det var sild all stan, og det lukta pengar tå svaberga.
Søren sjøl gjekk rundt som ein ny væreigar. Dette kunne ikkje Borthen rå med. Han hadde investert og skaffa både seg sjøl og guten ei bra forteneste på sildefiske, og no var det bruk i tillegg med nye brygger og kai. Kvinnfolka kom frå fjern og nær med verskarsaksene sine. Her skulle det ganast sild!
Dei beste verskarane kunne gjere seg ein bra forteneste på ein dag. Ho Maren Rumpa var blant dei beste. Med vante hender handterte ho saksa, slengte silda på rygg i tønna, og låg snart ei heil tønne framfor dei andre. Sonen hass Søren, han Gustav, gjekk omkring og var dekselmann. Tønnene skulle vera fulle før han sette lokk på, og Maren sine tønner vart alltid fulle, og topprada hadde sildryggane opp slik dei skulle.
- Sjå på a Maren og lær!, sa ho Besta. Likar verskar finns itj, ja utenom mæ sjøl da. Ho var i godlaget no.
Lovise måtte konsentrere seg om arbeidet. Det var elles så mykje ein skulle ha sett og hørt. Her var det folk ho knapt hadde sett før, men og mange kjenningar.
Nanna frå Dragjet og Anette Larsen sto nærast. Det var godt å ha klasseveninnene å snakke med igjen.
- Det vart svært te kar tå’n Gustav-guten du, sa Nanna.
- Ja, det lønnt sæ vesst å skulk skolen. Vi va så steike dum at vi møtt opp kvar dag vi, pugga salmvers og katekisma så det taut ut tå all holan, men vart det nå peng tå det? Anette var like kvikk som Besta i kjeften, og Lovise likte godt å ha lag med henne.
- Ja, der har du kar å sats på, sa Besta, eller kanskje du har funne dæ ein annan? Du må itj finn dæ ein som itj har peng, det sei æ dæ. Besta skravla og fortalde om sildeverskeng før om årane, og om livet som kokke uti Halten.
- Det va så myttji alo og artigheit at!

Men så kunne ho bli tankefull, og fortalde om tragedien som hendte utafor Titran i 1899 da 140 mann omkom på ei natt. Og folket omkring sto og lytta. Det var mange som hadde mista nokre da. Men da ho merka at praten stilna av, slo ho om og fortalde segner om Guro Kunna som var dronning over heile Ut- Froværet, og som segla langs kysten på ein kvernstein mens ho reiv levra utav skreien.
- Sånne trollkjærrenga skoill det ha vorri fleir tå, la Nanna inn.
- Ja, men æ e ei sånn trollkjærreng æ!, sa Besta, bære spør kalln min.
Lovise syntest arbeidet var ein leik, og merka knapt at ho vart klar i armane. Og før kvelden kom hadde dei gjort ifrå seg både barselprat og Dronning Maud og utveksla nytt om både det eine og det andre. Det var mest så det flaksa ord over svaberga i lag med måseskrik og latter.

Ein dag gjekk det tin om at ”Greven” var ventande. Det var ho Nanna som hadde hørt det om morgonen.
- Ka du synes om det Lovise? Ska du stå her i striforskle med sildrest opp te øran da å?
- Veit du når?
- Ja, snart!
- Ja, da ska det ver bli ganeng, lo Besta. Du får gå heim litt tidlegare da veit du, så du kan heng på dæ nokka anna. Trøng ver itj å stank sild når kjæresten kjem. Æ ska send a Alette i stan din. Ferstår itj at ho kan gå heim å trø når det e så myttje arbei.
Æ ska snakk me a æ når derre slavedriveran finn det fer godt å gi oss pause!
Lovise tenkte at ho hadde aldri turt å be mora om noko slikt, og i alle fall ikkje no når denne Mus-Per hadde inntatt huset.





- - - - - - - -

Ho gjekk fjera heimover med striforkle i handa. Godt å ha tjent litt penga. Dass-morten leika i det klåre vatnet og ho bøygde seg ned for å sjå. Ho hugsa kor ho hadde fiska småmort med trå og bøygd nål når ho var lita, kor spennande det var, sjøl om ho syntest det var fælt når ho måtte eigne med mortauge. Etterpå låg morten der og sprelte med det tome augehola, og venta på at Mons skulle koma å gjere ende på lidinga. Ho kjente at ho fraus ved tanken. Kor fæle vi har lært oss å bli, tenkte ho….., rovdyr og bytte.
Ho ville gå, men nett da dukka han opp, fælingen. Frå tareskogen kom han, og ho kvepte slik at ho glei på berget og nær hadde sklidd ned i sjøen. Steinbiten var rask, og mortemønstert endra seg, ville koma unna rovfisken.
Ein mort spratt rett opp på land, og vart liggjande ved beina hennes. Ho tok han forsiktig opp og la han i ei sjøgrop i berget. Så kasta ho ein stein i sjøen, og steinbiten forsvann like fort som han kom. Så sto ho over morten sin igjen som fôr livredd rundt i den grunne pytten. Kor hjelpelaus han er, tenkte ho, kor daud han er om eg vil, og kor levande han er om eg vil la han leva.
Ho fanga han og heldt han i handa si igjen, kjente at det levde, meinte å sjå noko i fiskeauge ho kjente igjen.
- Du er min redde ven, sa ho. Du må vakte deg for overmakta!
Ho bar han ned til sjøen, og såg han forsvann inn i stimen. Gjømte seg i mengda, og ba for livet med krappe rørsler.
Mengda er einaste redninga, åleine er ein fortapt, tenkte ho.
Men i det same såg ho at dei andre mortane var over han, plukka han sund, bit for bit. Ei underleg redsle for gjennom kroppen på henne, og ho skunda seg bort.


- - - - - - - -
 
I kveldinga kom ”Greven” inn, og sidan det vart for seint med versking, og jekta måtte liggje over til dagen etter, vart det fest på været. Nystuguten drog fram toradern, og det verka i støle kroppa etter å ta seg ein svingom sjøl om det var haustkveld og kaldt i veret..
Lovise kraup tett inntil sjømannskroppen hass Just, snusa inn lukta tå finaste fransk brennevin og kjente kor villskapen brann i kroppen.
- Frys du?
- Frys nei, æ har da ver varmen innåt mæ. Han strauk henne over håret. I morra ska du bli med åt Trondheim!
Ho såg opp, skjønte at ingen ting i heile verda var umogeleg meir. Folk var englar som hadde bestemt seg for å gjere livet lyst for henne. Det var så ein kunne sprengjast tå glede.
- Du e så raudlett.
- Ja, e da ver verskerske må vetta. Vi blir så fin i hud og hår vi.

Seinare måtte ho fortelje om pengane og om utsiktene til å gå skole. Han såg rart på henne. Visste ikkje heilt om han likte tanken, men ville ikkje røre gleda som lyste ut frå auga hennes, så han sa med skjemt i stemmen at han kunne ha tenkt seg noko anna enn ei preppen skolefrøken oppi senga i lag med seg og at han kanskje fekk kjøpe henne lorgnett på neste tur.
- Tulleng! Ho drog han med seg inn i salteriet, knepte opp blusen og lot han glane.
- E det sånn ei preppen skolfrøken sjer ut.
- Nei, sa han, og dukka heile sin lengtande kropp rakt ned i
herligheita.
- Fersikti, sa ho.
- Fersikti som ein frøs, mol han.
Dragspellet te Nystuguten bar dei på ei båre av lyst og leik, og sanselaus kjærligheit te livet og kvarandre.



Seinare på kvelden ville han ha henne med seg ned til båten.
Han ba henne vente på kaia, og hoppa ombord. Da han kom opp igjen hadde han to stuvar med kostesamt kjolety med seg.
-Silke og shateng! , sa han og gliste.
-Æ synes æ har sjett det før, lo ho, var det innån som villa ha det?
-Det var innån som var verdig!
-Takk da! Ho strauk handa over. –Som a Sara Bernhardt?
-Sara Bernhardt e berre som ei floks, sa han og tente pipa si.
Uskyldig e du itj nettopp din rakkar!, tenkte ho, men no e du min.
-Det blir berre ei dame på mæ herætti, sa han.
-Ja-ha! , sa ho strengt. Så lo ho og tok han under arma.
Natta var varm og god.





















26

Den dagen Lovise for te byen med Just og ”Greven” luska Mus-Per vestover heia mot skolestova.
Han knuga testamentet nede i jakkelomma. Han ville legge fram boka for læraren, og så ville han sjå om han kunne lyge med gudsordet rett i glaninga.
Her gjekk ein og tærtes ned tå mistanke og tankar om at Nekoline måtte ha etterlate seg noko. Desse pengane som denne amerikaguten hadde kome med kunne ikkje berre ha fordufta ut i lause lufta, og ikkje trudde han at Nekoline hadde brukt dei på seg sjøl heller. Da Alette hadde nemnt noko om at læraren var bank for Markus, fekk han mistanke. Det var no vel ikkje dit pengane hennes Nekoline hadde funne vegen? Var det ikkje slik at denne Lovise-tøtta hadde stroke stad til skolestova straks søstera var i jorda?
Han stansa på øvste heia og såg utover svaet. ”Greven” strauk i veg for full seglføring. Han spytta brunt, og gjekk vidare. Han skulle ikkje gå her som ein fattiglem, mens andre gjorde seg feit på pengar som retteleg tilkom han sjøl, læraren skulle versågod få gjere rede for seg, og han skulle ta den Allmektige som vitne på at han snakka sant!
Rettferdigheit! Han song det ut og knytte neven rundt boka.
Herren din Gud er en nidkjær Gud, og var det så at dei hadde lurt han skulle dei få sjå at straffedommen skulle koma over tollarar og syndarar. Oppreising var det han skulle ha! No var det hass tur til å ta for seg av jorderikets gleder! Hadde han ikkje fortent det? Og var det ikkje slik at heile huset, ja heile været trengte til ei rensing og ei utlufting så Herrens ord fekk gå som ein refsande angst gjennom merg og bein? Kor liten han hadde gjort seg sjøl for frelsens sak. Men det var greitt det, berre han fekk rettferdigheit, og korkje prest eller lærar skulle gå fri! Var det så laga at denne læraren sat og skjulte synda, hadde han nokre Pauli ord til han og. Rettferdigheit, mumla han, og banka hardt på døra til skolestova.

27

Markus syntest han hadde fått meir enn fortent der han tråva mot lossjimentet sitt ut i Nøstegata med ei veske med bøker i eine handa, og ein rull med draft kring ein lang linjal i den andre. Det var herleg å sitte på skulebenken igjen og han drog til seg kvart eit ord som var sagt, og jammen hadde han ikkje fått skryt tå lærar Haftorsen for rekneferdigheita si.
Det artigaste var likevel navigasjonsfaget. Han kunne handtere ein sekstant som om han aldri skulle ha gjort noko anna. Sjølvsagt var det vanskeleg og. Han hadde sitte opp mang ei natt for å pugge stjerner og stjernebilete, og da hadde han vore så mykje ute for å sjå på himmelen og for å kjenne igjen det han las om at han hadde frose på seg sterk forskjølelse, og måtte halde senga i to dagar, og da hadde Rebekka kome med fin vin frå mora, for det var den einaste medisinen som hjelpte mot slikt. Og Rebekka hadde vore der og gjort det i stand for han på hybelen og stelt til så koseleg på alle vis.

Hybel hadde han fått i ein gård som Abrahamsen eigde. Her ifrå hadde han utsikt over Puddefjorden og alt båtlivet. Han naut å sitte i glaset å sjå på livet på fjorden. Det var som eit eventyr alt saman, og det beste var likevel om laurdagane, for da kom Rebekka på besøk og da kunne dei gå seg tur i Nordnesparken med nistekurv, og vera kjærastar heile dagen.
Ja, han hadde enda til sett kor han Holberg vart født! Du Markus, no har du havna på den grøne grein, tenkte han med seg sjøl.
Han opna gatedøra og gjekk inn. Endeleg laurdag, og helg og Rebekka. Men det var ikkje fritt for at han grua seg heller.
Han visste ikkje riktig kor han skulle te seg i lag med ho, og denne helga skulle dei vera saman med sosieteten på fest oppå Paradis. Han var glad han hadde nydressen. Han tok han ned frå

 
veggen, banka på hos fru Jensen i første og spurte om å få låne strykejarn. Den gamle dama ville heller at han henta dressen, ho hadde ikkje anna å gjere sa ho.
- Å, dessforuten er det ikkje kvar dag man får dampe en dress nå tildags. E skal seie deg det eg at det er en stor konst å dampe en dress rett. Nu kan du gå opp å hente dressen så skal e legge i jarnsteinen og gjere alt klart, gå nu!
Den gamle dama dampa dressen med kyndig hand, mens Markus sette seg for å vente.
- Du e alt fer snill!
- Å? Det sa han ikkje han salig mann min. Salig er han vel ikkje, men han strøk no med i alle fall. Å, så falle ut av fjordbåten! Dei fant han aldri. Ja, han skulle ha vært bra full du…
Markus syntest det var vanskeleg å kommentere, men det gjorde ikkje stort, for fru Jensen snakka likevel. Det rauk godt av dressen, og han såg at det vart fagleg gjort.
- Sånn, no skal du bare heng’ an til tørk, versågod.
Markus takka og lovte å gjere henne ei teneste igjen.
- Det gjør du nok, hils frøkenen fra meg du.

Hestedrosjer og ein og annan bilen kjørte i konvoi oppover mot sommarhuset. Dette var nok den siste turen i denne sesongen, og da pleide familien alltid avslutte med ein større fest for fiffen i byen.
- Der er Gamlehaugen, der hvor Statsminister Michelsen bor! Rebekka peika, og der med vide parker ikring låg ein medelaldarborg, nett slik han hadde forestilt seg frå riddartida.
- Er det ein borg frå medelaldaren? Han hadde ikkje trudd at noko slikt fantes i Norge.
Han hørte latteren frå vogna bak, der to menn på hass eiga alder sat. Han snudde seg og såg på dei. Den eine var ein lys mann med eit digert silkeskjerf tulla rundt ein mager hals og eit enormt adamseple. Den andre var bleik og rødlugga. Han hadde alt for mange og store tenner i munnen, syntes Markus. Dei vinka tilbake og lo igjen. Rebekka lest ikkje høre, og forklarte at borga
 
var heller ny, men at slike borgar var førebilete for professor Kjelland, som hadde fått bygt ho for Michelsen.
Dei svinget inn på tunet til sommarresidensen til familien, og igjen måtte han gjere store auge. Dei unge såg på han og prata leande saman. Han måtte slutte å glane! Han måtte merke seg korleis desse menneska tedde seg!. Han var i alle fall glad han hadde nydressen. I det dei gjekk inn, kom den lyslugga karen bort til han.
- Ny dress?
- Ja?
Dei unge mennene gliste tilbake.
Ka var dette for noko, var ikkje dressen god nok? Han kjente harmen som steig og ei hand knytte seg instinktivt. Var det pryl dei ville ha? Rebekka var opptatt med eit par veninner og merka ikkje noko, men da han fekk sjå dei rolege augo til Abrahamsen sjøl, roa han seg, og følgde dei andre opp troppa, og inn i stovene. Han skulle pikade ikkje glane meir, sjøl om alt her inne kunne ta pusten frå ein stakkar! Han lest som ingen ting og lot folket strømme rundt seg som om dei var uvedkommande for han.
Da alle var samla, heldt Abrahamsen ein liten velkomsttale, og håpte at alle ville finne behag i både mat og drikke, og før han slutta av såg han mot Markus, og sa:
- Så vil jeg presentere en ung mann som kommer fra Trøndelag.
Han studerer maritime fag, og jeg har svært store forhåpninger til ham. Ta vel imot Markus Viken! Dei fleste klappa og kom fram for å helse, men det var og nokre som vart ståande avmålt og betrakte nykommaren. To av dei var dei unge mennene han skulle ha prylt. Markus likte dårleg å bli midtpunkt i denne flokken, og var glad da serveringa begynte og Rebekka kom tilbake og leide han med seg til bords.
Ho strålte som festens midtpunkt, og Markus som var bordkavaleren hennes, kunne ikkje unngå å bli granska av dei mange gjestane ved bordet, men han konsentrerte seg såpass at han tok rett bestikk og rett glas, og tedde seg elles som han meinte det vart forventa.
 
 Ja, mange av dei kvinnelege gjestene sendte blikk som slett ikkje var nedlatande. Hadde han ikkje ein frisk, brun hud? Og så desse grove, sterke hendene….
Men ved andre enden av bordet sat dei belevne kavalerane og følte seg forrådt, og såg at villmarka hadde vokse seg inn på kultivert jord.
Da middagen var over og dei mannlege gjestene fortrakk inn i røkeværelset for å utveksle børsnyheitar og gode råd om rikets tilstand, og dei kvinnelege gjestane arrangerte sine små prategrupper, vart dei unge plasserte i storstua der dansen skulle vera seinare på kvelden, dei skulle få prøvedanse litt medan orkesteret varma opp. Og Rebekka sørgde for å presentere sin gjest for alle søner og døtrer av fiffen i den store borgarbyen.
Og Markus gjekk omkring og passa seg for å ikkje sette sjøbein, og for ikkje å snuble eller sikle eller kva det no var han trudde han var i stand til. Da turen kom til dei unge mennene frå Kalfaret, var det likevel ikkje fritt for at han hadde vondt for å rekke fram handa, men da han gjorde det, passa han på å klemme ekstra hardt så dei kunne få kjenne korleis ei ekte sjømannshand kjentes ut.

- Du verden for et dyrisk håndtrykk. Ja, noen har det i hendene andre i hovudet, sa han med adamseple.
- Hvor har du funnet dette her? Han lente seg over Rebekka og kviskra svært høgt.
Ho var raud av sinne, men som den perfekte vertinne sa ho berre: - De unge mennene har ikke sett noe annet av verden enn Kalfaret, og derfor blir de alltid så imponerte når de treffer nye mennesker. Skal det være noe å drikke? Ho viste dei veg. Første stikk var hennes! Markus kjente at han mest av alt kunne ha tatt henne med seg, og rømt frå det heile.
Det vart skålt og drukke av høge glas og snakka over ting som Markus knapt hadde trudd var noko å snakke om, heilt til musikarane gjorde seg klåre og dansen kunne begynne.
Markus glei inn i dansen og kjente den smekre jentekroppen som trykte seg mot han.
 
- Du er flott, sa ho.
Han kjente at han kunne ha reve av henne kleda her og no, vist dei kva ein villmann kan utrette med ei dame, men han lo lukkeleg tilbake.
- Du e sanneli litt av ei veitj.
Det vart drukke meir vin, og fleire dører vart opna slik at dansen kunne få meir plass. I kandelaberlyset glitra det i unge auge, det var små uanstendige strok av hender, det var stjålne kyss i siderom, og mjuke kroppar som var så villige så villige under kokette snøreliv og stivebryst.
I ein pause mellom to dansar kom den lyse med adamseple bort å ville by opp Rebekka, og motstrebande følgde ho med.
Markus vart ståande for seg sjøl og ei bleik jente kom borttil han og ga han noko å drikke.
- Evelyn….,ho strakte fram poten, og han tok den på sjømannsvis, men passa på så han ikkje klemte for hardt.
- Hvor kommer du fra? Rebekka sier at du skal bli sjøkaptein….tenk sjøkaptein, og seile på de syv hav! Er du ikke redd? Tenk, jeg er så redd for sjøen jeg at jeg knapt kan spasere på fisketorvet før jeg får sjøverk. Ho logra som ein kvit puddel med sløyfe, og syntest det var farleg spennande å vera så nær ein representant for folket.
- Er du sosialist?
- Ka fer nokka?
Markus syntest dette var eit merkeleg spørsmål, og unngjekk det med å seie:
- Æ e frå Frøya.
- Frøya?
- Ja, Frøya i Trøndelag.
- Å.!… ho vart fjern i blikket.
- Ja, det e i nærheita tå Trondheim.
- Å, ja. Trondhjem.
- Har du vore i Trondheim?
- Jeg?… å nei, jeg har aldri vært nordover.
- Skal vi danse?

Han angra seg i det same for han hadde glømt å høre på musikken, og dette var ein takt han aldri hadde prøvt. Han prøvde med valsesteg, men det passa ikkje heilt, måtte gjere nokre mellomsteg og trippa litt for å få det til å henge i hop.
Ho såg forskrekka på han, og i det fjerne skimta han Rebekka som smilte ertande over skuldra på den lyslugga frå Kalfaret.
Da dansen var over, trakk puddelen seg raskt tilbake til resten av kobbelet og la ut om det vågale spranget ut i villskapens verd.
 
”Adamseple” kom tilbake med Rebekka.
Det var mogleg han hadde fått ein leksjon i folkeskikk under dansen, for han gjorde mine til å ville snakke.
Markus merka seg den slepande tonen.
- Hva gjør så deres far? Er han også sjøkaptein?
- Han e dø!
Det var likevel alt den lyse mannen kunne prestere av høflighet, for da raudtoppen også kom til i det same, la han til..
- Ja, man blir vel ikke videre rik av det, eller hva tror du Sebastian?
- Jeg tror man kan bli svært rik av å myrde sin far, sa raudtoppen,- Ja, faktisk tror jeg det er den eneste måten jeg kan bli rik på?
Kva var det dei meinte? Markus kjente sinne stige opp i seg, men han klarte å roe seg ned, og sa:
- Æ har itj drepe nån!
Dei to andre såg på villdyret, og ”Adamseple”sa, - Har du ikke?
Han rykte til igjen, kjente at han mest av alt ønskte å slå, men han beit det i seg igjen, og svarte:
- Har du?
- Nei, bevares!
Han håpte å sleppe unna, og speida etter Rebekka i vrimmelen.
I staden merkte han at Abrahamsen sto og vinka han til seg.
Han var straks parat og følgde den gamle inn i røkeværelset.
De edle herrer av byen nøt sine sigarer og sin whisky, og gjorde plass for nykomlingen.
 
I tur og orden vart han presentert for herrane, og vart plassert ved det runde bordet, fikk sin whisky og sin sigar. Han var nervøs, men han måtte prøve å halde maska. Sjå utover og framover!, mol det i han.

I grunnen var det ganske hyggeleg å sitte blant desse mektige menn, vera ein del av krinsen som betydde noko: ein dekadent direktør, og enda ein direktør som mangla ein finger, ein reiar, ein politmester, ein overlæra, ein redaktør og nokre til som Markus aldri vart presentert for.
Den dekadente lente seg bort til han, og kviskra:
- Du har skutt gullfuglen der gutt! Faen til jente Rebekka, og så einearving.
Han smilte usikkert tilbake. Ka skulle ein svare på slikt?
Men han slapp, for direktøren hadde meir:
- Se på dem! Alle hadde de håpet at deres sønner skulle stikke av med jomfruen, så kommer du her og lurer dem trill rundt hele bunten.Det er fan for godt til å være sant!
En korpulent herre på den andre sida av bordet, strakte det raude hovudet fram:
- Hvis du må hviske direktør, så har du vel ikke så meget godt i sinne?
Abrahamsen avverga det heile med å utbringe en skål for kongen og dronningen. Ein annan herre meinte at han nok kunne skåle for kongen, men som han sa: -om han heter Håkon eller Oscar vil jeg holde for meg selv….
Abrahamsen lo… - for kong Håkon og dronning Maud, andre alternativ får du ikke!
- For konge og dronning!, gikk det rundt bordet.
Markus som aldri hadde skålt for nokon konge tidlegare, tømde glaset med ein gang, men her var det meir å skåle for:
- For stasministeren!
Og Markus skålte for statsministeren med tomt glas..
- For Samuel Eyde…også med tomt glas…men da turen kom til

ein skål for Abrahamsen fekk han glaset sitt oppfylt, og var med som det sømmer seg. Helvetes små glas!, tenkte han.
Han vart bydd ein diger havanesar, og hosta seg gjennom første drag før den dekadente heldt foredrag på sitt kviskrevis om korleis ein ekte havanesar skal nytast. Det er mangt ein må lære!, tenkte Markus.

Den gamle reiaren var irritert. Han dreide whiskyglaset og smatta. Hva skulle nå dette mennesket sitte her inne for?
Abrahamsen hadde mistet styringen, det var det som var saken! Hadde det ikke vært som en uutalt overensstemmelse at familiene skulle smelte sammen? Han visste vel hva Frederik følte for Rebekka, og at jentungen ikke følte det samme for ham kunne vel ikke være noen grunn til å la henne bestemme?
Hadde ikke en far noe å si lenger? Abrahamsen gjorde seg selv til latter, det var det eneste som kom ut av dette taskenspilleriet!
- Skål min gode reder! …, du ser ut til å trenge det!
Direktøren svingte begeret med vellyst. Reiaren grynta surt, men gjorde ei rørsle som nok skulle forestille en slags skål.
- Maven?
- Hva behager?
- Har du vondt i maven? Du ser ikke helt frisk ut!
- Min mave er aldeles ikke din sak!
- Nei, bevares, men bekymringene ligger jo utenpå deg.
- Så se en annen vei da! Reiaren sette glaset hardt ned og pusta tungt….- ser du ikke hva som skjer?
- Tenker du på Russland nå igjen? Direktøren smatta og rista sakte på hovudet.
Reiaren gyste, berre tanken på Russland gjorde han opprørt, men det var ikkje bolsjevikane han hadde i tankene i kveld, i alle fall ikkje direkte, skjønt det var vel frukt av det same forfallet...
- Mangel på respekt for verdier! Det er det som blir samfunnets bane! Han skjenkte seg ein ny dram.
- Så det var Russland du tenkte på? Direktøren si kjappe røst var irriterande munter.

- Nei så aldeles ikke! Jeg tenker på de unge, de eier ikke respekt for våre verdier. Samfunnet rotner på rot, det er det som skjer!
Og folk som deg Direktør sitter der og ler av det hele.
Overlæraren med det askegrå ansiktet vart ivrig.
- Rederen har helt rett!…., senest i går måtte jeg forklare en ung kollega at man ikke kan omgjøre en vanlig historietime til en diskusjonsklubb. Tenke seg til!…. mannen som til og med er fra Stord, satt og diskuterte hendelsene i Russland med elevene når jeg gjorde min entre, hva byr du meg?….og så fra Stord!
Direktøren var fascinert. Det askegrå ansiktet avslørte ei mening! Var dette ein ny måte å logre på? Som den ironiker han var greip han sjansen: - Har du sagt ham opp?
Overlæraren, som hadde lært noko om ironi sjøl var straks parat, men når det gjaldt Direktøren var han alltid usikker, og det irriterte han, ja han visste med seg sjøl at han hata mannen, han var ein fare for sin eigen stand.
- Man kan ikke bare kaste folk i dag, samfunnet er ikke slik lenger.
- Nei, samfunnet er ikke lenger hva det engang var, er det vel?
Direktøren tok et djupt drag.
- Denne læreren din, herr Overlærer, er han en av ”disse” du vet?
Herrane rundt det runde bordet heldt pusten.
- Hvordan skal jeg kunne vite det? Jeg har da ikke for vane å diskutere denslags med mine lærere…. nei forresten det ville jeg ha merket.
- Men ser du da ikke det kjære deg at du dermed er med på forfallet?, sa direktøren.
Ingen kunne lese av ansiktet om han var alvorleg eller pønska på noko faenskap.
- Alvorlig talt, herr Direktør! Det var banksjefen som braut inn,
man kan da ikke bare si opp folk sånn uten videre på grunn av deres sympatier.
- Nå? Man kan da vel ikke klage på forfall når man ansetter folk som provoserer fram dette forfallet?

Den skallete grosseraren nikka….- jeg mener direktøren har helt rett!
Direktøren så på ham som om han var av en fremmed rase, men fortsette:
- Sett nå at denne mannen er kommunist. Høyst sannsynlig er han dermed også atteist. Hva tror De herr Overlærer, byens borgere ville si dersom denne mannen fikk påvirket de unge i en slik grad at de senere hen gikk løs på både bystyre og kirken, og ville omstyrte det hele?
Overlæraren vart bleik, men svarte.
- Det må faktisk regjæringen svare for. Det er de som har demokratisert skolen og gitt disse unge lærerne lov til å mene og si hva de vil…i alle fall nesten hva de vil, sa overlæraren.
- Men kjære dem mann, er da ikke skolen såpass uavhengig at den kan heve seg over den slags?
Redaktøren rørte uroleg på seg:
- Tross alt handler det vel om en fri meningsutveksling! Man kan ikke i lengden sensurere meninger! La de slippe til, så dør de på veien!…
- Er det ditt motto Redaktør?, sa direktøren.
- Motto? Ja du kan vel kanskje si det…
- Så du slipper motstanderne til fordi du mener det er den beste måten å bekjempe dem på?
- Ja?
- Så du er overhode ikke interessert i å høre hva de sier?
 Det kunne jo tenkes at du hadde kommet på andre tanker
 selv også….
- Hvilke tanker skulle det være, om jeg tør spørre?
Direktøren lo….- nei, hva skulle det være?…men saken er at vi forsvarer det bestående fordi det behager oss, fordi vi sitter på toppen av den store kransekaka og der kan vi sitte og smekke andre på fingrene, alle de som klatrer opp og virker truende…
er det ikke slik?
- Hva er galt med det bestående?, ville overlæraren vite.

Direktøren sukka….- jeg har ikke sagt at det er noe galt, det bestående er utmerket for oss, og derfor utøver vi makt, det er det som er saken, vi utøver makt, og det må vi være ærlige på at vi gjør.
- Makten tilhører den som har fortjent det, sa overlæraren.
- Og pengene!, la banksjefen til. Overlæraren svarte ikkje noko på det.
Interessant!!…. Direktøren sendte store røykringar ut i lufta….
- Fortjent?
- Ja! Fortjent!, sa direktøren med ni fingrer.
- Hvorfor har du fortjent å bli søkkrik? Kunne ikke litt mindre ha vært nok?
- Jeg har arbeidet for hver skilling!
- Hvor lenge?
- For svingende mann!…hvor lenge? Jeg jobber vel mine 8 timer pr. dag og det har jeg gjort i snart 30 år.
- Jeg kjenner en arbeidesformann som jobber det dobbelte! Den dekadente direktøren blunka til Markus, men han visste ikke om han korkje ville eller turte vera med på dette, og såg ned.
- Ærlig talt Direktør…Redaktøren var tydeleg irritert no…
- man kan da vel ikke sammenligne direktører med arbeidere!
- Hvorfor ikke?
- er du blind?…ansvaret mann…makt og penger medfører ansvar…. Den dekadente såg på sin yrkesbror: - Så? Bedriften står altså stille når du er borte? Var du ikke i London forrige uke, tenk en hel uke uten drif!
Redaktøren ropte: Idiot! Men direktøren berre heldt fram: - så bedriften gikk likevel? Men jeg skal kavere for at hele bedriften hadde stått i syv stener den dagen arbeidsformannen falt død om… så stor makt har han! Burde ikke det belønnes? Mannen har jo mer makt enn deg Direktør…
Ni-finger-direktøren lytta overbærende til denne lille spøken… men sa: …og hvem eier maskinene tror du? Jo, det gjør jeg! Og dersom denne arbeideren din ikke har noen maskin å gå til, hvem er det som har makten da?

Den dekadente så poenget, men sa: - men du er vel interessert i at produksjonen går, ellers blir jo ikke du søkkrik, ikke sant? Så er altså din makt avhengig av arbeideren.

Grosseraren pussa briller, og snakka dempa over ei stor vom, som om han var redd for å vekkje revolusjonen av sin søvn: - Ja, alt dette er riktig Direktør….men da gjelder det å sørge for at det er ledige arbeidere.
- Ja, ha! Man må altså påse at det ikke blir full sysselsetting?, sa direktøren.
- Ja, selvfølgelig, sa grosseraren, -nød skaper makt, det skjønner du vel?
- Ja, nå er vi ved sakens kjerne! Direktøren skjenka seg eit nytt glas.
- Men nøden kan ikke bli for stor, kan den vel?
 Vi trenger jo kjøpekraft…..ikke sant?
Markus sat og lytta, men han visste ikkje om han forsto heilt kva som var spøk og kva som var rett meint.
Dette med arbeidstid og ansvar meinte han å vete litt om, men kunne vel ikkje seie at han hadde vorte nokon rik mann på nokre av delane. Men han var i alle fall fast overbevist om at ingen kom til noko utan vidare her i livet, det hadde han sett.
Reiaren sin mage var fortsatt ikkje heilt god, så han tok seg ein ny dram…smatta litt og sukka.
- Det er misunnelsen som er verst!
- Misunnelsen er sterkere enn den erotiske drift!, la grosseraren til. - Ja, hva annet enn misunnelse er det som styrer denne Alfred Eriksen? Slippe slikt til på selveste Stortinget! Fytte rakkern! Det lukter sur sild og barkebrød av hele mannen. Vi har sluppet dem for nær innpå oss, det er det som er feilen.
Han gløtta så vidt på Markus, nok til at han kjente seg ille berørt. Var det slike som han sjøl han sat og snakka om?….
Han syntes han måtte seie noko:
- Det er itj aill som tenke som’n Alfred Eriksen…æ meine tå vanli folk.

Grosseraren såg på han: - nei vel….hva tenker så folket om oss?
Markus kjente seg ille ved det, skulle ha holdt kjeften sin, men han fekk da sagt at dei fleste hadde seg sjøl å takke for at dei var fatige, at det var for lite framdrift i mange…og slikt noko. Men han kjente seg ikkje glad da han hadde sagt det, han kjente jo dei som sleit, og aldri klarte å slite seg ut av fatigdomen uansett. Han var forvirra.

Den dekadente retta seg opp i stolen: - Dette er ikkje ein representant for folket! Dette er en mann som vil bruke systemet!
Markus kjente seg liten der han sat. Han hadde berre tenkt å seie det han meinte dei ville høre. Men direktøren fortsette:
- Jeg tror ikkje det er misunnelse som er drivkrafta lenger, men dette nye dei kallar solidaritet og rettferdighetssans, det skal vi passe oss for mine herre! Det er der de har sin styrke! De er mange, og de vet at makten ligger der!
Ein høg mann som ikkje hadde sagt noko under heile samtalen, kremta og retta seg framover bordet.
- Glem nå ikke oss!
- Nei, glem ikke politiet!, kom det fra overlæraren.
- Nei, politimesteren kan sikkert slå ned et opprør eller to, men hva om denne revolusjonen brer seg over hele Europa, ja det snakkes allerede om arbeiderunion i Norden, hvor store styrker skal man sette inn da? Nei gutter, dersom folket blir forbannet er det over og ut med oss! Der har du makten!
Det vart stilt, melankolien smaug seg inn mellom sigarar og whisky. Abrahamsen hadde berre lytta, men no tok han ordet:
- Vi får vel se litt stort på det. Alt har sin tid, vi har vel hatt vår kanskje?
- Har du tenkt å gi deg? Direktøren såg skarpt på han.
- Nei, nei for all del.. det hadde jeg da ikke tenkt, ja….ja for min del er det vel ikke så lenge igjen…
- Og da skal de unge ta over? Direktøren nikka mot Markus!

Abrahamsen lo: - Gå nå ikke så raskt frem Direktør… framtida må bygges møysommelig opp….
- Som et korthus? Direktøren var utretteleg. Overlæraren smilte for første gang, og Markus tenkte at det var eit merkeleg smil, men Abrahamsen svarte: - Ja, som et korthus!
- Så du mener det hele er som et spill? Direktøren tømte glaset igjen.
- Ja!, sa Abrahamsen. Så reiste han seg og inviterte gjestene inn i salongen.

  
Fru reder Henriette var eit imponerande skue i den store, glinsande silkekjolen sin. Ho sklei over ballgolvet, og målet var Karen Abrahamsen. Den lille kvinna sto hjelpelaus og såg at ho nærma seg, og hadde ingen fluktplan klar.
- Nå, Karen!
Den lille Karen prøvde seg både med venligheit og uskuld på same tid: - Hvad mener De fru Henriette?
- Hva er dette med denne Markus Viken? Fru reder Henriette var som ein fullrigger med alle segl oppe, og gikk rett på sak:
- Er det slik at du tillater et forhold mellom din datter og denne mannen? Min datter, ja du vet Evelyn, fortalte at han er en uformuende lykkejeger fra Trøndelag!
Den gode Karen sukka! –Kom og set deg herover kjære Henriette så kan vi snakkes derom…kom nu!
Herrene kom inn fra røkeværelset. Det dufta whisky og sigar, og røstene var ein tanke meir støyande enn for nokre timar sidan.
Karen sende eit…”hjelp meg! - blikk”… til sin mann. Han blunka tilbake og såg ut som han ikkje forsto. - Han tirrer meg den gamle knekt!…tenkte Karen.
Kakene hadde kome fram, og portvin og likører og kaffe.
Abrahamsen bad alle forsyne seg, og tok med seg Markus bort til sin datter.
- Se på mor!
Rebekka lot blikket gli over salen, og vart var mora.

- Stakkars mor! Skal du ikke hjelpe henne?
Den gamle lo, og Rebekka sa: - Å, du ditt troll!
Markus kjente seg framand, og det lot til at ho merka det.
- Kom!, sa ho…kom og ta for deg av kakene!


Han følgte henne. Rederinnen Henriette såg på han mens ho snakka til Karen Abrahamsen. Karen hadde ein hektisk raudfarge i kinnene. Den dekadente direktøren blunka til Abrahamsen, og Abrahamsen kviskra noko i øyre på Rebekka, og Rebekka lo. Alle såg på Rebekka når Rebekka lo. Ho var vakker når ho lo, og alle visste det, især mennene. Dei andre kvinnene såg på mennene som såg på Rebekka, og alle tyda ansikt og forsynte seg med kake og ….-kanske en ørliten en?… nei ikke så fullt!… jeg kommer til å bli helt ør…sånn ja…takk..takk! Jeg synes ikke grønt kler Madam Frantzen, syns du?, og fru Politimester Adelheid syntes ikkje at grønt kledde fru Frantzen, og sa det til Redaktørinnen som hadde en aldeles gyselig rosa kjole sjøl, men det kunne sjølsagt ikkje Direktørfruen seie til henne, men visste at det kunne ho diskutere med Grossererinnen, sammen med portvinen….nå, hvor er så fru Grosserer…? nå der! Og fru grossererinnen var alt plassert i sofaen og prøvesmakte på kakene…og hadde ikkje riktig bestemt seg for om ho skulle like dem eller ikkje…- Å, fru Frantzen, der er du altså! Sett deg her hos meg! Er det ikke en vidunderlig aften? Kanskje litt trangt til så mange mennesker, men tradisjonen vet du…ha…ha…!
Den dekadente sto for seg sjøl borte ved kaminen. Han var den einaste som hadde unngått giftarmål, og takka sin skapar for det.
 –Huff! Har ikke den mannen noe kynisk over seg? Og grosserarfrua måtte innrømme at det var noe kaldt over direktøren. Markus hørte og såg som gjennom ein dis, som gjennom eit for sterkt skin, som refleks frå krystall, og lydane blanda seg til ein uverkeleg summing… han leitte etter fotfeste…etter noko å snakke om…etter nokon…og Rebekka
 
 kom, roleg, og drog han med seg, ut av romet og han såg på den svaie jentekroppen framfor seg og kjente seg fortapt, som kongroa i eit nett, og han ville ikkje sleppe fri…
- Nå hvordan går det? Ho såg granskande på han. Liker du deg?
- Ja…
- Du lyver!…, ho lo, - men det var pent sagt av deg. Skal vi spasere?
Han kjente på den friske nattelufta utanfor og kjente at sansane åpna seg igjen.
- Du trenger ikke bli som en av dem! Ho tok han under arma og la hovudet mot skuldra hass.
- Lov meg at du ikke blir som en av dem! Lover du?
- Ja, sa han stilt…men..
- Ikke noe men…kyss meg!
Lydane frå salane innanfor vart borte….han drog henne inntil seg og ho var som ein sval vind og som dogg, og han tenkte at han måtte ikkje gripe så hardt om henne.
Etterpå kjente han handa hennes i si når dei gjekk i lag inn i skogen, og handa hennes var så lita i hass, og han tenkte på kor grove hass eigne hender var..


Dagen etter låg Markus i si eiga seng. Han banna. Det var så vanskeleg alt. Han kunne ikkje dette spelet, og Rebekka ville ikkje at han spelte heller. Men ho kunne vel ikkje ha han gåande her som ein narr? For det var slik han kjente det når dei snakka….kjente seg som ein mort som hadde forvilla seg på land. - Det e språket de e nå gali med….klean dekk’itj over alt! Han sette seg opp, sette seg til å øve på nye ord…nokre av desse heimlege orda måtte han legge av skulle han bli til noko, det var han overtydd om… han reiste seg og stilte seg framfor spegelen, granska sine eigne auge:…var det noko jaga i dei?…husmannsånd!…han måtte læra seg ikkje å vise svakheit…det var det som var feilen, og han måtte glømme det der heime, slutte å snakke om dei. Han kjente som eit sting i
 
 brøstet når han tenkte på Nils, skulle vel ha sendt eit brev…men hadde han ikkje sjøl nok å stå i? Dei kunne ikkje klamre seg til han meir, han hadde sitt eige liv å tenke på….
- Ein får ta eit skrett i gongen!,… han vart han ståande ei stund før han retta på det: - Man får ta et skritt av gangen! Han hørte på det….slik skulle det vera!



























 
28

Mus-Per hadde ein drøm. Han hadde vakna ein morgon og det sto så skinande klart for han kva Herrens vilje var. Han hadde lese ein artikkel av ein amerikanar ved namn Carles T. Russel, og endeleg sto det klart for han kva han hadde å gjere; Han skulle byggje eit tempel for Guds utvalde folk. Endetida nærma seg, og han Per Madsen var kalt til å leige Isralels får heim til det evige Jerusalem! Han kunne alt sjå huset der det låg øvst på Løngheia. Dit skulle dei kome, dit skulle dei kome å be for syndene sine, og når han leidde dei ved Faderens kraft skulle dei falle om og bli tvetta i Lammets blod og han skulle føre dei over i dåpens død og reise dei opp som eitt nytt folk under si leiing. Ein stor talestol skulle han ha i huset, og ein botsbenk, for dette var den nye Guds menigheit, dei siste av dei heilage, all anna forkynning og tru var vederstyggeleg for Jehova! Han la teikninga utover kjøkenbordet, understreka nokre liner slik at tømmermannen ikkje skulle ta feil, og drog fram eit ark med tal. Kostnadane hadde alt kome opp i 3000 kroner, og han måtte tenke på kva han måtte vente med.
Podium?…..nei! …det var no det viktigaste…og botsbenk?.
Han hadde gått igjennom dette fleire gonger, og enda mangla det 1000 kroner. Han kunne vel ikkje sette inn alle pengane han hadde fått etter ho Nekoline…ja, for det hadde han…sjøl om denne Lovise-tøtta og læraren hadde forsøkt å lure han…. hadde henvist til eit brev frå Nekoline….brev frå eit åreforkalka menneskje!…hadde til og med truga han med rettsak…ha!…jau dei skulle få sjå på rettsak når han hadde fått starta si gjerning i bygda til gangs! Nei han fekk gå på ein ny tiggarrunde. Enda hadde han ikkje tatt for seg alle nabobygdene, men han Per Monsen skulle fortelle dei kva dei hadde i vente, at endetida var nær, at han hadde rekna ut tida for Herrens komme, -og ville dei ikkje vera blant dei få som fekk stige inn Guds bustad? Kva anna var det verdt å bruke pengar på enn si eiga frelse? Men likevel erga det han at det gjekk så seint, han skulle helst ha bede
 
 snikkarane starte med ein gang. Han såg ut av glaset. Småtausane leika utanfor. Han strekte seg for å sjå nærare, vart sitjande å fortape seg i dei nette kroppane. Tilla såg med eitt beint på han…og han sette seg ned igjen…hørte at dei sprang vekk, ut av syne.
Han skulle frelse dei! - Verra sekker på det bonn!, sa han høgt mot gudlause veggar.
 


























 
29

Ho Nanna frå Dragjet heldt lag med han Mads Løngheia. Ho hadde ikkje sett det før, men plutseleg sto dei framfor henne og gjorde ikkje teikn til å skjule det…og korfor skulle dei det?
Det var likevel som eit lite sting i bringa på henne med det same, eller var det denne kvalmen?
- Hei Lovise!, ut og fingår du og? Mads hadde fått seg bart og det kledde han syntes Lovise.
- Ja, sjøl ut og går sjer æ!
Nanna rødma, men berre litt, ho såg mest glad ut, det var heilt klart.
- Ungdommen finn kvarander sjer æ!, ho prøvde seg med ein
 latter.
- Det e sånn det e det, sa Nanna.
- Du Lovise…. Mads kom nærare.
- Ja?
- Korres vart det med det der med lærarskolen? E det sant at’n Mus-Per stakk av med pengan?
Ho visste ikkje om ho ville seie noko, kjente berre han rørte ved ein stein ho bar på, ein skarp stein som kunne gnure ein til blods innvortes.
- Det vart sånn ja, sa ho stilt.
Nanna virka lei seg. - Det ha vorri så arti at nå’n tå oss…og du va så flenk… Lovise smilte og ho kjente at ho måtte bryte av dette om ikkje gråten skulle kome…
- Han Per ska bygg Tempel!
Mads hørte denne kalde bitterheita i stemmen, og kjente harmen som steig i han sjøl og.
- Ja, når sånne karra bygge sæ tempel ska du ha takk!
- Hysj da!, sa Nanna, dem sei at han e itj så verst…ho mamma ha vorri på møt me’n…han for frammi nakka sa a’ ! Lovise sa ikkje meir. Ho kjente at ho måtte gå no…igjen kom denne kvalmen over henne. Rart kor denne maggan har slått sæ vrang, tenkte ho.

- Æ må heimover!
- Adjø da!
- Adjø, ja!
Ho visste ikkje ka det var, men av og til kunne det kome over henne i rier, og det hadde det gjort i tre dagar no. Ho fekk stikke innom Besta, kanskje ho hadde nokre dråpar?
Ho skulle til å gå, men da kom det, sterkare enn nokon gang, og ho måtte bøyge seg i lyngen og kaste opp, og mens ho sto der vart det heilt klart for henne:- Æ ska ha ban!…det berre for gjennom henne, og ikkje visste ho at ein vart klein av det, for ingen hadde snakka om slikt, men ho visste det berre.
Ho reiv litt mose og tørka seg, drog ein vilter hårlokk vekk fra panna og sette seg ned. Ho kjente seg så lita og redd med det same. –Flinke Lovise…no ska du ha ban…ja, så bli det hvertfall itj nå lærarskole….Ho sat med beina trekt oppunder seg, glatta forkleet over knærne og såg at det var flekkete. - æ må itj gå i lortåt klea, tenkte ho. Dei hadde jo vore forsiktig….og no var Just utpå Titran. Så kjente ho angsten som kom sigande…- tenk om han itj vil ha mæ lell!….ho nesten skreik det der ho sat. Ho såg seg rundt, nei det var ingen her.
Eitt ban?…
I det fjerne skimta ho skuter på veg langs leia med frie segl.
- Friheit, tenkte ho. Det er friheit dem har karran når dem sett segl…ska tru kor mang farlause unga som leike sæ langs kysten?
Nei, Lovise! ….no e du støgg! Han Just e itj sånn…du ska berre fertæl’n det!…..kankje han bli glad berre? …. Herre Gud!…glad ja!…han bli da ver glad!…. Berre han kunne ha vore her no! Berre tanken på å gå dit ho visste at han Mus-Per sat med teikningane sine gjorde henne dobbelt kvalm. Ho ville vente til ho såg mora hadde kome tilbake.
- Ja, det ska bli liv! ….Ho tenkte på læraren. Han hadde gjort så godt han kunne. Enno gjekk han her og heldt skole sjøl om han kunne ha gått av for lenge sea. Han venta på henne, sa han. Ho hadde vorte som ei livsgjerning for han.

Ho var så inderleg matt i heile sin kropp. –Ja, da må han nok vent læng lærar e æ redd, kviskra ho. Ho kjente at ho fraus, og reiste seg. Speida nedover mot Vikaplassen… Jau, mora hadde visst kome. Så hadde ho i alle fall som ei demning mot desse augo hass Per mens ho ordna mat for Johanna og Tilla.
Ein gang var vi mange her, tenkte ho…mens’n far levd…og så tenkte ho på brørne. Ska tru kor han Halvdan fer hen i verda?…og han Nils stakkar! ….men mest tenkte ho på Markus, kjente seg stolt over å ha ein slik ein… det vart liksom litt meir farge på veggane av det og…for folk spurte, og da kunne ho svare at -han Markus e i Bergen og går styrmannskole…og det var så godt å seie….og om dei spurte meir, kunne ho fortelje om kjærasten hass, men ho ville ikkje seie så mykje… Ingen måtte tru at dei gjekk og briska seg nedi Vikaplassen… Briske seg på Vikaplassen!…Jau, det skulle ha tatt seg ut!
- Du e bra botte no!, kviskra ho. Ho kjente at treskoa gnog henne over rista… og sparka dei av seg med det same ho kom ned mot husa. Ho strekte terne ut ….- der e i allfall dokker fri!
Ho vart ståande med ordet i seg…- Friheit?….
Så drog ho skautet av seg og gjekk inn.












 
30

Det var lite folk på butikken hass Gaustad. Sjøl skulle han berre ha noko tau og litt kaffe. Han drog fram teknboka og kom på at han trengte litt tobakk og. Butikkjomfru var blid. Ho hadde noko lyst over seg, og augo spelte seg så skinande blått i kveldssola. Ho smilte og snudde seg for å fa tak i tobakken. Han fekk god tid til å sjå. Mjuk kropp, ikkje for skrinn, og ikkje for ferm. God å ta i tenkte han. Han møtte augo hennes da ho snudde seg. Ho smilte, og såg ned….venta på pengane.
- Ska du langt?
- Ka?…Just sto i eigne tankar.
- Ska du langt?
- Å, nei itj i kveld. Ska legga ombord…dreg ut i morra….vente på mannskapet.
Ho berre smilte tilbake. Han tok varene, vart ståande ei stund som om han skulle til å seie noko, men han helsa berre til lua, og gjekk ut. Han slentra ned mot båten. –Fan te kvinnfolk! …. ..gjorde folk heilt ør i skallen.
Han slengte varane ombord og hoppa sjøl etter, så gjekk han ned i lugaren for å koke seg kaffe.

Han hadde god tid.. fann fram litt brød og flesk og hadde ei godstund heilt for seg sjøl….rota litt rundt for å finne ein rein kopp. –Hei sann!…ei flaske!..han opna korken… Ja!..så hadde han fløyte til kaffen og!
Han drakk rykande fersk kark, og åt flesk med brød til…ikkje verst det! Ein skulle hatt ein slik platespelar, tenkte han. Kunne ha vore mykje selskap i det. Men det ein ikkje har… Han sette seg til å synge i staden, skjenka seg ein ny kopp kark, og hørte ikkje at det gjekk i døra der oppe, vart ikkje var noko før han såg beina som kom ned stigen ved sia si. Han vart så støkt at han svelgde rangt med det same….hosta og hiva etter pusten medan den gloheite karken brann i brøstet. Så sto ho der, butikkjomfra. Han sat ei god stund før han kunne snakke.

- Hei, sa ho. Gjekk du i rangt?
- Jaa! Sa han og tørka seg om munnen.
- Ondt det….kan æ setta ned?
Han prøvde å sanse seg, rydda plass på benken for henne.
- Vil du ha kaffe?
- Ja takk! Så drog ho kruset hass til seg og snuste på det, - med føyte! Ho lo… Han lo han og, og laga til for henne, syntes det var stas å få besøk.
Ho var frå Hemne…så det var derfor han ikkje hadde sett henne før. Ho smilte og drakk kark som ein mann.
- God kaffe! Ho lo, og drog beina oppunder seg…var lett å prate med. Hadde fore rundt i verda og verska sild…kokke hadde ho og vore…ja og så butikkjomfru sjølsagt….hadde vore med på det meste, sa ho, men han trudde ikkje på henne.
- Fint å ha selskap, sa han, meir kaffe?
Ho ville ha meir kaffe. –Litt i begga beina, som ho sa. Og han såg på beina som ho hadde trekt opp. Var det så at stakken kom høgre opp? Han prøvte å sjå vekk. Han ville ikkje bli frista. Han hadde jente, men ein kunne vel sitte å prate med anna folk for det? Han skjenkte ein ny kopp til seg sjøl, kjente at vermen gjorde godt, at lyset i lugaren ikkje lyste på alt, men berre for stunda og dei, for det lyset håret og dei blå augo, spelte i kvite tenner. - Helvetes fine tenner!… tenkte han, og han såg kjolen som kraup opp, og ho sat der med ein underleg smil, og han kunne sjå heilt opp mellom beina, og han svelgde og gjekk i rangt igjen, og butikkjomfrua lo og ville banke han i ryggen. Etterpå heldt ho rundt han og drog ansiktet hass inntil seg. Han snuste inn duften av ung hud, sat med nasen mellom to mjuke brøst og mista hovudet. Det letta frå halsen og flaksa rundt som ei russerblære i lampelyset, stupte ned og kyste hud på innsida av beina hennes, og ho la seg ned på benken og åpna seg som ei sjørose og han var berre ein mort som trektes lengre og lengre innover, og noko pusta heftig under han og skreik om at han måtte ta henne, og det var eit skrik som kom frå frosne
 
 sjeler…ikkje henne…og han glømte at ho ikkje var Lovise, og han gjorde seg klar. Han sto der og knepte opp og ho låg der og venta, og han såg at ho var ung og vakker, men han kjente at hovudet som spratt mellom veggane stoppa opp og landa mjukt på halsen igjen, og han såg at ho venta med åpen munn.
- Nei!, sa han.
Ho såg på han…redd først.
- Ka du sei?
- Æ kan itj ta dæ! Ho reiste seg halvt opp, drog han mot seg.
- Terge du mæ?…ho prøvde seg med ein lått..men det hørtes mest ut som et redd skrik.- Sjå her! Ho tok handa hass og la ho mellom beina sine. –Kjenn på meg! Han drog handa til seg, såg vantrua i augo hennes, skuffelsen, tårane som preste seg på. –Æ e lei fer det. Ho var raud! Sette seg opp, og drog serken ned, knepte for brysta. Ho pusta tungt enno. Så såg ho rett på han og spytta. –Helvetes feigeng! Ho reiste seg og slo. Slaga hagla over han, og han berre sat og tok imot, venta til ho begynte å grine. Da drog han henne ned til seg, og heldt henne til ho vart slapp i kroppen.
- Æ har ei veitj, sa han.
Ho greip om kruset og drakk. Drog seg med eine handa over ansiktet som om ho ville tørke bort noko. Så lo ho, kaldt denne gongen.
- Ka flire du tå?
- Ka æ flire tå? Ho tømte kruset. –Æ flire tå det at når æ sjer nokko æ vil ha…så e det alt tatt…bestandig…ellers kan æ få ti mæ så my kar æ bære vil. Det e det æ flire tå.
- Du e fin, sa han, - du må itj legg dæ ned fer all.
- Men du villa itj ta mæ?, sa ho.
- Ein kan itj ta alt som e fint.
Ho smakte på det. Sat med koppen mot munnen som om ho drakk dei siste orda, sakte.
- Det har innån sagt te mæ før.
- Du ska verra gla det e sånn, ein dag når du har nå’n fast.
Ho reiste seg, ordna kjolen, gjorde seg klar til å gå. Han såg på
 
 henne, og såg at ho var vakker, skulle til å seie at ho måtte bli, at han sjøl måtte vera gal, at det berre var ein ond spøk.- Sjølvsagt ville han ha henne! Men han var utan kraft, fekk ikkje sagt det til henne. Kjente at noko av livet var borte for alltid.
- Takk for karsken!, sa ho, og gjekk opp stegan.
Han såg opp. Såg beina som ville ha fanga han inn. Han hadde avvepna dei, og han skamma seg over det, og han undra seg over at han skamma seg.
Etterpå låg han og stirte ut i mørkret og hørte på klukkinga mot skutesida. Han drog teppene tettare om seg, kjente at han fraus, han kjente at han fraus for dei alle, for armar, for kroppar som vil verme seg på kvarandre sine hjarte. Og han fraus for seg sjøl…- ein som mæ!..det låt rart med ein einsleg stemme i lugaren…men det kviskra frå køyene rundt han i mørkre…- tå vårt folk!… Han seig ned, men ville ikkje tenke på det. –Ti om det no!…- Ti om det fer bestandig!
- Menneskje e einsomt, tenkte han…..så helvetes einsamt. Så kjente han at karsken gjorde han godt likevel, han vart tung i kroppen, og tenkte at han fekk sove godt, tross alt. Så tenkte han på Lovise, strevde med å sjå ansiktet hennes, som om han hadde glømt kordan det var. Men så var det der! Ei mørk lokk som spratt tilbake når han drog handa gjennom håret hennes. Kjente lukta av ung kropp som venta. –Hei, sa han ut i mørkre….hei…æ kjem åt dæ no! …..Hei!, sa ho og tok handa hass, følgde han like inn i drømmen. –det e slutt på å spreng ette andre no!… - ja, ja, svarte han og lo. Og det lo frå berg langs heile kysten der han segla forbi. Dei sto med verskarsaksene sine og svingte med stakken i vind og sol….- ha det din rakkar!…du frå verdens ende…og drømmen forsvann i havskodde og natt, og han sov utan skyld.

 

31

Han hadde sett det meste av landet. På vegen sør hadde han undra seg over kva som kom bak neste nes. Fjella sto som livlause gigantar langs kysstripa, men rett som det var åpna landet seg bak desse uvenlege kulissane, og ei smal stripe land kom til syne, nok til at ein kunne karre seg på tørr grunn og stifte eit slags samfunn, og kvar einaste av desse samfunna hadde namn og kalte seg bygder.
Og der gjekk læraren sin son og tenkte på dottera til ein kvalfangar og drømte heite drømmar om natta, og lensmannen si kone tenkte på doktoren si kone som hadde fått ny kåpe, og ei gamal kone låg i senga og tenkte på at ingen brydde seg, og mellom dei alle gjekk postmannen og ekspeditøren og var oppe før alle andre og visste at utan han ville heile bygda rase i hop, men var det andre enn han sjøl som visste det? Å, nei da!- hit med trossa ropa han berre…- dei trudde dei kunne klare seg sjøl.
Og slik var det mil etter mil, i bygd etter bygd frå Nordkapp og nedover langs heile kysten. Han nærma seg Bergen. Han skulle feste, og han skulle finne bror sin. Etterpå skulle han nordover til Trondheim, men da var det også jamnt slutt med å sjå på idiotiske grender for hass del. Han skulle til Amerika, og da fekk Norge vera Norge!

Han kleiv i land ein laurdagskveld, og fann beinaste vegen til ei kro der han visste han hadde sjans om å finne kjentfolk.
Ja, han hadde ein slags avtale med Jens Flata, ville diskutere politikk og drikke og drøyme seg inn i det klasselause samfunnet han visste måtte kome ein dag.
Kordan dette samfunnet skulle vera hadde han ikkje heilt klart for seg, men slik han hadde forstått Jens sist dei møttest i Harstad, var det helst slik at dei skulle bli rike som før var fatige, og omvendt.

- Kan hend æ lure dæ der Markus!, for det gjennom han. Han ville ikkje kontakte broren enda, sjøl om det var år og dag sia sist. Han ville verme seg på sin eigen draum ei stund enno, og ruste seg til å sette han på plass når han kom med denne lærdommen og rikdommen sin. Andre kunne tru han var svartsjuk, men han spytta iltert og meinte sjøl at han prinsippielt var imot slik ”logring for borgarskapet”. Ja det var dei orda Jens Flata hadde brukt, og Jens hadde studert slike ting. Han bestilte øl og kjælte servitrisa over baken med augo, ho smilte raud tilbake. Berre vent, tenkte han, det skal bli meir!
 
Det var få personer i lokalet. Noen gamle fyllefranser som han ikkje ville kontakte, sat for seg sjøl innerst inne. Men ved døra sat ein bleik ung mann og supte til ein øl, og las avisa.
Han tømte første ølkruset heller fort, og bestilte ein ny. Servitrisa var straks parat, og passa på å vrikke ekstra på baken.
Han tok imot og ga henne ein lett klapp. Ho smilte lukkeleg og forsvann bak disken igjen. Den bleike mannen såg opp. Han myste nærsynt mot han i det dunkle krolyset, og Halvdan gjorde mine til at han skulle kome over og sette seg.
Mannen samla saman avis, og jakke og tok glaset sitt med seg bortåt.
- Fredrik Lange!
- Halvdan Vika! Han sette glaset for munnen, for å vinne litt tid, og for å kunne granske mannen litt nærare.
- Du sjer itj ut som nå’n sjømann!
- Hva behager? Halvdan svor, så det var sånn det sto te, ein tå desse ”hva behager”. Han angra på at han hadde invitert han.
- Ka jobbe du med. Den andre rynka på nasen, og myste på han igjen. –Jeg er student!
- Student?
- Ja, jeg studerer Zoologi.
Halvdan visste ikkje ka zoologi var for noko, men ville ikkje røpe det. Mannen ville sikkert prate om det, og da fekk han sekkert beskjed om den tingen.

- Jeg holder til i Museet, ved "den Sundtske Lærestol i Zoologi".
- Å no! Trives?
- Hva behager?
- Trives?
- Ja, ja….selvfølgelig. Den andre såg ut som han tenkte over spørsmålet for første gang, -det er spesielt embryologi og cellelære som opptar meg.
- Embry.., ka for nå? Halvdan tenkte at dette kom til å bli traurige greier, men da den andre hadde lagt ut om Lamarcks teorier og om Darwins utviklingslære, vart han sitjande å sjå tankefull på mannen.
- Så du meine vi kjem frå apa?
- Ja!
- Det va som fan! Og Gud?
- Hva med Gud?
- Trur du på Gud?
- Nei! ….eller jeg vet ikke.
- Nei…han Adam var ver itj nå ap?
- Nei, Adam og Eva var nok ikke aper, men kanskje Missing Link. Klok av skade forklarte den unge mannen raskt ka det var for noko.
- Og all dyran og mennskjan utvikle sæ?
- Ja! Slik er det! Noen arter forsvinner, og de sterkeste individene lever videre og utvikler seg. Survival of the fitest.
Halvdan kjente at det var eit eller anna her som ikkje fall så godt ihop med hass eiga forestilling, men visste ikkje heilt ka det var, og i staden ville han høre den andres syn på saka.
- Men kordan stemme det her i hop med socialismen?
Den andre såg på han med noko som likna interesse.
- Godt spurt! Du mener vel at det etter utviklingslæren er en lovmessighet at noen skal herske over andre, at noen er rik og noen er fattig?
- Ja, nettopp! I det same kom Jens Flata inn. Han helsa og sette seg. Han og Fredrik Lange lot til å kjenne kvarandre frå før, og Jens Flata skjønte med ein gang ka dei snakka om.

- Svakheit og styrke er ikkje så lett å måle, sa Jens.
Han bestilte ein øl.
- Ka du meine? Halvdan hadde glømt servitrisa no, sjøl om ho vrikka heftig når ho kom med nye krus.
- Han mener vel at styrke har med bevisstheit å gjerra.
- Den andre nikka, men Halvdan forsto ikkje mykje av dette.
- Når proletarieatet forstår at dem e de sterkastan og tar over produksjonsmidlan, da blir balansen oppretta. Dem som e sterkast, ska styr! Slik var Jens Flatas enkle forklaring, og Darwinisten frå .”.den Sundtske lærestol”, lot til å bifalle.
Halvdan hadde fått mykje å tenke på, men da servitrisa kom tilbake sjette gongen kunne han ikkje dy seg. Han måtte klå, og det sto skreve over heile jenta at ho likte det. Darwinisten såg brydd ut, og Jens Flata sende han eit irettesetjande blikk. Halvdan skjønte seg ikkje på sosialistar og Darwinistar når det gjaldt kvinnfolk. Han reiste seg opp.
- Æ ska hent bror min, blir dokker settan’ ?
Jens Flata meinte han ikkje hadde noko anna å gjere.
Servitrisa såg etter han da han for ut, men han ropte til henne at han snart skulle koma tilbake.
Jens Flata og Fredrik Lange vart sitjande å filosofere og prate.
- Hva for en fyr er det?, ville Fredrik vite.
- Å, han kaller seg sosialist, men æ trur itj han har forstått så myttji tå det. Æ har kampert i lag med han nå’n gonga nordpå, på båta og forskjellig. Drekk som ein svamp, men klare sæ bra.
Vil åt Amerika sei’n. Han trur vel det e meir sosialisme borti der. Men broren veit du, det e strebar. Villa vore rart forresten om han kom hit. E ferlova med dotter hass Abrahamsen. Den andre plystra…- Ikke mye sosialisme der i gården altså?
- Nei, dersom han kjem kan det ver hend det blir diskusjon. Jens Flata vinka på servitrisa igjen. Ho kom mot han, og ho vrikka ikkje på rompa det han kunne sjå.


Han vrei uroleg på seg, og la seg over på andre sida, men der var det igjen. Han var vant til lydane frå gata når det var laurdagsnatt. Han sette seg opp…stein på ruta? Helvete heller, han ville ikkje ha besøk denne helga! Ja, sjøl Rebekka heldt seg borte. Han hadde eksamenslesing. Han la seg ned igjen.
Der var det igjen! Han ville ikkje sjå etter, drog dyna over seg og forbanna fyllefransane som heldt han vaken. Men steinkastinga ga seg ikkje. Han fauk opp, åpna glaset og ropte ut i gata:
- Forsvinn ellers tilkaller jeg politiet!
Ein skikkelse der nede lo. –Så e det sånn du tar imot bror din?
Det vart stilt ei lang stund. –Bror min?
- Ja, huske du at du har ein bror som heite Halvdan?
- Halvdan?
- Ja! Går det an å få komma inn, eller må æ stå her og rop?
- Ja, ja. Selvfølgelig.
Han skunda seg ned. Enno ør og irritert.
Han såg den unge mannen utafor, kjente eimen av øl, og hadde mest lyst til å seie at det ikkje passa no, at dei kunne møtast neste dag, men han kunne ikkje berre avvise han no. Det var tross alt mange år sea sist. Han viste han veg inn.
Han vart ståande å sjå på han som om han ville forvisse seg om at det var Halvdan.
- Hvor har du vært?
Den andre såg ertande på han…så det var sånn han snakka no.
- Å, æ har vorri rundt. Litt her litt der.
Halvdan sette seg ned. Markus var snar med å berge unna ei bukse. –Nystrøket….til mandag….det er eksamen da.
- Å no, eksamen…..
Halvdan såg på broren og på romet. Han flirte for seg sjøl.
- Så ryddi e det aller der æ bor. Du har komme dæ fram kar!
 Og dem heim?
Markus fortalde det han visste.
- Lovise og Just er sammen!
- Så?
 
- Og Nils?
- Nils er operert. De måtte fjerne en lunge, men han skal visst hjem igjen.
Halvdan kjente seg kvalm av dette språket…og ølet gjorde han motig: - Koffer i helvete snakke du som ein tå dem?
Markus kjente seg støtt, men han såg på han med vinnarmine. Han hadde lært seg det etterkvart.
- Man kan ikke snakke som de der hjemme i det maritime. Det er mye man ikke kan gjøre likedan hele livet.
- Har du løst på fest? Han Jens Flata og ein annan kar sett og vente på oss.
- Nei ellers takk! Jeg skal ha eksamen.
- Eller vil du itj bli sett sammen med sånne som oss?
Det svei igjen.
- Kommer du hit for å fornærme meg?
Halvdan retta seg fram. –Det e du som fernærme mæ Markus!
Han reiste seg opp for å gå.
- Takk for opplysnengan om dem heim!
- Hvor skal du nå?
- Te Amerika!
- Amerika?
- Ja, Amerika! Tenkt æ mått sjå innom før æ drog.
Markus vart ivrig, ville koke kaffe –Ja, mat må du ha, og… den andre braut han av: - Takk, æ ska gå no! Hels tøtta di frå mæ! Så gjekk han utan å sjå seg tilbake.
Det vart stilt etter han. Ei stille som hadde rom for så mange ord som aldri vart sagt. Markus kjente seg framand, kjente eit stort tomt rom inni seg, ville springe etter han og var alt på veg til å kle seg om. Kunne ikkje sende frå seg bror sin slik!…
Men så sette han seg ned att. Han kjente som eit sting i brøstet. Var han ein svikar? Så reiste han seg opp att. Stilte seg ved vindauge og såg broren forsvann ned gata. –Sjå berre framover!, sa han stilt, men det var inga kraft i orda.
Fordømt! Kvifor skulle dette hende no? Og han som skulle ha eksamen! Rote til tankane no! Han kledde av seg og la seg igjen. Det var stilt rundt han, men han hadde vondt for å sova.
 
 Dei kom til han. Var det ikkje Nils som pusta? ….kjente den klamme gutekroppen….får æ sovva på arma di? Ja, ja, berre kom!…men han glei bort igjen for han…glei ned i sjøen under ei samanrausa brygge. Markus! Han ropa til han og han kunne ikkje nå han. Lovise sto på Brattberget og lo av han.
- Du får itj flir tå mæ…han kjente sinne som steig i seg, og sto han ikkje der han Just og? Just! Uten fota! Svevde over marka. –Sjå æ kan gå uten fota Markus, ka du synes om det? Og Johanna og Tilla ropa og dansa mot himmelen: Gå uten fota!, gå uten fota!…og det skreik i han, og havet reiste seg over Brattberget som eit stort dyr, og himmelen vart mørk og han skreik imot det og ville koma vekk, bort frå det alt. Sprang seg ut over heiane…forbi skolen og Borthen sto der framme og vinka på han, drog han innafor og han seig saman under krystallkrona og var lam i kroppen, vart eitt med golvet, men augo såg og han hadde ingen kropp meir og ikkje munn og tale, og han såg Rebekka kome inn, gjekk på han og lo, og alle kom etter han og ropa: Du strauk! Og han skreik i søvne og sette seg opp, klam og fortumla. Prøvde å feste augo i veggen, pusta tungt og fann seg sjøl att igjen, men han fraus og sveitta som om han hadde feber. Bøkene låg i stablar ved senga. Æ må grei det!, for det gjennom han. Han sette seg opp, og sa det høgt for seg sjøl: - Jeg skal klare det! Og draumefolket løyste seg opp, og for inn i veggane, gjømte seg i krer og under ei nattstill havflate.

På Madam Andersens pensjonat drakk Halvdan og Jens Flata Darwin under bordet. Jens Flata vart aldri full. Han berre drakk til han ikkje orka drikke meir, eller ikkje orka å fordøme borgarskapet meir på ein gang. Og Halvdan svor borgarskapet all hedens veg ein gang for alltid, og klådde servitrisa med seg på romet. Ho ga han det han trengte. Etterpå somna han som eit uskuldig barn. Halvdan sovna kor det skulle vera.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


I grålysinga ein novemberdag i 1911 sto han på dekket og vinka farvel til byen og til familien Abrahamsen. Han såg på henne som småsprang langs kaiene for å drøye avskilsstunda, kjente enda smaken av leppene hennes, og visste det vart lenge til han kunne halde henne igjen. Han var på veg ut på dei sju hav som tredjestyrmann. Det lokka frå fjerne kyster med palmesus og smaragdgrønt hav, og det lokka frå bryggene i Bergen av ei jente som forsvann i disen da dei stemna ut Vågen.

Han hadde klart det! Han vart den beste!

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

















1912- 1929


32

- Æ kjem snart!….ska bærre heng opp klean.
Ho ropar mot ungen som sit på troppa og smågrin.
- Vent bærre litt no Mads, så kjem a mamma.
Svært så tungt all ting var når ein hadde ein stor mage å bera på. Ho kjente kor ryggen verkte for kvar bøying ned til den store korga med kle. Dei kvite bleiene hang som faner i blåsten og lyste nasjonalt mot ein blå maihimmel.
- I kveld kjem a Tilla og ho Johanna og ska værra åt oss, blir itj det artig?
Ungen slutta å grine, og prøvde å forme ord—illa…hanna..
så lo han ei stund, men før ho hadde tømt korga, grein han igjen. Ho retta seg opp og sette hendene i sida, -huff den ryggen! Så drog ho korga med seg, bøygde seg og tok opp ungen som strekte hendene mot henne, og gjekk inn. Det lukta av sandskura golv. Lovise likte å ha det reint i huset sitt, og her i Monsstova skulle det ikkje lukte. Visst var huset gammalt og lite, men med tid og stunder skulle dei få seg noko anna, berre Just fekk skrapa saman nok pengar. Han hadde prøvd seg på heimefiske med Markus sin båt ei stund etter at dei var nygifte, men nokon kapital vart det ikkje av slikt, så det vart til at han måtte gå til Borthen og be så pent om hyre igjen. Det var silda dei måtte sette sin lit til. Det var elles som eit hell at dei fekk leige dette gamle huset av Søren Sletta. Han hadde hus nok frå før og dette huset etter foreldra til kjerringa var det ingen som orka å halde i stand, så for den del kunne dei godt få kjøpe det.
Tenk å gå her som fiskarkjerring! Var det ikkje lærarinne ho skulle bli? Ho tenkte enno på det med vemod, men mest i harme over han som stoppa henne når ho nær hadde begynt å sjå drømmen som openberra seg. Hadde ikkje dette utyske gått til
 
 læraren og trua til seg kvar ein slant ho hadde arva etter henne Nekoline? Læraren ville ho skulle sette sakførar på han. Ja, læraren tok det like så tungt som henne, og ville gi henne alt han åtte berre ho ville gå lærarskolen. Men det kunne ho ikkje ta imot. Han fekk behalde pengane sine sjøl.
- Svin! - eit svin er du Mus-Per! , for det gjennom henne. Slike skulle ikkje hatt lov å gå rundt utanfor murane, hadde Besta sagt. Besta var ikkje snauare på det enn at ho ville hente lensmann Thorgaard på timen da ho hørte om det, men for freds skuld vart det ho sjøl som måtte gå i mellom. Og hadde ikkje Mus-Per fått bygt denne rønna han kalla Tempel oppå Løngheia for pengane? Kvar gang ho hørte songen frå Tempelet kjente ho det som ei hån mot henne sjøl og hennes eiga framtid. –Ja, søng og gaul det vekk!, sa ho stilt. Ho visste så alt for vel at lærarskole var for godt for henne. Dessutan fekk ho snart anna å tenke på da ho merka ho var med barn. Just hadde vore forsiktig, men slik gjekk det no i alle fall.
Bryllaup hadde dei hatt i Hallarkirka, og med heile bygda og slekta samla. Ja, t.o.m. ei gamal giktbroten ”tante” av Just hadde funne vegen frå Mosjøen for, som ho sa:- sjå rakkaren vel i hamn. Men tanta hadde dratt like fort som ho hadde kome, og noko meir om opphavet til denne mannen sin hadde ho ikkje fått ut av henne heller, og han sjøl var taus som ein stein når det gjaldt den saka. Men Besta sa med ettertrykk, at finare par hadde aldri knelt ved Herrens hellige alter der på øya. Så hadde ho grått ein skvett, og gitt henne både vegguret og pengar i gåve. Mora hadde unnskyldt seg med at ho skulle få noko fint seinare, når ho hadde vore i byen og handla. Ho fekk aldri nokon gåve frå henne. Kanskje ho ikkje fekk lov til å kjøpe noko? Ja, det var mest truleg. Ho hadde vorte enda meir grå og bitter dei siste åra. Det var som ho hadde krampe i ansiktet. Martyransikt, det var det det var. At ho ikkje kunne ta til vett å få dette utyske ut av hus. Per kunne likevel ikkje truge Markus no som var på dei sju hav og snart skulle gifte seg til rikdom i Bergen. Denne Rebekka var nett som ei ekte prinsesse. Men han kunne godt ha skreve. Nils
 
 stakkar gjekk her å venta på brev frå han. Det var vondt å sjå på. Operasjonen hadde gjort han skeiv ovantil fordi dei hadde fjerna ribbein på han saman med eine lunga. Men han levde, og no gjekk han ærend for henne, og heldt seg lengst mogleg unna Vikaplassen.

Johanna og Tilla hadde gledd seg lenge, og da klokka nærma seg 6 var dei alt på veg. Det var hos Lovise dei helst ville vera, men kven hørte vel på ungar? Heldigvis var han ikkje heime da dei for, og mora hadde vore letta på eit vis.

- Har dokker skolbøker’n med dokker?
Lovise hengte opp kleda, og klemte dei når dei kom.
- Ja, men vi gjor’ dobbelt med leksa i går vi ferde at vi skol hit i helga.
Johanna småtrippa av spent forventning, og Tilla kunne berre forsikre om at det var heilt sant.
- Men vi kan godt lessa salmversan fer dæ fer det.
- Det ska vi gjerra ja, svarte Lovise. Komma nå å få nybakt brød og sirop!
Mads kraup opp i fanget til Tilla og skein som ei sol.
Lovise rørte i glørne og la innpå meir tørv. Frys dokker?
- Nei det e så godt og varmt her, sa jentene.
- No ska vi rektig kos oss!
Lovise drog av ovnslokket og sette kjelen over, og da visste dei at det vanka kakao i tillegg. Johanna sukka.
- Einn om ein koinn ha hatt det så godt bestandi-
- Har du itj det da?
Lovise kjente at det var farleg dette, men ho sa det mest for seg sjøl i det ho opna ovnsluka og blåste på glørne. Ho visste ikkje om ho ville vite alt, men ein nagande mistanke om at ikkje alt var som det skulle hadde vokse i henne den siste tida.
Kvifor drog dei ungane med seg på desse møta? Ho hadde sjøl gått på bedehuset, men desse tempel-møta som dei no dreiv med skremte henne….ja, Nanna hadde enda sagt at ho hadde vore på
 
 eit slikt og at ho aldri hadde turt å sende ungane sine, for maken til endetidsprat hadde ho aldri hørt i sine levedagar, og var dei ikkje syndig før, så var det ikkje måte på kor mykje djevelsmakt som måtte drivast ut av dei når dei kom ilag med desse, og der gjorde ein ikkje skilnad på vaksne og ungar.
Da Johanna svarte, var det så ho fraus der ho sat.
- Nei, æ e så redd fer at Djeveln ska komma å ta mæ. Han e under senga mi om natta, og da får æ itj sovva, og så blir æ så trøttj når æ ska på skolen at æ ….
Ho reiste seg opp.
- Kæm har sagt at det e nå støgt under senga di? Du har da itj trudd på nå sånt før Johanna?
Tilla flytta uroleg på seg.
- Han Per sei at ho e besett.
- Besett? Ho spytta det ut. Og Mads såg uroleg på henne. Ho sansa det sjøl og, og tok han opp, og sa med roleg stemme:
- Dette skal vi snakke om sea. No ska vi eta, og snakk om nå anna. Men det mulla i skallen på henne. Besett? Det e berre ein djevel i Vika, og han heite Mus-Per. Desse møta skulle ho sjå nærare på.

Ho fyrte opp Petromaxen.
- Sjå no ska det bli bra lyst her. Ho pumpa, og slepte oljegass inn så nettet tok fyr og brann kvitt og sterkt, mens det susa svakt. Så hengte ho terna over bordet, og sette fram kakao og nybrød. Dei kasta seg over det, men sansa seg, og ba bordverset med bøygde hovud. Lovise såg med undring på dei redde augo til Tilla fordi ho hadde glømt seg ei lita stund.
- Eta no! Sa ho berre.
Så snakka dei om skolen og om kjærastar og om kle, men ho kjente heile kvelden at gløden i dei var borte, og at det tok tid før varmen frå tørva og kakaoen og brøda trengte inn.
Etter ei stund sovna Mads, og ho kunne få han i seng.
- Vil dokker legga i lag med mæ?
- Ja!, kom det i kor.

Dei såg steinane som låg på omnen. Visste at dette vart som ein fest, og Johanna visste at ho kunne sova trygt.
- Du e så snill Lovise!
Ho strauk henne over håret.
- Kle tå dæ no!
Ho nølte først.
- E du sjenert? Held du på å bli dame?
Johanna såg ned, og Tilla var heilt stille.
- Må æ ta tå mæ alt?
- Nei da, men koffer spør du om det?
- Itjnå!
Lovise likte ikkje dette, og med eit grep drog ho serken av henne.
- Ka er dette?
Den tynne jentekroppen sto framfor henne i ternelyset og skalv.
Overarmane var blåe og raude av noko som likna slag og knipemerker. Ho vende henne rundt og drog ned trusa.
Ho hadde sårmerke etter slag over begge skinkene.
Johanna gråt no. Lovise kjente korleis sorga og sinnet blanda seg og vart til ein stein i brøstet, og ho hadde mest av alt lyst til å rope. I staden sa ho, med roleg stemme:
- Fertæl mæ koffer du har sånne merska!
Tilla var redd no, og forta seg å si: - Ho datt, itj sant du datt Johanna? Ho datt da ho skulla hent vatn i brynn… Så såg ho på Lovise og slo auga ned… - Nei det e itj sant!, la ho til.
Johanna hiksta, og ho lot henne gråte, sette seg ned og tok henne på fanget, kjente at den spente kroppen slappa av etter kvart.
- Så, så. No ska du itj verra redd!
- Æ e så syndi!
- E det han Per som sei det?
- Ja! Og så….
- Og så…?
Det vart stille igjen.
- E det han Per som har gjort herre Johanna?
- Ja, men du må itj sei nå… Ho vart heftig no, og Lovise kjente korleis kroppen spente seg der ho sat.
 
 
- Da gjer’n det meir, og……. Igjen begynte ho og gråte.
- Han har gjort det med mæ og, men itj så my, kom det stilt frå Tilla..men det e verst når’n gjer det annere..
Lovise våga knapt å spørje, kjente korleis alt stramma seg til i henne.
- Det annere?
- Han sei at vi må verra god med han om vi ska komma åt Himmel’n…
- Go med?
Det var Johanna som svarte, og ho ropa det ut mot Lovise og Tilla og svartkomfyren som sto der og glødde med helveteseld.
- Vi må kos me’n… og så dreg e’n ned boksa.. og så tar’n på oss!…
Lovise drog pusten i heftige drag no. Var redd for ungen ho sjøl bar, at det skulle skje noko før Just kom heim over helga.
- Dokker ska itj tebakers dit! Hør her begge to: Det her ska dokker itj sei te nå’n, men det han Per har gjort ska’n anmeldas!
Men dokker ska bo her, og ho mamma ska versegod få gå med på det! Hørri dokker det! Ho kjente at ho var nær ved å gråte sjøl, men ho heldt seg hard for ungane si skuld. Likevel brast stemma da ho sa:
- Dokker ska verra her! Ho slo det fast, drog Tilla inntil seg og klemte dei begge.
- Kom no, så legg vi oss! Vi kan legga og kvesker læng vi…

Etterpå låg dei i senga og kjente varmen frå kvarandre og frå steinane og fortalde om alt. Lovise kjente korleis tårene rann og kilte henne i øyra, men ho våga ikkje å røre seg, låg med ei jente i kvar si armkrå, og let dei få fortelje, kjente kor det letta dei, og at dei sovna, uten Djevelen under senga.
Men Djevelen spøkte i Lovises tankar heile natta. Ho visste kvar han var, og ho måtte få han drive ut frå Vikaplassen for godt, om det så var det siste ho gjorde.

- Berre Just kunne kome snart, tenkte ho. Berre Just kunne kome…
Men først skulle ho snakke med mora. Dersom ho visste dette, var ho medskuldig i den største synd.
Ho kunne ikkje tru så galt. –Æ må ha a mamma med mæ…dem kan itj bo heim no! Berre Just kunne kome snart, tenkte ho.
- Å Herre min Gud, kviskra ho stilt ut i mørkret. Herre Jesus!























 
33


Lensmann Thorgaard var ein forsiktig mann, og det låg ikkje i hass natur å avseie nokon dom før ei sak var belyst frå fleire sider, i alle fall når det gjaldt ei anmeldelse av dette slaget. Det var det annsleis med alle desse opplagte sakene; som tjuveri av pengar og reiskap, eller ein eller annan kranglefant som hadde fått for mykje innabords, men det var slikt ein måtte rekne med i eit stort fiskevær med unge og ville menneske frå alle kantar.

Men dette med barnemishandling var ikkje så enkelt. No hadde han slett ingen grunn til å tvile på at Just Pedersen snakka sant. Han var ein rettferdig kar det han visste, og dårlegare rykte hadde ikkje ho han var gift med. Men reint prinsipielt var det vanskeleg nok å dra nokon grense mellom mishandling og det ein med rette kunne kalle vanleg hustokt, og om han tok lett på dette kunne det like godt vera han sjøl som kunne koma i forlegenheit når saka skulle opp til doms.
Han studerte brevet nok ein gang, la det på skrivebordet, og stirte inn i veggen der det sto ei bokhylle og med all verdens kunnskap, men kva hjelpte det.
- Forbannet! Han blei vel nøydt til å innkalle denne mannen, og dei andre som vitne. Han fekk ta det i tur og orden. Ei anmelding var ei anmelding, og den måtte følgjast opp.
Han hadde elles ikkje noko imot å sjå denne mannen dømt, men når sant skulle seiast så var han ein religiøs mann, og ut frå det han hadde forstått så hadde han mange tilhengjarar etter at han starta denne nymeinigheita og fått bygt dette Tempelet. Ikkje det at han hadde nokon tru på den slags, nei han heldt no likevel fast ved at kjerka var det beste. Den kunne ein forhalde seg til, og som den forsiktige mann han var, og ville vera, så hadde han elles ikkje mykje tilovers for hysteriske, åndelege evner. Han ville ha eit ordna samfunn Thorgaard, ikkje dette oversanselege; - Slikt kjem det aldri noko godt ut av, sa han til seg sjøl og til den
 
 imponerande gåsepenna han hadde sett i blekkhuset framfor seg. Men det verste var likevel at sjølvaste gammelleraren hadde engasjert seg i saka. Han vart reint trøtt av denne kallen som sprang ned dørene om dagen. Ein skulle nesten tru han hadde noko personleg å gjere opp med denne Per Monsen.
Han tenkte på læraren, og måtte innrømme overfor seg sjøl at han var ein imponerande personlegdom. No skulle han etter retten ha vore pensjonert for tre år sidan, og mange snakka om at han tenkte å trekkje seg tilbake, og flytte til Vikna. Men like fullt gjekk han her. Han hadde slik omsorg for dei han hadde hatt som disiplar at han følgde dei langt ut i livet, og denne Lovise var visst ei av dei han helst hadde sett som sin etterfølgjar i stillinga. Men, det såg i alle fall ikkje ut til at han fekk viljen sin der. Ho hadde hendene fulle med eigen unge, og no var ho visst bandiger igjen.
Han dyppa penna, og drog fram eit ark. Han fekk skrive til denne Per, og innkalle han til avhør. Brevet var kort. Under sette han sitt namn og segl. Så strødde han sand over, og blåste det av.

Læraren hadde fortalt litt om desse møta. – Det er den reine hjernevasken, hadde han sagt. Ja, ja, det var vel ikkje ulovleg, men han måtte vedgå at heller ikkje han likte dette med trugsmål om djevel og pine. I alle fall ikkje når det var ungar tilstades. Læraren visste nok kva han snakka om når det gjaldt barnesinnet, han var ikkje i tvil om det, og dessutan hadde han vore lærar sjøl i mange år før han vart lensmann, ja han hadde til og med utdannelse frå Klæbu seminar å vise til.
Men på den andre side tok dei vel ikkje skade av at nokon heldt dei i øyra. Sjøl syntest han læraren var vel mild når det gjaldt ungar. Da kunne han vera atskillig meir bøs når det gjaldt vaksne folk.
- Fordømt vanskeleg, sa han høgt til seg sjøl, og reiste seg.

34

Per Monsen strauk seg over kjaken framfor spegelen i kammerset, og la barberkniven frå seg.
Han kjente at han var herre over situasjonen. Endeleg hadde han tatt makta, ikkje berre her på Vikaplassen, men over heile bygda. Herrens vegar er uransakelege, og var det ikkje så laga at dei siste skulle bli dei første, og dei første dei siste?
Han smilte til seg sjøl; - dette Per Monsen skal bli din store dag, dagen da alt svineriet skal fram for ein dag. Trudde dei at dei kunne koma med anmeldelse av han for å ha tukta sine eigne ungar som djevelen hadde fått kloa i utan å få svi for det?
Hadde dei glømt at han visste kva som hadde gått føre seg? Trudde dei at mordarar skulle gå fri, og meske seg med finfolk nedi Hansabyen etter dette. Nei farr! Der gjekk grensa! Denne Lovise-tøtta som hadde lagt seg på rygg for denne tateren trudde ho skulle skremme han. Å, han visste så alt for vel ka ho pønska på! Hemn var det ho ville ha, hemn for pengane etter ho Nekoline. Men no skulle alt for ein dag, og Alette skulle vera vitne på at han snakka sant, om han så skulle pryle livskiten ut av henne. Og han hadde meir enn nok på lager, opplysningar som ingen av dei hadde drømt om.
- Alette, kom hit! Det skar gjennom gisne veggar, og han hørte det rørte seg oppå loftet.
Alette skvatt til som ei skremt mus, og var alt på veg ned troppa.
- Kom hit inn!
Ho opna redd og gløtta inn.
- Du har å hent ungan te æ kjem igjen!
Ho visste ikkje si arme råd, stamma der ho sto…
- Ja, men dem vil itj, og han Just nekte mæ å ta dem!
Han snudde seg og kom mot henne.
- Det var da rart da, høre du itj at æ befale dæ kvinne!
Ho kraup saman, ja, men æ har da itj makt…
Han kjente kor vemmeleg ho var, sto der ustelt framfor han og
 
 var ikkje i stand til å hente sine eigne ungar. Han hadde vore for mild, hadde han, og med eitt var sinne over han igjen, det svartna for augo, av Herrens heilage vreide, han heva handa og slo. Han skulle slå lova inn i henne, tukte henne til ho vart som
ei himmelharpe.
Ho ba for seg, men kva hjelpte vel det når ein sto for Helvetes port med all si synd. Etterpå lot han henne ligge, på golvet, tråva over henne i det han gjekk ut.
Ho låg hikstande igjen. Ti kvinne! Han snudde seg og ropa mot henne, men såg ikkje han som sto i gangen bak seg, kjente berre slaget. Han støtta seg til dørkarmen med det same, men seig ikkje saman, til det var slaget for veikt. Sakte snudde han seg og såg Nils stå der med omnsskofla i handa.
- Hei sann, er det ikkje Skeive-Nils som prøver å drepe meg?
Han for mot han, og trykte neven i brystet på han. Den sjuke guten knakk saman som eit siv, men han retta eit spark inni sida på han så han kunne vera sikker på at han ikkje reiste seg, drog så døra til kammerset opp igjen og hemsa Alette etter seg.
- No tar du og stelle dæ! Du ska bli med som vitne!….itj berre på mordet, men på at han der prøvt å myrd mæ med skofla.
Ho kasta seg over Nils, men han drog henne opp igjen, og puffa henne framfor seg, drog fram nokre kle, og kommanderte henne med seg til lensmannen. No skulle det gjerast reint bord.
Ho sprang gråtande etter han over haugane, skjelvande, mens ho ba for si arme sjel framfor domen og døden.


Det er dagar ein aldri skulle ha stått opp, tenkte Thorgaard i sitt stille sinn, men han baud dei inn og viste dei plass framfor skrivebordet i kontoret.
- Hva er det så som bringer dere hit så seint?
Kjerringa såg ned og såg ut som ho var mest på gråten, men mannen la armane langt framover bordet, og gliste mot lensmannen:
- Ja det lure du ver på… du som har sendt mæ stemneng?

- Jeg har innkalt deg til avhør i en barnevernssak, det er riktig det. Er det den saken du vil diskutere er jeg redd du er kommet for tidlig.
Den andre fortsette å flire, og tok ikkje augo frå lensmannen sitt ansikt.
- Nei, det va itj bære det vi kom fer nei, men det kan ver verra bra om du legg bort den saka! Lensmannen såg spørjande på han.
- Du lure no?
Lensmannen likte ikkje situasjonen. Denne mannen opptok hass fritid, og da fekk han versågod kome til saka.
Han drog fram klokka for å vise at han hadde anna å gjere.
- Nå?
- Du gjer best i å legg bort den saka!
- Truer du lensmannen?
- True nei, nei bevares, men det kan ver tenkas du får vektigar teng å ta dæ tå einn å blann dæ borti barneoppdragelse ette skrefta.
- Spytt ut mann, jeg har ikke tid til å sitte her å tyde gåter!
 Vil du noe så kom med det! Alette skotta nervøst opp, men turte ikkje opne munnen.
- Det kan tenkas at du må ta dæ tå eit mord først!
Alette ga frå seg eit forpint sukk. Og Thorgaard sette seg opp i stolen.
- Mord!?
- Ja, æ sa så ja!
Thorgaard fekta med eine handa.
- Så fortell da mann! Hva mener du med mord. Er noen drept her, i dag?
- He,he…. nei i dag… nei. Mordar’n har gått laus leng ette det…
 Ja, æ trur lensmann har skreve ut vandelsattest åt’n ætte drapet, og den va vest god, så det e litt av eit rettssystem vi har… he…he..
- Kan du så si hvem som er drept, og hvem denne påståtte morderen er?

- Æ kan så ja. Den drepte heitt Peter Viken.
- Peter Viken? Lensmannen såg på Alette.. - men..?
Alette sette hovudet enda meir ned i bølen og vart som borte i sin eigen kropp… sat ho ikkje her og skalv…han reiste seg opp.
- Peter Viken omkom! Han sa det med trykk på kvart ordet. Peter Viken fekk ein barkstamp over seg da skjåen knakk sammen i storm, og havnet i sjøen. Er det mord? Anklager du vårherre for mord?
Den andre snerret imot han: - Du ska itj snakk bespottelig om vårherre du nei, og det var itj så enkelt. Peter Viken vart drept tå sin eigen son, han Markus…. Drukna farr! Ka du sei om det?
- Thorgaard sette seg roleg ned, men han skalv i stemma da han fortsette. Her var det noko som ikkje stemte. Han gjekk gjennom heile hendinga, stormen, ulykka, og heile tida såg han på Alette.
- Var det ikkje slik det var Alette Viken?
- Alette Monsen!, retta Per.
- Var det ikke slik det var Alette Monsen?
Lang stillheit.
Per vart irritert: - sett no itj der som eit fe, snakk!
Ho såg opp, redd som ein liten føgellunge, skjelvande og sukkande, ba om nåde med heile seg….
- Kan du itj hoill fre? Ho såg innstendig på mannen sin, bedande.
Og Per vart utålmodig, men han la dempar på seg, og vart med eitt ein skriftens mann igjen:- Fer di eiga sjelefred Alette…
Thorgaard undra seg over det dramaet som utspant seg framfor auga på han, prøvde å tyde ansikt, og han skjønte ikkje heilt ka som skjedde før dette kvinnfolket sat hikstande framfor han og angav sin eigen son. Fortalde med reine ord at han hadde drept faren og at ho sjøl hadde vore vitne til det heile.
Per lyste mot lensmannen som sat mållaus og hørte det han ikkje ville høre.
- Kanskje det va nokka som interessert lensmann eller, ska æ gå te sorenskrivarn med det kanskje?
Men så snudde han seg igjen mot Alette:
- Og det annere?

- Nei, itj det!, ba ho.
- Tal kvinne!
Og igjen dette drama i ansiktet som lensmannen ikkje kunne tyde, men han hørte at ho sat og anklaga den lungesjuke sonen sin for ”legemsfernærmels” mot Per.
Per sette auga rett i lensmannen, visste at han hadde vunne no:
- Skjønne du no ka slags folk det her e? Skjønne du no at det herre ungan e fergjort? Skjønne du no at du skoill let rettferdige folk verra i fre? Barnemishandleng! Han spytta det ut.
- Æ gjer min plekt som stefar og som Guds tenar, og vil du anklag mæ fer det så versego! Men æ trur du ska bli bleik før du e ferdig med den saka!
Mus-Per reiste seg, og drog Alette opp av stolen. Han var roleg no, og han hadde vunne, og i sitt stille sinn takka han sin Gud for at han hadde fått ein slik dag.

Han helsa god kveld, men Thorgaard hørte han ikkje, hørte ikkje at dei gjekk, han berre sat i eigne tankar, og det han såg var berre eit ugjennomtrengjeleg mørke.
Han sukka tungt, reiste seg og låste døra som om han ville stenge verda ute for alltid.
Likevel sette han seg ned for å skrive, visste han måtte det før eller seinare, og da var det like godt å få det overstått.
Etterpå la han konvolutten frå seg og sat lenge og såg på den.
Til Skibsreder Abrahamsen, Kalfaret, Bergen.
Han rista sakte på hovudet.
- Fordømt!, sa han, - fordømt trist!, gjentok han og blåste ut lampa.Han kjente det var kaldt i romet.
Våren hadde enda ikkje vunne over nattefrosten.

 
35

- Han kjem! Han Mus-Per og ho mamma kjem!
Lovise hørte henne gjennom gangdøra, og jenta kom mot henne med auge fulle av redsle.
- Æ vil verra her, sei at æ ska verra her! Johanna ropte mot søstera som prøvde å dempe henne. Tilla kom ut frå stova med Mads i hælane på seg.
- Kjem ’n Per?
- Ja, han Per og ho mamma, æ såg dem oppå hauan.
Lovise ga dei ordre om å vente, no måtte ho ha Just med seg.
Ho sprang mot naustet og ropte, - der e’n, gudskjelov, Just!- du må komma! Ho kjente at angsten til søstrene hadde smitta over på henne.
- Ka det e?
- Han Per kjem!
Just kakka av pipa og mumla for seg sjøl:
- så, han kjem no!
Så drog han båten han hadde lånt av Markus lenger opp på land, og gjekk etter kona si oppover. Ho skulle ikkje vera åleine om dette.
- Ta med deg ungan opp på loftet!-, ropte han etter henne:
- Æ ska snakk med predikanten sjøl først.

Mus-Per stansa tjue meter bortom, og skugga for auga mens han såg mot støa.
- Fin båt?
Just sa ikkje eit ord.
- Du får ro’n over te mæ i ettemeddag, æ har itj lånt dæ nå’n båt!
Det kom så uventa at Just kjente det som eit slag i mellomgolvet.
- Ka e det du sei mann?
- Æ sei det at du får ro båten min over te mi stø!
- Din båt? Di stø? Han gjekk mot han no….han visste ikkje om han skulle flire eller berre slå.

- Ja! Min båt! Mannen sto framfor han og såg han rett i glaninga utan å fortrekke ei mine.
- Etter det æ veit e det Markus sin båt!
- He, he! Markus sin båt? Ette det æ veit va det Peter sin båt, og alt han Peter ha e ver mett no ette som æ har delt bo me enka?
E det itj så? Just kjente berre hendene som løfta seg, tok mannen i kragen og løfta han opp frå bakken.
- Din djevel!
Alette gret stilt i bakgrunnen, men ho sa ikkje eit ord, berre rugga seg fram og tilbake som om ho ville viske bort livet sitt med overkroppen.
- Djevlan’ kan vi vesst finn her omkreng ja. Han Markus trøng vesst itj nå’n båt her ette. Han e anmeldt fer drap han Markus…fer drap Just!, - Det bli resten tå livet i fengsel det farr!
Æ anmeldt’n i går jaftes. Det e nå som kalles kristenplikt veit du….og ”den som elsker sitt barn tukter ham i tide.”
Just hørte skriket bak seg. Hørte det var Lovise. Kjente at armane fall ned, kraftlause. Såg i eit glimt ho som sprang fram og klora mannen i ansiktet.
- Svin! Ho ropa på mora, - e det sant? Ho gjekk mot henne og rista henne som ei tøydukke, og den andre sto der, livlaus og berre tok imot.
- Det e mang slags svin her ja. Han hadde meir i reserve.
- Kjenne du mann din? Han gjekk mot Lovise no.
- Herre Gud ka e det du sei? Ho såg opp mot himmelen som om ho ba om eit mirakel, at vårherre kunne fri dei frå dette, sende lyn ned og knuse djevelsmakta.
Men Mus-Per drog fram eit papir frå lomma.
- Æ har eit brev her frå presten i Mosjøn.
Just vart kvit.
- Kanskje du har holdt tebakers nå’n opplysnenga du?
 Du skjønne det du Lovise- mor at du har gifta dæ te tater, og det du har avla fram e taterunge, og det du ber på e taterunge! Og du veit ver korres det kan verra når det blir kjent ?

Ho var slege. Ho såg på mannen sin. Såg ryggen i han da han gjekk nedover mot støa igjen, såg at han drog litt på foten, og tenkte at ho hadde glømt at han gjorde det, og kjente som ein agg mot han med det same.
Ho kunne ikkje la seg knekke no! I staden retta ho seg opp og sa:
- Ja, æ veit det! Og så?
- Mus-Per berre flirte mot henne, før han gjekk inn og drog Johanna og Tilla etter seg. Jentene skreik, og ho sto igjen som ei saltstøtte.
- Prøv å ta ungan ein gang te! Dem ska itj oppdras sammen med fantpakk!
Han styrte dei framfor seg som eit kobbel, og ho sto igjen med taterungen sin som sto med spørjande auge mot henne.
Ho berre såg på han ei lang stund, heilt til sileppa kom og ho måtte trøste. Tusen tankar rasa gjennom henne, mens ho sto der og heldt han, så tok ho han opp og trykte han inntil seg.
- Æ e glad ti dæ, sa ho, - æ e gla ti dæ, og no ska vi gå nedover åt’n pappa og sei at vi e gla ti han og!

Ho vagga stien nedover, og kjente draget frå havet mot seg. Det fylte henne med ny kraft.
- Det e mæ det kjem an på no, tenkte ho. Det e æ som må verra stersk no heretti! Tater? Ka gjer nå det? Ho stansa da ho såg han. Han sto der som om han var tatt i fusk, og som om han ville springe på sjøen for å kome vekk. Da ropa ho mot han som om ho ville hindre han frå å springe:
- Du, frå verdens ende… æ e gla ti dæ!
Han seig ned i kne framfor båten, støtta hovudet mot ripbordet, og gret som ein unge.


36

Dei siste glørne døde ut, og han drog eit teppe rundt seg. Han stirte inn i den store peisen som om han ville finne noko der som kunne gi svar. Det var stilt i huset, og ingen tok notis av at han sat på kontoret åleine utover natta. Dei var vane med det.
Han kjente seg så matt i kroppen, og det han hadde att av si manndoms kraft ville liksom dø ut og bli til oske.
Han bøygde seg framover, tok eldsraka og rota litt opp i glørne, men det var ikkje noko meir å hente, og meir ved ville han ikkje bera inn no. Det var for seint til det. Rart kor denne vinteren hadde sett teleklørne inn i husa. Sola var enda bleik, og aldri kunne han minnast at våren hadde kome så seint. Rododendronen sto enda med forknytte knoppar og ville ikkje sjå opp. Slik kjente han det sjøl og. Han ville ikkje sjå opp!
Han hadde venta seg så mykje av denne Markus, ja han hadde reint ut basert heile framtida etter sine dagar på han. Han hadde meint at han sjøl var ein slik menneskekjennar at han her hadde å gjere med eit menneske han kunne lite på, og når dottera i tillegg gjekk stad å forelska seg i mannen, var det mest som han håpte på å sjå barnebarn i stova før han reiste inn i evigheita. Han opna brevet på nytt. Det var ikkje til å misforstå. Markus Viken skal anklages for mordet på sin far. Han visste at han måtte kalle han heim, og han visste at han måtte underrette Rebekka om dette, og jo meir han tenkte over det, jo meir kjente han at han kunne like godt ha sovna inn i denne natt. Han var trøytt, så inn i mergen trøytt av alt.
Kven var desse menneskja som ville ha han anmeldt no så lenge etterpå? Det var så mykje som ikkje stemte i dette, og helst hadde han reist opp sjøl for å undersøke saka nærare, men han kjente at han ikkje orka no.

Han fekk gjere si plikt, telegrafere til skipet og kalle Markus til hamn i samarbeid med politiet når dei kom til Europa om tre
 
 dagar. Han visste og at det ikkje vart lett å skaffe ein ny mann no, berre tre månader etter at skipet hadde dradd ut. Men han ville og skrive til Borthen, ville invitere han nedover. Han følte at han måtte skaffe seg opplysningar om denne familien. Hadde han vore naiv som hadde trudd så godt om folk?

Han visste ikkje kor lenge han hadde sove, men han vakna av at han fraus. Morgondisen låg grå mot rutene og løyste opp lyset i ei trøsteslaus, sorgtung velling. Han reiste seg og ville kome seg i seng, men i det same gjekk døra opp.
- Sitter du her enda far?
Han såg inn i desse augo som han elska over alt i verda, og han visste at han snart skulle sjå ei sorg i dei som han aldri hadde sett før.
- Ja, barnet mitt.
Ho smaug in til han.
- Er det noe som er galt?
- Ja!
Han hørte den heftige pusten.
- Er du syk?
Han rekte henne brevet, hardt og nådelaust, og ho las, og han hørte gråten som kom som frå eit sjukt lite dyr, jamrande og stilt og utan von om nåde.
Så vart ho stille, og det var verre enn gråt tykte han.
Han skulle til å seie at han ikkje trudde noko på det, at det måtte vera ei mistyding, at det berre var eit problem som far skulle løyse for henne slik han hadde gjort så mange gonger før, men ho kviskra sakte og stille…..
- Jeg skal ha barn…. men han vet det ikke. Så sette ho seg ned ved den kalde peisen, bleik og sløkt, og han syntest at heile romet løyste seg opp som eit uverkeleg myrland, men han sette seg sjøl ned hos henne og talte med ei stille som ikkje hadde plass til ord, berre hender som fann veg over hår og kinn, over år av sit liv som var dei beste han eigde. Og han fyltest med verme. Og han smilte inn i skodda, og han visste ikkje kvifor, og han drog henne
 
 til seg og rugga henne sakte inn i si eiga kraft som om han var ein nyttent eld, og ho fann vermen i han, og nøydde seg med vermen. Og da dei gjekk til sengs stilte dei ikkje spørsmål, ikkje ein gang til seg sjøl, for framtida måtte kome, og dei var saman om dette, og byen skulle vakne under dei, skulle igjen bli ein stim på vandring, ein stim som kunne eta sine eigne, men enno hadde dei makt nok til å gå mot dei alle. Han hadde gått åleine før. Ved Gud, han hadde gått åleine, både han og hass slekt før han!
I det fjerne hørte han ein dampbåt på vågen.

























37

Han sat i offisersmessa og halvsov, mens han skreiv. Om fem timar ville dei leggje til kai i Antwerpen, og dette brevet måtte han sende med ein gang. Han hadde dårleg samvet, Nils hadde sjølvsagt venta brev for lenge sea. Han tenkte på den sjuke broren som gjekk der heime. Ikkje hadde han treft han etter operasjonen heller, men han fortso på breva frå Lovise at han var både skeiv og skral på alle vis, dei fekk berre vere glade for at han levde. Han drog seg med handa over nakken. Han var stiv i musklane…alltid stiv i nakken!
Ein byssegut kom inn og spurte om det var noko han trengte, men han vinka han av. Det var elles ikkje så lett å skrive til ein slik ein som Nils, han godttok ikkje det som var grunt, og sjøl hadde han ikkje så lett for å snakke om slikt som gjekk på ein sjøl.
Skipper’n kom inn og da måtte han sjøl reise seg og helse.
- Brevskriving Viken?
- Ja, det var meningen det.
- Godt!
- Hadde De en god vakt?
- Ja takk, god vakt kaptein!
Kapteinen tok et overblikk over lokalet, drog fram uret, åpnet det, og smekka det igjen.
- God natt styrmann!
- God natt kaptein!

Han kjente seg tom, hadde mest lyst til å legge penn og papir frå seg, men han fekk berre snekre i hop noko om turen, om at han hadde sett Kapp Horn og om turen over Stillehavet med delfinar framfor baugen på båten. Da han bretta arka saman kjente han det som eit svik at han ikkje kunne gje meir av seg sjøl, men det var no i alle fall eit brev.

Han måtte berre sove ei lita stund før dei nådde hamn.
 Han hadde gått doble vakter lenge fordi 2.styrmannen var sjuk, og han var ikkje den som sette nokon i beit, måtte syne dei at han var kar om å takle oppgåvene, at både mannskapet og rederiet hadde ekstra skarpe auge på han. Her gjekk han som var trulova med dotter til skipsreiaren. Var det ikkje slik at han skulle arve heile kongeriket ein dag? Og hadde ikkje Abrahamsen gitt klar beskjed om at han fekk nøye seg med dei tilhøva som var om bord, og noko anna ville han ikkje be om sjøl heller. Men det var og noko meir som sto på spel. Det var sjølve livet det gjaldt, livet opp frå fattigdom og vanære til eit liv han kunne stå inne for, som han sjøl kunne rekne for lukke, men samstundes undra han seg over at denne lukka ikkje alt hadde kome veltande over han, at han ikkje følte det som om han kunne lette fordi så mange draumar alt var oppfylte. Kva hadde ikkje han som dei der heime ikkje hadde? Hadde han ikkje den mest ettertrakta ungfrøkna i Bergen å vende heim til? Hadde han ikkje utsikter til ei framtid som få? Likevel kjente han seg tom når dei sat i offisersmessa om kveldane og spelte Wist og drakk dyr whiskey. Det var så mykje i samtalen han ikkje følte noko for, så mykje som berre var utanpåklistra laussnakk, og han kunne gripe seg sjøl i å sitte der å lengte etter Just. Lengte etter den ville galskapen når sildefiskarane hadde gjort fangst og flekte klea av seg for å skifte og kome seg på fest. Lengta etter den ville dansen med jenter, eller han kunne lengte etter Nils og dei stille samtalane dei hadde om døden og om menneskets kår i verda. Og han kunne angre at han ikkje følgde med Halvdan den kvelden i Bergen.

Han stramma seg opp. Var det ikkje han sjøl som ville fram?
Sjå framover! Sa han stilt ut i romet, men likevel var det som ein snert av ironi i orda. Han gjekk til lugaren, og la seg på køya. Stirde på eit bilete på veggen. Ka gjorde ho no? Han kjente det som om det var ei æve sidan han hadde sett henne.
 
 Kor ofte hadde han ikkje drømt om den siste natta dei hadde i lag, at ho hadde gitt seg hen til han for første gang?
Kor annsleis ho var enn alle dei andre jentene han hadde møtt, men likevel kor lik når driftene styrte henne langt utanfor dei kultiverte orda, og ho berre låg der og bønnfall han om meir, og ho var sanselaust borte i ein stad der berre naturen rår grunnen åleine. Han var så van med å lære seg knepa til dei at han hadde undra seg over dette. Var det slik at han kunne læra henne noko…noko han hadde lært av sildejentene, og som dei hadde lært i en hard skole og som var like universelt som sjølve livet, det salte, sterke livet?
  
Han hadde ikkje hørt at dei hadde lagt til kai. Han bråvakna av at alle lydane var så heilt annsleis. Han fekk på seg uniforma og skulle nett til å gå, da det banka på lugardøra. Han opna og stirde inn i augo på kapteinen. Men her var fleire?
To uniformerte menn sto ved sia hass.
- Ja?
Kapteinen sa ikkje eit ord, berre gjekk inn med dei to i helane.
Han var ikkje heilt vak enda og tenkte at det var noko han hadde glømt.
Kaptein Storm var framleis taus, men han drog fram eit papir som han rekte over.
Han bretta papiret ut og såg det var frå rederiet.
- Er det noe galt med Rebekka?
- Nei, ikke med Rebekka, med deg!
Han for saman, prøvde å konsentrere seg om brevet, las dei same setningane gang på gang, men fekk ikkje tak i innhaldet.
- Jeg forstår ikke…..
- Hva forstår du ikke, mener du det er en misforståelse? Han visste ikkje om det var håp eller ironi han såg hos den andre.
Han såg igjen ned i brevet, las dei same setningane på ny.
- Ja, det som står, står! Du er anholdt for mordet på din far.
Det var som om veggane her inne kom imot han, han fekk ikkje puste og greip ustøtt til køya for ikkje å ramle saman.

- Men det var da ikke mord!
Det vart taust ei lang stund.
- Det kan godt hende at dette er en lei misforståelse Viken, men vi må likevel følge rederiets ordre, og politiets,- la han til og snakka dempa med dei to politimennene på engelsk.
- Så må vi la retten ta stilling til resten….. det var ellers fordømt dette… vel, vel, vi får skaffe en mann.
Markus hørte ikkje meir. Personane der inne snakka, men det var berre munnane som rørte seg, rare rørsler i ansikt som ikkje kom han ved, for ingen ting betydde noko. Rett? Han smilte.. Kva er rett? Det er slutt tenkte han. Alt er slutt!
- Kan jeg gå å hente mine ting på brua?
Kapteinen nikka.
Han gjekk ut, hørte den dempa samtalen bak seg, gjekk opp til første dekk, strauk hendene langs gelenderet og fortsette opp og akterut. Med faste steg gjekk han bort til rekka og såg ned. Det var høgt. Han drog fram klokke og pung og la begge deler på dekk. Så tok han uniformsjakke og lue og la ved sida av, tok sats og hoppa over.
Det kalde vatnet trefte han som eit slag, kjente at han sokk djupare og djupare i det uklåre hamnevatnet, ned mot mørkret. Tyngden og farten drog han ned, kjente det iskalde trykket mot tinningen som om alt skulle sprengjast i han. Da vart han redd, han ville opp!…kva var dette?….kva var det han ville? Han prøvde å koma seg opp, kava med armar og bein for å stansa, men han sokk, og alt var mørkt kring han. Han måtte ha pust, han ville ikkje døy slik. Han ville berre bort, bort frå alt som heldt han tilbake, trykte han ned i gjørme og grums. Redsla tok tak i han, kava for å kome opp, tykte det var ei æve. Han såg dei, der! Dei sto framfor han og gliste, først Nekoline med ein fleskebit hengjande ned frå munnen, så var det mora han såg i lag med han Mus-Per. Dei lo mot han og han hørte dei skrike: Fin kar? He…he…he, fin kar! Med eitt var det læraren som kom:
- Svik… svik… kom det frå han, og han såg kor han vende han
 
 ryggen, og her var Halvdan og Abrahamsen som kom til og ropa: -svik… og han kjente at kreftene svann, og matt og utan kraft nådde han yta, kjente bølgene som slo over han og kjente seg ikkje kald meir, berre så inderleg trøytt, gløymde å vakte seg og åpna så munnen, kjente det kvelande kjensla i det svelget fylltest. Han seig inn mot eit lys der nede. Kjente vermen i kroppen av det lyset. Kjente at han vart ein del av dette uendelege vesen, sjølve havet. Faren sto til rors, fast og trugg på dekket til ”Barolina”, og han såg berre ryggen i han, og han hørte seg sjøl rope namnet hass. Så snudde han seg, og han såg Just og Lovise…. og der! Hei Nils guten min…. men så var det borte… det vart mørkt…. redsla var i han, han var sjølve redsla med ryggen av eit stort dyr under seg…. ka var dette for slags lyd? …ein sirene frå botnen… og eit ansikt, boblane som steig mot han…. og tida rann baklengs gjennom han, og lyset der framme åpna seg som eit veldig rom og i romet kom ho. Augo smilte mot han, rolege, drog han mot seg. Framover….
framover …framover, og krystalkronene over henne singla svakt, og det vart fleire av dei, og det vart stilt i han, berre fred over alt….og lys.






38

- Tater! Han hytta med nevene mot dei, og ungen trekte seg tilbake bak mora.
Nils sto bak han no, kjente som eit sviande slag i bringa. Lovise sto som om ho ikkje forsto, som om ho ikkje visste at heile bygda snakka bak henne, kviskra og lo.
- E ho mor heim?
- Her e itj nå mor fer dæ, skjøge!, kom det frå Per. Ho stengde han ute.
Mora kom tilsyne, dratt og ustelt.
- Ja…?
- Kan æ komma inn?
- Her kjem du itj inn med taterungen din! Han flerra det mot henne. Ho sto der som før, såg spørrande på mora, forlangte eit svar frå henne.
- Ja, kom inn! Nils såg på henne. Trossa ho Per?
Lovise steig inn, det var lenge sea ho hadde satt sin fot i Vikahusa. Alt virka fremmed. Nils sto der, herja av sjukdomen, i døra til stova såg ho systrene. Dei smilte matt, men det var inga glede i dei, berre vaktsame auge.
- Kan vi snakk i fred?
Alette såg på mannen sin.
- Kan du gå ut?
- Ber du mæ gå ut?
- Ja! Augo var enda meir fast enn elles, og han forsto det ikkje, vart usikker eit lite sekund, men skulle til å samle seg til motangrep, men lot det vera, kom på at han ikkje ville vera i hus med tatrar.
- Æ går, du treng itj be mæ når det e tater i hus. Æ ska dra båten borti brefjera, må breas snart!
Dei vart tause ei lang stund, da han forsvann ut døra. Lovise stilte seg opp så ho kunne sjå ut, sjå at han forsvann nedover mot støa. Så vende ho seg mot mora igjen.

- Du ska bli bestemor igjen!
Mora såg rart på henne. Ja, æ veit da det….
- Nei det gjeld itj mæ. Ho kunne ha lagt til at det ikkje var noko taterbarn dei kunne gremmes over denne gangen.
- Æ fekk brev frå Bergen, frå ho Rebekka, ferloveden hass Markus, ho ska ha ban. Ho villa så gjern ha kontakt.
Mora sette seg ned.
- Kontakt! Ho spøtta det ut, bittert og beiskt.
- Jau, her e det my å ha kontakt med fer ei som ho. Ha a hørt nå frå’n Markus?
- Ho veit at dem va på vei te Europa.
- Så…Ja, han kjem sæ fram guten. Det e itj farlig fer han nei.
- Æ vill nå bære sei det. Æ ska gå no. Lovise løfta opp ungen, og ville gå, men vart var Tea og Johanna som sto i dørgløtta.
- Kan dem bli med mæ heim? Ho såg på mora, og igjen kom dette redde over henne. Men ho slapp å svare.
- Æ blir med æ og! Det var Nils som kom inn, vi blir så leng vi blir henta.
- Det blir ver itj leng det, gå no mens’n e nemme sjø’n.
Jentene var alt på veg, med Nils i helane.
Lovise rugga etter dei med ungen på slep. Kjente at ho kunne gi han alt, men var det ikkje alt så at dei trekte seg vekk frå henne når ho kom på bua? Stakkars ban, for det gjennom henne… dei et sine eigne… koffer så mytje hat… må dem ha hatet å stå på fer å sjå sola? Ho hadde tenkt på lærarskolen igjen, hadde sagt det til Just og, og han meinte dei kunne klare det, meinte dei kunne bu annan stad der det var skole. Det vart lettare da, og fiskar kunne han vera kor det skulle vera berre det var hav i nærleiken,. Såg det vel som noko å stå på han med, og hadde han ikkje all tid reist omkring, heilt til det var nokon som ropa tater mot han? Nokon som visste.
- Æ vil bort Lovise! Det var Nils som snakka. Pusten gjekk tungt.
- Ka e det Nils?
- Han drep oss all, han e eit dyr!

- Sler’n dæ og?
- Ja! Han sler all, men det e itj det som e verst.
- Ka e det meir da?
- Det med veitjungan!
Så, han visste det. Ho såg på han. Augo møtte hennes.
- Han bruke dem!
- Han kan takas fer det! Ho skreik det mot han. Æ ska skriv åt’n Markus! Han kan itj ta kveltak på oss all!
Jentene gjekk lenger framme, og da dei såg Just sprang dei mot han.
Ho vart ståande å sjå. Venta at han skulle ta imot dei og klappe dei slik han brukte, men det var noko rart med han.
Ho gjekk framover, stivt og med heile seg samla om mannen sin, visste det var noko når han var slik. Ho ba ungane gå inn, rekte Mads over til Tilla, og sto der ventande mot han.
- Just?
- Ja…
- Ka e det? Har du grått?
Han var som eit forpint og jaga dyr framfor henne, ba henne sette seg, heldt henne om aksla da han lot orda kome:
- Han Markus e dø, Lovise.
Ho kjente sinne og undring i seg. Ka var no dette for slags spel? Ho reiv seg laus frå han, men han heldt henne tilbake.
- Så, så Lovise mi. Han Thorgaard fertælt mæ det, han e på vei åt a Alette no. Han drukna i Antwerpen. Det e sånn Lovise mor.
Da samla det seg i henne, eit rop som det ikkje var botn i, eit rop som sende blod over heile hennes slekt og kvelte alt som var godt, og ungane og Nils kom, og sorga trova kvilelaust rundt på nakne berget og leita etter sinne, leita etter ord, leita etter ei ørlita trøyst, men vart berre sterkare og blanda med alle sorgene som alt var der, og vart ei sorg over å vera til.
- Han gjor det sjøl, la han til….stilt som eit lammande mørkre.
Ho rista sakte på hovudet…….
- Nei, sa ho….. ingen drep seg sjøl….. ingen!.
 
39

Ho stava seg gjennom rekkene av namn på omkomne. Ho tenkte på Halvdan, kunne aldri vete når ein er i USA, men ho fann det ikkje. Ho bladde i avisa, stansa og las, nei…. det var vel ikkje å vente….Titanic var på veg til Amerika. Drukne… korleis var det? Avisa skreiv at det var flest folk frå 3.klasse som drukna.
Når hadde ho sagt at ho var glad i han…at ho brydde seg….hadde ho spurt om jenta hass i Bergen? Å, Markus! Ho stønna det mot kråa der skuggen av Nekoline enno hang fast på netthinna, bretta avisa saman og såg mot Brefjera der ho visste Per var…Å Herre kor æ hati dæ mann! Ho sa det høgt, for det var ikkje folk i huset. Han vart spak no etter det som skjedde, og forlangte ikkje at ungane skulle vera heime, men ho visste det kom ein dag… ho visste…. og ho ville det ikkje. Hadde ikke ho sett ka han hadde føre seg?
- Det må itj skje igjen….. mord? …..ka e no det?
Ho reiste seg opp, vart ståande å sjå mot sjøen….
- Herre Gud!… ka ska det bli med ungan? Ho reiste seg, slengte kofta på seg i det ho for gjennom bislaget.

Ho gjekk ikkje stien…passa seg vel for at han ikkje såg henne, men ho kleiv opp på Brattberget og såg ned…. - Jau, han står under og brer båten! Markus sin båt! Det brenn i henne. Guten hadde halde liv i dei alle, for det gjennom henne…..bortvist, utstøtt….dreve i dauden av denne…..
Ho roa seg igjen…ei iskald ro, gjekk litt tilbake og bøgde seg ned. Steinen ho fann var for tung for henne, ho måtte finna ein annan…..men han måtte ikkje vera for liten heller….ho såg så vidt utover havet… - fint ver, eg gjer dette som om ingenting var, etterpå skal sola skine like mykje.
Ho måtte halde pusten, men ho bar steinen fram til kanten. Så la ho han frå seg, måtte beregne, la seg på magen for å sjå ned… han sto bøygd over båten… strekte seg over ripa og breidde inni…

Ho reiste seg og løfta steinen, sette knea fram og la han på låra, så samla ho seg og løfta han over hovudet i eitt rykk, sto litt til…ein måse skreik over henne… ansiktet der nede såg opp… skulle til å åpne munnen, men skriket vart aldri meir enn signal gjennom nervetrådar, utan lyd, nådde aldri stemmeband og musklar….da var det for seint…i neste sekund var hovudet knust og blodet rann ned i sanden under henne. Ho sette seg ned og gnei seg i hendene, fekk steinen frå seg for alltid.
–Ungan e redda!, sa ho stilt mot vinden og sola. Etter ei stund gjekk ho ned. Han var så daud som nokon kan vera. Sjøen hadde flødd opp litt og eine beinet hass låg å duppa med bølgene.
Ho tok tjerebøtta og kosten, og sette bøtta frå seg inni bua.
Så drog ho kofta tettare om seg, og gjekk den lange vegen til Thorgaard for å melde seg.
Endeleg kjente ho seg fri!
 






 



- - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Ho kunne ikkje få augo frå han, det var som om tida hadde stått stille for henne. Kelneren kom med desserten, den unge mannen lot seg ikkje merke, han såg på henne som om han undra seg over noko.
- Hvordan var han som ung?
- Ja men det har jeg jo fortalt deg flere ganger Markus, han var en vidunderlig mann, og lik deg på en prikk. Mora sat der i ein enkel kjole, ville ikkje prange med sin stand, ville ikkje stille den andre i forlegenheit, men ho måtte innrømme over for seg sjøl at den andre ikkje var så lett å blamere. Ho hadde forestilt seg tante Lovise som ei preppen lærarinne frå landet, og her sat ho ansikt til ansikt med en kvinne som hadde slik varme i seg, og som hadde vakse i skjønnheit etter som åra hadde gått. Sjøl kjente ho henne berre frå eit fotografi for sytten år tilbake. Det kvite silkesjalet frå den gongen hadde ho enda.
- Du må ikke plage din tante!
Lovise smilte.
- Nei Herre Gud, han plage itj mæ. Det e så godt å sjå dokker! Æ har tenkt og tenkt….ho vart stille….igjen, plukka opp skeia og pirka i desserten.
- Ja, korres va han som ung? Kor godt kjente ho han?
Ho tenkte etter før ho svarte.
- Æ trur han tok på sæ fer store oppgava, han va berre femten år den gangen…..men det va sånn det va…og du mått itj vis svakheit. Han va gla ti’n pappa, ja i oss all. Ja, og så mor di, du kan tru han va stolt da’n vist oss bilde og vi truidd det va ei prinsesse. Ho lo mot Rebekka.
- Og det va du jo….fer oss.
Den andre såg ned, drog ein snipp av servietten over munnen, og kremta før ho fortsette.
- Og du er endelig blitt lærerinne?

- Ja, med Guds hjølp…og ho Besta og gammellærarn, la ho til.
- Er du fornøyd nå…..din drøm ble oppfylt, tross alt?
Ho tenkte etter. Fornøgd?
- Æ var fernøgd med drømmen og….kanskje mest med den.
Den andre nikka.
- Hva slags drøm har du nå?
Desse alvorlege, rolege augo. Ho hadde tenkt seg henne annsleis… hadde tenkt seg ei blasert rikmannsdotter, og kjente seg usikker.
- Ein har så mang slags drømma….men sånne som oss tenkt ver mest på god mat og stort hus…
Rebekka nikka, og ho fortsette:
- Vi bor på Vikaplassen no, æ og han Just ætti at ungan drog. Ho Besta ja. Arven ætti ho å’n Beste var nok te lærarskole det, ja og så fekk æ nokka tå gammellærar’n. Augo fylltes med tårer no, og ho skolv i stemma da ho fortsette.
- Og Nils?
- Som det mått gå…
- Og resten?
- I Amerika.
- Både Tilla og Johanna?
- Ja, og Halvdan!
- Og de har det bra?
- Sånn der…….Ho vart taus igjen. Håpte at ho ikkje skulle spørre meir.
- Du var mor for dem, var du ikke?
- Ja!
Så visste ho nok at mora sat inne og. Borthen hadde vel fortalt.
Ho tenkte på siste gongen ho hadde sett mora i fengselet. Ho sa ho var glad, at ho hadde det godt med seg sjøl, og ho trudde henne. Trudde at dette var som ei slags lykke for henne, som ei soning ho tok på seg utan å sukke.
Ingen spurte meir, og ho kjente at ho ville snakke om noko godt, ville bryte av dette for guten si skuld, og for si eiga. Framtida er
 
 god!, tenkte ho….
- Mads og Sara har skikka seg bra, dei er i byen begge to….gymnaset. Ho smilte for seg sjøl. Dette hadde dei greidd, ho og Just….og ingen snakka om tater der dei vankar no, det ho visste…
- Du veit det, det vart ei ny tid fer oss… han Just tok over båten…….ho smilte fast mot Rebekka….
- Ja, æ veit ka du synes om sosialista, men det vart meir rettferdigheit…
- Vi er ikkje vonde folk.
- Æ veit det, itj all. Men det e ver itj det det handle om…
- Borthen er borte.
- Ho nikka. Ja, væreigarane e borte.
- Men tror du ikke det kommer nye?
- Jo, det gjer vel det…
- Kanskje verre?
- Kanskje verre!
Rebekka la ei hand over hennes.
- Min far var en god mann, tro meg. Han var god!
- Fekk han sjå…?
- Ja! Han fekk to år med Markus. Lovise…
- Ja-
- Vi er jøder. Min far …, ho kneip munnen saman, augo søkte mot glaset…..
- Hele hans familie før ham fikk merke det….han holdt det skjult for mange ….men nå blir det verre.
- Verre?
Igjen såg ho fast på henne.
- Ser du ikke hva som skjer i Tyskland? Alle jøder skal registreres!
Slik var det altså. Ho forsto…..og ho kunne opne seg… kjente at ho kunne snakke om ungane, om Just om alt det gode som verda stima rundt og ville riva i filler. Ho fortalte…
Rebekka lytta, og vermen frå henne gjorde henne open. Kor han må ha elska henne, tenkte ho.

- Kommer du og besøker meg i Bergen? Jeg vil så gjerne at du skal komme, min mor vil bli henrykt.
- Æ vil gjern komma. Går det fint med …..med rederiet?
- Foreløpig….vi vet ikke hvordan børskrakket virker inn enda, men rikdom er en flyktig sak…..det er ikke det det gjelder.
Så la ho til, unnskyldande:
- Jeg vet, jeg har ikke prøvd fattigdom. Det var dumt av meg.
- Nei, det va itj dumt, æ trur du har rett…han Markus truidd det va alt.
- Jeg tror ikke han visste vi var jøder, tror du han hadde tenkt annerledes da, om oss?
Lovise svelgde.
- Nei, du må itj tru det!…men kanskje det hadde redda han, tenkte ho.
Ho tenkte tilbake på bygda og dommen mot dei, kor ho hadde trossa dei, bore sine eigne fram som kjertelys og med stoltheit….kordan dei kunne ete augo ut på dei som viste svakheit, og når dei ikkje fann det hos tateren, så retta dei sinne mot nokon annan i stimen.
- Vi fekk merke hvem som var venn og fiende i Bergen også.
Det kom som eit ekko av hennes eigne tankar.
- Rikfolk er ikkje ansleis, kanskje verre, de har makt til å skaffe seg bedre våpen…..det er forskjellen.
- Men ka e det da som betyr nokka?
Rebekka smilte.
- Å være menneske med hele seg.
- Samme ka som skjer..?
- Samme hva som skjer!

Det vart stille ei lang stund. Ho såg på guten og på henne. Guten sat urørleg, følgde med i samtalen som om det gjaldt livet. Hadde aldri høyrt mora slik.
- Ein dag vil jeg kanskje trenge din hjelp!
Lovise såg den vakre munnen som rørte seg og desse augo.

- Mi hjølp?
- Ja, kanskje…

Ho undra seg over denne kvinna, og samstundes visste ho at ho hadde fått ein ven for livet. Så hadde han kanskje rett likevel gammellæraren, kor naiv han enn var…..det er noko som er større enn alt…..

Rebekka sette koppen frå seg.
- Kjærligheten er større enn alt, tror du ikke hun vet det, din mor?
Jau, ho visste det. Ho visste det til slutt, som Nekoline….

Ho vart sitjande lenge etter at dei andre hadde gått for å rekke Hurtigruta. Ho sansa seg da ho vart var biletet…-men bildet…ho glømt bildet tån far, tenkte ho..eit utviska fotografi av ein ung mann i uniform….ho hugsa det frå barndomen, men så hadde det vore borte til denne dag da Rebekka drog det fram for å spørre kven det var, - vi fant det på lugaren og tenkte nok det måtte være din far. - Men guten ska ha det, tenkte Lovise,- æ ska ta det med mæ te Bergen ein gang.
Ho reiste seg og gjekk ut på gata. Gjekk sakte forbi Katedralskolen berre for å sjå ungdomane i skolegården, men ville ikkje bli sett. Ho hadde to av sine der inne. Augo søkte over plassen… - jau der og der… Dei sto ikkje åleine, hadde vener kring seg. Ho kjente seg varm i kroppen, hadde lyst til å springe inn og klemme dei begge to, men ho visste kva det ville ha gjort med dei. Ho hadde tatt farvel for denne gongen, no venta Just med båten sin nedi kanalen. Fiskerimessa var over for denne gongen. Ho vandra ned Søndre, kjente seg mest som ei byfrue no. Ein og annen herremann løfta hatten for henne, og ho smilte tilbake.
I det ho passerte Bondeheimen kjente ho ei hand på baken og stivna mest av skrekk, ho snudde rundt for å slå, men fekk
 
 istaden to sterke armar kring seg.
- Just din laban! Æ koinn ha drept dæ!
- Bære drep mæ, fer penar lik og penar mordar har dem aller sjitt i Trondhjem by, du kjem te å bli frikjent!
Han strauk hendene over silkesjalet og heldt henne mot seg.
- Vil du heim no, med tater’n din?
- Ja, no vil æ heim, og snart e det sommar og taterungan kjem heim!
Ho song det mot han. Kjente kor han gjorde henne til ungjente igjen, la si hand i hass og følgde han mot båten. Han er fortsatt ein flott kar tenkte ho, men det var henne han hadde valgt, tross alt.

Ho småtrippa for å halde takten når dei gjekk så tett.
Han dreg meir på foten i det siste, tenkte ho.
- Har du ondt?
- Nei, itj det grann!
- Bra!, sa ho, - æ fekk dæ på beina gjen den gongen?
Han gjekk stille ei stund, så sa han: Det e sånne som dæ som får heile verda te å gå vidar’ !
- - - - - - - - - - - - - - - -