Månad for månad i året

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Månad for månad i året[rediger]

Ein sonett[rediger]

Januar[rediger]

No vender året, rørslene er stive,
og stum står granskog bak den frosne sjøen.
Eit einsleg harespor, som skrift på snøen,
skal minne om at livet er i live.

Ja, låg er veiken, livet vil helst drive.
Eg godtek gjerne plass heilt sist i køen.
Mens andre reiser sør og stiller kløen,
der sola jamt har krefter til å klive.
   
Å, januar eg skulle gjerne skrive,
om kvite vidder og om fjell som glitrar,
men i ditt mørke må eg berre svive,

eg går til omnen, hiver inn ei skive,
og drøymer tappert om at fuglar kvitrar.
Mi livskraft ventar innerst i arkivet.


Februar[rediger]

Vår vinter er eit funn for spesielle,
som sig i kø langs overfylte skitrokk.
Med pølse ifrå termosar med skrulokk,
dei deler plass med andre kriminelle.

Nei, hørt sånn tull! No går eg her å gnelle!
Eg traska mang ei mil på ski som gutpjokk.
Og aldri om eg reddast for litt snøfokk.
Det er dei gamle menners vis å smelle.

Men bjørnen er eit underleg tilfelle,
han tar til vet og søv, det eine rette.
Ja, fleire skulle nok ha tatt til vettet.
 
Eg kan eitt pluss om februar fortelje;
at den er kort! Og vetteren skal lette,
når bjørnen snur i hiet under fjellet!


Mars[rediger]

Men bjørnen vil på inga måte stresse,
halv vinter står igjen, om ikkje meire.
Og eg ser heller ingen ting å feire,
utover gamlefolkets Gjertrudsmesse.

Sjå, mars- ria den er ein lei finesse!
Når håp om vår er tent, med fugl i reiret,
så kjem det isvindar som gneg på beinet.
Nei, ingen mars- sol kan Kong Vinter presse!

Så ikkje tenk eingong at du vil dresse
deg opp til vårsol før du hører tjelden!
Nei, vær tolmodig, unngå all tristesse.

Då kan du heller gamle skøyter kvesse,
og drive kunstløp ut i månekvelden.
Vi driv så mangt, har ulik interesse!


April[rediger]

Jeg velger meg april!”, skreiv salig Bjørnson.
Men ingen trur at Bjørnstjerne var ærleg.
Han laug med brask og bram, og det er herleg,
for elegi beskriver helst ein kujon.

Nei ærleg talt er april berre fiksjon,
i eigenskap av vår er den ukjærleg.
Eit Janus-ansikt, ganske dønn uærleg,
for vinterstorm om våren skaper friksjon!

Ein kjenner alltid vinteren på diksjon.
For aprils kyss kan varsle sol og varme,
før alt er glømt, og frosten går til aksjon.

Nei, eg har lært, og dette er min misjon:
Bli aldri blenda ut av aprils sjarme!
Ho vrakar deg når ho har gitt deg vårvon.


Mai[rediger]

Når spovens vakre fløytetriller lyder,
og vinteren tar dyna si og flyktar,
då veit eg den er borte som eg fryktar,
den kalde tid. Sjå mai naturen pryder!
 
Det er ei salig helsebot, eg nyter,
kvar dag og time, ingen isvind tuktar
min arme kropp, som bøyer seg og buktar,
som i min eigen vår, heilt utan lyter.

Og full av salig lovsong stæren skryter,
av reirkassa eg snikra her i vinter,
Tenk dobbelt glede! Vi er to som nyter!

Og eg har glømt den vesle bekk som flyter
så stilt, med eitt han slår med rapp og finter.
Han bruser ivrig, og hans krefter tyter!

Juni[rediger]

Så er du her vår kjære ven, vår sommar.
Om juni er eksamenstid for mange,
så blir det litt for dumt å slå seg vrange,
når parken fylles opp av herlegdommar.

Vi gamle bør nok gløyme livsvisdommar,
men minner har vi, om den gode ange,
om åkrane som føltes milelange.
Om livet som av junikvelden flommar.

Den gode tid, Sankt Hans, med klangrikdommar,
eit orkester som overgår alt anna.
For det, ha takk min skapar og min dommar!

Men mest ha takk for håpet livet rommar!
Vi fraus oss gjennom vinteren forbanna,
og møtte juni fromt, som heilagdommar.

Juli[rediger]

Når julivarmen steiker travle gater,
og øl og is går unna utan ende.
Då drøymer eg igjen om det som hende,
på landet medan verda var i vater.

Ein merkedag var Knutsmessa, for pater.
Då tok dei alle ljå og hein i hende,
og slåttetonen lint mot øyro vende,
og hesjene vart sett på slåtteflater.

På bøen vart det ikkje spelt teater.
Men høyhopping var fryd for barnekroppar.
Og attpåtil, det kosta null dukatar!

Men ikkje tru eg er ein bylivhater!
Når nattefolket ut på byen poppar,
da vaknar liv i livets juligater.

August[rediger]

Ho skulle heitt Augusta, mi heltinne,
for ingen er så kvinneleg som henne.
Sjølv keisaren, Augustus, burde kjenne:
August er feil, for hennar namn er kvinne!

Men namnet skjemmer ingen, ho skal minne
om grøda som av livsens elv får renne.
Med blomar, famnen full, ho gjev tilkjenne
at ho er kvinneleg og liv skal vinne!

La ikkje depresjonar herje sinnet!
I mørketida skal du heller tenke:
At alt må kvile, alt må haldes inne

til August kjem, da skal vår grøde skinne!
Da skal vi binde oss ei blomelenke,
til livets pris! Og ro i sjela finne!

September[rediger]

Det fins ei tid for såing; ei å sanke.
Ved Mikkelsmess vi fører fram vår grøde,
som takk til han som ga oss denne føde,
eit dagleg brød, vår von, og all vår tanke.

Det fyller oss med undring, ettertanke,
når enga gulnar, skogen brenn og gløde.
Vi ser at fuglar samlar seg til møte,
og unge auge blenker spent og blanke.

Eg blir vinterfast, dei skal vide vanke.
Eg skodar lengselsfylt mot himmelrøde,
mitt vinterhjarte sår ein vemodstanke.

Men enno er det langt før ettertanke,
skal bli eit fag som plager oss til døde.
Haust er inga straff! Eg vil aldri anke!

Oktober[rediger]

Du nyttar kanskje knask og knep, som mange?
Eg er litt sær, eg går for Frans, vår gråbror.
Den som er rik vil fylgje knepets fotspor.
Den som har mest, vil ofte mest forlange.

Eg trekkjest inn mot hagens krydderange.
Tyr til varme hus, mens tida sakte ror.
Veit at livet treng til kvile her i nord,
der nettene er eviglyse, lange.

Eg går i hi, ein årleg vinterfange.
Som bjørnen skal eg leve gjennom draumen.
Og vakne opp til draumar som er sanne.

Der skal eg gjennom vinternetter lange,
som Broder Frans, gå freidig rakt mot straumen.
Men ingen kallar meg ein klosterfange!

November[rediger]

Ein står ved skilje mellom liv og daude.
Min kropp bryt opp, går inn i spegelrama.
Biletet stivnar, eit apollinsk drama.
Eit tukta andlet, augo stirar aude.

Kva kraft må temje kjærleiken den raude?
Som redd for livet har vårt år handsama,
til ein kalender - Er det ryktets Fama?
Må livet tuktast? Kontroll gå til haudet?

Eg går i hi, men vaknar for å raute,
når jula kjem! Blant andre nissemenner.
Dei vaknar då, og alle mann blir blaute.

Å, Dionysos, kvifor vert alt aude?
No tennas lys for glømde helgensjeler.
Eg ser novembers andlet i den rama!

Desember[rediger]

Når dagen er komen, så ljomar det jul,
og nissar og englar trivst supert i lag.
Vi pyntar med ungar, med mor og med flagg,
og far er litt indisponibel, i skjul.

Og gåvene flerres, så papir og band
snart fyller stova, du verden sånn glede.
Tenk kor ein fagnad pengar kan spreie,
med brystløft til mormor og botox til Ann.

Og jula den stavrar seg ustøtt mot land.
Nyåret ventar! Det gamle ligg nede!
Han far har kjøpt bomber, granatar og brann!

Og så vert det filming. Alle må kvede!
Skål for det nye! Hipp - hurra alle mann!
Ja, gleda er tradisjonelt; til stede!

*

</dikt>


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.