Maaneskinsmøyane

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Jordi søv i sitt Vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i Sylve skòri,
eller som bygd av Stjerneskin.

Jordi søv i sin Vinterblund.
Maanen lyser paa Himilrund.
Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.

Braakveikt blenkjande, straalerein
bivrar den Glitring um Kvist og Grein.
Det er liksom Lunden lìvde,
straadd med Perlur og Glimestein.

Stirande inn i den sylvblaa Glans
Veslemøy stend utan Hugs og Sans;

daa ser ho med ein Gong Møyar,
kvite Møyar som gjeng i Dans.

Kvite Møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i Stìg og Sving.
Det er som ein Dans i Draumar
til Takt av stilslegt Sylvklokke-kling.

Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjolar av Maaneflor hev dei paa,
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar smaa’.

Haare flyt i vallande Flaum
ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum.
Yvi dei bleike Vangar
Stjerne-Augo i stille Draum.

Aldri saag dei den varme Dag;
stilt det er i det Ungdomslag.
Stivt dei i Dansen smiler.
Kalde søv desse Andlits-Drag.

Lengi tryllt maa Veslemøy staa,
drøymd den Dansen stirande paa.
Daa nikkar dei som til Helsing,
og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.