Minne.

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Der var ei Gong ei fager Tid,
daa Barneaar til Ungdom vaara,
daa Lauv og Blomar kunde daara,
daa alting enn var Poesi.

Der var ei Gong ei fager Tid,
eg laag paa blanke Fjord og vogga,
med Barmen full, med Auga dogga,
med' store Syner gleid forbi.

Den Tid daa endaa Ysma dylgde
baad' kvasse Kantar og Avgrunnar,
daa varme Ord fraa friske Munnar
paa all mi Ferd meg kjærleg fylgde.

Den Tid daa endaa ei mi Kraft
var melt i Livsens Strid og Sut,
daa aldri Sorg eg hadde havt,
som ikkje kunde graatast ut.

Men Aari gaar, og mangt ein møter,
som brigder det ein hever tenkt;
ein fær paa Ferdi saare Føter,
og faa naar Maale for sin Lengt.


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.