Prøve
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkFanden sìt med si Bok paa Kne,
rìtar med Blode raude,
set sine Teikn paa tvers og Snìd
for Lìvande og for Daude.
Sist kjem dei nye som no skal med
inn i Flokken.
Fram dei møter for høge Stol
mullande Bøni tung;
Fanden gaper med Halsen hol
etter baa' gamall og ung.
«Vil de paa denne Fyri-Jol
inn i Flokken?»
Ein etter annan dei svarar Ja;
det tykkjest Fanden Mùn;
upp dei steller seg daa i Rad
liksom ti Konfirmation.
Prøve krevst, fyrr han vil deim ha
inn i Flokken.