Sannheten om eit jente liv.
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkEg liker å teikne,
og å skrive
eller ikkje slik skriving,
men å skrive forskjellige skrifter.
Forskjellige storleiker,
fasongar og farge,
likt oss menneske igrunn.
Me blir skrivet på jorda,
me får kanskje, i ei setning
større skrift og
av og til litt mindre,
og me lager nye kapittel,
skriver ny historie
og lager nye overskrifter.
Men me vert og viska ut
slik som bokstavane vert.
Kanskje livet er eit stor ark
med masse ord og bokstaver,
i forskjellige storleikar og fasongar.
"Eg var her" ville eg ha skrevet.
Ikkje namn, ingen helsing, ingen ting.