Sol (En Fyrstikke)

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Nei, sjaa, kor det lyser
og gyller og brenn
 burtpaa Snjokollen der yver Lid!
Det er Soli, som renn,
det er Soli, som renn
 og helsar so god og so blid.
Og tusund av Augo,
dimme fraa Draum,
skal drikka seg bjarte
i Solstraale-Straum.
— Ja, Sol treng me alle;
 men Sol, det er
no inkje det sama
 som Solgangs-Vêr.

Og Vetren er hardhendt
og isar so stiv,
 solenge han valdar og raar.
Men Jordi ho gøymer
so mangfelte Liv,
 som stundar mot komande Vaar.
For Blomar vil spretta
i angande Lag,
og Fivreld vil fram
og vil liva sin Dag.

Og Sol treng dei alle.
 — Men Sol, det er
no inkje det sama
 som Solgangs-Vêr.

Me sender fraa Jord
eit bedande Bod,
 som upp imot Himlen gjeng.
Me bed til Vorherre,
for han hev Raad,
 um Sol, so mykje me treng
Me bed han um Sol
yver Hjarta og Hug,
me bed han um Sol
yver Yrke og Dug.
Gjev Sol, du Gud Fader!
 — Men Sol, det er
no inkje det sama
som Solgangs-Vêr.


Se også diktet Sol av Per Sivle slik det sto i Viser og kvad. Den utgaven av diktet "Sol" har ett vers mer.