Torgny!
Torgny han tala paa Uppsala Ting
ei Sak, som i Bringa hans brann,
Bønderne stod der og lydde i Ring,
og Vegen aat Hjarto han fann:
«Fred med vaar Frende der vester um Fjell!»
dei tykte, den Tala var god. -
Minnast det skal du, til seinaste Kveld,
du Hovding med Framsyn og Mod!
Torgny han ser, kva det er for Menn,
som raader paa Tufti idag,
Torgny han liver i Sverike enn
og slær fyre Rettferd eit Slag. -
Tiderne skiftar, og Greiven er stur,
Brorskap! - det smakar 'kje godt . . .
Ein Gong han dett den kinesiske Mur,
Greiven og heile hans «Slott»!
Trudde paa FoIket i Sverikes Land,
hev enno 'kje tapa mi Tru,
Aandi hans Torgny hjaa hundrade Mann
kann slaa - um det røyner - ei Bru!
Saki er Noregs, og Saki er di
- Saki er greid og god -
Takk daa, du svenske Demokrati,
Takk du derinne, som hugheilt tok i,
Hovding med Framsyn og Mod!