Den 17de mai i Amerika
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkSo er du atter runne,
vaar dyre fridomsdag,
og Norigs rett er vunne
forutan blodugt sIag.
Men bakom berg og nutar
dei laag med rifla vakt,
for enno norske gutar
tord' traassa framand magt!
Du vilde trælka landet,
du kaute «adelsmann»,
daa rauk det slitne bandet,
og nordmanns-mod du fann.
I Barfots raude fana
du ser ei løva god,
som enn kann norsken mana,
der gyllt ho stend i blod.
Det gamle landet gløyma,
som stødt i hugen er?
Nei, maalet vil me gøyma,
for norskt vaart hjarta slær!
Sjaa Norigs vimpel vagar
i vinden frisk og fri
«den signa millom dagar»
- Clasp hands across the sea!
U.S.A. 1906.