Det som er att

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Når skapande hender
skal kvile ,
gir dei kjærteikn.

Når skapande tankar
skal kvile ,
strøymer dei
ut av auga
som varme.

Når skapande menneske
ruslar bort ,
er det haust over alt.

Nokon sit alltid att ,
pustar i oska .

Glør kan rekkje
for ein heil vinter.

Ja , for eit menneskeliv !

*




Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.