Dopa på kjærleik?

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du kraup fram mellom lår, blaut som ein klut.
og uflidd og skrukkut og sliten.
Først låg du i sjokk, så vart du ein trut,
og truten var slett ikkje liten.

Du vræla så høgt at folk søkte ly,
så dreit du, og augo dei rulla.
Du såg ikkje ut, men ingen sa fy,
dei tok deg i hender og dulla!

Og alle var galne, laug så det svei!
Dei sa du var søt og heilt herleg.
Men når du så skreik vart dei straks litt lei.
Men mor di, ho meinte det, ærleg.

Eg undrar iblant, kanskje er det rett,
at mødrer er dopa på kjærleik?
Ein kjærleik ho har i sitt andedrett,
som lyfter oss over ei storkneik?



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.