Du gamle mor

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du gamle mor, du sliter arm,
so sveitten er som blod,
men endaa i ditt hjarta varm.
Og du meg gav min sterke arm
og dette ville mod.

Du turka taaror av mitt kinn
so mang ein Herrens gong
og kyste meg som guten din
og blev meg uti barmen inn
min sirgerfulle sorg.

Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke hjarterot,
og difor maa eg elska deg,
korhelst eg vankar paa min veg,
um so paa villan fot.




Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.