Er gammal
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkLeitar etter glansen i gamle skår,
beingrinda sigrar over kjøtet.
Dagar,
små bagatellar,
i flatt lende.
Bakkane oppetter lia du aldri skal gå.
Solstreif nedover, blendar deg,
sender deg inn i ditt bol.
Våren ler.
Ensar
deg ikkje.
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer