Etterstev
av Ivar Aasen
Til Lags aat alle kann ingen gjera;
det er no gamalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
aa hjelpa den, som det trenger mest.
Og kor du bryggjar og kor du bakar,
d'er alltid ein, som det ikkje smakar;
og naar den eine daa gjerer Rop,
so ropar sidan den heile Hop.
D'er mange nog, som vil Domar vera
og læ aat alt, som dei andre gjera.
Og Lyte finna dei rundt i Kring,
og sjølve gjera dei ingen Ting.
Um Talen høyra me Rødor manga,
og etter Storleiken skal det ganga:
er Folket stort, so er Talen trygg;
er Folket smaatt, so er Talen stygg.
Og ymse Folk er no altfor rædde,
at dei er havde til Spott og hædde.
Dei skulde taka det helder lett;
det kjem vel upp, kven som hadde Rett.
Her spyrst no minst um kvat mange lika;
mot Rett og Sanning maa allting vika.
Det gjelder litet um tungt og lett:
det gjelder beinast um rangt og rett.
Det er ein Ting, som oss tidt maa undra,
at stort og smaatt skal seg alltid sundra,
at alt det store skal Vyrdnad faa,
so ingi Æra naar til det smaa.
Det var vel lett, naar ein slapp aa grava,
naar utan Stræv ein fekk Æra hava,
naar den fekk Prisen, som kravde mest
og berre kallad' seg alltid best.
Det trur no mange den gamle Læra,
at tyngste Verket er største Æra.
Det trur no mange, det Folk er best,
som krever minst og som strævar mest.
Ein fær no høyra so manga Grillor.
Dei døma Folk etter Klædefillor.
Er Kufta gamall, og Kroppen graa,
so skal ein vandt nokon Vyrdnad faa.
Kvat Raad skal Guten der heime hava?
Dei vil, han skal ned i Moldi grava
og endaa vera so blank og fin,
at Skinnet glansar og Kragen skin.
Skal alle ganga med kvita Hender,
so kjem det Armod i manga Grender.
Skal Guten grava og stræva hardt,
so verder Neven vel hard og svart.
D'er brotne Kvister i alle Skogar;
det henger Mold under alle Plogar;
paa alla Leider det Lyte finst,
og myket der, som ein ventar minst.
Men naar me høyra um gamla Tider,
so hadde Folket vel verre Rider.
Med all den Trældom, som no me sjaa,
so er det mildare no en daa.
Og dermed vilja me endaa vona,
at langa Tider maa myket sona,
at eingong Sanning skal vinna lett,
at eingong Folket skal faa sin Rett.