I Haakon-halli!
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkStore minne
sviv herinne
- runer paa vaart soge-blad -
lurar tona,
skjoldar ljona,
horpa lèt, og skalden kvad,
elden braga raud paa aaren,
sløkkt er no kvar kjerte-rad . . .
Men naar dagen,
skarlaks-bragen,
sig i vest paa gyllte sky,
ut mot vaagen
kjerte-logen
blikrar klaar og mild paany
- drotten drøymer stillt ved fjorden,
skodar yver Bjørgvin by.
Vidt han raadde,
langt han naadde,
ser han nøgd sitt land idag? . . .
Tunge tider,
reist umsider
etter tvil og nederlag,
stolt med krossen høgt mot Norden
dómen stend i Trøndelag!
Norrøn tala
du skal hjala
atter i kong Haakons hus . . .
ungdom sterke,
heis til merke:
Norigs gamle maal or grus!
Fram - lat fridomsduken svaga
sigersæl i soge-sus.