I Holarkyrkja
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk(Island)
Stillt og skumt det er herinne,
men eit heilagt ljos i brand;
Vern um dyre fedraminne,
vakt um rett for Gunnars land.
Eingong gyllest vel kvar rute,
kolven losnar og gjev slag,
«Lika-bøng» - som storm derute -
helsar Islands fridomsdag!