I Kyrkja

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg sit i Kyrkja som Snikjegjest;
eg gløymer Gudsord og gløymer Prest,
— eg arme!
Eg lesser Synd etter Synd paa meg,
for um eg ein Glimt kunde faa av deg.

Og naar eg ser deg, eg veit meg knapt;
det bløder i Barm; eg er som fortapt
— eg arme!
Alt vert for Augo til Glim og Glod;
og Vonir vaknar i varme Blod.

Men er du burte, ligg allting audt;
det sloknar i meg og kolnar daudt;
— eg arme!
Modlaus eg dreg meg paa Heimveg att,
og Tankar vildrar som Sky i Natt.

Og ser eg henne, som sìt so trygg
langt framme der med sin breide Rygg
— eg arme! —
daa veit eg kje meir kva eg tenkjer paa.
Eg skvett og vaknar. naar Folk vil gaa.
— Aa, frels oss ifraa det vonde!