Vinter-Storm
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkAa lat det bure, aa lat det braka;
la Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.
Um Stormen tok baade Hus og Hytte, —
det vart eit Bìl daa eg mindre sytte.
Um Jordi gav seg i djupe Grunn, —
daa fekk eg gløyme ei liti Stund.
Um Sky datt ned som paa Himlen flakkar,
um Have braut yvi alle Bakkar,
ja um all Verdi seg søkkte ned, —
so var det Slutt og so vart her Fred.
Tilbake til toppen av siden.