Kor hev det seg?

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Kor hev det vorti Veslemøy no.
Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid eg kann ikkje meir forstaa.
Den same gjeng eg, i same Ferd;
men d'er som eg var i ei omnor Verd.

Alt ser eg og hugsar som daa eg saag;
men stur er eg no der fytt eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annarleis, annarleis enn det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk.
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Heid og framand er Myr;
framand tykkjest meg Katt og Kyr.
Framandt glor det sin eigin Veg;
vil meg kje noko. Kjenner kje meg.

Stogo gleiner so kald og graa;
audt og stuslegt der er i Kraa.
Som vali gjeng eg paa Hand og Fot;
alt fell meg tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

Aa denne Heimen so god og kyrr;
aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr!
— Nei Mor, eg kann ikkje vera glad;
Hugen min er paa ein annan Stad.