Nordmanns-laget

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

(Til det norske folk i Amerika).

Daa nyst det spurdest um Norigs rett,
daa stod du samla i fylking tett.

For mod i barmen eg veit du har,
og kraft du gav til vaart lands forsvar.

Me stola paa, at du inkje sveik,
daa Norig røynde den harde leik.

Me visste, galdt det vaar gamle mor,
det kom ei skuta inn Oslo-fjord.

Me visste, galdt det vaart fedraland,
inn seig eit langskip med mange mann.

Med sterke gutar, med mat og ty,
med gode vaapen og rop og gny.

Med eld i auga for fridoms sak,
som varg i skogen, paa lina vák.

Du kann 'kje gløyma det gamle land,
um vest du bur, paa ei framand strand.

Dei barne-minne dei kjem so tidt
og vekkjer lengting i hjarta ditt.

Slaa bolt i brui, knyt band i dag
og skip eit dugelegt «Nordmanns-lag»!