Olav Moe

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

(I Nordvesten).

Du er som ei helsing fraa norsk nattur
- naar fyrst du fær bogen i drag -
daa minnest eg bjøllur og fossedur
og ungdom i leik og i lag! -
Daa høyrer eg lokking fraa sætervoll
og bekken med sildring og brus,
ja, atterljod svara fraa høgaste koll
og skogen sin heimlege sus . . .

Eit Ny-Norig, berga or hundrad-aars mein,
som vyrdar sitt eldgamle maal
i skrift og i tala, i stokk og i stein,
det naar me - men berre «gjev tol».
For atterreist Norig i skaldskap og dug
i tonar, i fargar, i nordmanna-hug
der stend «Olav Valdris» med fela i hand
og kveikjer ein elsk til vaart ovfagre land.

U.S.A. 1906.