Siste kveld med gutta

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg har aldri vore så sliten som i dag min kjære skatt.
Står her utkledd som eit fe, og skal ta bussen.
Ikkje veit eg kvar eg er, eg har lausskjegg og ein hatt,
Skulle tru eg kom frå landsturne med russen.

Det var fint i veners lag, mimra rundt i gamle strok.
Glade ungdomsår skal alltid vera over.
Slut på jentejakt og rus, slut på drosjekø og ståk.
Tru om ektestanden er så bra han lover?
 
Eg har vore ungkar støtt, men så vart det slik med oss,
som det stundom blir ved stjerneklåre netter.
Vi vart kjær. Eg flytta meg, tok med katta og litt sters,
inn i rekkjehus med deg den førre vetter.

Katta treivst frå første dag, ho fekk Whiskas og litt kos.
Vi fekk mykje betre plass, som individa.
Om ein veger for og mot, kjem eg til, du skal ha ros,
både eg og pusen mel mest heile tida.


ifra samlingen Brukslyrikk. Fra vugge til grav. av Hans Anton Grønskag.

Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.