Slått

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Når så skuggen din blir lang
og vil følg deg heilt te døra ,
og havet sletter kvart eit spor
på stranda du har gått,
da stryk ein spelmannsbogga
heile slåtten du har bore
og livet levast baklengs,
i et glimt , og alt e godt.

For livet de er daga,
og det må vi aldri glømme!
Spela dagan’ min du spelemann,
men du ska spel dei godt!
Let gleda sprett på strengen
som ein soldans over vatne ,
men du ska trollstem fela
for de tåran’ eg har grått.

Så spel meg inn i natta
bak den siste høge terskel!
Legg ein molltung understemme
som skygge under song.
Og spelmann høgg i ørske
over streng, når siste tone
blir blodstenk i mot døra,
før den frys i etterklang.

*



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.