Ditt livs siste råk

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ditt livs siste råk hadde frose til ein morgon,
du var borte.
Ein høgg med alle usagte kjærteikn mot dødens is,
ein andar sine vare minne, i heite hikst mot yta.
Berre bitter frost svarar, i buldrande dønn
mens ein frys fast.

Når våren ein dag kjem slentrande av gamal vane,
er det difor utan mi kraft.
Tiner vatn
ja vel,
byggjer reir,
greitt nok,
men på botnen av mi tjern er du,
og på botnen av mi tjern er eg
i endelause stunder.

Gåsetrekket kjem ein dag,
ensar deg ikkje
anna enn som
lengt –

Kan eg bli ?

*



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.