Til Hjaltland!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du øyland langt derute
i ville vestersjo,
der mang ei norrøn skute
for stormen søkte ro,
du hyser frende-tankar,
ja, syner samhug stor,
for Norig hjarto bankar
enno paa Hetlands jord!

Du stig med grøne vollar,
høgt peikar Ronas tind,
mot bratte berg og kollar
slær Nordhavs friske vind;
vil nokon hamn seg finne
i sprøyt og maakeskrik,
Haarfager hev sitt minne,
styr inn til HaroIdswick.

Ja, gjeng du inn paa strandi,
til fiskarhytta laag,
dei tek deg traust i handi,
so du vert varm og fjaag,
og skulde du deg vende
mot Lerwick - kjem du dit,
daa hels ein trufast frende,
som bur i Magnus street.

Me glade vert, naar traai
ho stend til Norigs fjell
med seglet spent fraa raai
og norskdom under tjeld;
lat broderbandet bindast
- hugs, sterkt det eingong batt -
me forne tider minnast
og finn kvarandre att!

Eingong kring Haakons merke
alt Norig samla stod,
daa var her gutar sterke
med magt og mannemod,
slikt kann vel hugen mana
til daad ein dag paany,
breid ut kong Haakons fana
og lyft ho djervt mot sky!

Eigna William W. Ratter, Esq., Lerwick.