Vakning!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ved Blix si baara eg undren stod,
eg vakna - og skyna dei menn,
som gjeng i brodden med hugheilt mod
og eldfullt for maalet brenn.
Høgt vyrdar eg Aasmund fraa Telemark
og Ivar fraa havstrand i vest,
dei saadde av kjærleik, men hausta spark,
og mugen han ropa: krossfest!

Dei stridde hardt mot ein skynlaus hop
og snobben i silke og gull,
no stend det forbisna, det «fine» kop
og ottast «familien skrull»
- Ver helsa, du heimlege tungeslag
i skule, kyrkja og ting,
du likjest vaart att'-vunne, reine flag
med heilnorske fargar i sving!



ifra Heimlege tonar av Hans Reynolds. Utgitt i 1911.