Ved Ivar Aasen-steinen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

(Vaar Frelsars Gravlund).

Det gustar kaldt, ja, det er Haust herinne -
dei fell til Jordi stillt, dei gule Blad . . .
Di Grav, det er, eg her idag vil finne,
du Skald, som røyvde heimleg Strengje-rad!

Aa sæle Stund, paa heilag Jord aa vanke,
eg stanar braadt - herunder kviler han,
som hyste i sin Barm so stor ein Tanke,
som saag i Aandi attreist Haakons Land!

Den Tanke, som fraa rike Vell er runnen,
gjeng lik det skarpe Skot sin beine Gong,
han bryt seg Veg igjenom Flintegrunnen
og tirlar ut i solfull Sigersong!

Du var so bljug som nokor Sjæl i Verdi,
du tok ein Umveg, um du honom fann;
i Fòri, der du gjekk, daa blinkar Sverdi,
du vart nok lell vaar største Upprørsmann!

Du samla Ærekjensla kring ditt Merke,
det blakrar høgt, um du i Mold er lagt,
me skal det verna, Hovding, stille, sterke,
i Bygd og By det hev si heite Vakt!

Du saag ein Ungdom under Norigs Fana
med norrøn Byrgskap som i gamall Tid,
di laage Tuva skal oss stendigt mana
te' strida trufast ut den gode Strid!


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.