Ved Rasmus Steinsviks Baara

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Han søv med Heiderskrans um Panna,
han stridde hugheilt for sitt Land,
ein Fagna-kar, det maa me sanna,
eit Hjarta, som for Norskdom brann!
Som Hovding i ei Dovnings-tid.
han volde at me, framyv' skrid.

Han søv med Lauv um kvite Panna,
me heisar Flagg i Sorg paa Stong,
dei trugne Andlitsdrag vil standa
som Maning for oss mang ein Gong . . .
Hans Aand med stille Vengjeslag
oss fylgjer mot vaar store Dag.


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.