Vener
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkMunnen din vil synga og lage ord og le.
Føtene vil danse, og klatra i eit tre.
Hendene kan mykje, dei er i rørsle støtt,
og teiknar katt og hane, og målar gult og rødt.
Og du kan trille dokka, og kjøre med ein bil.
Så kan du grave sanda, og solle i ein sil.
Og kanskje gå i rekkje på veg til nistetur,
til skogen eller stranda, og annan fri natur.
Å leike er å lære. Av leiken blir du klok.
Det er i barnehagen at leik er jobben din.
Der får du treffe mange som du kan leike med.
Og når vi finner vener, blir dagen veldig fin.
Aktiver automatisk oppdatering av kommentarer