«Vokster»
«De holder et Leven med Pen og Mund,
som led det mod Verdens yderste Stund»
- so song han, Skalden fraa Karl Johan,
daa Norig laag vanvyrdt, i Træleband;
dei Menn, som peika paa Vesaldomen,
vann knapt aa svara for Hædings-ljomen.
Del klagar og kranglar i Utrengs-maal,
det heile er berre eit grunnlaust Skraal
av smaae Profetar, som kavar for Mat,
for Plass ved Statens det breidfulle Fat,
nei, Sildesalaten er Fridoms-merket
i rette Samklang med Eidsvolls-verket!
So tagde dei braadt, hadde visst rasa ut,
ein Junidag stod dei med Nasen i Klut,
ein Haustdag med hine «Profetar» dei gjekk
til Urna og røysta: Salaten skal vekk,
vaart Norig skal løysast or Træleband,
for norskt skal det vera, vaart norske Land!
No rasar dei atter. «Profetarne smaa»
maa taka mot Hogg, so det fælt er aa sjaa;
um Trælemerke og Danemaal
dei talar, men byd berre Tøv og Skraal,
dei Folk, som paa «Maulet» vil lirka seg fram
til lønsame Embætte, høgaste Tramm - -
Kann henda, so tagnar del eingong enno
med innharme Utfall og kjem seg til Ro;
naar fyrst dei hev rasa med Munn og med Blekk,
so kjem det vel atter: Salaten skal vekk,
ja alt, som oss minner um Trældomsband,
for norskt skal det vera, vaart norske Land!
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer