Idar Handagard

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Hav Takk, du djerve Rudnings-mann
paa tung og steinutt Gard,
du vilde Framgang for ditt Land
og var ein onnug Kar;
du aatte Dug og Viljestaal,
ja, Nebb og kvasse Klo,
og galdt det Landsens Hjartemaal,
daa slo du visst for tvo!

Den norske Aand, som i deg brenn,
han logar heil og klaar,
du saag, det muna smaatt um senn,
traass Strid i tronge Kaar;
du tok ditt Tak i mang ein Kneik,
gjekk traust bak Merket fram,
du stod i harde Vaapn-leik
mot Drykk og Folkeskamm!

Du var ein Hovding - just av deim,
ein fylgjer utan Tvil,
naar dei paa Norsken hivde Stein,
me saag din logne Smil . . .
Slik Offerhug eg sjeldan fann
av godt og gamalt Slag,
vaar Sak nett treng hjaa kvar ein Mann,
ditt varme Hjartelag!

Ja, i vaar gjæve Søne-rad
du svarar fullt ditt Rom,
i tusund Barmar dine Kvad
gjev Kveik og Atter-ljom!
Naar Samlingsdagen eingong renn
lik Morgon yver Fjell,
du nemnest ibland Fagnamenn,
som vilde Norigs Vel!


ifra Dagsens dikt av Hans Reynolds (utgitt 1920)


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.