Arne Garborg

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du hjelpte storleg til, at Norig snudde
- det gjeng vel seint, men sikkert yver Stag -
du aatte Hovdingsyn, og fast du trudde,
me tarv 'kje sigla under framandt Flag!
Du synte Leidi: Fornæmt maa det vera,
vaart Folk, og utan Pryd med laante Fjør,
dei talar høgt um «Sjølvstende» og «Æra»
- men gildast er det nok, det Maal der sør!

Me takkar deg for fagre, stolte Tankar,
me ærar deg for herlegt Rudnings-verk,
av Skapar-aandi di me Kunnskap sankar,
din Klokskap og din Klaarleik gjer oss sterk,
Du sette Kôs mot Framand-strauman stride,
du saag det attreist Haakons Maal og Land,
ditt Namn er vyrd utyver Verdi vide,
du djupe Drøymar ifraa Jærens Strand!