Christopher Bruun

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du eig vaar djupe Vyrdnad, du aldrige Soldat,
som gjeng her ungdomsfrisk med sylvgraa Manke,
som greip di norske Rifla, til blodug Tørn parat,
og tok di Aalvors-vakt paa Dybbøl Banke!

Fraa Roma og til Oslo du fòr i største Hast,
du stridde for ein gamall, storlagd Tanke:
Tri Brør i Hjarte-samband, i Ufred, «Last og Brast!»
- kring den du vilde Nordens Ungdom sanke.

Du var til Heider for ditt Land, so lua Sjefens Ord,
du tok det, som det sømer seg Soldaten,
i «10de» ved Alssund,[1]) i «Aarøes Streifekor»,
du høyrde nok, han tala tysk, Granaten!

Han fekk deg ei, du Saamann god, du skulde lenger fram,
ja, strøya Frækorn ut i tusund Barmar,
du skulde vera med og tvætta av vaar norske Skamm,
me treng just Vìt - og Hjartelag, som varmar!

Takk for din rike Arbeidsdag, det gror i dine Fâr,
du synte Mann bak Ord i myrke Dagar;
fraa Eidern og til Ishavs-strand dei helsar slik ein Kar,
i Age Nordens Fanor takksamt vagar!

Merknader[rediger]

  1. 10. Regiment



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.