Den nasjonale Fana!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

(Til Bondeungdomslaget i Bjørgvin).

Fram! du raude gule Flag,
Fargebragd fraa Berrfots Dag,
du, som ifraa Mast og Tjeld
helsa Islands kvite Fjell
og med Haakon yver Fjord
djervt i Vesterviking fór . . .

Upp! kvar Ungdom, som her bid,
upp til Arbeid! upp til Strid!
Strid for Landsens Hjartemaal
utan Lirk og ofsa Tòl.
Raud er Duken, raud vaar Harm
yver Ætti, veik og arm!

Fridoms-merke, fram, ja fram!
stor ho er vaar Folkeskamm;
breid deg ut i vaarleg Vind,
Veg aat kvart eit Hjarta finn.
Saml oss kringum deg ein Dag,
du er Norigs gamle Flag!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.