Det danske Maal i Norig - !

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det danske Maal i Norig, det maa døy,
me tek vaart gode Sverd fraa Beltet fram,
ei Luring her -! fraa Grenseskil til Øy
me bøta vil paa denne Folkeskamm,
at Danemaalet sit i Haralds Rike
og trur, at Norsken skal attende vike.

Er det so gildt i Kyrkja, Heim og Ting,
det Framandmaal, du Nordmann «stolt» og «fri»?
Er det slik Daam og Kraft og fager Sving
i det, at Norsken stødt maa Husmann bli?
Du norske Gut, ja, du skal gjeva Svar,
eg vonar, du vil syna deg som Kar!



Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.