Norrønafolket

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Sjaa, Krossen blenkjer i Ishavs-sol,
høyr Klokkur paa Svalbards Strand . . .
Orga tonar upp-under Pol:
Gud signe vaart Fedraland!

No ljomar Song under Kyrkjetak
langt sør og i høge Nord,
ròdar og renn du, Norrønadag?
- fraa gamalt me vide fór!

Ung-Norig, lyd aat den tunge Ôm,
som kjem med eit stormfullt Drag . . .
Det er klokka i Gardar-dôm,
ho manar med sterke Slag!

Ho manar deg, Ungdom, til Haralds-verk,
til Strid for aa reisa ditt Land!
Syn, at i deg er det same Nerk,
so slit me kvart Træleband!



Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.