Direktør Joh.s C. Bull

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Takk gjæve Rudnings-mann for Verket,
Fred yver Baara di idag,
du lyfte høgt det norske Merket,
du urædd stod i alle Slag.

Du stridde for ein storfeld Tanke,
skar djupt i vaare Træleband,
for Framgong saag me Hjarta banke,
du gløymde ei ditt fjellblaa Land!

Du minnest vil i stille Dalar,
kvarhelst vaart Norskdoms-stræv hev Tolk,
du lika, at me heimlegt talar
- Takk fraa det sterke i vaart Folk!


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.