Kanona fraa Skotterud

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

5te August 1814.

Eg gjekk umkring paa Akershus ein Dag
og saag dei slitne Fanor - Herferds-minne,
som hadde blakkra høgt i mangt eit Slag,
no haang dei stillt i Salarne derinne . . . .
Dei Vitne bar um Mod og mannleg Daad,
um Nordmanns-aand i lengst framfarne Tider,
um Blodet raudt, som rann i Fridoms-strider
ved Grenselina aust - um Svolt og Graat!

Daa vart eg var, i skume Kjellar-kraa,
eit Siger-merke - det um Gutar tala,
som stundom vann med «tunge Ting» aa bala:
ei svensk Kanon med Køyregreidor blaa!
Eg tyktest høyra Ropi, Vaapenklangen,
daa vaare storma, takka Gahn for sist,
ja, fekk han ikkje Nøgjet sitt ved Trangen,
han fekk det daa i «Fjortan», det er visst!

Ho minner Norigs Folk um tunge Dagar,
Kanona innpaa gamle Akershus.
Kring Bronserøyret Heiders-kransen bragar,
og fram dei stig for oss i Soge-sus
dei djerve Kararne, som for vaar Æra
den Haustdag stridde - og han Krebs med deim,
som hadde Hug te Svenskekongen læra,
at Nordmenn dei vil verna um sin Heim!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.