Dr. Douglas Hyde

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

(Føraren for det irske maal-folket).

Helsar med høgvyrdnad hovdingen sterke,
kvasst han i stridsdunen slo for si sak,
modig han møtte med Erinn sitt merke,
mana sitt mannskap til trufaste tak.
Horpa, som aatte den heimlege tona,
ho skulde tagna, det trudde dei visst,
daudstilla raadde - nei, ingen som vona
- daa tirla vaar-fuglen fagert fraa kvist!

Veik-ætti vakna or langvorne dvalen,
lydde til luren: For fedra-maal fram!
hurra-rop høyrdest fraa hytta i dalen,
reinska oss vil me for hundrad-aars skam.
Fjell-elvi voks og gjekk breid imot havet,
brøytte seg baus inn i krikar og krok,
kaldfliren kulsa, for klaart var det, kravet
- krefter, dei kuar, kann koma paa kok.

Helsing fraa Norig med høgfjell og nutar,
hugheile førar for folket der vest,
framgong det ynskjer deg norsklynde gutar,
strævet ditt skynar me, kanskje som best . . .
Horpo ho enno paa heimemaal talar,
glimar i gull i det friskt-grøne flag,
vern det, du ungdom i irlendske dalar,
høgt lat det ljoma: Erinn go bragh![1]

Merknader

  1. Hurra for IrIand!



ifra Heimlege tonar av Hans Reynolds. Utgitt i 1911.