Kongeriket Man

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Fagre øyland vest i hav
- dyre ættarminne -
runestein paa kjempegrav
der du enn kann finne.
Sjøen gjeng mot bratte brun,
skumar villt kring Holma-tun*
dómen - eingong full av ljos
sokna under Nidaros!

Forntids-tankar strøymer paa
- tung var Norigs lagnad -
drakeskip med segl i raa
vidom daa vart fagna.
Fram dei gjekk med djerve steg
norske menn i vesterveg,
søv i haugen etter strid,
manar enn vaar nye tid.

Mang ein gasta norrøn kar,
klædd i staalblaa brynja
- Man - di kongekruna bar
byrg med magt og mynja.
Gudfrød konung, Olav drott
døydde i ditt gamle slott.
Folket minnest deim enno
i din litle by ved sjo.

Møter paa sin tingvoll enn
- norrøn sed til æra -
segjer: «Me er norske menn;
frie vil me vera.»
Vesle Man, eit «heil og sæl»,
Gjev ditt folk maa liva vel.
Takk for trufast fedra-and,
helsing fraa det gamle land!

no fiskarbyen Peel. Der er ei dómkyrkja fraa den gamle norske tid.