Hans Egede

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Tone: Vaar Gud, han er so fast ei Borg.

Du reiste Krossen høgt i Nord,
eit heilag Kall du kjende,
som Kvite Krist, med milde Ord,
du Ljos i Myrkret tende!
Du var i Trui sterk,
og difor stend ditt Verk,
med Kjærleik, djup og sann,
du Folkehjarto vann,
velsigna er ditt Minne!

Takk for din Daad, du norske Mann,
du tusund Vandskar møtte,
ditt gode Saad paa Ishavs-strand
daa stillt og fast seg røtte!
Syng um hans trugne Kav,
du store Grønlandshav . . . .
- Straal fagre Midnatts-sol!
Hans Namn upp-under Pol
som «Leidar-stjerna» blinkar!


ifra Dagsens dikt av Hans Reynolds (utgitt 1920)


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.