Jentekonfirmant II
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkSå fort gjekk åra, som lette fotsteg.
Så glad var songen du song vår skatt.
Du ga oss dagar på livsens solveg,
du var vår stjerne kvar mørke natt.
Og det er vi som skal vera takksam.
Du ga oss leiken vi hadde glømt.
Og stive musklar og stive program,
vart trylla bort. Og vår sorg vart tømt.
I dag er dagen da du skal stanse.
Ei lita kvile før neste steg.
Vi voner at du kan dette sanse;
at vi la kjærleiken vår, i deg.
Ha takk da dotter for rike gåver!
Ha takk for lott, og for gråt på kinn.
Ja det er kjærleikens glade slavar,
som vinkar tappert, i ukjent vind.
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer