John Lie

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du sit der graahærd, gjæve Skald,
og skodar yvi Heid
- eg minnest Ørni kvassøygd burtpaa Nuten -
du var nok med og staka ut vaar norske Stemneleid,
og difor her ein Song aat Tele-guten!

Ja, naar eg vyrdsam helsar deg,
so stend det tusund bak,
som elskar varmt den rette Heimlands-tonen,
du bia vonfull Aar for Aar,
i Syni, Trui rak
- no kjem med Tyngd den norske Bataljonen . . .!

Takk for di «Aarolilja» væn,
fødd paa din Tankestraum,
for «Hugaljo», «Knut Trondson» og for «Staale».
din Diktarskap so mangfald,
om sterke Daad og Draum
- din lange, trugne Strid for Heime-maale!


ifra Dagsens dikt av Hans Reynolds (utgitt 1920)


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.